Hitta ditt nästa jobb i Åseral kommun. Utforska 2 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
Har du engasjement for å arbeide med menneske og ønskjer ei meiningsfull deltidsstilling? Vi har no fleire ledige stillingar og søkjer etter trygge, positive og omsorgsfulle medarbeidarar til vårt team. Student? Vi oppfordrar særleg studentar innan helse, sosialfag, pedagogikk eller andre relevante studium til å søkje. Stillingane kan kombinerast med studiar og gir verdifull erfaring frå arbeid med menneske. Arbeidsoppgåver Avlastning for ungdom Vi har ledig: 2 faste helgestillingar på 16 %, ei stilling med nattevakter og ei stilling med kveld og dag Arbeid 4. kvar helg Stillingane inneber oppfølging og aktivitetar med ungdom. Vi søkjer deg som er trygg, ansvarsfull og oppteken av å skape gode opplevingar og relasjonar. BPA-team (Brukarstyrt personleg assistanse) Vi har ledig: 1 fast helgestilling på om lag 17 %, arbeid 3. kvar helg 1 vikariat i 50 % stilling, hovudsakleg nattevakter Som BPA-assistent bidreg du til at brukar kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv. Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå brukar sine behov og ønskje, og inneber alt frå personleg stell, matlaging og husstell til sosiale aktivitetar. Kvalifikasjonar • Helsefagarbeidar eller andre med høgare utdanning innan helse er ønskeleg til BPA-teamet, men ikkje eit krav i avlastning • Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner Førerkort klasse B er nødvendig, og du må vere villig til å køyre bil for rullestol, med manuelt gir. Personleg eignaheit vil bli særleg lagt vekt på Personlege eigenskaper Kven ser vi etter? • Du er påliteleg og ansvarleg • Du har gode samarbeidsevner • Du er fleksibel og arbeidsvillig • Du er tålmodig • Du er sjølvstendig, løysingsorientert, og kan initiativ til å sjå kva som må gjerast i heimen • Du trivst med å arbeide med menneske Politiattest: Den som vert tilsett må før tiltreding leggje fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Dette er eit krav fordi stillingane inneber arbeid med barn, ungdom og personar med hjelpebehov, og skal bidra til å sikre eit trygt og forsvarleg tilbod. Vi tilbyr • Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver • Rettleiing og naudsynt opplæring • Triveleg arbeidsmiljø • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen. • Vi kan hjelpe til å finne bustad • Gratis SFO • Barnehageplass KontaktinformasjonLaila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, +47 41322847 ArbeidsstedBordalsbakken 10 4540 Åseral Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Åseral kommune Referansenr.: 5172144334 Stillingsprosent: 50% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 11.09.2026
Just nu listas 2 aktiva annonser i Åseral kommun. Indexet uppdateras flera gånger per dygn från direktanslutna arbetsgivare och rekryteringssystem.
Bland de största arbetsgivarna i Åseral finns Åseral kommune.
Vil du vere med å forme framtida i kommunen vår? Vi søkjer ein engasjert og kompetent prosjektingeniør til ei sentral og viktig stilling i kommunen. Som prosjektingeniør får du ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane Arbeidsoppgåver Om stillinga Prosjektingeniøren har ei nøkkelrolle i gjennomføring av kommunen sine drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt. Stillinga omfattar ansvar for prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling innan mellom anna: • Bygg- og eigedomsprosjekt • VA-anlegg (vatn og avløp) • Infrastruktur- og vedlikehaldsprosjekt • Kommunale planar og utviklingsområde Du vil vere involvert i heile prosessen, frå prosjektering og offentlege anskaffingar til gjennomføring, oppfølging og evaluering av prosjekt. Arbeidsoppgåver • Leie og koordinere investerings- og vedlikehaldsprosjekt • Utarbeide og følgje opp prosjektplanar, framdriftsplanar og budsjett • Gjennomføre offentlege anskaffingar og anbodskonkurransar • Evaluere tilbod og følgje opp kontraktar og leverandørar • Følgje opp entreprenørar, konsulentar og samarbeidspartnarar • Bidra i arbeid med kommunale planar og utviklingsprosjekt • Sikre god rapportering til administrativ og politisk leiing • Bidra til god økonomistyring og prosjektkontroll • Vere ein aktiv bidragsytar i eininga og ta del i tverrfaglege oppgåver og arbeidsprosessar ut over eigne prosjektområde. Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du har: • Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, bygg, VA, prosjektleiing eller tilsvarande • Erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing • Kunnskap om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk • God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging • God skriftleg og munnleg framstillingsevne Personlege eigenskaper Vi ser etter deg som: • Arbeider strukturert og sjølvstendig • Tek ansvar og får ting gjennomført • Har gode samarbeidsevner • Er løysingsorientert og initiativrik • Kommuniserer godt med ulike fagmiljø og interessentar Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr • Ei variert og spennande stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen • Faglege utfordringar og moglegheit for vidareutvikling • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer • Løn etter avtale og gode pensjonsordningar • Fleksibel arbeidstid etter gjeldande ordningar • Vi kan hjelpe til å finne bustad • Gratis SFO • Barnehageplass KontaktinformasjonDag Ingvar Sandåker, Einingsleiar drift og vedlikehald, +47 90690845, Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no ArbeidsstedBordalsbakken 10 4540 Åseral Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Åseral kommune Referansenr.: 5177713808 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026