Hitta ditt nästa jobb i Kvam kommun. Utforska 4 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
Er du vår nye kollega? Me søkjer etter sjukepleiar til 100 % vikariat i Kvam heimeteneste • Som sjukepleiar hos oss vil du gje fagleg oppfølging og sjukepleie til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad • Stillinga er ledig frå oktober og for tida i turnus med arbeidshelg kvar 3. helg Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg. Arbeidsoppgåver • Sjukepleie primært knytt til heimebuande i Kvam. Sjukepleiebistand inn i omsorgsbustad. Oppfølgjing etter førespurnad frå responssenteret • Elektronisk dialog og kontakt med fastlegar/sjukehus/spesialisthelseteneste • Organisering og handtering av tiltaksplanar for oppfølgjing av heimebuande • Utføring av medisinske prosedyrar etter vedtak • Administrasjonsoppgåver knytt til legemiddelhandtering Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Du må kunne arbeida sjølvstendig • Må ha førarkort klasse B • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Me søkjer deg som: • er fleksibel, løysningsorientert og tek ansvar • kan samarbeide med kollegaer og samarbeidspartnarar • møter andre på ein respektfull og open måte • deler og aukar kunnskap • er open for endringar • kan nytte digitale verktøy Vi tilbyr • Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) • Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak. • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonCharlotte Bjørge, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 48208990 ArbeidsstadAldehagevegen 42 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5178388174 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 24.09.2026
Just nu listas 4 aktiva annonser i Kvam kommun. Indexet uppdateras flera gånger per dygn från direktanslutna arbetsgivare och rekryteringssystem.
Bland de största arbetsgivarna i Kvam finns Barmen AS - Uni Sushi & Izakaya, Helse og omsorg, Kvam heimeteneste.
VI SØKER IZAKAYAKOKK / IZAKAYAVERT (40-100 %) Hos UNI Sushi & Izakaya i Norheimsund driver vi casual fun dining med japanske smaker, gode råvarer og en uformell izakaya-stemning. Hos oss er kjøkken, bar og vertskap én del av samme jobb. Du lager mat. Du serverer den. Du lager drikke. Du tar vare på gjestene. Sånn fungerer vi. Vi ser etter deg som: • er nysgjerrig, ydmyk og lærevillig • liker mennesker og god hospitality • jobber godt når det er travelt • tar ansvar og hjelper laget • har interesse for mat, sushi og japanske smaker • kommuniserer godt på norsk/skandinavisk eller engelsk Lang sushi-CV er ikke et krav. Riktig person slår riktig CV. Vi tilbyr: • 40--100 % stilling • lønn etter avtale • mulighet til å påvirke meny og konsept • et lite team med mye ansvar og frihet • en arbeidsplass på kaien i Norheimsund Vet du MBTI-typen din? Sleng den gjerne med. Hvis ikke overlever vi. 😉 Lyst til å jobbe med oss? Send noen ord om hvem du er til enraknes@gmail.com Ingen stiv søknad nødvendig. UNI Sushi & Izakaya Et lite stykke Tokyo i Hardanger.
Vil du jobba med menneske? I pleie og omsorgstenesta har me eit kontinuerleg behov for vikarar. Vil du ha ein meiningsfull jobb - søk jobb hos oss. Denne annonsa gjeld open søknad og søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp/matvert i helse og omsorg. Søknaden din vil gjelda til og med 31.12.2026. Er du interessert i arbeid etter 2026, må du søkja på nytt. Leiarane i pleie og omsorg har til ei kvar tid oversikt over søkjarane til denne annonsa og vil ta kontakt med deg for samtale dersom du er aktuell for vikararbeid. Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev - gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/ Arbeidsoppgåver • Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar • Miljøarbeid • Matvertar: Førebu, laga til, servera og delta i måltida Du kan jobba som: • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent • Vernepleiar/vernepleiarstudent • Helsefagarbeidar • Pleiemedarbeidar • Matvert - passar også for ungdomar 16-18 år Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova (gjeld ikkje matvertar) skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Du er: • Interessert i omsorgsarbeid og glad i å hjelpa andre • Serviceinnstilt og engasjert • Fleksibel og løysingsorientert • Raus og inkluderande • Møter andre på ein respektfull og open måte • Meistrar norsk muntleg og skriftleg Vi tilbyr • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver • Opplæring vert gitt • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonKjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215 Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317 Anne Vestrheim, Personalkonsulent, +47 56 55 30 34 ArbeidsstadGrovagjelet 16 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5058117717 Stillingsprosent: 100, 50% Vikar