Oppstart: snarast råd
Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023--2033). Vi skal bidra til at fleire opplev god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde:
Vi legg stor vekt på brukar medverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hjå oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum.
Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring.
Personleg eignaheit vektleggast. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.
Vågå kommune kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad.
Søkjarar kan bli fortløpande vurdert
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Vågå