
Øygarden kyrkjelege fellesråd · øygarden
Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt? Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande felles...
Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt? Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande fellesskap der ungdom kan vekse, utvikle seg og finne sin plass i kyrkja?
Vi søkjer etter ein engasjert ungdomsprest som kan ta åndeleg og strategisk leiaransvar for ungdomsarbeidet vårt. Gjennom undervisning, fellesskap, relasjonsbyggjing og oppfølging vil du vere med å utruste ungdom og medarbeidarar.
Som ungdomsprest blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Foldnes sokn, med hovudbase i Foldnes kyrkje. Her får du vere med på eit mangfaldig og aktivt kyrkjelydsarbeid som når ut til alle aldersgrupper.
Foldnes sokn har 8613 medlemmer, der 1660 er under 18 år. Vi jobbar etter visjonen: Di kyrkje for alle dagar.
Du vil samarbeide tett med eit dyktig sokneteam sett saman av sokneprest, diakonimedarbeidar, kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og organist.
Kyrkjelydane Fjell, Foldnes og Landro samarbeider om delar av ungdomsarbeidet, her vil ungdomspresten ha eit overordna ansvar. I tillegg blir du ein del av «Seksjon for barn og unge» – eit fellesskap av 15 engasjerte medarbeidarar frå heile fellesrådet. Vi møtast jamleg for fagleg påfyll, erfaringsdeling, lagbygging og inspirasjon.
Er du klar for å vere med på å skape eit engasjerande og trygt fellesskap der ungdom kan oppdage og leve ut si kristne tru? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, vil òg kandidatar som kvalifiserer for ordninga Prest under utdanning (PPU), bli vurderte. I så fall må du leggje fram stadfesting frå studiestaden på at du har fått plass på erfaringsbasert master. Du kan ha maksimalt 120 studiepoeng att før du oppfyller krava til vigsling til presteteneste (jf. tenesteordning for prestar § 3). Det må reknast med bindingstid, normalt to år. Ta kontakt dersom du ønskjer meir informasjon.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Anna
KontaktinformasjonRannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar for barn og unge, 415 07 011
ArbeidsstadAustre Skiftedalsveg 25
5354 Straume
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5151681529
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du leie medisinsk fagutvikling ved eit av Noregs mest unike lokalsjukehus? Ved Odda sjukehus har vi no ledig fast stilling som avdelingsoverlege i medisinsk fagområde. Dette er ei nøkkelstilling for deg som ønskjer å kombinere klinisk arbeid med fagleg leiing, utvikling av tenesta og vidareutvikling av framtidas lokalsjukehus. Odda sjukehus er ein viktig del av Helse Fonna sitt akuttilbod og gir tenester til innbyggjarane i Hardanger og indre delar av Sunnhordland. Sjukehuset har akuttmedisinsk beredskap, poliklinikkar og sengepostar innan fleire fagområde, og er kjenneteikna av korte avstandar, brei kompetanse og tett samarbeid på tvers av profesjonar. Som avdelingsoverlege vil du vere ein sentral bidragsytar i arbeidet med å sikre robuste tenester og vidareutvikle medisinsk behandling ved sjukehuset. Du vil få ei viktig rolle i rekruttering, utdanning og fagutvikling, samt vere ein fagleg rådgivar for leiinga. I Odda får du høve til å kombinere spennande medisinsk arbeid med ein unik livsstil. Her har du nærleik til fjord, fjell, ski og friluftsliv året rundt. Trolltunga, Folgefonna og Hardangervidda ligg rett utanfor døra. Samstundes er du del av eit sterkt fagmiljø med tett samarbeid på tvers av spesialitetar. Vi ønskjer kandidatar som vil vere med å forme framtida for medisinske tenester ved Odda sjukehus. Oppstart etter avtale. Kva går jobben ut på? • Medisinskfagleg rådgiving til avdelingsleiing og klinikkleiing. • Medverke til strategisk utvikling av medisinsk teneste ved Odda sjukehus. • Delta i leiarmøte og bidra til utvikling av robuste pasientforløp. • Fagutvikling og oppfølging av overlegar og LIS-legar, og bidra til framtidig rekruttering. • Bidra til god utdanning, supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering. • Sikre kvalitet og pasienttryggleik gjennom kontinuerleg forbetringsarbeid. • Delta i klinisk arbeid, vakt og beredskap etter avtale. • Samarbeide tett med fagmiljø i Haugesund og andre sjukehus i regionen. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som lege. • Spesialist i indremedisin eller relevant grenspesialitet. • Erfaring frå sjukehusdrift, erfaring med akuttmedisin er ønskjeleg. • Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. • God forståing for organisasjon, samhandling og kvalitetsarbeid. • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: • er fagleg sterk og utviklingsorientert • har gode samarbeidsevner og skapar tillit • tek ansvar og bidrar til å finne løysingar • er engasjert i rekruttering og kompetansebygging • trivst med både klinisk arbeid og leiingsoppgåver Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Ei sentral rolle i eit framtidsretta lokalsjukehus. • Moglegheit til å påverke utviklinga av medisinske tenester i området. • Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar. • Sterkt samarbeid med fagmiljø i Haugesund og resten av Helse Fonna. • Tilrettelegging for fagleg utvikling, kurs og vidareutdanning. • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår. • Hjelp til å finne bustad, og ved behov støtte til å sjå på jobb moglegheiter for partnar og skule/barnehage for barn. Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. KontaktinformasjonJohn Conrad Brandsø, Klinikkdirektør, +47 40238776, john.conrad.brandso@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 10 5750 ODDA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5155812266 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Vil du vere med å forme framtida for digital byggdokumentasjon i Vestland fylkeskommune? Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefølje. For at bygga våre skal driftast effektivt, berekraftig og i samsvar med krav og standardar, er vi avhengige av god teknisk dokumentasjon. No søkjer vi ein fagansvarleg for teknisk byggdokumentasjon (FDV) som vil få ei sentral rolle i å utvikle og forvalte korleis vi samlar inn, strukturerer og nyttar teknisk informasjon gjennom heile bygget sitt livsløp. Dette er ei stilling for deg som trivst i skjæringspunktet mellom teknologi, system, informasjonsforvaltning og samarbeid med fagmiljø innan bygg, drift og eigedomsforvaltning. Du vil få stor påverknad på korleis vi utviklar framtidige arbeidsprosessar, digitale løysingar og standardar for FDV i ein av dei største offentlege eigedomsorganisasjonane på Vestlandet. Kvifor velje oss? Hos oss får du meir enn ein tradisjonell fagansvarleg-stilling. Du blir ein nøkkelperson i arbeidet med å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar og sikre kvaliteten på informasjon som er avgjerande for drift og forvaltning av fylkeskommunen sine bygg. Du får: ✅ stor fagleg påverknad og eigarskap til ditt fagområde ✅ moglegheit til å forme framtidige standardar, prosessar og digitale løysingar ✅ eit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan eigedomsdrift, prosjektgjennomføring, BIM, digitalisering og innovasjon ✅ deltaking i spennande bygge- og rehabiliteringsprosjekt Om oss Eigedom og utbygging (EIU) utøver fylkeskommunen si eigarrolle og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av omlag 800.000 kvm fylkeskommunale eigedomar og tilhøyrande eigedomstenester. Avdelinga har også ansvar for utbygging av Bybanen. Seksjon for system og utvikling arbeider med digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar og tenester i EIU. Vi har ei sentral rolle i avdelinga si satsing på digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi innan eigedomsdrift og -forvaltning, og har ansvar og driftsoppgåver innan FDV, BIM, digitalisering, prosjektstyring, HMS, kvalitet og opplæring. Arbeidsoppgåver • vere fagansvarleg og rådgjevar innan FDV og teknisk byggdokumentasjon • sikre at avdelinga har gode rutinar og system for innsamling og forvaltning av FDV-dokumentasjon • forvalte og vidareutvikle dokumentasjonsarkiv og system for FDV-innsamling • utvikle krav og standardar for teknisk dokumentasjon i bygge- og rehabiliteringsprosjekt • sikre etterleving av relevante myndigheitskrav og standardar • bidra til gode overgangar frå bygging til drift • gje opplæring og rettleiing til entreprenørar, prosjektleiarar og brukarar • bidra til utvikling av digitale arbeidsprosessar og løysingar innan teknisk dokumentasjon • følgje opp rammeavtalar innan fagområdet • rådgjevar for FDV-leveransen i bybaneprosjektet Kven ser vi etter? Du har teknisk utdanning på minimum bachelornivå, og trur du har bakgrunn innan eitt eller fleire av desse områda: • ingeniørfag • bygg og eigedomsforvaltning • dokumentstyring • informasjonsforvaltning • arkiv- og kunnskapsforvaltning Du har gjerne erfaring frå bygg-, eigedoms- eller industrirelaterte prosjekt, men vi oppmodar også kandidatar frå andre relevante fagmiljø til å søkje. Vi ser særlig etter deg som: • har god forståing for byggdokumentasjon og digitale system • har god kjennskap til standarder og myndighetskrav innan fagområdet • har erfaring god forståing for strukturering og forvaltning av informasjon • er systematisk og kvalitetsbevisst • har god system- og prosessforståelse • kan leie andre og evne til å stå i kravstillarrollen Personlege eigenskapar Du er ein som: • kjenner deg igjen i verdiane våre: open - kompetent - modig • er sjølvstendig, tek ansvar, får ting gjort og følgjer opp • er systematisk og kvalitetsbevisst • trivst med å samarbeide med ulike fagmiljø • er nysgjerrig på ny teknologi, tar initiativ til forbetring og nye måter å jobbe på • trivst med fleire prosjekt samstundes – utan å miste oversikta • kommuniserer godt og skaper tillit • har høg etisk standard Hos oss får du: • Spanande og varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø • Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse og godt humør • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor Er du nysgjerrig på stillinga? Vi veit at ingen kandidatar kan oppfylle alle ønske i ei utlysing. Dersom du kjenner deg att i delar av profilen og synest oppgåvene verkar spennande, oppmodar vi deg til å søkje eller ta kontakt for ein uforpliktande prat. Hos oss får du moglegheit til å påverke korleis teknisk informasjon blir forvalta i framtidas fylkeskommunale bygg – til nytte for både brukarar, driftspersonell og samfunnet som heilskap. KontaktinformasjonChristina Jenny Brautaset, seksjonsleiar, +47 41326604, christina.jenny.brautaset@vlfk.no ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5156051386 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein 1.–10. skule med høge ambisjonar, engasjerte medarbeidarar og store moglegheiter. Som rektor ved Bykle barne- og ungdomsskule får du ei sentral leiarrolle, der du får vere med og forme utviklinga av både skulen, elevane og lokalsamfunnet. Om stillinga Bykle barne- og ungdomsskule er ein 1.–10. skule sentralt plassert i vakre Setesdal. Skulen har om lag 60 elevar og 19 tilsette, eit trygt og inkluderande læringsmiljø og eit engasjert fagmiljø som arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring, trivsel og læring. Rektor har også ansvar for kommunen si vaksenopplæring. Vi ønsker ein rektor som vil vidareutvikle skulen og vaksenopplæringa i tett samarbeid med elevar, deltakarar, tilsette, foreldre og lokalsamfunnet. Du får ei viktig rolle i kommunen sitt arbeid med å utvikle framtidas oppvekst- og opplæringstilbod, og blir ein del av eit tett og godt samarbeid med kommunalsjef, barnehage og dei andre leiarane i kommunen. Kvifor velje Bykle barne- og ungdomsskule? På Bykle barne- og ungdomsskule får du som rektor moglegheit til å påverke utviklinga av ein heilskapleg 1.–10. skule, samtidig som du har ansvar for kommunen si vaksenopplæring. Du får leie eit kompetent fagmiljø, bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge og vere med på å utvikle både organisasjonen og lokalsamfunnet. Hos oss får du: • Ei meiningsfull leiarrolle med stor påverking • Eit inkluderande og kompetent fagmiljø med engasjerte kollegaer • Ein moderne skule med gode pedagogiske verktøy og fasilitetar • Gode moglegheiter til å utvikle både medarbeidarar og organisasjonen • Støtte frå ei samarbeidande og kompetent leiargruppe • Deltaking i kommunen sitt leiarutviklingsprogram • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar • Moglegheit for bustad, hjelp til å skaffe bustad og flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement • Studielånsordning: Etter eitt år som folkeregistrert i Bykle får du sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år (frå 2026) • Tilgang til bedriftsleilegheit i Kristiansand Arbeidsoppgåver • Leie og utvikle vidare skulen og vaksenopplæringa som ein profesjonell læringsorganisasjon • Drive utviklingsarbeid og bidra til høg kvalitet i undervisninga • Forvalte ressursar slik at vi sikrar trivsel, læring og kvalitet • Ha overordna ansvar for pedagogisk utvikling, økonomi og personal • Legge til rette for involvering og gode samarbeidsprosessar • Samarbeide med interne og eksterne aktørar • Skape eit trygt og motiverande lærings- og arbeidsmiljø • Følgje opp kommunen sine prioriterte satsingsområde • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga Kvalifikasjonar • Relevant pedagogisk utdanning / lærarutdanning • Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring • God innsikt i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ein fordel • God forståing for økonomi og organisasjonsutvikling er ein fordel • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Er ein synleg og tydeleg leiar som viser retning • Evnar å motivere, engasjere og utvikle medarbeidarar • Har god fagkompetanse og skaper tillit i leiarrolla • Byggjer gode relasjonar til elevar, tilsette, deltakarar og foreldre • Er inkluderande og opptatt av fellesskap • Har gode samarbeidsevner • Evnar å skape ein god samarbeidskultur • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert • Har god gjennomføringsevne Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Praktisk informasjon • Det blir kravd politiattest ved tilsetting • Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i vår digitale søkjarportal • Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju • Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar • Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot • Bykle kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unntatt offentlegheit, men dette må grunngivast skriftleg, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ikkje kan innfriast, vil du bli varsla før offentleggjering. For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 98 29 52 78 / e-post: knut.handeland@personalhuset.no. Bykle kommune som arbeidsgivar • Kommunen er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområde og sju tenesteeiningar • Kommunen har om lag 190 tilsette • Det er kort avstand mellom leiar og tilsett • Kommunen er ein IA-bedrift