Flåten Maskin AS søkjer tankbilsjåfør (2 veker på / 2 veker av).
Er du ein ansvarsbevisst og sjølvstendig sjåfør som trivst på vegen? Vi søkjer no ein dyktig sjåfør til vår moderne tankbil, ein Scania R660 (2025-modell).
Hos oss blir du ein del av eit selskap som legg vekt på gode verdiar, profesjonalitet og ordna arbeidsforhold. Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, samarbeider godt og leverer kvalitet til kundane våre.
Om stillinga
Oppstart måndag morgon og avslutning søndag kveld to veker seinare Du deler bilen med ein annan fast sjåfør Ved rolegare periodar kan det også vere aktuelt med andre transportoppdrag, til dømes krokbil Arbeidsområde
Køyringa skjer hovudsakleg i:
Verkeområdet strekkjer seg frå Mandal i sør til Saltfjellet i nord.
Vi ser etter deg som
Er påliteleg og ansvarsbevisst Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til arbeidsoppgåvene dine Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Har fokus på sikker og profesjonell transport Vi tilbyr
Konkurransedyktige lønsvilkår Fast turnusordning med god balanse mellom arbeid og fritid Ein trygg og seriøs arbeidsgivar