Vi oppmodar også kandidatar som ønskjer å bli betre kjende med fagfeltet vårt, eller som treng sideutdanning, til å søkje.
Oppstart etter avtale.
Er du interessert i Fysikalsk medisin og rehabilitering har vi den rette stillinga for deg. Her vil du møte eit breidt spekter av problemstillingar innan muskel- og skjelettlidingar, rehabilitering, nevrologi, smerteproblematikk og arbeidsrettet oppfølging. Du vil få høve til å følgje pasientar over tid og bidra til å gi pasientane betre funksjon, utfolding og livskvalitet etter sjukdom eller skade.
Vi tilbyr spanande og utviklande stillingar med god moglegheit til å vere med og påverke dette allsidige og spanande fagfeltet si vekst og utvikling? Her er det mogleg å bidra både i sengepost, poliklinikk, gruppebasert behandling og opplæring. Våre legar går ikkje vakt. Vi har tre overlegar og ein LIS, i smertepoliklinikken har vi overlege i anestesi etter avtale.
I poliklinikken har vi god tilgang på kompetente og erfarne fysioterapeutar, ergoterapeut, sosionom, og logoped ved behov. Helse Førde sin smertepoliklinikk er samlokalisert med FMR poliklinikk. I sengepost er det tett samarbeid i to tverrfaglege team med god dekning av alle relevante faggrupper, nevropsykolog etter tilvising. Sengeposten er samlokalisert med nevrologi og revmatologi i nytt sjukehusbygg med einerom for alle pasientar og god funksjonalitet. I vårt sjukehus opplever vi også at vegen til drøftingar og samarbeid med andre fagområder er kort.
Vi har eige VR-rom i poliklinikken og gode erfaringar med bruk av denne teknologien i pasientbehandling og ønskjer å utforske og utvikle dette feltet vidare. I avdelinga har vi siste åra hatt fleire innovative prosjekt, og er per i dag direkte og indirekte involvert i fleire PhD.
Hos oss vil du oppleve tett samarbeid / oppfølging, gode moglegheiter for fagleg utvikling og ein arbeidskvardag prega av samarbeid, læring og faglig interesse. Du blir del av eit sterkt tverrfaglig fagmiljø og får arbeide tett med erfarne terapeutar frå ulike faggruppe. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi, forsking og akademika har vi mykje å tilby. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss.
Arbeidsoppgåver og ansvar vert tilpassa di erfaring, kompetanse og faglege utvikling.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAre Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 873
Matthias Hutler, Overlege, (+47) 975 85 680
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5176341259
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sunnfjord