
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester · Bjørnafjorden
Tilrettelagt tenester har ledige helgestillingar frå snarast: - 15% - 30% faste stillingar Stillingane er i turnus, med variable vaktlengder, enten kvar 2,3...
Tilrettelagt tenester har ledige helgestillingar frå snarast:
Stillingane er i turnus, med variable vaktlengder, enten kvar 2,3, eller 4. helg. Spesifiser i søknad kva vaktordning du ønskjer.
Tilrettelagte tenester er for born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar:
Tenesta for vaksne består av 9 bufellesskap (Os /Fusa), 2 dagsenter i tillegg til tenester i heim :
Tenesta som gjeld for barn og unge er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på institusjon og i heim :
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi også rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Søkjarar over 18 år vil bli prioritert.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du gjere ein skilnad for barn og unge med særskilde behov? Bømlo kommune søkjer trygge og engasjerte personer som ønskjer å bidra i kvardagen til barn og unge som har behov for støtte, aktivitet eller avlastning. Dette er små stillingar og oppdrag som kan passe godt ved sidan av studiar, skule, anna arbeid eller for deg som har litt tid til overs – men først og fremst er det ei moglegheit til å vere ein viktig person i eit barn eller ein ungdom sitt liv. Me tek imot søknader fortløpande og ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Som fritidskontakt, privat avlastar eller miljøarbeidar kan du mellom anna: • Vere med på fritidsaktivitetar og skape gode opplevingar. • Bidra til ein trygg og meiningsfull kvardag. • Gi avlasting til familiar. • Støtte utvikling, meistring og sosial deltaking. Oppdraga vert tilpassa det enkelte barnet og familien, og vert avtalt i tett samarbeid med sosiale tenester barn og unge i Barne og Familietenesta. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. Kvalifikasjonar • Me oppmodar deg som er 16 år eller eldre til å søkje. Søkjarar over 18 år med førarkort for bil vil bli prioriterte. • Relevant erfaring eller utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav - personleg eignaheit er det viktigaste. Personlege eigenskapar Me søkjer deg som: • Er trygg, omsorgsfull og til å stole på. • Har lyst til å vere saman med og bety noko for barn og unge. • Er fleksibel, ansvarsbevisst og positiv. • Kommuniserer og samarbeider godt med barnet/ungdommen, familien og tenesta. I vurderinga av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. Me tilbyr • Eit meiningsfullt oppdrag der du verkeleg gjer ein skilnad. • Rettleiing og støtte undervegs. • Løn etter gjeldande avtalar. • Fleksible oppdrag som kan tilpassast din kvardag. Andre opplysingar Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4a / § 5.4. Utlysinga omfattar ulike typar oppdrag og stillingar. Avtaleform og vilkår vert avklarte konkret før oppstart. • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25. Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Gro Marita. KontaktinformasjonGro Marita Våge Tulloch, Avdelingsleiar ved sosiale tenester barn og unge, 468 92 130 ArbeidsstadLeirdalen 1 5430 Bremnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5147211053 Stillingsprosent: 10% Engasjement Søknadsfrist: 18.11.2026
Om stillinga Har du kunnskap om eller bakgrunn i arkivfag eller historie? Har du lyst til å jobbe med ordning av arkiv med stor historisk verdi? Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein prosjektleiar til prosjektarbeid i to år. Stillinga passar for deg som liker systematisk arbeid, og som har interesse for og innsikt i statsforvaltninga og kjennskap til arkivfaglege prinsipp. KUD skal ordne papirarkiva sine og lyser derfor ut ei stilling som prosjektleiar. Prosjektgruppa skal ha ein prosjektleiar, ein til to prosjektmedarbeidarar og ein til to studentar. Arbeidsstaden vil hovudsakleg vere Nasjonalarkivet på Sognsvann. Oppstart etter avtale. Målet for prosjektet er at papirarkiva til KUD skal leverast til Nasjonalarkivet. Arkiva skal ordnast og listeførast i tråd med gjeldande lovkrav og retningslinjer for offentlege arkiv. Arbeidsoppgåver • organisere og leie prosjektet • sørgje for at arkiva kan leverast til Nasjonalarkivet • sakshandsaming innanfor ansvarsområdet til stillinga • delta i samarbeidsmøte med, og rapportere til, departementet • utarbeide bevarings- og kassasjonsvurderingar i samarbeid med departementet Kvalifikasjonar Du må ha: • relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule (minimum bachelornivå), til dømes i arkiv- og dokumentasjonsforvaltning, samfunnsvitskap eller historie. • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet • relevant erfaring med ordning av papirarkiv • erfaring frå prosjektleiing eller deltaking i prosjektretta arbeid • kunnskap om relevant lovverk • gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar • god rolleforståing Det er ein fordel om du har erfaring frå arkiv i offentleg sektor, og gjerne frå departementsarkiv Søkjarar må kunne autoriserast til nivået «BEGRENSET» i tråd med sikkerhetsloven Vi søkjer deg som: • er løysingsorientert med høg gjennomføringsevne • har evne til å arbeide sjølvstendig og gode samarbeidsevner • er strukturert og har evne til å planleggje og gjennomføre større komplekse prosessar • er initiativrik og er ein positivt bidragsytar til arbeidsmiljøet • har stor arbeidskapasitet og evner å drive arbeid framover på ein strukturert måte Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga. Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven. Vi tilbyr • ein spennande jobb med eit svært interessant arkiv som dokumenterer verksemda til KUD • moglegheit for sjølvstendig arbeid • eit godt arbeidsmiljø og arbeidsplass på Sognsvann • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse • fleksibel arbeidstid • moglegheit til å trene i arbeidstida • eiga bedriftshelseteneste Stillingskode og lønn: • 1113 Prosjektleiar • Årslønn frå kr 660 000 til kr 870 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre. Inkluderande arbeidsliv og mangfald Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Offentleg søkarliste og kontakt Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord. Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Ida Tobro, kontorsjef, på e-post: ida.tobro@kud.dep.no Om avdelinga og seksjonen Administrasjonsavdelinga utviklar system for styring og fastset overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing og drift av departementet. Avdelinga tek seg av administrative saker og ser til at departementet blir styrt i samsvar med gjeldande lover og reglar. Forvaltningsseksjonen har ansvaret for drift og utvikling av arkiv og dokumentforvaltning i departementet, oppfølging og utvikling av IKT og andre fellestenester og generelle driftsoppgåver. Seksjonen har òg ansvar for førebyggjande tryggleik og beredskap. Eininga for dokumentasjon har ansvaret for dagleg drift og utvikling av arkiv og dokumentasjonsforvaltning i departementet og skal sørgje for at rutinar og dokumenthandtering er i tråd med gjeldande reglar og instruksar.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis i italiensk ved Institutt for framandspråk Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei fast stilling som førsteamanuensis i italiensk ved Institutt for framandspråk. Planlagd oppstart er 1. august 2027 eller etter avtale. I stillinga får du ein unik sjanse til bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Innanfor desse faga blir det forska på språk, litteratur, historie/samfunn og fagdidaktikk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, kring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette. Faget har tilbod på alle nivå frå bachelorgrad til ph.d. Studietilbodet inkluderer og nettbasert vidareutdanning. Dei tilsette på faget er aktive forskarar med nettverk langt utover UiB og Noreg. Arbeidsoppgåver • Forsking innan fagområda italiensk språk, kultur og/eller litteratur, med om lag 46 prosent forskingstid. • Undervising på eit breitt spekter av kurs på bachelor- og masternivå, inkludert meir spesialiserte og avanserte kurs, samt rettleiing på alle nivå, medrekna ph.d. • Fysisk undervisning, nettbasert undervisning og hybrid undervisning (som kombinerer nett- og campusundervisning). • Deltaking i vurdering av skriftlege og munnlege eksamenar. • Undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan eige kompetanseområde ved andre fag eller institutt ved Det humanistiske fakultet etter behov. • Delta i utviklinga av faget og kurstilbodet. • Ta del i formidling og utvikling av forskingsmiljøet. • Deltaking i nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid. • Prosjektutvikling og søking av eksterne midlar. • Andre fagleg-administrative oppgåver. Kvalifikasjonar Søkjaren må ha: • Forskingskompetanse i italiensk språk, kultur eller litteratur som svarar til norsk doktorgrad. • Erfaring frå undervising og rettleiing i italiensk på minimum bachelornivå, og kompetanse til å undervise på alle nivå. • Dokumentert relevant utdanningsfagleg kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing, sjå Reglar for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB. Det er ein stor føremon med: • Dokumentert forskingsaktivitet og publiserte forskingsresultat utover doktorgrad innan italiensk språk, kultur og/eller litteratur med særleg vekt på 1900-talet og samtidskultur, eller italienske kulturuttrykk i ein internasjonal kontekst. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet blir det lagt særleg vekt på forsking frå dei siste fem åra. Det er ein føremon med: • Erfaring frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. • Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar. • Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging. • Kompetanse innan omsetjingsdidaktikk, inkludert erfaring frå omsetjing mellom eit skandinavisk språk og italiensk. • Kompetanse innan digital didaktikk, inkludert erfaring frå nettbasert undervisning og hybrid-undervisning (dvs. kombinasjon av campus- og nettundervisning) Instituttet ser etter ein kandidat som passar inn i forskings- og undervisningsprofilen på faget. Det blir lagt vekt på pågåande forsking og potensiale til å styrkje den faglege tyngda ved instituttet i åra framover. Administrasjonsspråket er norsk, og det er eit krav at den tilsette kan norsk på B2-nivå innan tre år frå tilsetjinga. UiB tilbyr norskkurs for tilsette frå utlandet. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som har: • Gode samarbeidsevner. • Gode evner til å kommunisere og samhandle med både studentar og kollegaer. • God formidlingsevne og entusiasme for arbeidet. • Ønske om og evne til å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. • Sjølvstende og fleksibilitet. • Vilje til å ta initiativ og ansvar. Vurdering av søkjarane Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité. I rangeringa av kvalifiserte søkjarar blir heile breidda av kvalifikasjonar trekt inn og vurdert eksplisitt etter følgjande prioritert rekkjefølgje: 1. Vitskaplege kvalifikasjonar. 2. Utdanningsfaglege kvalifikasjonar. 3. Kvalifikasjonar innan områda formidling, administrasjon og leiing. 4. Andre kvalifikasjonar som er relevant for stillinga slik ho er skissert i denne utlysinga. Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju og til å gje ei prøveforelesing. Det skal gjerast ei avsluttande vurdering av dei samla kvalifikasjonane. Vurderinga skal sjåast i lys av det karrierestadiet søkjaren er på. Det blir lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren og på at vedkomande er eigna for stillinga. Hos oss får du • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Attraktive vilkår for forsking, inkludert 46 prosent forskingstid i stillinga, og høve til å søkje forskingstermin. • Gode karrierevegar, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor etter ei akademisk kompetansevurdering basert på retningslinene frå Universitets- og høgskulerådet. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som førsteamanuensis (stillingskode 1011), som for tida svarar til ei brutto årsløn på 790 900,- til 830 900,- i full stilling. Vidare lønsopprykk etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, tilgang til uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Det er forventa at den tilsette hovudsakleg har arbeidsstaden sin på campus ved Universitetet i Bergen, deltek i den daglege drifta av instituttet og rettar seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga. Slik søkjer du stillinga Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst» ønskjer vi at du skriv om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga. • Under «CV» vil vi ha opplysingar om: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar, inkludert administrativ røynsle og andre relevante kvalifikasjonar. Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna. • Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument: • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skal lastast opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar. • Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat. Følg denne lenka for informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar. • Fullstendig liste over vitskaplege publikasjonar med lenker til fulltekst. • Inntil fem vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga. Arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar/kapittel. Dersom upubliserte arbeid blir lagde ved, må dette grunngjevast særskilt. Ved samforfattarskap må søkjaren gjere greie for kva bidraget hans/hennar er til publikasjonen. Trykk her for rettleiing til utforming av søknad. Søknadstekst, CV, vitnemål, karakterutskrifter og utdanningsfagleg mappe må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vitskapelege arbeid som skal takast omsyn til i vurderinga kan leggjast ved på originalspråket. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Nærare om tilsettingsprosessen her. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Martin Paulsen på m.paulsen@uib.no eller tlf. 55 58 23 86 eller fagkoordinator Marco Gargiulo på marco.gargiulo@uib.no eller tlf. 55 58 23 47. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no. Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.