
Ortopedisk seksjon, Kirurgisk serviceklinikk, Helse Bergen HF, · Bergen
Vi søkjer ein engasjert og strukturert kollega som vil vere med på å løfte det faglege nivået på avdelinga vår. Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege ...
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar?
Vil du ha ein arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid med fagleg utvikling, rettleiing og organisering?
Hos oss får du ein unik moglegheit til å forme din eigen kvardag, samstundes som du sikrar at pasientane våre får det aller beste tilbodet.
Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med andre fagsjukepleiarane i operasjonsavdelinga. Du vil også samarbeide opp mot ortopeder, ulike avdelingar og leverandørar.
Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonLinda Kristine Jansson, Seksjonsleiar, +47 99524423
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5151974807
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Fagutviklingssjukepleiar – operasjonsavdelinga (OPA) i kirurgisk serviceklinikk (KSK) Vil du vere med og utvikle operasjonssjukepleiefaget i ei av landets største operasjonsavdelingar? Vi har no ei sjeldan moglegheit: ei stilling som fagutviklingssjukepleiar hos oss blir ledig etter mange år med same medarbeidar. Dette er ei sentral rolle for deg som ønskjer å påverke utviklinga av faget og bidra til høg kvalitet i pasientbehandlinga. I Kirurgisk serviceklinikk (KSK), operasjonsavdelinga, har vi seks seksjonar som driftar operasjonsstover innan ulike fagfelt. Til saman arbeider om lag 185 operasjonssjukepleiarar hos oss. Som fagutviklingssjukepleiar vil du ha ei sentral rolle i å utvikle fag, kompetanse og kvalitet på tvers av desse fagmiljøa. Stillinga er organisert i operasjonsavdelinga (OPA) og rapporterer til avdelingssjef. Du vil samarbeide tett med fagsjukepleiarar og seksjonsleiarar, og med fagutviklingssjukepleiarar innan anestesi, intensiv og sterilforsyning. Rolla er sentral i arbeidet med fagutvikling, kompetansebygging og kvalitet i operasjonssjukepleiefaget. Du vil arbeide både strategisk og praktisk, i tett samarbeid med fagmiljøa i klinikken. Arbeidsoppgåver • Ha ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av undervisning innan operasjonssjukepleie • Medverke til systematisk kompetanseutvikling i tråd med klinikken sine planar • Planleggje og koordinere fagdager og opplæringstiltak • Ha ansvar for opplæringsprogram for nytilsette • Organisere kurs ved innføring av nytt utstyr og nye prosedyrar • Bidra i utvikling og oppfølging av strategiske kompetanseplanar • Leggje til rette for fagleg samarbeid på tvers av seksjonane • Delta i lokalt og regionalt fagutviklingsarbeid • Initiere og følgje opp fagutviklingsprosjekt • Delta i anbod og bidra i klinikken sitt anbodsutval Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i operasjonssjukepleie • Minimum to års relevant klinisk erfaring • Master i operasjonssjukepleie er ønskjeleg. Erfaring frå fagfeltet kan kompensere for manglande master • Svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Gode IKT-kunnskapar Personlege eigenskapar • Du har interesse for fagutvikling og ønskjer å påverke utviklinga av operasjonssjukepleiefaget • Du arbeider strukturert og evnar å følgje opp fleire prosessar samtidig • Du trivst med å undervise og formidle kunnskap • Du har gode samarbeidsevner og byggjer relasjonar på tvers av fagmiljø • Du tek initiativ og driv arbeid framover Vi tilbyr • Ei sentral fagutviklingsrolle i ei stor og spesialisert operasjonsavdeling • Moglegheit til å påverke kompetanse og praksis på tvers av seksjonar • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement • Godt tverrfagleg samarbeid i klinikken • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSolveig Tveit Songstad, Avdelingssjef, +47 99609824 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5151860043 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen. Hva vi ser etter Kvalifikasjonar • Autorisert sjukepleiar • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid • Gode norskkunnskapar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Engasjert i fag og utvikling • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert • Gode samarbeidsevner og ein positiv rollemodell for kollegaer • Har evne til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag • Ønskjer å bidra til utvikling av arbeids- og fagmiljøet Arbeidsoppgaver Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene. Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg. Arbeidsoppgåver • Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving • Rettleie og støtte kollegaer og studentar • Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning • Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging • Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon Vi tilbyr • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. • Pensjonsordning i KLP.
Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar! Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Heimetenesta vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg. Ved Heimetenesta møter du eitfagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp , har høgt fagleg fokus og arbeidar dagleg med tenesteutviklingsarbeid . Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaersom gler seg på å få nettopp deg med på laget. Som avdelingsleiar vert du ein del av leiarteamet, der det krevst at du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg til dyktige tilsette, har du med deg fagsjukepleiar, avdelingssjukepleiar og tenesteleiar. Helse- og omsorg har eigen driftskoordinator som bistår på ikkje-helsefaglege oppgåver, samt merkantilressursar som har hovudansvar for innleige og turnusutarbeiding. Heimetenesta har tett og godt samarbeid med Vågåheimen, som og er ein del av tenesteområdet Helse- og omsorg. Avdelinga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, dagtilbod for heimebuande eldre og dagtilbod for demensomsorg, i tillegg til BPA, PA og hjelpemiddelkontakt. Du har personalansvaret for om lag 45 tilsette. I tenesta legg vi vekt påfagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. oppgradering av Heimetenesta si base ved Vågåheimen og ei systematisk, framtidsretta tenesteutvikling . Vi har stort fokus på helseteknologiske løysingar, innovasjon og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver: • Budsjettoppfylging som inneber å delta aktivt i budsjettarbeid og budsjettrapportering • Fag- og personalansvar for alle tilsette i avdelinga • Levere god tenestekvalitet i tråd med tildelingskriterier og avdelinga sine rammer og mål • Utøve nærleiing og ha høg tilstedeværelse i avdelinga • Ha fokus på kontinuerleg forbetringsarbeid og læring • Arbeide for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Ha nært samarbeid med tillitsvalde, verneombod og Miljøgruppe • Turnusansvar og ansvar for tilsettingsprosessar Lista er ikkje uttømmande Kvalifikasjonar: • Autorisasjon som sjukepleiar med minimum 5 års erfaring • Leiarutdanning og/ eller erfaring med leiing av helsetenester er ynskjeleg, men ikkje naudsynt • Gode turnuskunnskapar • God digital kompetanse og evne til å sjå moglegheiter og gevinstar ved bruk av t.d. helseteknologi • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, med evne til å utarbeide og formidle tydelege, ryddige og strukturerte framstillingar • God forståing for og erfaring med økonomistyring og politisk styrte rammebetingelser er ynskjeleg Eigenskapane dine: • Tek ansvar og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre • Har høg arbeidskapasitet og god forståing for eiga rolle og ansvar • Er ein tydeleg, trygg og tillitsskapande leiar • Arbeider planmessig, strukturert og systematisk • Har sterk gjennomføringsevne • Er engasjert i utvikling og motiverast av å leie endrings- og utviklingsprosessar • Har sterke kommunikative ferdigheiter • Evnar å byggje tillitsfulle relasjonar og skape ein kultur for samarbeid og samhandling • Tek initiativ og sikrar god involvering, forankring og framdrift i prosessar • Er løysingsorientert og oppteken av å finne gode og berekraftige løysingar til det beste for fellesskapet • Evnar å inspirere og motivere medarbeidarar, og bidreg aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø • Møter endringar og utfordringar med fleksibilitet og tilpassingsdyktigheit • Er lojal og bidreg til å styrkje fellesskapet og laget Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt Det vert krevd politiattest ved tilsetjing. Vi tilbyr: • 100 % fast stilling som avdelingsleiar Heimetenesta • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som avdelingsleiar vil få ei nykkelrolle for utvikling av tenesta • Deltaking i ei støttande og inkluderande leiargruppe med høgt fagleg fokus, som er motiverte og er tydelege lagspelarar • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer • Ei avdeling med fokus på fag, kvalitet og utvikling • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Konkurransedyktig lønn • For deg som ikkje kan dagpendle vil kommunen vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. Stillingsprosent vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar.