
Askvoll kommune Helse og omsorg · Askvoll
Vil du vere med på å verkeleg bety noko for mennesker og utgjere ein forskjell i livet deira? Er målet ditt å få fagbrev i helsearbeidarfaget? Bli ein del av ei...
Vil du vere med på å verkeleg bety noko for mennesker og utgjere ein forskjell i livet deira? Er målet ditt å få fagbrev i helsearbeidarfaget? Bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og søk på ledig lærlingplass innan helsefagarbeid hjå oss!
Askvoll kommune har to ledige lærlingplassar innan helsearbeidarfaget frå 01.09.2026. Vi tek òg imot søknadar frå lærekandidatar.
Som lærling vil du samarbeide tett med din rettleiar og andre medarbeidarar, og vi legg til rette for at du skal få breid erfaring innan ditt fagfelt. Læretida vert fordelt mellom einingane innan helse- og omsorgsetaten, med læretid ved fleire typar avdelingar, med mogelegheit for hospitering og tilpassing av læretida etter ønskje.
Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdsomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søkjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert.
Vi vonar du ønskjer å verte lærling i Askvoll kommune og ser fram til å få deg med på laget!
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du arbeida med ei av dei viktigaste samfunnsoppgåvene i Voss herad? Me søkjer ein engasjert og løysingsorientert VA-driftsoperatør som vil vera med å sikra trygt drikkevatn og ei berekraftig avløpshandtering for innbyggjarane våre. Om stillinga Driftsavdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, vatn- og avløpsanlegg, og består av om lag 40 tilsette. Vatn og avløp er ei samfunnskritisk teneste, og Voss herad er inne i ei spanande utvikling med fleire større prosjekt innan VA-sektoren. Som VA-driftsoperatør får du ei variert og viktig rolle i arbeidet med å sikra stabil drift og vidare utvikling av infrastrukturen vår. Arbeidsoppgåver • Drift og vedlikehald av vassforsyningssystem, inkludert: • • vassbehandlingsanlegg • pumpestasjonar • høgdebasseng • leidningsnett • Kontroll, inspeksjon og vedlikehald av avløpsanlegg • Røyrinspeksjon og tilsynsrapportering • Utskifting og etablering av nye anlegg • Andre driftsoppgåver innan avdelinga ved behov Det er etablert vaktordning innan veg, vatn og avløp. Etter opplæringsperiode må den som vert tilsett delta i ordninga. Kvalifikasjonar Me søkjer deg som har: • fagbrev som røyrleggjar, industrirøyrleggjar, innan anleggsfaget eller tilsvarande • relevant erfaring og god realkompetanse innan VA-sektoren • førarkort klasse BE • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Det er ynskjeleg med ADK1-sertifikat. Relevant erfaring kan kompensera for manglande fagbrev, men søkjar må vera villig til å ta relevant fagutdanning. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar vert vektlagde. Me ser etter deg som: • er positiv og løysingsorientert • samarbeider godt med andre • trivst med praktisk og variert arbeid • er sjølvstendig og ansvarsbevisst • bidreg til eit godt arbeidsmiljø Me tilbyr • god opplæring og fagleg oppfølging • gode moglegheiter for kompetanseutvikling • eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter kommunalt avtaleverk • tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Søk på stillinga via søknadsportalen. Hugs å leggja ved relevante attestar og vitnemål, samt oppgje referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verta offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Link til søknadsskjema: Søk her
Tilrettelagt tenester har ledige helgestillingar frå snarast: - 15% - 30% faste stillingar Stillingane er i turnus, med variable vaktlengder, enten kvar 2,3, eller 4. helg. Spesifiser i søknad kva vaktordning du ønskjer. Tilrettelagte tenester er for born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar: Tenesta for vaksne består av 9 bufellesskap (Os /Fusa), 2 dagsenter i tillegg til tenester i heim : - Hellemyra bufellesskap- (Fusa) - Torsneset bufellesskap - (Fusa) - Fusa butenester - (Fusa) - Kuhnletunet bustader - Vestre Lurane bufellesskap - Bolig Moberg bufellesskap - Idrettsvegen bufellesskap - Bjørnefjorden bufellesskap - Søfteland bufellesskap Tenesta som gjeld for barn og unge er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på institusjon og i heim : - Varafjell avlastningssenter - Os avlastning - Fusa avlastning - (Fusa) Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Arbeidsoppgåver Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar Til helgestillingar ønskjer vi også rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. Søkjarar over 18 år vil bli prioritert. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnefjorden kommune tillegg i grunnlønn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning. • Studentar som blir tilsett i minimum 13% fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepliear eller vernepleiar kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000,-. • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden snarast Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Vi har no ei spanande stilling i 50-80% for ein engasjert sjukepleiar som ønskjer å arbeide natt, og som vil gje pasientane gode og trygge tenester når resten av verda søv. Hos oss vil du få ein viktig rolle i å sikre kontinuitet, ro og kvalitet i oppfølginga gjennom natta. Arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg og som sjukepleiar vil du få eit funksjonstillegg for arbeid på natt. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg også 10 000 over tariff. Om oss Knarvik sjukeheim er lokalisert sentralt i Knarvik. Stillinga er organisert under avdeling 3 , men på natt vil ein ha arbeidsstad på alle avdelingane ved sjukeheimen. Knarvik sjukeheim har 3 avdelingar: • Avdeling 1: Langtidsplass somatisk • Avdeling 2: Langtidsplass somatisk og korttidsplassar • Avdeling 3: Korttidsplassar For oss er det viktig at alle pasientane får riktige og hensiktsmessige tenester, god pleie og omsorg. På korttidsplassane er det pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. Derfor arbeider vi tverrfagleg, i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Eit viktig fokusområde for når ein arbeider på natt er at vi skal bidra heile døgnet med å følge opp pasienten sine tiltaksplaner, og med det sikre at pasientene får riktig og hensiktsmessige tenester. Avdelinga har eit aktivt miljø og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøyde. Arbeidsoppgåver • Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie på natt, i tråd med gjeldande lovverk og interne rutinar – med pasienten i fokus • Vere ein trygg og fagleg støttespelar for kollegaer • Sikre godt samarbeid og informasjonsflyt med pårørande og andre tenester, med fokus på gode overgangar mellom dag- og nattarbeid • Vere ein aktiv pådrivar for å oppretthalde kvalitet og gode rutinar i pasientoppfølginga • Leggje til rette for ro, kvile og tryggleik • Følgje opp, evaluere og dokumentere tiltaksplanar, og bidra til god kontinuitet i pasientforløpet gjennom natta • Handtere akutte situasjonar og gjere sjølvstendige faglege vurderingar når behov oppstår Kompetanse • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Beherske godt munnleg og skriftleg norsk språk. B2 nivå for sjukepleiarar. • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy. • Erfaring frå eldreomsorga er eit føremon • Erfaring med nattarbeid er ynskjeleg Kven er du? • Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid • Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press • Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging • Ser moglegheiter der andre ser utfordringar • Kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar • Er fleksibel og løysingsorientert Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig. Me tilbyr • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til både pasient og pårørande! • Oppfølging og rettleiing • Gratis parkering • God pensjonsordning i KLP • 10 000 over tariff i årsløn • Funksjonstillegg på 18 000 i 100% stilling • Løn i samsvar med ansiennitet: 522 600 - 614 400 • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune