Hitta ditt nästa jobb i Voss kommun. Utforska 9 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
I Nav Region Voss og Hardanger arbeider vi kvar dag for at fleire menneske skal få moglegheit til å delta i arbeidslivet og samfunnet. Hos oss møter du engasjerte fagfolk som trur på at arbeid kan vere ein viktig veg til betre psykisk helse, meistring og livskvalitet. No søkjer vi ein IPS-jobbspesialist som ønskjer å vere med på dette viktige samfunnsoppdraget. Kan det vere deg? Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan arbeidsinkludering og tett samarbeid mellom helse- og arbeidstenester. Saman arbeider vi målretta for å finne moglegheiter framfor avgrensingar og skape varige resultat for menneske som treng støtte på vegen inn i arbeidslivet. Hos oss får du kombinere relasjonsbygging, fagleg arbeid og samfunnsengasjement i ei rolle der du faktisk kan sjå forskjellen du gjer for andre. Om stillinga Dette er ei variert og sjølvstendig rolle der du arbeider tett på menneske som ønskjer å kome i arbeid, samtidig som du byggjer relasjonar med arbeidsgjevarar og samarbeider med fagmiljø innan helse og Nav. Arbeidshverdagen er oppsøkjande, dynamisk og prega av tett kontakt med både deltakarar, samarbeidspartnarar og lokalt arbeidsliv. Stillinga er delt mellom Bjørkeli DPS på Voss og Fonna DPS i Odda, og omfattar deltakarar frå kommunane Ullensvang, Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord. Du jobbar etter metoden Individual Placement and Support (IPS), ein kunnskapsbasert metode for arbeidsinkludering av personar med psykiske helseutfordringar. Målet er å hjelpe fleire inn i arbeidslivet og vidare i livet gjennom arbeid. Kva går jobben ut på? • følgje opp deltakarar etter IPS-metodikken med mål om ordinært arbeid • kartleggje ressursar, interesser og jobbønske • oppsøkje og samarbeide med arbeidsgjevarar i lokalt næringsliv • bistå med jobbsøking, CV og førebuing til jobbintervju • gje individuell oppfølging både før og etter tilsetjing • samarbeide tett med behandlarar, Nav-rettleiarar og andre fagpersonar • dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande krav • ha ansvar for framdrift og oppfølging i eiga portefølje med om lag 20 arbeidssøkjarar Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha • fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan sosiale fag, pedagogikk eller leiing. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning. • erfaring med eller kompetanse innan rettleiing og oppfølging av menneske • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk • førarkort klasse B Det er ein fordel om du har • erfaring frå arbeid med menneske med psykiske helseutfordringar • erfaring med arbeidsinkludering og oppsøkjande arbeid retta mot arbeidsgjevarar • erfaring frå tverrfagleg samarbeid • kunnskap om arbeidsmarknaden i Voss- og Hardangerregionen Kva ser vi etter hos deg? • er ein god relasjonsbyggjar og skaper tillit hos både deltakarar og samarbeidspartnarar • er initiativrik og trivst med arbeidsgjevarkontakt • er sjølvstendig og trygg i å planleggje og leie eigen arbeidskvardag • har gode samarbeidsevner og er omstillingsdyktig Kvifor velje oss? • ei meiningsfull stilling der du kan gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag • gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving • aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø • velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida • stillinga er organisatorisk plassert ved Nav Voss, regionskontoret i Voss og Hardanger • statleg tilsetjing i stillingskode 1434, med løn frå kr 639 000 til kr 675 000. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast. • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse Les meir om Nav som arbeidsgivar KontaktinformasjonCathrine Seim-Haugen, Avdelinsleiar , 91393284, cathrine.seim-haugen@nav.no Maritza Senneseth, Metoderettleiar , 96013864, Stephanie.Maritza.Villegas.Senneseth@nav.no ArbeidsstedGurid Almenningensplass 1 5704 Voss Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5165213584 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026
Vi søker en restaurantmedarbeider i 40-60% fast stilling, med mulighet for ekstravakter. Vaktene starter kl. 13:00, og vi har åpent alle dager - både dag og kveld. Har du erfaring fra servering eller restaurant, vil vi gjerne høre fra deg. Hva vi ser etter Vi ser etter deg som: • Kan jobbe hverdager, lørdag og søndag, både dag og kveld. • Har erfaring fra servering eller restaurant • Er fylt 18 år, siden stillingen omfatter servering av alkohol • Snakker norsk og engelsk • Er positiv, ansvarsbevisst og punktlig • Trives i et hektisk miljø og beholder roen under press • Er fleksibel og tar i et tak både i servering og på kjøkkenet • Jobber selvstendig og bidrar til godt samarbeid i teamet Arbeidsoppgaver Dine arbeidsoppgaver vil blant annet være: • Ta imot gjester og servere mat og drikke • Ta imot bestillinger, betjene kassesystem og håndtere betaling • Fylle på drikkekjølen og påse at emballasje og forbruksvarer er på plass • Ta imot varer og holde lokalet rent og ryddig • Enkle kjøkkenoppgaver ved behov • Sørge for at gjestene får en hyggelig og profesjonell opplevelse Vi tilbyr Vi tilbyr: • Fast stilling 40-60 % (ca. 15-22 timer i uken), med tilbud om ekstravakter • God opplæring og tett oppfølging • Personalmat på jobb • Et lite og sosialt team i en travel restaurant midt i Voss sentrum
Vi har ledig fast stilling for ein fagleg dyktig og sjølvstendig tømrar/snikkar på Voss. Ønskte kvalifikasjonar: • Fagbrev som tømrar, eller solid og dokumentert erfaring • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og strukturert • Førarkort klasse B Vi tilbyr: • Fast tilsetjing i eit trygt arbeidsmiljø • Varierte arbeidsoppgåver • Konkurransedyktige vilkår
Vi søkjer tømrar / snikkar til fast stilling – Løne Eigedom Vi har ledig fast stilling for ein fagleg dyktig og sjølvstendig tømrar/snikkar på Voss. Ønskte kvalifikasjonar: • Fagbrev som tømrar, eller solid og dokumentert erfaring • Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og strukturert • Førarkort klasse B Vi tilbyr: • Fast tilsetjing i eit trygt arbeidsmiljø • Varierte arbeidsoppgåver • Konkurransedyktige noskar/vilkår Søknad sendast til post@lmtvoss.no via "søk på stilling" knappen på denne siden. For spørsmål om stillinga, ta kontakt med Lars Løne på telefon 917 00 760. Søknadsfrist: Fortløpande.
Biltema Voss søker butikkmedarbeider i 50 % vikariat – oppstart snarest Er du en serviceinnstilt og fleksibel person som trives med en variert arbeidshverdag? Biltema Voss søker en butikkmedarbeider til et 50 % vikariat med oppstart snarest etter avtale og varighet frem til 30.04.2027. Hos oss blir du en viktig del av teamet og bidrar til at kundene får gode handleopplevelser. Du vil jobbe med ulike oppgaver i butikken, fra kundeservice og salg til varepåfylling og daglig drift. I Biltema jobber vi etter verdiene enkelhet, sparsommelighet, handlekraft, orden og fleksibilitet. For å trives hos oss må du kjenne deg igjen i disse verdiene og la dem prege hverdagen din. Arbeidsoppgaver • Gi gode kundeopplevelser gjennom salg og kundeservice • Betjene kasse og hjelpe kunder med spørsmål og veiledning • Sørge for varepåfylling, rydding og orden i butikken • Bidra til at butikken fremstår ryddig og innbydende • Følge Biltemas konsepter, rutiner og kampanjer • Være fleksibel og bidra der det er behov i den daglige driften Vi ser etter deg som Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er strukturert, positiv og tar initiativ. Du trives med fysisk arbeid og en variert arbeidshverdag, har interesse for salg og gjerne kjennskap til våre produktområder. Du er serviceinnstilt, liker å skape gode kundeopplevelser og bidrar positivt til arbeidsmiljøet gjennom å fungere godt i team. Dette får du hos oss • Tydelige rammer og støtte fra et godt fagmiljø • Et engasjert og inkluderende arbeidsmiljø • Mulighet for personlig utvikling i Biltema-systemet • Turnus med dag-, kveld- og helgearbeid etter avtale • Rabattert medlemskap på treningssenter og andre fordeler • Lønn etter tariff Slik søker du Send inn søknad og CV så snart som mulig – vi vurderer kandidater fortløpende. Du blir kontaktet direkte dersom vi ønsker å invitere deg til intervju. Alle søkere får svar når prosessen er avsluttet.
Frå 1.september har me ledig følgjande stilling: • Fast stilling som barnehagelærar i 100% stilling Tilsetjing vil skje fortløpande i perioden Om Granvin barnehage: Granvin barnehage er ein kommunal barnehage som har opna i nytt flott bygg, august 2026. Barnehagen har to avdelingar «Småtun» og «Stortun». Totalt er det 56 barn i barnehagen. I Granvin barnehage er me opptekne av å gje borna eit godt omsorgs- og læringsmiljø prega av leik og gode relasjonar. Borna skal oppleva trygge vaksne som er til stades og støttar borna si utforsking, og som rettleiar og støttar born ved behov. Barnehagen skal vera ein trygg, utforskande og kjekk stad som borna gler seg til kvar dag.Granvin barnehage søkjer engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje barna Granvin barnehage ein god start på vegen vidare i livet. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag. Voss herad tilbyr: • Rekrutteringstillegg kr 20 000 for barnehagelærar i 100% faste stilling ved fyrstegongs tilsetting i Voss herad. • Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad • Pedagogisk leiar får kr 40 000 i tillegg ved 100 % stilling • God ordning for etter – og vidareutdanning • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaringar med kvarandre • Gode kollegaer og eit positivt miljø • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg • Rettleiing for nytilsette/nyutdanna • Gode forsikrings- og pensjonsordningar • Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com) Kvalifikasjonar: • Godkjend barnehagelærarutdanning • Dei som vert tilsett må leggja fram godkjend politiattest. Arbeidsoppgåver: • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet. • Jobbe med barn med spesielle behov • Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med barn og foreldre/føresette • Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar. • Førebu og gjennomføra startsamtalar og foreldresamtalar • Syta for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø. • Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø. Me ynskjer at: • Barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje dei ein god barndom • Du er engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn. • Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg • Du har fokus på barna sitt beste, evne og vilje til å samarbeid, og kan jobba sjølvstendig • Du har sertifikat Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Kid/Hemtex er i dag en av Nordens ledende interiør- og tekstilkjeder, med mer enn 280 fysiske butikker og nettbutikk, representert i Norge, Sverige, Finland og Estland. Vi tilbyr et bredt og inspirerende utvalg av kvalitetsprodukter til gode priser. Hos oss blir du en del av et fremoverlent selskap som ønsker å fortsette å vokse og utvikle seg. Vi verdsetter fellesskap og en prestisjefri kultur, der du som medarbeider får muligheten til å påvirke og bidra i vår utvikling. Våre verdier Kremmerånd, Inspirasjon og Dedikasjon - veileder oss og gjennomsyrer alt vi gjør. Brenner du for Retail? Elsker du salg og får energi av å yte topp service? Lar du deg inspirere av interiør, tekstil, møbler og trender? Trives du også med at du får dine daglige skritt i løpet av en arbeidsdag, og at en dag aldri er lik den neste? Da er vi i Kid kanskje en perfekt match for deg! Vår butikk på Thon Senter Voss søker to nye butikkmedarbeidere i 11% stilling med mulighet for større stilling i julesesong og under ferieavvikling. Vi søker etter en selger som uten å tenke seg om møter våre kunder, kollegaer og leder med et stort smil og et «hei». Du utstråler energi og blir giret av å levere gode resultater. Du er i tillegg dedikert og fleksibel, og finnes ikke redd for å ta på deg verken nye oppgaver og ansvar. Vi har spurt våre kolleger om hva som er det beste med å jobbe i Kid, og da svarer de: «Kid har gode verdier og evner å se enkeltindividene» «Det er enkelt å lære seg å bli flink i jobben sin og det gir en god mestringsfølelse» «Det legges til rette for gode fremtidsutsikter og Kid er en trygg arbeidsgiver» «Kid er folkelig og nedpå, og det liker jeg godt!» Hva vil være ansvaret ditt? • Sørge for at kundene våre får tidenes beste kundeopplevelse • Bidra til å skape en inspirerende butikk, som er kampanjeklar og som bugner av varer • Være en i teamet som ser hva som må gjøres av stort og smått og som tar initiativ, også før noen spør deg • Leverer oppgaver av høy kvalitet og i tide • Jobbe målrettet for å oppnå salgsmål Vi ser for oss at du: • Drømmer om en jobb i salg- og kundeservice • Er energisk, utadvendt og glad i folk • På en naturlig måte, skaper en god relasjon og kommunikasjon med kundene våre. Derfor er det viktig for oss at du snakker godt norsk. • Kan jobbe dag, kveld og helg og er fleksibel med tanke på arbeidstid • Trives med å jobbe ut ifra konsept, og det er en styrke om du i tillegg har estetisk sans • Trigges av resultater, og har ambisjoner på egne og andres vegne • Er «fremme i skoa», tar initiativ og liker at ingen dag er lik en annen Vi tilbyr: • En utfordrende stilling i en kjede med flotte kvalitetsprodukter • Spennende karriere- og utviklingsmuligheter for de som vil og kan • En «levende» bransje med store variasjoner, hvor den enkeltes innsats teller • Deltidsstillinger som fint kan kombineres med skole og utdanning • Et nettverk av butikker over hele landet som også gir muligheter for å jobbe i andre avdelinger • Et bonussystem for alle faste medarbeidere som er ansatt over 20% Med en veldreven organisasjon og et godt støtteapparat i ryggen, ligger alt til rette for at du skal lykkes i rollen. Din nærmeste leder er butikkleder. Du vil bli del av et sammensveiset team med dyktige kolleger, både i egen butikk, i regionen og som en del av et stort nordisk konsern. NB! Vennligst ikke send søknaden din pr e-post til oss. Kun søknader som sendes via vår rekrutteringsportal vil bli vurdert. Gå inn på karrieresiden vår karriere.kid.no for å sende oss en søknad.
Kven skal leia dei neste 20? DAGLEG LEIAR – GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS 54 år med historie. Kven skal leia oss dei neste 20? Gjeraldstveit Mekaniske har arbeidd med stål gjennom to generasjonar. Sidan 1972 har me utvikla oss frå tradisjonelt stålarbeid til stålkonstruksjonar for samferdsel, energi, teknologi, produksjon og bygg. No skal me vidare. Du har truleg ein god jobb alt. Bra. Me er ikkje ute etter nokon som berre treng ein ny. Me ser etter personen som skal ta ansvar for neste fase. Og me leitar ikkje etter ein klassisk administrator. Helst er du ingeniør. Men endå viktigare: Du tenkjer som ein. Du forstår tekniske problemstillingar og ser samanhengen frå kalkyle og teikning til produksjon, montasje, kunde og botnlinje. Ei god teknisk løysing er ikkje nok. Den skal kunne produserast, leverast – og prosjektet skal tene pengar. Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, folk, økonomi, kundar, prosjekt og resultat. Du skal leie og vidareutvikle selskapet, sikre nye oppdrag, følgje opp større prosjekt, utvikle organisasjonen, prioritere kapasitet og sikre kvalitet og gode arbeidsprosessar. Me ser helst at du har bakgrunn frå industri, bygg, konstruksjon, produksjon, entreprenørverksemd eller tekniske prosjektmiljø. Ingeniørutdanning innan bygg, konstruksjon, maskin, produksjon eller tilsvarande vil vere svært relevant. Men vitnemålet åleine interesserer oss lite. Det er kva du har vist at du kan få til som tel. Du kan vere dagleg leiar i dag. Men du kan òg vere teknisk sjef, produksjonssjef, prosjektleiar eller avdelingsleiar – og vere klar for meir ansvar enn tittelen din gir deg. Hos oss er avstanden mellom avgjerda di og konsekvensen kort. Du får mandat. Då får du òg konsekvensane. Det er meir krevjande. Det er heile poenget. Me tilbyr reell påverknad, korte avgjerdsvegar, tett samarbeid med eigar og gode pensjons- og forsikringsvilkår. Les meir først: gjeraldstveit.no/stillinger Ikkje send CV enno. Er du nysgjerrig, ring Narve Gjeraldstveit på 41 67 80 80. Du treng ikkje ha bestemt deg for å byte jobb. Det held at du byrjar å lure på om du burde.
ST Entreprenør er et spesialisert entreprenørselskap med hovedkontor på Voss. Vi leverer tjenester innen sprutbetong, jordnagling og injeksjonsarbeid, og gjennomfører prosjekter over hele Norge. Med høy fagkompetanse, korte beslutningsveier og en sterk gjennomføringskultur jobber vi hver dag for å levere sikre, effektive og bærekraftige løsninger til våre kunder. Nå søker vi en erfaren prosjektleder som ønsker å være tett på produksjonen og lede komplekse anleggsprosjekter fra oppstart til ferdigstillelse. Du trenger ikke å være bosatt på Voss, men må kunne være jevnlig til stede på hovedkontoret. HVORFOR JOBBE I ST ENTREPRENØR? Hos oss får du stor frihet, betydelig ansvar og muligheten til å påvirke både prosjektene og selskapets videre utvikling. Du blir en del av et kompetent og sammensveiset fagmiljø med høy gjennomføringsevne og sterk lagånd. Vi jobber over hele Norge, og ingen prosjekter er helt like. Derfor ser vi etter deg som trives med en variert arbeidshverdag, liker å være der det skjer og motiveres av å skape gode resultater sammen med andre. DINE ANSVARSOMRÅDER Som prosjektleder får du det overordnede ansvaret for at prosjektene planlegges og gjennomføres i tråd med våre mål innen HMS, kvalitet, økonomi og fremdrift. Du vil være en viktig leder for prosjektteamet og sørge for god samhandling mellom egne medarbeidere, kunder og samarbeidspartnere. Rollen innebærer en kombinasjon av operativ tilstedeværelse ute på anlegg og administrativ prosjektoppfølging. Ansvarsområdene innebærer blant annet: * Planlegging, ledelse og koordinering av anleggsprosjekter * Oppfølging av fremdrift, kvalitet og økonomi gjennom hele prosjektperioden * Lede og følge opp medarbeidere og ressurser ute på prosjektene * Sikre at arbeid utføres og dokumenteres i henhold til gjeldende krav og spesifikasjoner, og oppfølging av HMS-, kvalitets- og miljøarbeid (KMA)Bygge og videreutvikle gode relasjoner med kunder og samarbeidspartnere KVALIFIKASJONER Vi ser først og fremst etter deg som har erfaring med betongsprøyting og/eller injeksonsarbeid og som kjenner anleggsbransjen godt. Du har erfaring som prosjektleder eller anleggsleder, og trives med å kombinere praktisk forståelse med strukturert prosjektstyring. Vi tror du har: * Relevant fagbrev, teknisk fagskole eller annen relevant utdanning innen anlegg og prosjektledelse * Erfaring med HMS-, kvalitets- og miljøarbeid (KMA) * Gode kommunikasjonsferdigheter innen nordisk språk * Fleksibilitet og vilje til å reise i forbindelse med prosjekter HVEM ER DU? For å lykkes hos oss tror vi at du er en person som tar ansvar, bygger gode relasjoner og motiveres av å skape resultater sammen med andre. Du er selvstendig og tar initiativ når det trengs, samtidig som du har et positivt engasjement og et ønske om å utvikle både prosjekter, mennesker og virksomheten videre. Du trives med ansvar, har en entreprenøriell tilnærming og evner å finne gode løsninger i en variert og til tider hektisk arbeidshverdag. Som person er du også en tydelig og trygg kommunikator som skaper tillit hos både medarbeidere, kunder og samarbeidspartnere. Det viktigste for oss er at du passer inn i kulturen vår og ønsker å være med på å videreutvikle ST Entreprenør. ER DETTE NESTE STEG FOR DEG? Send inn CV og søknad i dag – vi vurderer kandidater fortløpende. Ta gjerne kontakt med vår samarbeidspartner Veksthuset Rekruttering, seniorrådgiver Geir Bjerke Myreng på 918 445 655.
Just nu listas 9 aktiva annonser i Voss kommun. Indexet uppdateras flera gånger per dygn från direktanslutna arbetsgivare och rekryteringssystem.
Bland de största arbetsgivarna i Voss finns Biltema Norge, Gjeraldstveit Mekaniske AS, Løne Eigedom As.