
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren · Vågå
Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar! Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Hei...
Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar!
Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Heimetenesta vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg.
Ved Heimetenesta møter du eitfagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp , har høgt fagleg fokus og arbeidar dagleg med tenesteutviklingsarbeid . Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaersom gler seg på å få nettopp deg med på laget.
Som avdelingsleiar vert du ein del av leiarteamet, der det krevst at du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg til dyktige tilsette, har du med deg fagsjukepleiar, avdelingssjukepleiar og tenesteleiar. Helse- og omsorg har eigen driftskoordinator som bistår på ikkje-helsefaglege oppgåver, samt merkantilressursar som har hovudansvar for innleige og turnusutarbeiding. Heimetenesta har tett og godt samarbeid med Vågåheimen, som og er ein del av tenesteområdet Helse- og omsorg.
Avdelinga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, dagtilbod for heimebuande eldre og dagtilbod for demensomsorg, i tillegg til BPA, PA og hjelpemiddelkontakt. Du har personalansvaret for om lag 45 tilsette.
I tenesta legg vi vekt påfagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. oppgradering av Heimetenesta si base ved Vågåheimen og ei systematisk, framtidsretta tenesteutvikling . Vi har stort fokus på helseteknologiske løysingar, innovasjon og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Lista er ikkje uttømmande
Det vert krevd politiattest ved tilsetjing.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Stillingsprosent vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar.
Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag! Vi har no ledig 2 x 90% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Oppstart etter avtale. Stillingane inneber f.t. 2-delt vaktturnus med arbeid kvar fjerde helg, med to ekstra helgar (hinkehelger) kvart år. Seksjonen tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. Fagmiljøet er tverrfagleg og inkluderar mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar. Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team! Arbeidsoppgåver • Sjukepleiefaglege-/vernepleiefaglege oppgåver - medikamenthandtering • Deltaking i tverrfagleg team • Koordineringsansvar og individuell oppfølging av pasientar • Aktiv bidragsytar i miljøterapeutiske aktivitetar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Ønskeleg med videreutdanning, men sjukepleiar/ verneplaier utan videreutdanning kan også søke stillinga • Ønskeleg med relevant erfaring • Førarkort klasse B - manuell gir Personlege eigenskapar • Du er positiv, nytenkande og endringsorientert • Du er sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team • Du er fleksibel og kan handtere heiktiske arbeidsdagar • Du har god skriftleg framstillingsevne Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår i ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonAstrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, +47 70171389, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no Line Olaisen, Teamkoordinator, 70171334 , Line.Olaisen@helse-mr.no ArbeidsstadVestmoa 27 6018 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5144475952 Stillingsprosent: 90% Fast Startdato: 03.08.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026
Er du ein bioingeniør med interesse for medisinsk biokjemi og kvalitetsarbeid? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) søker engasjert og framtidsretta kvalitetsleiar for medisinsk biokjemi. Dette er ei nøkkelrolle for deg som ønsker å kombinere fagleg tyngde med utviklingsarbeid. Som kvalitetsleiar får du ei sentral rolle i å vidareutvikle kvalitetsstyringssystemet og vere ein viktig pådrivar for kontinuerleg forbetring. Du arbeider tett med leiarar og fagmiljø, og bidreg til at laboratorieresultata held høg kvalitet og gjev trygt grunnlag for diagnostikk og behandling. LMBB har analyseseksjonar ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid, og har omlag 60 tilsette med ulike yrkestitlar. Avdelinga leverer laboratorietenester til avdelingar og poliklinikkar i Helse Førde, og til dei kommunale helsetenestene i Sogn og Fjordane. Stillinga er organisert i stab til avdelingssjef og du får ansvar for å samordne kvalitetsstyringsystemet for avdelinga, i samarbeid med leiarar og fagansvarlege på tvers av seksjonane. Noko reiseverksemd mellom seksjonane må påreknast. 🌟 Vi søker deg som vil • Vere avdelinga sin fremste pådrivar for kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid • Sikre at kvalitetsstyringssystemet støttar både fagleg utvikling og drift • Bidra til at avdelinga møter framtidige kvalitetskrav og teknologisk utvikling • Bygge ein sterk kvalitetskultur i samarbeid med kollegaer • Omsette regelverk og kvalitetskrav til praktiske, velfungerande løysingar 🌟 Hos oss får du • Ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste • Bu i eit friluftseldorado med unike moglegheiter for toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling, alpint og andre aktivitetar • Urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. • Flyplass og utbygd bussrutenett for god kommunikasjon til dei større byane Startdato etter avtale. Er du klar for å bli ein del av vårt team? LMBB Førde Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga. Vi gler oss til å bli kjent med deg! Ved internt opprykk/omrokkering kan det bli ledig stilling elles i avdelinga. Oppgje i søknaden om dette er av interesse Arbeidsoppgåver • Vere pådrivar for og vidareutvikle kvalitetsarbeidet i avdelinga • Ha delegert ansvar for at kvalitetskrav og styringssystem blir etterlevde • Følge opp krav knytt til IVDR og anna relevant regelverk • Koordinere kvalitetsarbeidet i tett samarbeid med seksjonsleiarar, fagbioingeniørar og medisinskfagleg rådgivar • Planlegge, gjennomføre og følge opp interne og eksterne revisjonar • Leie oppfølging av avvik, risikovurderingar og forbetringstiltak • Planlegge og koordinere leiinga si gjennomgang • Godkjenne fagprosedyrar, valideringsprotokollar og rapportar innan medisinsk biokjemi • Bidra til opplæring, rettleiing og kompetanseutvikling innan kvalitetsområdet • Delta ved relevante kvalitetsprosjekt og i rutinearbeid ved behov Kvalifikasjonar • Relevant utdanning frå høgskule/univeristetsnivå, bioingeniørutdanning vert verktlagt • Erfaring frå kvalitetsarbeid, sertifisering, akkreditering, revisjon er ein fordel • God kjennskap til standard NS-EN ISO 15189 er ein fordel • God innsikt i IVDR regelverket er ein fordel • Erfaring innan sjukehus- og laboratoriearbeid er ein fordel • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg. Søkarar utanfor Skandinavia må kunne vise til dokumentasjon på dette Personlege eigenskapar • Er systematisk og strukturert • Ser samanhengar og tenker heilskapleg • Har gjennomføringsevne og tek initiativ • Er tydeleg og trygg i samarbeidet med andre • Motiverast av utvikling og forbetring • Evnar å få med deg andre i endrings- og forbetringsarbeid • Byggjer gode relasjonar og skapar tillit Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Opplæringsprogram for nytilsette • Fagleg og personleg utvikling • Triveleg og aktivt arbeidsmiljø • Arbeid i IA-bedrift • Sjukehuset kan bidra med å skaffe bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskeleg Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKristina Apalseth Kalland, Avdelingssjef, +47 95923340 ArbeidsstadSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5155987518 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.08.2026
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag? Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg med din kompetanse, samt evnar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt? Då ynskjer me at du søkjer! Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er fylgjande stillingar ledig: Sjukepleiar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling frå d.d. Sjukepleiar/vernepleiar, 1 x 70% fast stilling frå d.d Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg. KOS er ein sjukeheim med totalt 32 plassar. Hjå oss vil du møte ei pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå. KOS er ein arbeidsplass der kvalitet, omsorg og utvikling gjeng hand i hand. Me jobbar for at våre pasientar skal kjenne på tryggleik, verdigheit og ein best mogleg kvardag. Me leitar etter ein engasjera sjukepleiar/vernepleiar som vil bli ein viktig del av vårt gode lag. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Arbeidsoppgåver • Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk • Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege • Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga • Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande • Tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Interesse for faget og utvikling av dette • God digital kompetanse • Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø • Mellommenneskelege arbeidstilhøve • Du har godt humør, er fagleg engasjera og har eit hjarte for eldreomsorg • Du er fleksibel, strukturert og løysningsorientert • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å jobbe sjølvstendig • Du kan tilpasse deg ulike situasjonar og arbeidskvardaga • Du kan prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Vi tilbyr • Årsturnus • Ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på topp dag, kveld og helg • Moglegheit for å søkje om utgiftsdekning ved relevant vidareutdanning • Fagleg utvikling • Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening • Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor KontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, 92033268 ArbeidsstadKviteseidgata 13 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5121571680 Stillingsprosent: 100, 70% Fast Søknadsfrist: 31.08.2026