Vil du vere med og skape gode måltidsopplevingar og triveleg miljø for elevar, tilsette og gjester ved Torshus folkehøgskule? Vi søker ein engasjert og serviceinnstild kokk/fagarbeider kjøken i 90 % fast stilling.
Hva vi ser etter
Fagbrev som kokk er ynskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning Erfaring frå storkjøkken, kantine eller liknande verksemd er ein fordel Kjennskap til IK-mat og hygienerutinar Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Stillinga krev godkjend politiattest. Vi søker deg som er positiv og serviceinnstilt, liker å arbeide med menneske, er fleksibel og løysingsorientert, tek ansvar og arbeider strukturert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgaver
Matlaging og tilrettelegging av måltid for elevar, tilsette og gjester Oppvask, reinhald og etterleving av rutinar for hygiene og mattryggleik Bestilling og handtering av varer Deltaking i planlegging av menyar Utleigeverksemd utanom skoleåret Klargjering og vedlikehald av internat og andre fellesområde Andre førefallande oppgåver ved behov Arbeidet inngår i turnus, med arbeid kvar tredje helg. Vi tilbyr
Ei variert og meiningsfull stilling i eit levande folkehøgskolemiljø Eit inkluderande og godt arbeidsfellesskap Varierte arbeidsoppgåver gjennom året Arbeidsåret er noko komprimert og fyljer i hovudsak skoleåret. I periodar utanom skoleåret vil det vere varierte arbeidsoppgåver knytt til utleigeverksemd og klargjering av internat.