
Alver kommune · Alver
Om stillinga Vi har no ei spanande stilling i 50-80% for ein engasjert sjukepleiar som ønskjer å arbeide natt, og som vil gje pasientane gode og trygge tenest...
Vi har no ei spanande stilling i 50-80% for ein engasjert sjukepleiar som ønskjer å arbeide natt, og som vil gje pasientane gode og trygge tenester når resten av verda søv. Hos oss vil du få ein viktig rolle i å sikre kontinuitet, ro og kvalitet i oppfølginga gjennom natta.
Arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg og som sjukepleiar vil du få eit funksjonstillegg for arbeid på natt. Sjukepleiarar i Alver kommune ligg også 10 000 over tariff.
Knarvik sjukeheim er lokalisert sentralt i Knarvik. Stillinga er organisert under avdeling 3 , men på natt vil ein ha arbeidsstad på alle avdelingane ved sjukeheimen.
For oss er det viktig at alle pasientane får riktige og hensiktsmessige tenester, god pleie og omsorg.
På korttidsplassane er det pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. Derfor arbeider vi tverrfagleg, i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Eit viktig fokusområde for når ein arbeider på natt er at vi skal bidra heile døgnet med å følge opp pasienten sine tiltaksplaner, og med det sikre at pasientene får riktig og hensiktsmessige tenester.
Avdelinga har eit aktivt miljø og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøyde.
Arbeidsoppgåver
Kompetanse
Kven er du?
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Me tilbyr
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om stillinga og Nordhordland legevakt Vi har no ledig ein fast 23 % stilling på natt med arbeid kvar 3. helg ved Nordhordland legevakt. Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus. Arbeidsoppgåver • Mottak og triagering av pasientar • Vurdere, observere og behandle akutt sjuke pasientar i tett samarbeid med lege • Prøvetaking og laboratoriearbeid Dokumentasjon i journalsystem ( Infodoc) Kvalifikasjonskrav • Autorisert sjukepleiar • Er du medisinstudent som har fullført 3. året kan du og søke • Sjukepleiarstudent som er ferdig utdanna sommar 2027 kan vurderast til stillinga Kven er du? • Du har interesse og motivasjon for arbeid på legevakt • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du likar å arbeide både sjølvstendig og i team • Du trivst med høgt arbeidstempo og varierte oppgåver Vi tilbyr • Fagleg spennande og utfordrande oppgåver • Sjukepleiare i Alver kommune har pr. dd. kr 10 000,- over garantilønn i tariffavtalen • Godt arbeidsmiljø Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltredelse • helse- og omsorgstenestelova § 5-4
Om stillinga Lindås legekontor søkjer ein autorisert sjukepleiar til 100 % fast stilling frå 01.09.2026, eller etter avtale. Vi søkjer deg som er fagleg trygg, arbeider sjølvstendig og trivst i tett samarbeid med andre i ein variert, spanande og til tider travel arbeidskvardag. Stillinga passar for deg som ønskjer å bruke brei sjukepleiefagleg kompetanse i møte med pasientar, og som vil bidra til kvalitet, struktur og god samhandling i det daglege arbeidet. Om oss Ved Lindås legekontor er det tre fastlegeheimlar og ein LIS1-lege. Kontoret nyttar Infodoc journalsystem og held til i trivelege og funksjonelle lokale på Lindås senter. Det er gode parkeringsmoglegheiter i kort gåavstand frå bygget. Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver ved legekontoret, i tett samarbeid med legar og helsesekretærar. Du vert ein del av eit lite og fagleg dyktig arbeidsmiljø, der god kommunikasjon, tydelege roller og godt samarbeid er viktig i den daglege drifta. Arbeidsdagane ved legekontoret er varierte og til tider travle. Vi søkjer difor ein medarbeidar som er trygg i fagrolla, arbeider strukturert og bidreg positivt i samhandling med andre. Ei av helsesekretærane har rolla som driftskoordinator og har ansvar for den daglege drifta ved kontoret. Arbeidsoppgåver • arbeid på skiftestove • telefon, resepsjon og pasientmottak • laboratoriearbeid • delegerte oppgåver frå lege, til dømes avanserte sårskift, infusjonar, kateterskift og oppfølging av pasientar • økonomirutinar og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator • bidra i kvalitetsarbeid, forbetringsarbeid og utviklingsarbeid ved kontoret Kvalifikasjonskrav • autorisasjon som sjukepleiar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • god digital kompetanse Ønskjeleg kompetanse: • Relevant arbeidserfaring frå legekontor eller legevakt • Erfaring frå laboratoriearbeid • Erfaring frå akuttmedisinsk arbeid • Gjennomført akutt kurs Kven er du? Vi søkjer ein sjukepleiar som er trygg i fagrolla si og utfører arbeidsoppgåvene i tråd med kunnskapsbasert praksis. Du har gode samarbeidsevner og trivst i ein travel kvardag der du møter mange ulike mennesker. Du møter pasientane på ein profesjonell, roleg og serviceinnstilt måte, og skaper tryggleik gjennom god kommunikasjon og gode relasjonar. Vi ser etter deg som tek initiativ og ønskjer å bidra aktivt i forbetrings- og utviklingsarbeid ved legekontoret. Du arbeider strukturert og målretta, både sjølvstendig og i tett samarbeid med legar og kollegaer. Fleksibilitet er viktig i denne stillinga. Du handterer endringar godt, står støtt i ein variert arbeidskvardag og stiller opp der behovet er størst. Vi ønskjer ein robust medarbeidar med godt humør, løysingsorientert innstilling og evne til å vere ein positiv bidragsytar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Me tilbyr • løn etter gjeldande hovudtariffavtale • for sjukepleiarar i Alver kommune: kr 10 000 over minstelønsgarantien i hovudtariffavtalen • god pensjonsordning • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver • høve til å bruke og vidareutvikle brei sjukepleiefagleg kompetanse • moglegheit til å bidra i kvalitetsarbeid og vidareutvikling av legekontoret • eit arbeidsmiljø der faglegheit, samarbeid og god pasientoppfølging står sentralt • gratis parkering Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som snart skal åpne? Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg. Vi har årsturnus. Hos oss skal det også jobbe helsefagarbeidarar og pleieassistentar. Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning. Om Såta bu- og servicesenter I september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik. Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Arbeidsoppgåver • Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar • Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane • Utføring og oppfølging av til dømes: • legemiddelhandsaming • ADL • sårstell • ernæring og væskebehandling • lindrande behandling • Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak • Veileding av kollegaer og studentar • Samarbeid med pårøyrande • Tverrfagleg samarbeid • Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar Kompetansekrav • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test Kven er du? Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig. Vi tilbyr • Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling • Årsturnus • Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune