Scandic Sunnfjord Hotel & Spa er eit av dei største hotella på Vestlandet, sentralt plassert i Førde. Med 249 rom, stor konferanse- og arrangementsverksemd, restaurant, bar, spa og Larris Scene, har vi ein variert og aktiv kvardag gjennom heile året.
Kjøkkenet er ein sentral del av hotellopplevinga vår, med alt frå frukost og à la carte til bankettar, konferansar og større arrangement. Vi ser etter ein kjøkkensjef som ønsker å leie og utvikle både menneske, matkonsept og drift, og som trivst i eit miljø med høgt tempo, store variasjonar og mange moglegheiter.
Mat og drikke er ein viktig del av hotellopphaldet, og kvar dag jobbar kollegaene våre på kjøkkenet saman for å skape gode matopplevingar for gjestene våre. Hovudoppgåva til kjøkkensjefen er å sørgje for at både gjester og medarbeidarar trivst, samtidig som vi skaper gode resultat og lønsam drift.
Kjøkkensjefen har det overordna drifts- og leiaransvaret for kjøkken og anretning.
Vi ser etter deg som er ein erfaren og trygg leiar, og som evnar å motivere og inspirere medarbeidarane våre. Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, både i eiga avdeling og på tvers av avdelingane. Du er serviceinnstilt og trivst i vertskapsrolla. Du er oppteken av resultat og har eit bevisst forhold til økonomi i alle delar av drifta. Samstundes er du fagleg dyktig og har eit sterkt fokus på å levere høg kvalitet.
For den rette personen tilbyr vi ved Scandic Sunnfjord Hotel & Spa ei spennande og variert stilling som kjøkkensjef i eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø. Du får høve til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du blir ein del av eit godt team. Kjøkkensjefen inngår i leiargruppa ved hotellet og rapporterer til hotelldirektøren.
Vi verdset mangfald og inkludering på arbeidsplassen vår, og er interesserte i å lære meir om dine behov og eventuelle tilretteleggingar som kan hjelpe deg med å lukkast i rolla. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av funksjonsnivå eller bakgrunn.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sunnfjord