Vil du vere med å forme framtida i kommunen vår?
Vi søkjer ein engasjert og kompetent prosjektingeniør til ei sentral og viktig stilling i kommunen.
Som prosjektingeniør får du ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane
Arbeidsoppgåver
Om stillinga
Prosjektingeniøren har ei nøkkelrolle i gjennomføring av kommunen sine drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt.
Stillinga omfattar ansvar for prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling innan mellom anna:
Bygg- og eigedomsprosjekt VA-anlegg (vatn og avløp) Infrastruktur- og vedlikehaldsprosjekt Kommunale planar og utviklingsområde Du vil vere involvert i heile prosessen, frå prosjektering og offentlege anskaffingar til gjennomføring, oppfølging og evaluering av prosjekt.
Arbeidsoppgåver
Leie og koordinere investerings- og vedlikehaldsprosjekt Utarbeide og følgje opp prosjektplanar, framdriftsplanar og budsjett Gjennomføre offentlege anskaffingar og anbodskonkurransar Evaluere tilbod og følgje opp kontraktar og leverandørar Følgje opp entreprenørar, konsulentar og samarbeidspartnarar Bidra i arbeid med kommunale planar og utviklingsprosjekt Sikre god rapportering til administrativ og politisk leiing Bidra til god økonomistyring og prosjektkontroll Vere ein aktiv bidragsytar i eininga og ta del i tverrfaglege oppgåver og arbeidsprosessar ut over eigne prosjektområde. Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du har:
Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, bygg, VA, prosjektleiing eller tilsvarande Erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing Kunnskap om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging God skriftleg og munnleg framstillingsevne Personlege eigenskaper
Vi ser etter deg som:
Arbeider strukturert og sjølvstendig Tek ansvar og får ting gjennomført Er løysingsorientert og initiativrik Kommuniserer godt med ulike fagmiljø og interessentar Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei variert og spennande stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen
Faglege utfordringar og moglegheit for vidareutvikling Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Løn etter avtale og gode pensjonsordningar Fleksibel arbeidstid etter gjeldande ordningar Vi kan hjelpe til å finne bustad KontaktinformasjonDag Ingvar Sandåker, Einingsleiar drift og vedlikehald, +47 90690845, Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no
ArbeidsstedBordalsbakken 10
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5177713808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.10.2026