Hitta ditt nästa jobb i Stryn kommun. Utforska 5 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
Flåten Maskin AS søkjer tankbilsjåfør (2 veker på / 2 veker av). Er du ein ansvarsbevisst og sjølvstendig sjåfør som trivst på vegen? Vi søkjer no ein dyktig sjåfør til vår moderne tankbil, ein Scania R660 (2025-modell). Hos oss blir du ein del av eit selskap som legg vekt på gode verdiar, profesjonalitet og ordna arbeidsforhold. Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, samarbeider godt og leverer kvalitet til kundane våre. Om stillinga • Fast turnus • Oppstart måndag morgon og avslutning søndag kveld to veker seinare • Du deler bilen med ein annan fast sjåfør • Ved rolegare periodar kan det også vere aktuelt med andre transportoppdrag, til dømes krokbil Arbeidsområde Køyringa skjer hovudsakleg i: • Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag Verkeområdet strekkjer seg frå Mandal i sør til Saltfjellet i nord. Vi ser etter deg som • Har førarkort klasse CE • Har gyldig YSK • Er påliteleg og ansvarsbevisst • Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til arbeidsoppgåvene dine • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Har fokus på sikker og profesjonell transport Vi tilbyr • Moderne og godt utstyr • Konkurransedyktige lønsvilkår • Fast turnusordning med god balanse mellom arbeid og fritid • Eit godt arbeidsmiljø • Ein trygg og seriøs arbeidsgivar
Vi er på jakt etter ein erfaren operatør som kan betene vårt TOS WHQ 13 CNC-boreverk med Heidenhain-styringssystem. We are looking for an experienced operator to operate our TOS WHQ 13 CNC drilling machine with Heidenhain control system. contact: Andrius T. +47 47785057 andrius@nh-aps.com
Just nu listas 5 aktiva annonser i Stryn kommun. Indexet uppdateras flera gånger per dygn från direktanslutna arbetsgivare och rekryteringssystem.
Bland de största arbetsgivarna i Stryn finns FLÅTEN MASKIN AS, Hotel Alexandra As, NH Bemanning AS.
Hotel Alexandra søkjer etter servitørar Vi søkjer etter servitørar til vår Restaurant Charlotte på Hotel Alexandra. Arbeidsoppgåver o Buffet og Menyservice o À la carte (erfarne servitørar) o Frukostbuffet o Vinkelner Personlege kvalifikasjonar: o Helst erfaring frå tilsvarande yrke o Bør kunne snakke skandinavisk og/eller engelsk o Må være positiv og serviceinnstilt, og sette gjesten i sentrum o Må ha en profesjonell, personleg og positiv tilnærming til kollegaer og gjestar o Være ein lagspelar o Jobbe raskt og effektivt o Ryddig og strukturert o Gode kommunikasjonsevner Vi treng servitørar i 100% stilling fast, deltid og sesong. Ta kontakt for meir info.
Vest Industrivask AS søkjer tilkallingsvikarar innan reinhald i Stryn og omegn. Vi har behov for fleksible og pålitelege medarbeidarar som kan stille på kortare og lengre oppdrag ved fråvær, ferieavvikling og periodar med ekstra arbeidsmengde. Per i dag ser vi føre oss eit arbeidsomfang på om lag 30 %, men behovet vil kunne variere. For den rette kandidaten kan det på sikt vere moglegheit for fast tilsetjing og auka stillingsprosent. Kvalifikasjonar • Førarkort klasse B • Gode norskkunnskapar eller engelsk • Erfaring frå reinhald er ein fordel, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Er positiv og serviceinnstilt • Har god arbeidsmoral • Likar å arbeide sjølvstendig • Er fleksibel og påliteleg Vi tilbyr • Fleksibel arbeidstid • Grundig opplæring • Løn etter tariff og ansiennitet • Moglegheit for meir arbeid ved behov • Eit godt arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
Tonning & Stryn AS søkjer ein nøyaktig og engasjert møbelsnekkar med noko erfaring til vår maskinavdeling. Vi produserer høgkvalitetsmøblar i heiltre, og du vil bidra til å skape tidlause designprodukt. Hva vi ser etter Vi ser etter deg som: • Har fagbrev som møbel- eller industrisnekkar (føretrekt), og/eller relevant erfaring innan faget. • Er nøyaktig, kvalitetsbevisst og har eit godt auge for detaljar. • Har trucksertifikat (fordel, men ikkje krav). • Trivst med varierte arbeidsdagar og er motivert for å lære og utvikle deg. Arbeidsoppgaver Hovudoppgåver: • Materialhandtering, inkludert innkapping, sortering og liming. • Maskinering og fresing av trekomponentar. • Pussing og finish for å oppnå høg kvalitet. Vi tilbyr Vi tilbyr: • Ein spennande og utfordrande kvardag med arbeid med solide heiltre-materialar. • Mogelegheit til å bidra med utvikling av design- og kvalitetsprodukt teikna av anerkjende norske designarar. • Eit stabilt arbeidsmiljø i ei bedrift med lang tradisjon for produksjon av høgkvalitetsmøblar i både tradisjonell og moderne stil. • Konkurransedyktige vilkår og gode kollegaer.