Hitta ditt nästa jobb i Sunnfjord kommun. Utforska 27 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
Helse Førde søkjer forskingssykepleiar til det regionale forskingsprosjektet NorPEPS II (The Norwegian Prednisolone in Early Psychosis Study II). NorPEPS II er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Helse Førde og Helse Stavanger. Prosjektet skal undersøkje om prednisolon som tillegg til standard behandling kan bidra til raskare betring ved akutt psykose hos personar med schizofreni. Studien byggjer på lovande resultat frå ein tidlegare pilotstudie og har potensial til å gi ny kunnskap som kan bidra til å utvikle behandlingstilbodet til pasientar med psykose. Stillinga er knytt til inkludering og oppfølging av studiedeltakarar ved Helse Førde, i tett samarbeid med forskarar og klinikarar ved dei deltakande helseføretaka. Stillingsprosent: 50 % prosjektstilling i 36 månader (med atterhald om endeleg finansiering). Arbeidsstad: Helse Førde Oppstart: Snarast Arbeidsoppgåver • Rekruttering og inkludering av studiedeltakarar • Koordinering av studieforløp og avtalar • Gjennomføring av studievisittar og oppfølging av deltakarar • Innsamling, registrering og kvalitetssikring av forskingsdata • Prøvetaking og handtering av biologisk materiale • Oppfølging av studieprotokoll og dokumentasjon i tråd med Good Clinical Practice (GCP) • Samarbeid med prosjektleiarar, behandlarar og andre forskingsmedarbeidarar • Bidra til trygg gjennomføring av studien og ivaretaking av deltakarane Kvalifikasjonar Må-krav • Autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Gode digitale ferdigheiter Ønskjelege kvalifikasjonar • Erfaring frå forskings- eller utviklingsarbeid • Erfaring frå klinisk arbeid innan psykisk helsevern • Kunnskap om kliniske studiar • GCP-kurs eller erfaring frå arbeid etter GCP-standard • Erfaring med prøvetaking og forskingsdokumentasjon Personlege eigenskapar Vi søkjer ein medarbeidar som: • arbeider strukturert og nøyaktig • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • er sjølvstendig og ansvarsbevisst • trivst med å arbeide både klinisk og forskingsretta • har interesse for forsking innan psykisk helse Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr • Ei spennande stilling i eit forskingsprosjekt med høg fagleg relevans • Deltaking i eit regionalt og tverrfagleg forskingssamarbeid • Nært samarbeid med leiande fagmiljø innan psykoseforsking • Moglegheit til å bidra til utvikling av framtidas behandlingstilbod innan psykisk helsevern • Fagleg utvikling og opplæring innan klinisk forsking og GCP Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonStephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) 993 78 985 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5179077870 Stillingsprosent: 50% Engasjement Søknadsfrist: 25.09.2026
Vassenden barnehage søkjer ein aktiv og engasjert medarbeidar til 100 % stilling på småbarnsavdeling, vikariat med moglegheit for fast jobb. Hos oss er leiken hjartet i kvardagen. Vi ønskjer ein vaksen som deltek og utforskar med barna – ute og inne, med humor og glede. Hva vi ser etter Vi ser etter deg som: trivast med ein aktiv og variert kvardag, du ynskjer å vere ein viktig vaksen for dei yngste barna. Du: • møter barna med varme og forståing, samtidig som du er tydeleg og set trygge grenser • held roa når barn treng trøyst, protesterer eller treng ekstra støtte • tek initiativ og deltek aktivt i leik og aktivitet • trivst ute i all slags vêr • bruker humor i arbeidet og bidreg til glede og godt humør • samarbeider godt, tek imot rettleiing og deler viktig informasjon • er påliteleg, møter presis og tek ansvar for oppgåvene dine • trivst med ein fysisk arbeidsdag og kan vere tett på barna på golvet, i garderoben og ute på tur Relevant utdanning eller erfaring frå arbeid med barn er ein fordel. Det viktigaste er at du er motivert, lærevillig og personleg eigna til å arbeide med små barn. Vi ønskjer mangfald i personalgruppa og oppmodar både menn og kvinner til å søkje. Arbeidsoppgaver På Trollungane arbeider du med barn i alderen 1-2 år. Arbeidsdagen krev at du er tett på barna: Du må kunne sitje på golvet og delta i leiken, hjelpe med måltid, bleieskift, søvn og påkleding - og vere med ut i all slags vêr. Dette skal du gjere: • ta imot barn og foreldre på ein trygg og god måte • delta aktivt i leik, aktivitetar og turar i nærmiljøet • hjelpe barna med måltid, bleieskift, søvn og påkleding • sjå behova til barn som enno har lite språk • støtte barna i samspel, vennskap og leik • førebu enkle aktivitetar tilpassa dei yngste • samarbeide med foreldre og kollegaer og bidra til orden på avdelinga Vi ønskjer ein medarbeidar som tek aktivt del i aktivitetane saman med barna. Vi tilbyr Dette tilbyr vi • eit 100 % vikariat med moglegheit for fast stilling • løn etter utdanning og ansiennitet i samsvar med gjeldande PBL-tariffavtale • pensjons- og forsikringsordningar gjennom PBL • ein variert arbeidsdag med leik, uteliv og aktivitet • kollegaer som samarbeider og hjelper kvarandre • høve til å påverke aktivitetane og leikemiljøet på avdelinga Arbeidstida varierer etter arbeidsplan innanfor tidsrommet kl. 06.30-16.45 . Barnehagen har ope frå kl. 06.45 til 16.45. Tilsetjing føreset at du legg fram godkjend politiattest før du tek til i stillinga. I Vassenden barnehage arbeider vi for at både barn og vaksne skal vere GLADE OG TRYGGE SAMAN.
Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus: • 2 x 100 % fast stilling, oppstart etter avtale • 1 x 50 % fast stilling, oppstart etter avtale • 1 x 100 % årsvikariat, oppstart etter avtale Oppgje gjerne i søknaden kva for stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for, og om fleire av dei utlyste stillingane kan vere aktuelle. Vi tek gjerne imot søknad frå deg som blir ferdig utdanna sjukepleiar til jul 2026. Arbeidstid • Stillinga inngår i 3-delt turnus. • Arbeid kvar tredje helg. Om avdelinga Ortopedisk sengepost har over tid jobba målretta med opplærings- og mentorprogram for å gi nytilsette ein trygg og god start. Vi set stor pris på å få nye kollegaer! Avdelinga har ei god blanding av erfarne og nyare pleiarar, noko som bidreg til at det er eit sterkt læringsmiljø og alltid ein kollega som kan hjelpe deg når du treng det. Ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus er ein spennande arbeidsplass med stor pasientvariasjon. Vi held til i moderne og funksjonelle lokale i Livabygget og har om lag 43 årsverk fordelt på sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og assistentar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, fagutvikling og pasienttryggleik står sentralt. Vi legg vekt på god opplæring, kunnskapsdeling og støtte i kvardagen, slik at både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar skal kjenne seg trygge og utvikle seg fagleg. Som sjukepleiar ved ortopedisk sengepost får du ein variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar og eit breitt spekter av ortopediske problemstillingar. Du får arbeide tett saman med ulike faggrupper og vere ein viktig del av pasientforløpet frå innlegging til utskriving. Ved sengeposten behandlar vi pasientar innan: • traumatologi • handkirurgi • skulderkirurgi • protesekirurgi – hofte, kne, skulder • fotkirurgi • ryggkirurgi Dette gir deg moglegheit til å byggje brei kompetanse innan ortopedisk sjukepleie i eit aktivt og lærerikt miljø. Førde - Sunnfjord kommune Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund. Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst. Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen. Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune Arbeidsoppgåver • Du tek imot pasientar, gjer risikovurderingar og kartlegg hjelpebehov • Du gir informasjon og opplæring til pasientar og pårørande • Du gir pre- og postoperativ pleie tilpassa ulike behandlingar • Du observerer pasientar, gjer triagering og måler vitale parameter • Du har gruppeleiarfunksjon ved behov • Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Relevant sjukehuserfaring Personlege eigenskapar • Du er fleksibel, strukturert og tek ansvar i arbeidet ditt • Du er oppteken av god pasientbehandling og ser den enkelte pasienten • Du trivst med å samarbeide med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Du er nysgjerrig og trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper • Eit fagleg sterkt miljø med moglegheiter for utvikling og læring Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHåvard Nesse Røneid, Seksjonsleiar, (+47) 996 02 854 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5178549225 Stillingsprosent: 100, 50% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 27.09.2026
Vi ønske å tilsette: • 1 – 2 juristar hos Kommuneadvokaten Vi har behov for juridisk kompetanse, og vurderer å tilsette inntil to nye medarbeidarar. Stillinga høyrer for tida til eininga Kommuneadvokaten. I stillinga vil du jobbe tett mot leiinga og ta del i viktige avgjerdsprosessar for utviklinga av kommunen. Det kan også vere aktuelt med prosedyre for domstolane. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa etter interesser og kvalifikasjonar. Vi er særskilt ute etter erfaring og interesse for offentleg anskaffingar, kontraktrett eller barnevernrett. Det kan vere moglegheit for autorisering som advokatfullmektig. Kvalifikasjonar: • mastergrad i rettsvitenskap eller juridisk embetseksamen frå norsk universitet Vi søker ein medarbeidar som: • raskt set seg inn i nye saker og juridiske problemstillingar • ser verdien av å arbeide på tvers av organisasjon og fag • er løysingsorientert • er initiativrik og sjølvstendig • har interesse for offentlegrettslege spørsmål • har gode samarbeidsevner I Sunnfjord kommune tilbyr vi fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter til å tilpasse arbeidskvardagen. Tilsette er medlem i offentleg pensjonsording og tariffesta forsikringsordning. Vi tilbyr konkurransedyktig løn etter kvalifikasjonar og erfaring. Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale. Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Er du en trygg og omsorgsfull person som trives med å hjelpe andre og ønsker å gjøre en forskjell i hverdagen? Da kan dette være muligheten du ser etter. Hva er BPA? Brukerstyrt personlig assistanse (BPA) er en alternativ måte å organisere tjenestene praktisk og personlig bistand på for mennesker med nedsatt funksjonsevne. BPA er et likestillings- og frigjøringsverktøy, og gjennom bistand fra egne assistenter legges det til rette for at personer med bistandsbehov får et aktivt og mest mulig uavhengig liv. Om meg og mitt behov Jeg er en 36 år gammel ung mann med multihandikap som søker etter omsorgsfulle og engasjerte assistenter som kan være med meg i dagliglivet. Jeg har mange aktiviteter jeg trives med, noen av dem er dans, musikk, fisketurer, bilturer og fotballkamper. Jeg trenger mange personer rundt meg for at hverdagen skal være best mulig. Du må være mine armer og ben, og kanskje også øyne og ører. Derfor er det viktig for meg at du ser meg og mine behov. Hvis du tror at du kan være den rette personen til å bli en del av mitt team og hjelpe meg med å leve livet fullt ut, så send meg gjerne en søknad der du forteller litt om deg selv og hvorfor du tror denne stillingen passer for deg. Akkurat nå har jeg en ledig 80% stilling. Det intervjues fortløpende. Arbeidsoppgavene vil blant annet være: • Personlig hygiene • Daglige gjøremål • Forflytning • Turledsager • Delta på aktiviteter Personlige egenskaper: • Trives med å jobbe med mennesker • Har et åpent sinn • Er samvittighetsfull • Er tålmodig • Har gode kommunikasjonsferdigheter Personlig egnethet og kjemi vektlegges. Kvalifikasjoner: • Har gode norskkunnskaper • Gyldig politiattest • Erfaring som BPA er positivt, men vel så viktig er viljen og ønsket om å lære • (skriv en kvalifikasjon om relevant) Vi tilbyr: • En meningsfull jobb hvor du gjør en forskjell • God opplæring og veiledning • Oppfølging og støtte av erfarne rådgivere i Ecura BPA • Pensjons- og forsikringsordninger • Lønn etter tariffavtale: for tiden minstelønn kr. 225,4 (gjelder ved turnusarbeid, dvs. arbeidstidsordning med gjennomsnittlig 35,5 timer pr. uke i 100% stilling). For den utlyste stillingen gjelder en gjennomsnittlig arbeidstid med 35,5 timer pr uke (100% stilling). Ved å søke på stillingen, aksepterer du at søknad og CV videreformidles til arbeidsleder i ordningen. Aktuelle kandidater blir intervjuet fortløpende.
Eininga Brann og redning har 12 heiltidstilsette, der 4 er brannførebyggarar. Eininga har 6 brannstasjonar med til saman 80 deltidstilsette brannkonstablar og hovudbrannstasjonen i Førde har dagkasernering. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag. Vi har ledig 100 % fast stilling som brannførebyggar (feiar). Arbeidsområde vert dagleg utføring av teneste knytt til brannførebygging og vurdering av risikoreduserande tiltak, feiing og tilsyn med skorsteinar og eldstader. I tillegg kjem andre oppgåver etter brann- og feiarvesenet sine lovpålagde oppgåver og behov. Arbeidsoppgåver er mellom anna: • gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg • sakshandsaming etter gjennomført feiing og tilsyn • delta i informasjonsarbeid internt og eksternt Andre oppgåver kan kome til. Kvalifikasjonar: Vi vil primært ha søkarar som har fagbrev som feiar. Har du anna relevant fagbrev som murar og tømrar, relevant kompetanse, eller er ufaglært, kan du óg søke. Du pliktar då å ta fagbrev som feiar med tilhøyrande teori-/praktisk eksamen. Vi legg óg vekt på at søkar har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Du må ha førarkort klasse B. Av personlege eigenskapar må du: • vere pliktoppfyllande og oppteken av kvalitet under utføring av arbeidsoppgåvene • ha evne å arbeide både sjølvstendig og i team • vere ein omdømmebyggar for faget og kommunen som tenesteleverandør • ha gode kommunikasjonsevner Vi tilbyr: • engasjerte kollegaer og leiarar • løn i samsvar med kvalifikasjonar • gode pensjons- og forsikringsordningar • spennande fagfelt og varierande arbeidsoppgåver Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling. Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vere med å gjere ein forskjell? Vi har ledig ei 100 % fast stilling som controller med tilleggsoppgåver innan drift ved Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde. Vår noverande controller skal pensjonere seg, og vi ser etter ein erstattar som kan vere med å vidareutvikle økonomi- og verksemdsstyringa i verksemda. Om lag halvparten av av stillinga vil vere knytt til controlleroppgåver som økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering og styringsinformasjon. Resterande del av stillinga vil omfatte drifts-, stabs- og utviklingsoppgåver, mellom anna innan eigedomsforvaltning, organisasjonsutvikling (HR), internkontroll og andre område etter verksemda sine behov. Du vil inngå og bidra i nasjonale fagnettverk saman med andre hjelpemiddelsentralar, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og erfaringsutveksling. Har du høgare utdanning og erfaring innan økonomi, og interesse for statistikk, analyse og styringsinformasjon? Er du oppteken av kvalitet, struktur og kontinuerleg forbetring? Då kan dette vere stillinga for deg. Om Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er lokalisert i Førde og er organisert i to avdelingar med 36 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling og forvaltning av tekniske hjelpemiddel i Sogn og Fjordane. Vi hjelper kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgiving, rettleiing, kurs og opplæring. Som ressurs- og kompetansesenter arbeider vi tverrfagleg og har spesialkompetanse innan tilrettelegging på arenaer som heim, skule, arbeid og fritid. Vi har tilsette med ulik fagleg bakgrunn, eige lager, teknisk verkstad, gjenbrukstenester og ambulerande tekniske tenester som bidreg til at menneske med funksjonsnedsetjingar kan leve aktive og sjølvstendige liv. Om Nav hjelpemiddel og tilrettelegging Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging, som består av om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar over heile landet. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsetjingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking. Gjennom tett tverrfagleg samarbeid bistår vi brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar med rådgiving, opplæring og tilrettelegging som gjer kvardagen enklare for mange menneske. Arbeidsoppgåver • Bidra til økonomistyring, budsjettoppfølging, analysearbeid og utarbeiding av styringsinformasjon • Utarbeide rapportar og grunnlag for leiaravgjerd • Følgje opp eigedomsrelaterte oppgåver og koordinere driftsaktivitetar • Drive utviklings- og forbetringsarbeid for å sikre gode arbeidsprosessar og effektiv ressursutnytting • Vere ein fagleg ressurs og rådgjevar for leiargruppa innan økonomi, HR, drift og verksemdsutvikling • Utføre administrative og driftsrelaterte oppgåver etter behov Nav hjelpemiddel og tilrettelegging er i utvikling, og vi arbeider aktivt for å styrkje samarbeid og ressursutnytting på tvers av hjelpemiddelsentralane. Dette kan føre til at arbeidsoppgåver og ansvarsområde blir justerte i tråd med framtidige behov. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: • Bachelorgrad innan økonomi, administrasjon, rekneskap, revisjon eller tilsvarande relevant fagområde. • God kompetanse på Excel og andre digitale verktøy. • Godt norsk, både munnleg og skriftleg. Det er ønskjeleg at du har: • Minst 2-3 års erfaring frå relevante arbeidsoppgåver innan økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering, internkontroll eller anna utviklings- og stabsarbeid • erfaring frå offentleg verksemd Personlige eigenskapar Vi ser etter deg som: • er strukturert og analytisk • har ein proaktiv arbeidsstil og evne til raskt å setje deg inn i nye arbeidsoppgåver • er løysingsorientert • arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver • har god verksemdsforståing og evne til å sjå heilskap og samanhengar • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til å byggje tillit og gode relasjonar Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Om du blir tilsett hos oss, får du: • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver knytt til eit viktig samfunnsoppdrag • Engasjerte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø • Fleksitidsordning • Moglegheit for trening i arbeidstida • Moglegheit for ein fleksibel arbeidskvardag med hybride løysingar • Tilsetting som rådgjevar (stillingskode 1434) eller seniorrådgjevar (stillingskode 1364), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring • Løn frå kr 639000 til kr 694 000 per år • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse KontaktinformasjonBente Solheim, Controller , 40702814 Frode Hovland, Avdelingsdirektør, 48108828 ArbeidsstedSteinavegen 12 6800 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5163505905 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.09.2026
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa er eit av dei største hotella på Vestlandet, sentralt plassert i Førde. Med 249 rom, stor konferanse- og arrangementsverksemd, restaurant, bar, spa og Larris Scene, har vi ein variert og aktiv kvardag gjennom heile året. Kjøkkenet er ein sentral del av hotellopplevinga vår, med alt frå frukost og à la carte til bankettar, konferansar og større arrangement. Vi ser etter ein kjøkkensjef som ønsker å leie og utvikle både menneske, matkonsept og drift, og som trivst i eit miljø med høgt tempo, store variasjonar og mange moglegheiter. Mat og drikke er ein viktig del av hotellopphaldet, og kvar dag jobbar kollegaene våre på kjøkkenet saman for å skape gode matopplevingar for gjestene våre. Hovudoppgåva til kjøkkensjefen er å sørgje for at både gjester og medarbeidarar trivst, samtidig som vi skaper gode resultat og lønsam drift. Kjøkkensjefen har det overordna drifts- og leiaransvaret for kjøkken og anretning. Dette omfattar mellom anna: • Personalansvar, inkludert rekruttering, opplæring og utvikling av medarbeidarar • Ansvar for den daglege drifta av avdelinga og avgjerdene som blir tekne • Budsjett- og resultatansvar, inkludert timestyring, kostnadskontroll og bruttoforteneste • Ansvar for kvaliteten på kjøkkenet, inkludert opplæring og oppfølging av kvalitetsstandardar og Scandic sine mat- og drikkekonsept • Ansvar for IK-mat, reinhald og tryggleik • Menyutvikling og innkjøp i tråd med Scandic sin leverandørpolicy • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid både på kjøkkenet og på tvers av avdelingane • Følgje rutinar for økologiske og kravmerkte produkt og kjeldesortering • Bidra aktivt til å redusere matsvinn • Sikre at gjeldande lover og forskrifter innan helse, miljø og tryggleik blir følgde Dine kvalifikasjonar som vi ønskjer oss: • Erfaring frå liknande stilling, helst frå større hotellkjøkken • Fagbrev som kokk • Leiarerfaring • Må kunne minst eitt skandinavisk språk flytande • God økonomiforståing Vi ser etter deg som er ein erfaren og trygg leiar, og som evnar å motivere og inspirere medarbeidarane våre. Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, både i eiga avdeling og på tvers av avdelingane. Du er serviceinnstilt og trivst i vertskapsrolla. Du er oppteken av resultat og har eit bevisst forhold til økonomi i alle delar av drifta. Samstundes er du fagleg dyktig og har eit sterkt fokus på å levere høg kvalitet. For den rette personen tilbyr vi ved Scandic Sunnfjord Hotel & Spa ei spennande og variert stilling som kjøkkensjef i eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø. Du får høve til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du blir ein del av eit godt team. Kjøkkensjefen inngår i leiargruppa ved hotellet og rapporterer til hotelldirektøren. Vi verdset mangfald og inkludering på arbeidsplassen vår, og er interesserte i å lære meir om dine behov og eventuelle tilretteleggingar som kan hjelpe deg med å lukkast i rolla. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av funksjonsnivå eller bakgrunn.
Har du lyst til å vere med å utvikle og styre den daglege drifta i lag med eit godt team? Vi søker trafikkleiar i 100% stilling ved avdelinga i Førde. Tiltreding etter avtale. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn. Send inn CV og ein kort introduksjon av deg sjølv. Om stillinga: Arbeidsoppgåver vil bl.a. vere: • Oppfølging og planlegging av transportoppdrag • Oppfølging av kundar og sjåførar • Fakturering • Jobbe i team med ansvar for dine eigne områder Kvalifikasjonar: • Grunnleggande datakunnskapar • Må beherske norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar: • Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar • Du er beslutningsdyktig og løysingsorientert • Du samarbeider godt med andre • Du har stort engasjement og stå- på- vilje Vi tilbyr: • Ein spennande jobb innan transport og logistikk • Eit godt arbeidsmiljø • Ordna arbeids- og lønnsforhold • Tariffbedrift med gode pensjons- og forsikringsordningar • Bedriftshelseteneste • Gode utviklingsmulegheiter
Vi søkjer LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering i 100% fast stilling ved Førde sentralsjukehus. Stillinga er utan vaktordning. Vi oppmodar også kandidatar som ønskjer å bli betre kjende med fagfeltet vårt, eller som treng sideutdanning, til å søkje. Oppstart etter avtale. Er du interessert i Fysikalsk medisin og rehabilitering har vi den rette stillinga for deg. Her vil du møte eit breidt spekter av problemstillingar innan muskel- og skjelettlidingar, rehabilitering, nevrologi, smerteproblematikk og arbeidsrettet oppfølging. Du vil få høve til å følgje pasientar over tid og bidra til å gi pasientane betre funksjon, utfolding og livskvalitet etter sjukdom eller skade. Vi tilbyr spanande og utviklande stillingar med god moglegheit til å vere med og påverke dette allsidige og spanande fagfeltet si vekst og utvikling? Her er det mogleg å bidra både i sengepost, poliklinikk, gruppebasert behandling og opplæring. Våre legar går ikkje vakt. Vi har tre overlegar og ein LIS, i smertepoliklinikken har vi overlege i anestesi etter avtale. I poliklinikken har vi god tilgang på kompetente og erfarne fysioterapeutar, ergoterapeut, sosionom, og logoped ved behov. Helse Førde sin smertepoliklinikk er samlokalisert med FMR poliklinikk. I sengepost er det tett samarbeid i to tverrfaglege team med god dekning av alle relevante faggrupper, nevropsykolog etter tilvising. Sengeposten er samlokalisert med nevrologi og revmatologi i nytt sjukehusbygg med einerom for alle pasientar og god funksjonalitet. I vårt sjukehus opplever vi også at vegen til drøftingar og samarbeid med andre fagområder er kort. Vi har eige VR-rom i poliklinikken og gode erfaringar med bruk av denne teknologien i pasientbehandling og ønskjer å utforske og utvikle dette feltet vidare. I avdelinga har vi siste åra hatt fleire innovative prosjekt, og er per i dag direkte og indirekte involvert i fleire PhD. Hos oss vil du oppleve tett samarbeid / oppfølging, gode moglegheiter for fagleg utvikling og ein arbeidskvardag prega av samarbeid, læring og faglig interesse. Du blir del av eit sterkt tverrfaglig fagmiljø og får arbeide tett med erfarne terapeutar frå ulike faggruppe. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi, forsking og akademika har vi mykje å tilby. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss. Arbeidsoppgåver og ansvar vert tilpassa di erfaring, kompetanse og faglege utvikling. Nærområde til sjukehuset har mykje å tilby innan friluftsliv, idrett, kultur og andre opplevingar. Sunnfjord har eit rikt og variert næringsliv med gode arbeids og karieremoglegheiter. Arbeidsoppgåver • Ordinært klinisk pasientarbeid • Deltaking i fagleg utvikling • Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling Kvalifikasjonar • LIS / spesialist i Fysikalsk medisin og rehabilitering, eventuelt annan tilgrensande spesialitet • Vi søkjer legar med interesse for tverrfagleg samarbeid og erfaring frå spesialisthelsetenesta. • Relevant erfaring med samansette muskel- og skjelettplager, smerter, arbeidsretta rehabilitering og tverrproffesjonelt arbeid er ønskjeleg • Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter Personlege eigenskapar • Engasjement for fagfeltet og pasientgruppa • Ønskje om å bidra til å vidareutvikle kompetansen og tilbodet i eigen seksjon • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt Vi tilbyr • Vitalt arbeidsmiljø med varierte oppgåver i riktig omfang • Kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø • Stillinga er utan vaktordning • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Moglegheit for fagleg utvikling • Helse Førde kan vere behelpeleg med å skaffe bustad nær sjukehuset Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAre Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 873 Matthias Hutler, Overlege, (+47) 975 85 680 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5176341259 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Vi søkjer overlege i fysikalsk medisin og rehabilitering i 100% fast stilling ved Førde sentralsjukehus. Stillinga er utan vaktordning. Oppstart etter avtale. Vi tilbyr ei utviklande overlegestilling med gode moglegheit til å vere med og påverke dette allsidige og spanande fagfeltet si vekst og utvikling. Her er det mogleg å bidra både i sengepost, poliklinikk, gruppebasert behandling og opplæring. Seksjonen har tre overlegar og ein LIS. Ved smertepoliklinikken har vi overlege i anestesi etter avtale. I poliklinikken har vi god tilgang på kompetente og erfarne fysioterapeutar, ergoterapeut, sosionom, og logoped ved behov. Helse Førde sin smertepoliklinikk er samlokalisert med FMR poliklinikk. I sengepost er det tett samarbeid i to tverrfaglege team med god dekning av alle relevante faggrupper, nevropsykolog etter tilvising. Sengeposten er samlokalisert med nevrologi og revmatologi i nytt sjukehusbygg med einerom for alle pasientar og god funksjonalitet. I vårt sjukehus opplever vi også at vegen til drøftingar og samarbeid med andre fagområder er kort. Vi har eige VR-rom i poliklinikken og gode erfaringar med bruk av denne teknologien i pasientbehandling og ønskjer å utforske og utvikle dette feltet vidare. I avdelinga har vi siste åra hatt fleire innovative prosjekt, og er per i dag direkte og indirekte involvert i fleire PhD. Hos oss vil du oppleve tett samarbeid / oppfølging, gode moglegheiter for fagleg utvikling og ein arbeidskvardag prega av samarbeid, læring og faglig interesse. Du blir del av eit sterkt tverrfaglig fagmiljø og får arbeide tett med erfarne terapeutar frå ulike faggruppe. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi, forsking og akademika har vi mykje å tilby. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss. Arbeidsoppgaver og ansvar vert tilpasa di erfaring, kompetanse og faglege utvikling. Nærområde til sjukehuset har mykje å tilby innan friluftsliv, idrett, kultur og andre opplevingar. Sunnfjord har eit rikt og variert næringsliv med gode arbeids og karieremoglegheiter. Arbeidsoppgåver • Ordinært klinisk pasientarbeid • Deltaking i fagleg utvikling • Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling Kvalifikasjonar • Vi søkjer legar med interesse for tverrfagleg samarbeid og erfaring frå spesialisthelsetenesta. • Relevant erfaring med samansette muskel- og skjelettplager, smerter, arbeidsretta rehabilitering og tverrproffesjonelt arbeid er ønskjeleg • Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter • LIS / Spesialist i Fysikalsk medisin og rehabilitering, eventuelt annan tilgrensande spesialitet Personlege eigenskapar • Engasjement for fagfeltet og pasientgruppa • Ønskje om å bidra til å vidareutvikle kompetansen og tilbodet i eigen seksjon • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt Vi tilbyr • Vitalt arbeidsmiljø med varierte oppgåver i riktig omfang • Kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø • Stilling er utan vaktordning • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Moglegheit for fagleg utvikling • Helse Førde kan vere behelpeleg med å skaffe bustad nær sjukehuset Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAre Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, (+47) 988 52 113 Matthias Hutler, Overlege, (+47) 975 85 680 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5166793603 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/spesialfysioterapeut. • Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus • Oppstart: 04.01.2027 Om stillinga Ein av våre dyktige spesialfysioterapeutar går over i ei anna stilling i seksjonen, og vi har derfor behov for å styrke teamet vårt. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot spesialisert rehabilitering, samt arbeidsoppgåver i andre avdelingar ved behov. Som fysioterapeut vil du vere ein del av eit sterkt tverrfagleg team rundt pasientar som får spesialisert rehabilitering på sjukehuset. Rehabiliteringsavdelinga har åtte sengeplassar. Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje. Om seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i medisinsk klinikk, under avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Seksjonen har 23 stillingar og gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. Vi har eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar med variert erfaring og kompetanse. Seksjonen har eit tydeleg fokus på fagutvikling, kunnskapsdeling og bruk av nye teknologiske løysingar. I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling er fleire tilsette aktive innan innovasjon, tenesteutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid. Saman arbeider vi for å utvikle moderne, framtidsretta og berekraftige helsetenester til beste for pasientane. Vi er opptekne av eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og trivsel står sentralt. Arbeidsoppgåver • Gjennomføre kliniske undersøkingar, funksjonsvurderingar og målretta oppfølging av innlagde pasientar på rehabiliteringsavdelinga. • Bidra inn mot andre avdelingar ved behov. • Bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid med relevante faggrupper for å sikre heilskapleg pasientbehandling. • Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav. • Delta i fagutvikling, undervisning og kompetansedeling på tvers av avdelingar. • Samhandle med primærhelsetenesta for å sikre god overgang og oppfølging etter utskriving. • Delta i helgevakts - og heilagdagsturnus. • Rettleiing av studentar og turnuskandidater. Kvalifikasjonar • Må ha norsk autorisasjon som fysioterapeut. • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg. • Ønskeleg med erfaring med arbeid i tverrfaglege team. • Ønskeleg med erfaring fra spesialisthelsetjenesta. • Ønskeleg med erfaring og kompetanse innan nevrologi. Personlege eigenskapar • Du er ein engasjert person med gode kommunikasjonsevner. • Du må kunne strukturere dagen din. • Du har høg arbeidskapasitet og evne til å arbeide effektivt, både sjølvstendig og som ein viktig del av tverrfaglige team. • Du er løysingsorientert og ønskjer å vidareutvikle deg som terapeut. • Du er fleksibel og har fagleg engasjement. • Du har gode evner til å engasjere og motivere. • Du tek initiativ og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • Mentorordning for nytilsette. • Eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse på mange ulike fagområde. • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling. • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø. • Moglegheit for trening i arbeidstida. • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMari Bårdvik, Seksjonsleiar, (+47) 473 78 841 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5156558523 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.09.2026
Vil du jobbe med eigedomsdrift og utvikling? Drift og eigedom i Helse Førde søkjer ein engasjert og løysingsorientert seksjonsleiar til ei spennande stilling ved Teknisk drift ved Førde sentralsjukehus. Dette er ein unik sjanse for deg som ønskjer å kombinere byggfagleg kompetanse med strategisk leiing innan eigedomsområdet. Fagområdet er i stadig utvikling, og bygningsmassen er ein viktig føresetnad for effektiv drift av sjukehuset. Stillinga er ledig for tilsetjing frå 01.10.2026. Om seksjonen Seksjonen har 20 tilsette og er i dag organisert i Teknisk driftsavdeling, som tilhøyrer klinikk for Drift og eigedom. Seksjonen har ansvar for drift og vedlikehald av bygningsmassen ved Førde sentralsjukehus med tilhøyrande tekniske anlegg. Seksjonen har òg eit avgrensa ansvar for Sunnfjord medisinske senter i Florø. Seksjonsleiar rapporterer til Avdelingssjef for Teknisk drift. Kvifor velje oss? Sjukehusbygg er dei mest komplekse og moderne bygga i landet, med avansert teknologi og tekniske system som utfordrar kompetansenivå og behov for nytenking. Hos oss får du ein variert og engasjerande arbeidskvardag med personalansvar for dyktige fagfolk med allsidig kompetanse. Du blir ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø lokalt, regionalt og nasjonalt. Kontorstad er Førde sentralsjukehus. Sunnfjord har mykje å tilby: Jobbe, leve og bu i Sunnfjord! Vi ønskjer deg velkomen som søkjar og ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Sentrale arbeidsoppgåver for stillinga er: • Leie og utvikle seksjonen i tråd med Helse Førde sine mål og strategiar • Sikre forsvarleg drift og vedlikehald av Førde sentralsjukehus med tilhøyrande bygningsmasse • Ansvar for investeringar, driftsprosjekt, anskaffingar og livsløpsforvaltning av utstyr og bygg • Personal-, fag- og økonomiansvar for avdelinga • Samarbeide tett med kliniske avdelingar i utvikling av bygningsmassen • Brei kontakt med leverandørar og brukaravdelingar • Følgje opp krav innan kvalitet, pasienttryggleik og regelverk Kvalifikasjonar Ved val av kandidat vil følgjande kvalifikasjonar bli vektlagt: • Må beherske norsk og engelsk skriftleg og munnleg • Erfaring med økonomistyring og prosjektleiing • Leiarerfaring, gjerne frå eigedomsdrift • God systemforståing • Kompetanse innan byggfag, elektro eller VVS vil vere ein fordel • Prosjekterfaring Utdanningsnivå • Høgskule • Fagskule/fagbrev Personlege eigenskapar Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og ser spesielt etter desse eigenskapane: • Evne til å jobbe systematisk og sjølvstendig, gode kommunikasjonsevner og positiv innstilling • Tydeleg og inkluderande leiarstil • Strategisk og løysingsorientert • Strukturert og gjennomføringssterk • Serviceinnstilt og evne til å motivere og utvikle dei tilsette Vi tilbyr • Lønn etter avtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Triveleg arbeidsmiljø • Eit kompetent og engasjert fagmiljø • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonPer Arne Flølo, Direktør Drift og eigedom, (+47) 578 39 340 Terje Jan Nes, Avdelingssjef Teknisk driftsavdeling, (+47) 415 30 517 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5174784094 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Kommersiell leiar Enivest søkjer ein kommersiell leiar som vil setje retning, utvikle menneske og skape resultat. Du får ei sentral rolle i å vidareutvikle selskapet sin kommersielle posisjon i ein marknad i endring. Du får det samla ansvaret for sal, marknad og kommersiell utvikling. Du skal leie eit kompetent fagmiljø, styrkje samspelet på tvers av organisasjonen og omsetje strategi og marknadsinnsikt til tydelege prioriteringar. Kommersiell leiar rapporterer til administrerande direktør og inngår i leiargruppa. Eit breitt kommersielt ansvar Oppdraget er å utvikle og realisere den kommersielle strategien til Enivest. Du skal sjå marknad, kundebehov, sal og produkt i samanheng, identifisere moglegheiter og omsetje innsikt og strategiske val til tydelege mål og handling. Rolla omfattar personalansvar og overordna budsjett- og resultatansvar for det kommersielle området. Du skal leie erfarne og sjølvstendige medarbeidarar, leggje til rette for gode avgjerder og følgje opp utvikling og leveransar. Du skal òg vere ein pådrivar for kommersiell utvikling og bidra i viktige prioriteringar på tvers av organisasjonen. Kven ser vi etter? Kanskje har du bakgrunn frå ei leiande rolle innan sal eller marknad. Eller kanskje kjem du frå ei anna leiarrolle med kommersielt ansvar. Vi legg større vekt på motivasjonen din for oppdraget og kva du kan tilføre Enivest enn på den nøyaktige tittelen du har hatt. Du har erfaring med å utvikle både organisasjon og medarbeidarar. Du veit korleis strategi blir omsett til mål og aktivitet, og bruker data, kundeinnsikt og marknadsforståing til å prioritere og ta avgjerder. Erfaring frå større endringsprosessar eller integrasjonsarbeid vil vere viktig i rolla. For å lukkast må du vere tydeleg på retning og forventningar, samtidig som du gir erfarne medarbeidarar rom til å ta ansvar. Du må kunne stå støtt når du møter motstand, og halde både retning og framdrift gjennom endringar som tek tid. Du treng ikkje ha bakgrunn frå telekom, men må vere nysgjerrig på teknologi og kunne setje deg raskt inn i verksemda og marknaden vi opererer i. Du har relevant høgare utdanning. Kvifor Enivest? Enivest kombinerer lokal marknadsforståing og nærleik til kundane med eit sterkt fagmiljø og ein etablert posisjon på Vestlandet. Her er vegane korte frå idé til avgjerd, og du får høve til å påverke både retning og gjennomføring. Selskapet går inn i ein ny fase. Eit breiare tenestetilbod og nye fagmiljø gir fleire moglegheiter å spele på, samtidig som Enivest skal byggje vidare på den lokale krafta. Som kommersiell leiar får du ei sentral rolle i å omsetje dette til verdi for kundane og selskapet. Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og bidreg til lokal vekst og verdiskaping. Du får eit breitt mandat, høve til å påverke og eit leiaroppdrag der resultata av arbeidet ditt blir synlege. Lyst til å ta ein prat om stillinga? Ta kontakt: Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no Jorunn Skrede Klakegg – 982 40 361 / jorunn@visere.no Vi ser fram til å motta din søknad og CV. Alle søknadar vert behandla fortløpande.
Vil du bli journalist? Og skrive nynorsk? Då kan vi tilby opplæring med lønn. Og eit halvår fylt av spenning, nye opplevingar og utfordrande journalistisk arbeid. Hva vi ser etter Du har: • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist. • Samfunnsinteresse og -engasjement. • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo. • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre. • Førarkort klasse B. Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning. Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn. Legg attestar og vitnemål ved søknaden, og skriv gjerne nokre ord om kvifor du vil bli nynorskskrivande journalist. Det er på grunnlag av dette vi kallar inn til intervju. Arbeidsoppgaver Som journalistpraktikant i Nynorsk avissenter får du jobbe i landets største nynorskavis, Firda. Du vil få opplæring, ein del teori, men mest praktisk. Alt du skriv vil bli publisert i Firda. Du vil jobbe som journalist, og får prøve deg på alt frå nyhende og deskjobbing til reportasjar, portrett og video. Vi tilbyr Hos oss får du eit halvt år effektiv og intensiv opplæring i journalistikk Til hausten tilbyr vi plass for fem praktikantar i kull 28 som får ei praktisk retta opplæring på seks månader. Opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 4. januar 2027. Deretter to månader praksis i sjølvvald avisredaksjon i mai og juni. Du får: • Førelesingar i språk, foto, presseetikk og journalistisk metode • Rettleiing frå erfarne journalistar, og praktisk trening i redaksjonsmiljø med høg digital kompetanse. • Du får innføring i m.a. video, strøyming, frontredigering, gravejournalistikk og datastøtta journalistikk. • Løn i heile opplæringstida.
Vi søkjer 3 nye medarbeidarar til SPAR Jølstraholmen Vi ser etter deg som ønskjer ein fast og føreseieleg deltidsjobb og som trivst med kundar, høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver. Stillingane inneber arbeid kvar 3. helg (fredag kveld, laurdag og søndag), i tillegg til 1 fast kveld i veka. Du vil få opplæring og arbeide på ulike område i butikken, mellom anna butikk, ferskvare og bakeri. • butikk, varepåfylling og kasse • ferskvare • bakeri • kundeservice • rydding og sørge for at butikken alltid ser bra ut Vi ønskjer medarbeidarar som kan bidra på tvers av avdelingane. Du treng derfor ikkje erfaring frå daglegvare frå før – det viktigaste er at du er arbeidsvillig, lærer raskt og likar å ta i eit tak. Vi ser etter deg som: • er positiv, påliteleg og møter presis • likar å jobbe med menneske • tek initiativ og ser kva som må gjerast • trivst når det er mykje å gjere • kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre • ønskjer å lære både butikk, ferskvare og bakeri Hos oss får du god opplæring, varierte arbeidsoppgåver og ein fast og føreseieleg turnus som kan kombinerast med skule, studiar eller annan jobb. For dei som ønskjer meir arbeid, kan det også vere moglegheit for ekstravakter i vekedagar, feriar og ved høgtider. Du må ha fylt 18 år Send oss din søknad og CV. Vi gleder oss til å høre fra deg.
Vi ser etter 1–2 nye nøkkelpersonar til SPAR Jølstraholmen. Kanskje er du allereie leiar i dag – eller kanskje du berre veit at du er klar for meir ansvar. Du treng ikkje vere leiar i dag. Det viktigaste for oss er at du har driv, tek ansvar, likar å få ting gjort og har lyst til å utvikle deg. Vi har behov både innan butikkdrift og ferskvare, og ønskjer derfor å møte kandidatar med ulik bakgrunn og erfaring. Avhengig av erfaring og kompetanse kan vi tilby alt frå fast 100 % stilling med gode utviklingsmoglegheiter til ei leiarstilling som assisterande butikksjef eller ferskvaresjef frå første dag. Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa erfaring, kompetanse og kva du ønskjer å utvikle deg vidare innan. Aktuelle oppgåver kan vere kundeservice og sal, varebestilling og vareflyt, kampanjegjennomføring, ferskvare og mat, oppfølging av rutinar og etter kvart ansvar for område, avdeling eller medarbeidarar. Vi ser først og fremst etter dei rette folka – og kan tilpasse både ansvar, stilling og utviklingsmoglegheiter deretter.
Høgskulen på Vestlandet, Biblioteket, har ledig fast stilling i 100 % som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar Stillinga er knytt til biblioteket si eining for studiestøtte og rapporterer direkte til leiar for eininga. Arbeidsstad er campus Førde. Stillinga har likevel eit medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campusar. Stillinga medfører utstrekt samarbeid med fagmiljø i HVL samt innad i høgskulebiblioteket. Ansvars- og arbeidsoppgåver: • Kontaktbibliotekar for utdanninger og fagmiljø knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap ved campus Førde • Undervisning og rettleiing til studentar i informasjonssøking, referansehandtering og akademisk skriving – både fysisk og digitalt • Opplæring og rettleiing i referansehandteringsverktøy som Zotero og EndNote • Samlingsutvikling innan aktuelle fagområde, inkludert pensumlistearbeid • Brukaropplæring i og ansvar for system som Bolk og Leganto • Skranketeneste • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov Kvalifikasjonskrav: • For tilsetting i stilling som universitetsbibliotekar; masterutdanning innan relevante fag for stillinga, fortrinnsvis med bibliotekfag i fagkrinsen • For tilsetting i stilling som spesialbibliotekar; bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap, eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning • Erfaring med undervisning og rettleiing frå fag- og forskingsbibliotek er ønskjeleg • Kjennskap til kunnskapsbasert praksis i helsefag er ein fordel • God digital kompetanse • Relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit vert vektlagt Personlege eigenskapar: • Vi søker etter ein fagleg engasjert medarbeidar som er utviklings- og resultatorientert, systematisk, serviceinnstilt, oppsøkjande og initiativrik, fleksibel, og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og føreset god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Vi tilbyr: • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling • Høve for trening i arbeidstida Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515 - Spesialbibliotekar, stillingskode 1199 - Universitetsbibliotekar Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Generell informasjon: Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er: 1) Biblioteksjef Turid Bogetvedt Hitland E-post: turid.bogetvedt.hitland@hvl.no 2) Einingsleiar Gunhild Austrheim E-post: gunhild.austrheim@hvl.no Inkludere, utfordre og samhandle Les meir på våre heimesider.
Vil du vere med og vidareutvikle framtidas medisinske tenester i Helse Førde? Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus frå januar 2027. Dette er ei spennande leiarstilling i eit stort og breitt fagmiljø med høg kompetanse, sterkt engasjement og eit viktig samfunnsoppdrag. Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar for sengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling. Avdelinga har ei sentral rolle i pasientbehandlinga ved sjukehuset og samarbeider tett med både andre avdelingar og kommunehelsetenesta. Legegruppa er aktiv innan fagutvikling, kvalitetsarbeid, utdanning og innovasjon. Vi er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinske spesialitetar og legg stor vekt på å utvikle framtidas legar. Frå hausten 2028 tek vi imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen», noko som vil styrkje fagmiljøet ytterlegare. Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av legetenesta og blir ein del av leiargruppa i medisinsk avdeling. Du vil samarbeide tett med fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef, og vere med på å forme tenestene for framtida. Arbeidsoppgåver • Utøve heilskapleg leiing med ansvar for fag, økonomi og personal • Planlegge og legge til rette for utdanning av LIS-legar i ulike utdanningsløp • Planlegge oppgåver og fordele ressursar • Fremje godt samarbeid på tvers av profesjonar, seksjonar og avdelingar • Månadleg rapportering av aktivitet og økonomi, og delta i budsjettprosess • Delta i leiarmøte i avdeling, klinikk og føretak • Drive kvalitetsarbeid, som inkluderar internkontroll, handtering av avvik, saker til NPE og arbeid med forbetringsprosjekt Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar • Helsefagleg bakgrunn • Leiarerfaring og vilje til å ta relevant leiarutdanning • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg Føretrekte kvalifikasjonar • Erfaring med drift av legeteneste og døgndrift i sjukehus Personlege eigenskapar • Du har gode organisatoriske og relasjonelle evner • Du er fleksibel og positiv, samstundes som du er resultatorientert og beslutningsdyktig • Du har eigenskapar som fremjar god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt • Du har eit heilheitleg perspektiv på helsetenesta Vi tilbyr • Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeids- og fagmiljø • Lønn etter avtale • Gode moglegheiter for fagleg utvikling innan leiing • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonLaila Haugland, Avdelingssjef, 481 01 340 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5174737973 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Reinhalds- og tekstilavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig fast 100 % stilling som reinhaldsoperatør/ reinhaldar med erfaring frå reinhaldsfaget i helseinstitusjon. Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk og leverer reinhalds- og tekstiltenester til avdelingane ved Førde sentralsjukehus. Stillinga er knytt til sjukehuset sin bygningsmasse i Førde, med arbeidsoppgåver som for tida i hovudsakleg knytte til operasjonsavdelinga. Arbeidstid • Ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 07.00-21.30 på kvardagar • Arbeid kvar femte laurdag og søndag (kvar tredje helg i periodar med ferieavvikling) • Arbeid på helg og høgtidsdagar etter gjeldande vaktplan Arbeidsoppgåver • Dagleg reinhald av operasjonsstover, inkludert mellomvask og sluttvask • Reinhald av kontor og fellesareal. • Periodisk reinhald av areala i operasjonsavdelinga • Køyring og bruk av reinhaldsmaskiner • Påfylling av tøy, varer og rekvisita. • Reinhald av anestesiutstyr • Smitteutvask • Utføre eigenkontroll av reinhaldsarbeidet i tråd med gjeldande kvaliteskrav • Bruk av enkle dataverktøy i det daglege arbeidet Kvalifikasjonar • Fagbrev som reinhaldsoperatør • Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar med fagbrev, kan søkjarar med relevant erfaring frå reinhaldsarbeid i helseinstitusjon bli vurderte. • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg • Kjennskap til hygieniske prinsipp for utføring av reinhald i operasjonsavdeling • Evne til å bruke ulike reinhaldsmaskiner • Evne til å lese og forstå sjekklister og prosedyrer • Kjennskap til smittereinhald • Kjennskap til NS-ISO Insta 800 og NS- 6600 • Kunne bruke enkle dataverktøy i det daglege arbeidet • Evne til å tileigne seg opplæring i reinhald av anestesiutstyr. • Evne til å tileigne seg opplæring i påfylling og handtering av lagervarer Personlege eigenskapar • Er stabil og påliteleg • Er målretta, initiativrik og får arbeidsoppgåvene gjennomført med god kvalitet • Har engasjement for reinhaldsfaget og er oppteken av å levere reinhaldskvalitet • Kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre • Trivst med eit raskt omskifteleg arbeidsmiljø • Bidreg til å skape eit trygt og positivt arbeidsmiljø for alle tilsette i avdelinga Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Relevant opplæring for stillinga • Eit triveleg arbeidsmiljø • Varierte arbeidsoppgåver. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonElin Høyland, Husøkonom, (+47) 578 39 378 ArbeidsstedFørde sentralsjukehus 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5173453995 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 27.09.2026
Arbeidsoppgaver • Distribusjon og henting av post og stykkgods for Posten Norge • Kundekontakt og representasjon av bedriften ute på veien • Daglig ettersyn av bil og utstyr Vi ser etter deg som har: • Førerkort klasse C eller CE • Gyldig YSK (yrkessjåførkompetanse) • Serviceinnstilling og stå-på-vilje • Evne til å jobbe selvstendig og i team Det er en fordel om du har: • ADR-bevis - men mangler du dette, hjelper vi deg å skaffe det Vi tilbyr: • Et inkluderende arbeidsmiljø med kollegaer som gir av seg selv • Opplæring og støtte i hverdagen • Konkurransedyktige betingelser • Mulighet for å tilrettelegge en arbeidsuke som passer både deg og oss! • Mulighet til å utvikle deg som yrkessjåfør 👉 Vil du bli en del av gjengen hos Sygna Transport AS? Fortell litt om deg selv og send en epost til: anders@sygnatransport.no, eller, Har du spørsmål om stillingen, ta gjerne kontakt med Anders Lundekvam på tlf 97053004
CBA Fagformidling is looking for a reliable tyre fitter for one of our clients in Førde. Hva vi ser etter We are looking for someone who is practical, hardworking and comfortable with physically demanding tasks in a fast-paced environment. Experience with tyre fitting, workshop duties or the automotive industry is an advantage, but the right attitude and a strong work ethic are equally important. You are reliable, detail-oriented and a good team player. A category B driving licence is preferred. Arbeidsoppgaver • Fitting and removing tyres and wheels • Changing and balancing tyres • Inspecting tyres, rims and tyre pressure • Preparing, cleaning and storing wheels • Maintaining an organised, efficient and safe workplace Vi tilbyr • Established company in Førde • Competitive pay and working conditions • Close follow-up from CBA Fagformidling
Vi har flere kunder enn vi har kapasitet til å ta imot, og søker derfor en erfaren vippe- og brynstylist som ønsker å bli en del av teamet vårt hos Karma Salong i Førde. Hva vi ser etter Vi ser etter en erfaren og engasjert vippe- og brynstylist som er trygg i utførelsen av vippeextensions, vippeløft og brynsbehandlinger. Relevant praktisk erfaring er et krav. Du er: • Serviceinnstilt, positiv og imøtekommende • Selvstendig, strukturert og ansvarsfull • Nøyaktig og opptatt av kvalitet • Opptatt av hygiene og kundens trygghet • Tålmodig og detaljorientert • Motivert for å lære nye teknikker og utvikle deg faglig • En god kollega som bidrar til et hyggelig arbeidsmiljø Vi ønsker en person som allerede har praktisk erfaring, men som samtidig er åpen for opplæring og ønsker å utvikle seg videre sammen med oss. Arbeidsoppgaver Som vippe- og brynstylist hos Karma Salong vil du utføre profesjonelle behandlinger tilpasset kundenes ønsker og behov. Arbeidsoppgavene vil blant annet være: • Klassiske og volum vippeextensions • Påfyll og fjerning av vippeextensions • Vippeløft og farging av vipper • Brynslaminering • Farging og forming av bryn • Konsultasjon og veiledning av kunder • Oppfølging og råd om etterbehandling • Rengjøring og desinfisering av utstyr • Holde arbeidsplassen ren, ryddig og hygienisk Du skal sørge for at kundene føler seg trygge, godt ivaretatt og fornøyde med behandlingen. Vi tilbyr Hos Karma Salong får du bli en del av et hyggelig og profesjonelt skjønnhetsteam. Vi har god kundetilgang og opplever større etterspørsel enn vi i dag har kapasitet til å dekke. Vi tilbyr: • En etablert salong med eksisterende kundebase • Et hyggelig og inkluderende arbeidsmiljø • Mulighet for faglig utvikling og videre opplæring • Mulighet til å lære nye teknikker og behandlinger • En variert arbeidshverdag • Moderne og trivelige lokaler i Førde • Markedsføring gjennom salongens egne kanaler Stillingen er ansettelse og ikke leie av arbeidsplass.
Vi søker en engasjert og omsorgsfull medarbeider i 60–80 % stilling. Hos oss blir du en del av et lite og inkluderende arbeidsmiljø, der vi er opptatt av å skape trygge og gode dager for barna – fylt med lek, humor, mestring og gode opplevelser. Hva vi ser etter • Er trygg, omsorgsfull og tilstedeværende i møte med barna • Er leken og engasjert, og liker å delta aktivt i barnas hverdag • Tar initiativ og ser hva som må gjøres • Er fleksibel og trives med en variert og til tider hektisk arbeidshverdag • Er positiv og bidrar til et godt arbeidsmiljø • Samarbeider godt med andre, samtidig som du kan arbeide selvstendig • Er glad i å være ute og bruke naturen sammen med barna • Møter barn, foreldre og kollegaer med respekt og godt humør • Er pålitelig og tar ansvar • Har gode norskkunnskaper, både muntlig og skriftlig Personlig egnethet vil bli vektlagt. Erfaring fra arbeid med barn er en fordel, men det viktigste for oss er at du har et genuint ønske om å bidra til en trygg, aktiv og god barnehagehverdag. Arbeidsoppgaver • Delta aktivt i lek, aktiviteter og det pedagogiske arbeidet sammen med barna • Bidra til å skape en trygg, omsorgsfull og inkluderende hverdag • Følge opp barnas behov og bidra til gode relasjoner mellom barn og voksne • Delta på turer og aktiviteter ute og i nærmiljøet • Bidra i planlegging og gjennomføring av aktiviteter og prosjekter • Delta i praktiske oppgaver knyttet til måltider, rydding og den daglige driften av barnehagen • Samarbeide godt med kollegaer og bidra positivt til arbeidsmiljøet • Ha et godt samarbeid og god kommunikasjon med foreldre og foresatte • Delta på personalmøter og andre møter ved behov Vi tilbyr • 60--80 % vikariat fra 1. september 2026 til 1. august 2027, med mulighet for forlengelse eller fast stilling • Mulighet for å jobbe utover avtalt stillingsprosent ved behov • Et godt og inkluderende arbeidsmiljø med hyggelige og engasjerte kollegaer • En liten og oversiktlig barnehage der du får mulighet til å bli godt kjent med både barn, foreldre og kollegaer • En variert arbeidshverdag med mye tid sammen med barna, både inne og ute • Flotte naturområder og et nærmiljø som brukes aktivt i barnehagehverdagen • Mulighet til å bidra med egne interesser, ideer og initiativ • Et arbeidsmiljø med rom for humor, samarbeid og faglig utvikling • Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldende PBL-tariff • Gode pensjons- og forsikringsordninger
Vil du være med å bygge en industribedrift i vekst? Bastal AS er et industriselskap med 25 medarbeidere og en årlig omsetning på om lag 100 millioner kroner. Vi utvikler, produserer og leverer armeringsløsninger til bygg- og anleggsprosjekter over hele Norge. Gjennom flere år har vi utviklet Smartfix, en patentert løsning for prefabrikkert armering som reduserer manuelt arbeid på byggeplass, effektiviserer byggeprosessen og bidrar til lavere klimaavtrykk i byggeprosjekter. Løsningen ble i 2025 tildelt Byggenæringens innovasjonspris. Vi står foran en spennende utvikling. Fabrikken bygges om, ny produksjonsteknologi er på vei inn, og vi arbeider kontinuerlig med å utvikle mer effektive, industrialiserte og digitale arbeidsprosesser. Målet er å skape enda bedre løsninger for kundene våre - fra prosjektering og produksjonsgrunnlag til ferdig leveranse. Nå ser vi etter Head of Engineering som vil være med og forme denne utviklingen. Som Head of Engineering i Bastal vil du få en sentral rolle i å bygge den tekniske funksjonen for selskapets neste fase. Du kommer tett på både kundene, de tekniske løsningene og fabrikken Head of Engineering rapporterer til CEO og inngår i ledergruppen. Oppdraget ditt Som Head of Engineering vil du ha det overordnede ansvaret for Bastal sin tekniske avdeling. Rollen innebærer både faglig ledelse av det tekniske miljøet og ansvar for å videreutvikle tekniske løsninger, systemer og arbeidsprosesser. Stillingen inngår i Bastal sin ledergruppe og vil bidra aktivt i selskapets strategiske arbeid, særlig knyttet til omstilling, produktutvikling og videre skalering av virksomheten. Bastal prosjekterer ikke konstruksjoner selv, men utarbeider produksjonsgrunnlag basert på grunnlag fra rådgivende ingeniører (RIB). Rollen innebærer derfor tett samhandling med både rådgivere, entreprenører og interne fagmiljøer. Sentrale ansvarsområder • Lede og videreutvikle Bastal sin tekniske avdeling • Sikre at produksjonstegninger og teknisk grunnlag leveres i tide og med høy kvalitet • Fordele oppgaver og sikre god arbeidsflyt i teknisk avdeling • Samhandle tett med RIB, kunder og samarbeidspartnere • Samarbeide tett med produksjon og salg for å sikre gode leveranser • Bidra til videre utvikling og optimalisering av Smartfix • Videreutvikle tekniske rutiner, arbeidsprosesser og systemer Det endelige ansvarsområdet vil bli tilpasset kompetansen og erfaringen til den rette kandidaten. Hvem ser vi etter? Vi ser etter en person med teknisk bakgrunn fra bygg- og anleggsbransjen og erfaring med tekniske tegninger eller produksjonsgrunnlag. Relevant bakgrunn kan være: • Ingeniør eller teknisk fagskole innen bygg/konstruksjon, eller tilsvarende erfaring • Erfaring fra entreprenør, rådgiver eller leverandør til bygg- og anleggsbransjen • Erfaring med tekniske tegninger og relevante tegneverktøy • Erfaring fra prosjektarbeid og samarbeid med rådgivere og kunder For å lykkes i rollen tror vi du: • har god teknisk forståelse og arbeider strukturert • trives med samarbeid på tvers av fag og funksjoner • har evne til å kombinere tekniske løsninger med praktisk gjennomføring • har interesse for utvikling, standardisering og forbedringsarbeid • erfaring med Tekla eller tilsvarende BIM- og modelleringsverktøy Du trenger ikke å ha vært Head of Engineering før. Vi er mer opptatt av den tekniske erfaringen din og hva du kan bidra med, enn hvilken tittel du har i dag. Vi ser etter deg som motiveres av å være med å bygge noe, og som ønsker å bidra til utvikling og vekst både for selskapet og for seg selv. Hvorfor velge Bastal? Hos Bastal får du en sentral rolle i en industribedrift i utvikling. Du vil få mulighet til å påvirke hvordan vi utvikler våre tekniske løsninger og arbeidsmetoder, og bidra i utviklingen av nye løsninger for byggebransjen. Du kommer inn i selskapet på et tidspunkt der ny produksjonsteknologi og økt automatisering skal endre måten vi arbeider på. Rollen gir deg mulighet til å påvirke de tekniske valgene og følge arbeidet fra de første ideene og kundedialogen til prosjektering, produksjon og ferdig produkt. Bastal utvikler egne løsninger og har korte veier fra beslutning til gjennomføring. Du får derfor se resultatene av arbeidet ditt og være med på å forme både rollen og det tekniske miljøet i selskapet. Fabrikk og hovedkontor ligger i Førde, men vi har også kontor i Florø og på Askøy. Interessert? Ta kontakt: Jorunn Skrede Klakegg på telefon 98 24 03 61 / jorunn@visere.no Daniel Dvergsdal på telefon 90 47 94 70 / daniel@visere.no.
Vi søker helsepersonell til pleieteam – oppdrag over hele Norge Dedicare søker sykepleier og helsefagarbeider til våre pleieteam over hele Norge. Vi tilbyr lengre oppdrag, fra 4 uker eller mer, med mulighet for gjentakende oppdrag og kontinuitet på samme arbeidssted. I pleieteam følger du opp barn eller voksne med komplekse og omfattende medisinske behov, blant annet personer med trakceostomi, respirator og behov for kontinuerlig overvåkning. Erfaring med respirator er en stor fordel. Arbeidet foregår i hjemmet og krever at du er trygg, selvstendig og profesjonell i en privat setting. Du må kunne tilpasse deg familiens rutiner og samtidig ivareta faglige krav, respekt og gode relasjoner. Vi tilbyr • Gratis reise og bolig • Konkurransedyktig lønn og 12 % feriepenger • Pensjonsopptjening i DNB og forsikring • Fleksibel turnus tilpasset dine ønsker • Tett oppfølging fra bemanningsansvarlig med helsefaglig bakgrunn • Mulighet for lengre og gjentakende oppdrag Vi ser etter deg som • Er sykepleier eller helsefagarbeider, gjerne med relevant videreutdanning • Har erfaring med komplekse medisinske behov og avansert behandling • Har erfaring med trakceostomi og/eller respirator • Er faglig trygg, strukturert og ansvarsbevisst • Trives med selvstendig arbeid i hjemmet • Er fleksibel, løsningsorientert og samarbeider godt med andre • Behersker et nordisk språk flytende, muntlig og skriftlig Ønsker du en meningsfull arbeidshverdag med faglige utfordringer, fleksibilitet og mulighet for lengre oppdrag? Da vil vi gjerne høre fra deg!
Femac AS søker fagarbeidere! Femac AS er i vekst, og vi ser etter flere dyktige medarbeidere til vårt team. Vi leverer tjenester innen industri, montasje og vedlikehold, og søker nå etter: • Sveiser • Platearbeider • Mekaniker • Industrirørlegger • Elektriker Arbeidsoppgaver: • Montering, vedlikehold og reparasjon innen industri • Arbeid etter tekniske tegninger og spesifikasjoner • Utføre arbeidet i henhold til gjeldende HMS-krav • Varierte prosjekter både selvstendig og i team Kvalifikasjoner: • Fagbrev innen relevant fagområde (lang relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev) • Erfaring fra industri eller bygg/anlegg er en fordel • Evne til å lese og forstå tekniske tegninger • Selvstendig, nøyaktig og pålitelig • Fokus på sikkerhet og kvalitet Vi tilbyr: • Konkurransedyktige betingelser • Spennende og varierte arbeidsoppgaver • Gode utviklingsmuligheter • Et trivelig og inkluderende arbeidsmiljø
Just nu listas 27 aktiva annonser i Sunnfjord kommun. Indexet uppdateras flera gånger per dygn från direktanslutna arbetsgivare och rekryteringssystem.
Bland de största arbetsgivarna i Sunnfjord finns Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering, Helse Førde, Spar Jølstraholmen, Visere.