Hitta ditt nästa jobb i Vågå kommun. Utforska 9 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
V *Miljøterapitenesta leverer tenester til personar både over og under 18 år med psykisk utviklingshemming og/ eller psykiske lidelser. * Tenesta er delt inn i tre avdelinger. Det er to bufellesskap: Eksismoen, Finntunet, og eit dagsenter som ligg i Sjårdalen: Solhaug. Miljøterapitenesta skal sørgje for at kvar enkelt har ein trygg og forutsigbar kvardag, med størst mogleg grad av sjølvstendighet og mestring i eiga liv. Vi har ledig ei 100% fast stilling i Miljøterapitenesta. Vi ynskjer primært søkjarar med helsefagleg utdanning, som helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og vernepleiarar. Men er opne for søkjarar med anna relevant utdanning, eller deg som er i gang med eller skal starte på relevant utdanning. Stillinga utførar målretta miljøarbeid og tilrettelegging for meistring og utvikling. Tilsettgruppa har ein foreina praksis og arbeider etter rettleiing frå tenesta og habiliteringstenesta. Det er 2:1 bemanning rundt brukaren som stillinga er knytt mot per idag. Oppstart: Desember 2026. Turnus: Arbeidstida vil vere dag- og kveldsvakter i vekedagar og helgar i ei 100% stilling. Arbeidsoppgåver (ikkje uttømmande): • Målretta miljøarbeid • Tilrettelegge for meistring og utvikling • Iverksettje tiltak, evaluere og forbetre • Samarbeid med prosjektgruppe, eksterne samarbeidspartar og spesialisthelsetenesta • Medikamenthandtering (kurs blir gjeve) • Aktiv i arbeid med HOL kap. 9 -- Tvang og makt. • Dokumentasjon i digitale system Kvalifikasjonar: • Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar er ein fordel • Anna relevant utdanning blir også vurdert • Kandidatar som ikkje har relevant utdanning, men som anten er i gang eller planleggar å starte i utdanning er også oppmoda om å søkje • Relevant erfaring frå liknande type arbeidsoppgåver er ein fordel • Gode skriftlege og munnlege eigenskapar i norsk (tilsvarande minimum nivå B1) • Erfaring frå og komfortabel med å arbeide i ulike digitale system Det er krav om politiattest for stillinga. Personlege eigenskapar: • Du er trygg på deg sjølv og beheld roen i utfordrande situasjonar. • Du har gode kommunikasjonsferdigheter ved å være imøtekommande, tydeleg og tålmodig. • Du er støttande, empatisk og uthaldande. • Du er god til å førebygge og handtere konfliktar og du klarer å legge konfliktar bak deg • Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel. • Du har fokus på kompetanse og kvalitet, og er lojal til beslutningar som er tatt. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Kvifor bør du melde di interesse? • Spennande og utfordrande teneste der du som person kan bidra til å gjere ein stor forskjell for brukaren. • Rettleiing frå tenesta samt habiliteringstenesta. • Månadlege teammøter. • Moglegheit for kompetanseheving • Minste startløn tilsvarande 8 års ansiennitet for deg som har helsefagleg utdanning. • God pensjonsordning via KLP Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk. Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk. Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. * Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand. *
Oppstart: snarast råd Om oss: Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023--2033). Vi skal bidra til at fleire opplev god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde: • helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid • gode og tilgjengelege tenester der folk bur • styrka tilbod til personar med langvarige og samansette behov Vi legg stor vekt på brukar medverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hjå oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum. Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring. Arbeidsoppgåver: • Heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar • Kartlegging • Behandling i tråd med oppgåvene til 1. linetenesta • Utarbeiding og oppfølging av individuelle behandlingsplanar • Tverrfagleg samarbeid med fastlege, heimeteneste, NAV og eksterne aktørar som t.d. DPS • Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande • Deltaking i gruppetilbod som tur og trening, samt bidra i drift og utvikling av tenesta sitt dagsenter > • Deltaking og oppgåver knytt til kommunens psykososiale kriseteam Kvalifikasjonar: • Autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom • Vidareutdanning i rus og psykisk helsearbeid • Erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse er ein fordel • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Eigenskapar: • Fagleg dyktig og engasjert • Evne til å vise omsorg og bry deg om andre menneskjer • Flink til å lytte og formidle kunnskap på ein god og forståeleg måte • Fleksibel, nytenkjande og løysningsorientert Personleg eignaheit vektleggast. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju. Vi tilbyr: • Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit triveleg miljø • Stor grad av tverrfagleg samarbeid • Gode rammer for fagleg utvikling og kompetanseheving • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Løn etter gjeldande tariffavtale Vågå kommune kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad. Søkjarar kan bli fortløpande vurdert Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune søkjer etter helsesjukepleiar i 100% fast stilling -- ønskje om snarleg oppstart Om stillinga Vi søkjer deg som er utdanna helsesjukepleiar eller som er i gang med utdanninga. Du er engasjert og fagleg dyktig og relasjonssterk! Er du under utdanning kan vi tilby utdanningsstipend. Stillinga er knytt til helsestasjons- og skulehelsetenesta, og inneber tett samarbeid med familiar, skular, barnehagar og andre samarbeidspartnarar. Organisering av tenesta: Helsestasjon og skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar 3 x 100% stilling, Jordmor 100% fordelt på 48% i kommunal og 52% i regional jordmorvakt, barnefysioterapeut, barnekoordinator, merkantil samt helsestasjonslege. Helsestasjon og skulehelsetenesta er lokalisert ved Vågå helsesenter, i tilknyting til legeteneste, rus og psykisk helseteneste og tannhelsetenesta. Arbeidsområde tek utgangspunkt i nasjonale retningsliner for helsestasjon og skulehelseteneste, samt helsekartlegging og oppfølging av flyktningar som blir busett i kommunen. Arbeidsoppgåver • Helsestasjon for 0-5 år • Skulehelseteneste i grunnskule • Helsestasjon for ungdom • Foreldretettleiing • Oppfølging av barn, unge og familiar • Vaksinasjonsarbeid i tråd med nasjonalt program • Tverrfagleg og tverretateleg samarbeid • Fagleg utviklingsarbeid Kvalifikasjonar • Autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar eller Autorisert sjukepleiar og er i gang med vidareutdanning i helsesjukepleie • Erfaring frå helsestasjon- og/eller skulehelseteneste er ein fordel • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg (minimum tilsvarande nivå B1) • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Faglig oppdatert og engasjert • Evne til å vise omsorg og bry deg om andre • God til å lytte og god til å formidle kunnskap • Gode samarbeidsevner • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk • Fleksibel, nytenkande og løysingsorientering Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Stipendstilling til deg som er under utdanning • Engasjerte medarbeidarar • Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø • Utfordrande, men givande arbeidsoppgåver • Støtte ved oppstart og undervegs av helsesjukepleiar • Lønns- og tilsetjingsvilkår etter lov og avtaleverk. Andre opplysningar • Politiattest må leggjast fram før tiltreding • Tilsetjing skjer elles på dei vilkåra som går fram av gjeldande lover, tariffavtalar og reglement Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju. Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune har to kommunale og ein privat barnehage, og vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert styrar som ønskjer å leie og vidareutvikle vår kommunale sentrumsbarnehage, Søre Grindstugu. Er det deg? Som styrar vil du ha det overordna ansvaret for barnehagens pedagogiske, administrative og økonomiske drift, personalansvar, og dessutan bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø for tilsette, barn og føresette. Vi har eit førebyggjande og tverrfagleg fokus, og alle tilsette på tvers av barnehagar, skular, PPT, helsestasjon og barnevernstenesta jobbar saman i laget rundt barn og unge. Saman med UH-miljøet og samarbeidskommunar deltek Vågå i regionalt utviklingsarbeid. Dette bidreg til fagleg utvikling, systematisk, målretta og kontinuerleg arbeid for å gi gode tenester til barn og unge. Me har endringsvilje og er i jamn utvikling - med barna og unges beste i fokus. Personalgruppa du vil leie består av kompetente og engasjerte medarbeidarar. I tillegg vil du bli ein del av ei dyktig leiargruppe, både i Vågå kommune som organisasjon men også innanfor oppvekstsektoren. Her vil du oppleve godt samhald og støtte, og få ein arena for læring og utvikling av tenesta og deg sjølv som leiar. Arbeidsoppgåver • Overordna leiaransvar for barnehagedrifta og utvikling. • Personalansvar, inkludert oppfølging, rettleiing og kompetanseutvikling av tilsette. • Ansvar for budsjett, økonomistyring og ressursforvaltning. • Leie og koordinere utviklingsarbeid i tråd med gjeldande lovverk, rammeplan og lokale målsettingar. • Sikre høg kvalitet i det pedagogiske arbeidet. • Bygge gode relasjonar og samarbeid med barn, føresette og eksterne samarbeidspartnarar. • Samarbeide tett med styrar og tilsette i tilknytt barnehage for å utvikla felles praksis, dele kompetanse og utnytte ressursar på tvers av verksemdene. • Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for barn og tilsette. Kvalifikasjonar • Godkjent barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning i samsvar med krav i barnehagelova. • Leiarerfaring er ønskjeleg. • God kunnskap om økonomistyring og personalleiing. • God kjennskap til barnehagelova, rammeplanen og relevant regelverk. • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Personlege eigenskapar • Tydeleg og inspirerande leiar. • Strategisk og utviklingsorientert. • Strukturert og vedtaksfør. • Relasjonssterk og inkluderande. • Evne til å motivere medarbeidarar og skape engasjement rundt utviklingsarbeid. Vi tilbyr • Ei spennande og meiningsfull leiarstilling. • Moglegheit til å påverka og vidareutvikle barnehagetilbodet. • Samarbeid med dyktige kollegaer og leiarar i andre barnehagar og i oppvekstsektoren. • Faglege utviklingsmoglegheiter og støtte i leiarrolla. • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale. Vi er på jakt etter ein leiar som kombinerer god økonomisk forståing med eit sterkt pedagogisk engasjement, og som ønskjer å utvikla barnehagen i tett samarbeid med tilsette, føresette og samarbeidande barnehagar.
Ved institusjon Vågåheimen i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nære samarbeid med heimetenesta, legetenesta, friviljuge, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget. Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar, helsefagarbeidar, eller som har byrja på desse utdanningane. I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. bygging og oppgradering av bygget Vågåheimen til ein topp moderne institusjon! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi har behov for tilsette, både Sjukepleiarar og Helsefagarbeidarar, både i faste stillingar og vikariater, og i ulike stillingsstørrelser. Fortel oss kva som passer for deg i din søknad! Enten du vil jobbe 2 delt eller 3 delt turnus, kvar 3 helg med vanlege vakter, eller kvar 4 helg med langvakter. Vi treng også tilkallingsvikarar på Vågåheimen, her kan alle yrkesgrupper søke. Tenesteområdet Helse- og omsorg (heimesjukepleie og institusjon Vågåheimen) har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Ansvarsvakt sjukepleiar på natt har ekstra godtgjersle. Arbeidsoppgåver: • Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar • Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp • Samarbeid med heimetenesta, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar • Ansvarsvakt for sjukepleiarar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar/ fagbrev helsefagarbeidar eller har starta på utdanningane • Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1) • God fagleg innsikt og tryggheit Eigenskapane dine: • Fagleg engasjert • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig • Kreativ og endringsorientert/-viljug • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner • Initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Fleksibel, lojal og er ein lagspelar Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt Det vert kravd politiattest ved tilsetjing. Vi tilbyr: • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som tilsett vert viktig for utvikling av tenesta • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer • Internundervisning, kompetanseheving, refleksjonsmøte og fagleg utvikling • Konkurransedyktig lønn • Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle. Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. Venlegast informer i søknaden om du kva for type stilling du ynskjer, samt ynskjeleg stillingsprosent. Søknad Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kyrkjelege fellesråd søkjer etter kyrkjeverje i fast 80% stilling. Som kyrkjeverge vil du få ansvar for det daglege arbeidet i og rundt Vågåkyrkja samt rapportere til Vågå kyrkjelege fellesråd som er kyrkja sitt øvste organ i kommunen. Ei spennande og variert leiarstilling! Hva vi ser etter Kvalifikasjonar: • Høgare økonomisk/administrativ utdanning og leiarerfaring er ein fordel, men særskilt relevant praksis kan kompensere for formell utdanning • Erfaring fra møteleiing, forhandlingar og/eller anna utadretta verksemd • Kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon er ein fordel, og engasjement for kyrkjas visjon og målsettingar • Erfaring og gode ferdigheiter i bruk av dataverktøy Personlege eigenskapar; • Vera trygg i rolla som leiar og ha god evne til å ta riktige beslutningar, prioritere, organisere og korrigere når det er nødvendig • Evne til å oppnå tillit og gode relasjonar internt og eksternt • Gode kommunikasjonsevner både muntleg og skriftleg. Målforma i soknet er nynorsk • Strukturert og ryddig • Kunne arbeide godt sjølvstendig og i team med tilsette og frivillige • At du er personleg skikka og motivert for stillinga vil bli vektlagt Arbeidsoppgaver • Vera dagleg leiar for rådets verksemd i Vågå i samsvar med vedtekne planer, budsjett, gjeldande lover og forskrifter • Personalansvar. Leie og motivere dei tilsette. Inneha det overordna ansvaret for arbeidsmiljøet • Utvikle og leie den kyrkjelege aktiviteten i Vågå i samarbeid med tilsette og frivillige • Ansvar for gravplassforvaltninga • Overordna ansvar for drift og vedlikehald av kyrkja og kyrkjegarden • Du er saksbehandlar og sekretær for rådet og soknerådet • Sikre finansiering av drifta og investeringsprogram gjennom aktiv forhandling om økonomiske rammer, og søkje anna finansiering der det er mogleg • Leie strategi- og utviklingsarbeidet for rådet • Bidra til å skape gode relasjonar og samhandling med kyrkjelyden • Representere verksemda utad mot kyrkjelege organ, lokalpolitikarar, administrasjonen i kommunen, media og andre • Sikre at verksemda blir drifta i samsvar med lov- og avtaleverk • Kontakt med og rapportering til offentlege styresmakter Vi tilbyr • Ei variert og utfordrande leiarstilling med mange viktige og varierte oppgåver • Lønn etter avtale • Pensjonsordning gjennom KLP • Gode digitale verktøy som gjev god fleksibilitet i ein hektisk arbeidskvardag • Kollegaforum på regionalt, bispedømme- og lands-nivå • Tilbud om kurs innan aktuelle fagområder • Før tilsetting skal det leggjast fram politiattest (jf. KL.§29) og søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja. • arbeidsvilkår i hht. gjeldande regulativ • For stillinga gjeld ei prøvetid på seks månadar • Du må pårekne noko jobb og møteverksemd på kveldstid, helg, helligdag. Det tilstås ekstra fridagar som kompensasjon for møter mv utanom ordinær arbeidstid • Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass der dei tilsette arbeider for at både kontor og kyrkje skal vera ein god arena for både kyrkjelyden og dei tilsette. Vi har ljose og trivelege kontor på kommunehuset i Vågå, rett ved Vågåkyrkja • Andre tilsette på kontoret er sekretær, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjetenar/gravplassarbeidar. Soknepresten har og sin kontorplass på kontoret, men har prosten som sin arbeidsgjevar
Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar! Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Heimetenesta vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg. Ved Heimetenesta møter du eitfagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp , har høgt fagleg fokus og arbeidar dagleg med tenesteutviklingsarbeid . Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaersom gler seg på å få nettopp deg med på laget. Som avdelingsleiar vert du ein del av leiarteamet, der det krevst at du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team. I tillegg til dyktige tilsette, har du med deg fagsjukepleiar, avdelingssjukepleiar og tenesteleiar. Helse- og omsorg har eigen driftskoordinator som bistår på ikkje-helsefaglege oppgåver, samt merkantilressursar som har hovudansvar for innleige og turnusutarbeiding. Heimetenesta har tett og godt samarbeid med Vågåheimen, som og er ein del av tenesteområdet Helse- og omsorg. Avdelinga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, dagtilbod for heimebuande eldre og dagtilbod for demensomsorg, i tillegg til BPA, PA og hjelpemiddelkontakt. Du har personalansvaret for om lag 45 tilsette. I tenesta legg vi vekt påfagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. oppgradering av Heimetenesta si base ved Vågåheimen og ei systematisk, framtidsretta tenesteutvikling . Vi har stort fokus på helseteknologiske løysingar, innovasjon og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver: • Budsjettoppfylging som inneber å delta aktivt i budsjettarbeid og budsjettrapportering • Fag- og personalansvar for alle tilsette i avdelinga • Levere god tenestekvalitet i tråd med tildelingskriterier og avdelinga sine rammer og mål • Utøve nærleiing og ha høg tilstedeværelse i avdelinga • Ha fokus på kontinuerleg forbetringsarbeid og læring • Arbeide for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Ha nært samarbeid med tillitsvalde, verneombod og Miljøgruppe • Turnusansvar og ansvar for tilsettingsprosessar Lista er ikkje uttømmande Kvalifikasjonar: • Autorisasjon som sjukepleiar med minimum 5 års erfaring • Leiarutdanning og/ eller erfaring med leiing av helsetenester er ynskjeleg, men ikkje naudsynt • Gode turnuskunnskapar • God digital kompetanse og evne til å sjå moglegheiter og gevinstar ved bruk av t.d. helseteknologi • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, med evne til å utarbeide og formidle tydelege, ryddige og strukturerte framstillingar • God forståing for og erfaring med økonomistyring og politisk styrte rammebetingelser er ynskjeleg Eigenskapane dine: • Tek ansvar og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre • Har høg arbeidskapasitet og god forståing for eiga rolle og ansvar • Er ein tydeleg, trygg og tillitsskapande leiar • Arbeider planmessig, strukturert og systematisk • Har sterk gjennomføringsevne • Er engasjert i utvikling og motiverast av å leie endrings- og utviklingsprosessar • Har sterke kommunikative ferdigheiter • Evnar å byggje tillitsfulle relasjonar og skape ein kultur for samarbeid og samhandling • Tek initiativ og sikrar god involvering, forankring og framdrift i prosessar • Er løysingsorientert og oppteken av å finne gode og berekraftige løysingar til det beste for fellesskapet • Evnar å inspirere og motivere medarbeidarar, og bidreg aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø • Møter endringar og utfordringar med fleksibilitet og tilpassingsdyktigheit • Er lojal og bidreg til å styrkje fellesskapet og laget Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt Det vert krevd politiattest ved tilsetjing. Vi tilbyr: • 100 % fast stilling som avdelingsleiar Heimetenesta • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som avdelingsleiar vil få ei nykkelrolle for utvikling av tenesta • Deltaking i ei støttande og inkluderande leiargruppe med høgt fagleg fokus, som er motiverte og er tydelege lagspelarar • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer • Ei avdeling med fokus på fag, kvalitet og utvikling • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Konkurransedyktig lønn • For deg som ikkje kan dagpendle vil kommunen vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. Stillingsprosent vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Søknad: Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Har du litt tid til overs og ynskjer å gjere ein forskjell i kvardagen for nokon andre? Vågå kommune søkjer engasjerte personar til oppdrag som støttekontakt/fritidskontakt. Som støttekontakt er du med på å støtte barn, ungdom, vaksne eller eldre som har behov for hjelp til å delta på fritidsaktivitetar. Støttekontaktordninga er ei teneste som skal medverke til å auke brukaren si oppleving av livskvalitet gjennom samvær med andre, skape ein meir aktiv kvardag og bidra til å få ei meiningsfull fritid. Tenestemottakarane våre har ulike interesser og behov, og vi treng difor støttekontaktar i ulik alder og av begge kjønn. Du treng inga formell utdanning -- det viktigaste er at du er påliteleg, har gode haldningar og eit ynskje om å vere der for andre. Vi legg vekt på å matche støttekontakt og tenestemottakar ut frå felles interesser, slik at begge partar får eit positivt utbytte av samværet og ein god relasjon til kvarandre. I søknaden er det difor viktig at du fortel litt om deg sjølv og kva du likar å gjere på fritida. Om oppdraget: Eit vanleg oppdrag er på om lag 2 timar i veka, men omfanget kan variere frå person til person -- enkelte har vedtak på opp til 6 timar i veka. Typiske arbeidsoppgåver vil vere: • Å skape glede gjennom samhandling • Å auke fysisk og psykisk livskvalitet • Å vere følgje eller hjelp til praktiske gjeremål som til dømes handling • Å stimulere til sosial aktivitet • Å medverke til nettverksbygging • Å følgje tenestemottakar til aktivitetar som til dømes kafè, trening, kulturtilbod eller gåturar • Skape tryggleik og motivasjon for å delta Støttekontaktar inngår oppdragsavtale med Vågå Kommune på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regler og avtaler. Timesats for 2026 ihht Gebyrregulativet er kr 206 pr time. Det vil bli utbetalt inntil kr 541 i utgiftsgodtgjersle pr månad etter framlagte rekningar, samt reisegodtgjersle etter statens satsar. Kvalifikasjonar • Du må vere 18 år eller eldre • Du er aktiv, engasjert og god til å byggje relasjonar • Det er viktig at du er påliteleg og held avtalar • Det er inga krav til formell utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt • Det er ikkje eit krav at du har førarkort og disponerer bil, men det er viktig at dette kjem fram i søknaden. • Politiattest må leggjast fram ved eventuelt tilbod om oppdrag Korleis søkje? Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no Søknadsfrist 30.09.2026 Søknadar blir vurdert fortløpande. Kontaktperson: Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer informasjon om tenesta. Det er høve til å få meir informasjon om ein eventuell tenestemottakar før du takkar ja til oppdraget. Tildelingskontoret v/ Mai Britt Myrum, tlf. 45343573 (ferie veke 29, 30 og 31) Vi ser fram til å høyre frå deg! Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
VI VEKS OG SØKJER ERFAREN GRAVEMASKINFØRAR. Skogen Entreprenør AS er eit solid entreprenørfirma med base i Vågå, med historie som strekkjer seg over 40 år. Selskapet er ein velrennomert aktør i bransjen og har gjennom mange år levert gode resultat og har en sunn økonomi. Omsetninga i fjor var på NOK. 55 mill. som eit engasjert og dyktig lag på 19 tilsette sørgjer for. Oppdragsmengda aukar stadig, med mange spanande prosjekt på gang og no ser vi etter en erfaren og sjølvgåande gravemaskinførar. ARBEIDSDAGEN DIN HOS OSS: Som maskinførar hos Skogen Entreprenør får du en variert kvardag med ansvar for eigne oppgåver. Vi legg stor vekt på at våre tilsette skal ha skikkeleg redskap og maskiner for å gjere ein god jobb, og du vil difor få moderne maskiner med GPS/maskinstyring. Typiske arbeidsoppgåver er: VA-arbeid, grunn- og terrengarbeid, vegbygging og arbeid på større anlegg. Vi har et uformelt og godt arbeidsmiljø der vi hjelp kvarandre, og vi set stor pris på medarbeidarar som tek initiativ og ser løysningar der andre ser utfordringar. KVEN SER VI ETTER: Vi leitar etter deg som har nokre år bak spakane. Du er påliteleg, punktleg og forstår kor viktig god dokumentasjon og HMS er i kvardagen. Det er viktig at du kommuniserer godt på norsk. Vi ser gjerne at du har: * Fagbrev som anleggsmaskinførar (lang erfaring kan kompensere). * Maskinførarbevis og solid erfaring med gravemaskin. * Erfaring med bruk av maskinstyring/GPS. * Førarkort kl. B (BE) er en fordel. KVIFOR VELGJE SKOGEN ENTREPRENØR AS: Vi tilbyr en trygg arbeidsplass i eit solid selskap med konkurransedyktige vilkår. Hjå oss får du ordna arbeidsforhold med mellom anna overtidsbetaling etter 37,5t, gode pensjons- og forsikringsordningar og moglegheit til å utvikle deg i eit fagleg sterkt miljø. TILTREDING: SNARAST/ETTER AVTALE - VELKOMMEN TIL OSS! For meir informasjon, kontakt vår samarbeidspartner i Veksthuset Rekruttering, seniorrådgjevar Knut Nyhagen på tlf. 918 84277 Send inn CV/søknad via lenka på sida. Alle søknader blir behandla konfidensielt.
Just nu listas 9 aktiva annonser i Vågå kommun. Indexet uppdateras flera gånger per dygn från direktanslutna arbetsgivare och rekryteringssystem.
Bland de största arbetsgivarna i Vågå finns Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste, Søre Grindstugu Barnehage, Vågå Kommune Bufellesskap.