
EIU - System og utvikling, Vestland fylkeskommune · Bergen
Vil du vere med å forme framtida for digital byggdokumentasjon i Vestland fylkeskommune? Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefø...
Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefølje. For at bygga våre skal driftast effektivt, berekraftig og i samsvar med krav og standardar, er vi avhengige av god teknisk dokumentasjon.
No søkjer vi ein fagansvarleg for teknisk byggdokumentasjon (FDV) som vil få ei sentral rolle i å utvikle og forvalte korleis vi samlar inn, strukturerer og nyttar teknisk informasjon gjennom heile bygget sitt livsløp. Dette er ei stilling for deg som trivst i skjæringspunktet mellom teknologi, system, informasjonsforvaltning og samarbeid med fagmiljø innan bygg, drift og eigedomsforvaltning.
Du vil få stor påverknad på korleis vi utviklar framtidige arbeidsprosessar, digitale løysingar og standardar for FDV i ein av dei største offentlege eigedomsorganisasjonane på Vestlandet.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du meir enn ein tradisjonell fagansvarleg-stilling.
Du blir ein nøkkelperson i arbeidet med å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar og sikre kvaliteten på informasjon som er avgjerande for drift og forvaltning av fylkeskommunen sine bygg.
✅ stor fagleg påverknad og eigarskap til ditt fagområde
✅ moglegheit til å forme framtidige standardar, prosessar og digitale løysingar
✅ eit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan eigedomsdrift, prosjektgjennomføring, BIM, digitalisering og innovasjon
✅ deltaking i spennande bygge- og rehabiliteringsprosjekt
Om oss
Eigedom og utbygging (EIU) utøver fylkeskommunen si eigarrolle og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av omlag 800.000 kvm fylkeskommunale eigedomar og tilhøyrande eigedomstenester. Avdelinga har også ansvar for utbygging av Bybanen.
Seksjon for system og utvikling arbeider med digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar og tenester i EIU. Vi har ei sentral rolle i avdelinga si satsing på digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi innan eigedomsdrift og -forvaltning, og har ansvar og driftsoppgåver innan FDV, BIM, digitalisering, prosjektstyring, HMS, kvalitet og opplæring.
Arbeidsoppgåver
Du har teknisk utdanning på minimum bachelornivå, og trur du har bakgrunn innan eitt eller fleire av desse områda:
Du har gjerne erfaring frå bygg-, eigedoms- eller industrirelaterte prosjekt, men vi oppmodar også kandidatar frå andre relevante fagmiljø til å søkje.
Hos oss får du:
Er du nysgjerrig på stillinga?
Vi veit at ingen kandidatar kan oppfylle alle ønske i ei utlysing. Dersom du kjenner deg att i delar av profilen og synest oppgåvene verkar spennande, oppmodar vi deg til å søkje eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Hos oss får du moglegheit til å påverke korleis teknisk informasjon blir forvalta i framtidas fylkeskommunale bygg – til nytte for både brukarar, driftspersonell og samfunnet som heilskap.
KontaktinformasjonChristina Jenny Brautaset, seksjonsleiar, +47 41326604, christina.jenny.brautaset@vlfk.no
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5156051386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
🧪 Vil du vere med og utvikle fagområdet generell kjemi? På grunn av vekst i fagområdet søkjer vi no ein fagansvarleg ingeniør til eit spanande og framtidsretta fagmiljø. Du vil arbeide tett saman med to andre fagansvarlege ingeniørar og to fagingeniørar, og vere ein del av det større teamet innan medisinsk biokjemi. 🤝 🔬 Fagområdet omfattar mellom anna klinisk kjemi, immunkjemi, allergi, spesialprotein og elektroforese. Området er i stadig utvikling, og nye analysar blir jamleg implementerte. 🏥 Medisinsk biokjemi held til i nye og moderne lokale med fullautomatisert analysehall, og er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin. Avdelinga er akkreditert av Norsk akkreditering og har sterkt fokus på kvalitet og fagutvikling. Stillinga er ei dagtidsstilling med 37,5t/uke og arbeid ca. kvar fjerde lørdag. 📞 Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat! 😊 Kva går jobben ut på? • Fagansvarleg ingeniør er fagleg og administrativt underlagd funksjonsleiar, og skal i samarbeid med avdelingsoverlege og funksjonsleiar bidra til å styrkje, vidareutvikle og optimalisere rutinar og prosedyrar innan fagområdet. • Fagansvarleg ingeniør skal, saman med dei andre fagansvarlege, ha spesialkompetanse og hovudansvar for sitt fagområde. • Fagansvarleg kan få delegert oppgåver frå medisinsk ansvarleg og funksjonsleiar, og kan i samarbeid med funksjonsleiar delegere arbeidsoppgåver til anna kvalifisert personale. • Fagansvarleg ingeniør vil delta i prosessar knytte til anskaffing, validering og verifisering av utstyr. • Ordinære driftsoppgåver ved Medisinsk biokjemi vil inngå i arbeidsoppgåvene. • Vedkomande vil samarbeide tett med andre fagansvarlege, avdelingsoverlege og funksjonsleiar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som bioingeniør er eit krav. • Minimum 2 års erfaring innan medisinsk biokjemi. • Erfaring frå fagansvar og det aktuelle fagområdet vil bli vektlagd. • Erfaring med laboratorieautomatisering er ønskjeleg. • Erfaring med større analyseinstrument er ein fordel. • Erfaring med prosedyreskriving er ønskjeleg. • Erfaring med avvikshandtering er ønskjeleg. • Gode IKT-kunnskapar, særleg i Excel, er ønskjeleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar på utfordringar • er engasjert, arbeidsam og tek ansvar • samarbeider godt med andre og har pasienten i fokus • har stor interesse for fagfeltet og ønskje om fagleg utvikling • har høg arbeidskapasitet og evne til å prioritere • trivst i eit aktivt og tidvis travelt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Kvifor skal du velje oss? • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst. • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. • Ei sentral rolle i eit fagområde i vekst og utvikling. • Arbeid i moderne lokale med fullautomatisert analysehall. • Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonBenedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5151580703 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vi søker etter ein engasjert medarbeidar som fagansvarleg for vår IKT‑gruppe ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT). Gruppa består for tida av to tilsette og arbeidskvardagen inneber mellom anna IKT hjelp og rettleiing, samt drift og utvikling av avdelinga sine fagspesifikke system. Samarbeid på tvers av avdelingane i Laboratorieklinikken, mot kliniske avdelingar i Helse Bergen og regionalt samarbeid i Helse Vest er viktig for den vidare utviklinga. Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, samt undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter ISO standard 15189. Avdelinga nyttar laboratorieinformasjonssystemet ProSang for blodbankvirksomheten og TCS for celleterapi. Systemene har mange integrasjonar mot diverse analyseinstrument og ulike andre IKT-system. Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss. Dersom du ønsker å bidra til ein forbetra pasientkvardag og halde fokus på kvalitet og utvikling av nye metodar og system, oppmodar vi deg til å søke. Arbeidsoppgåver • Fagleg leiing av medarbeidara i IKT‑gruppa – Ansvar for fordeling, koordinering og oppfølging av arbeidsoppgåver i IKT-gruppa ved avdelinga • Representere avdelinga i lokale, regionale og nasjonale fagfora innan IKT • Rådgivande vedrørande IKT-løysingar og ved innkjøp av nytt utstyr • Rettleiing og opplæringsverksemd • Overordna ansvar for drift, vedlikehald, oppgradering og vidareutvikling av laboratoriets IKT‑system • Vere fagleg rådgivar for avdelingsleiinga i saker som omhandlar IKT, herunder strategi, drift og utvikling • Ansvar for at systemdokumentasjon for laboratoriets IKT‑løysingar er oppdatert og i henhald til gjeldande krav • Påse at arbeid innan IKT‑området blir utført i samsvar med verksemdas styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern, samt gjeldande lover, føresegner og interne retningslinjer • Delta i dagleg drift, implementering og integrasjonar av tekniske instrument, mellomvare og anna driftsutstyr • Statistikk og rapporteringsarbeid • Andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som bioingeniør med erfaring frå IKT‑arbeid blir føretrekt • Annan relevant utdanning med relevant erfaring kan vurderast • Bioingeniørar med stor interesse for IKT i laboratoriet kan også søke • Må meistre godt norsk og engelsk, munnleg og skriftleg • Generelt god datakunnskap. • Det blir lagt vekt på erfaring frå prosjektleiing Personlege eigenskapar • Fleksibel, utadvendt og serviceinnstilt med gode kommunikasjonsevner • Evne til sjølvstende og teamarbeid • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert • Må tole høgt arbeidstempo i periodar og pressete situasjonar Vi tilbyr • Opplæring og innføring i oppgåvene vil bli gitt • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Høgt fagleg nivå • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar og utviklingsmuligheter • Stillinga er ei dagstilling • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarta Vorland, Avdelingssjef, 55973198, marta.vorland@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5148247979 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Tenesteområde helse og velferd i Klepp kommune søker utadvendte og ansvarsbevisste personar til støttekontaktoppdrag for barn, ungdom eller vaksne med ulike utfordringar. Dette er ikkje ei vanleg utlyst stilling der ein er garantert svar eller avslagsbrev, men ein stad du kan visa du er interessert for oppdrag og kor fagansvarleg for støttekontaktordning og leiar for Miljøtenesta med visse mellomrom er innom og leiter etter nye støttekontaktar. I periodar er behovet for godkjente støttekontaktar større enn andre periodar og vi er derfor avhengig av å opparbeide oss en «bank» med ledige støttekontaktar. Dette betyr at du kan bli kalla inn til intervju, men får kanskje ikkje oppdrag med det same. Arbeidsoppgåver • En støttekontakt er ein ven, ledsager og motivator for at personer som treng det, skal komme seg ut på fritidsaktiviteter saman med andre • Et oppdrag er oftast på 2-3 timer per veke • Du må ha evne til å gi eit planlagt og gi eit forutsigbart tilbod. Alle oppdrag er individuelt tilpassa • Nokre gonger vert støttekontakttenesta gitt som gruppe tilbod - og det er behov for ein person som kan å lede eit gruppetilbod Kvalifikasjonar • Du er god på kommunikasjon. Du forstår og snakkar godt norsk og har god kjennskap til norsk kultur. Minimum nivå B1 • Vi er opptatt av at oppdraget skal vere meiningsfylt for deg og den du er støttekontakt for. • Opplæring vil bli gitt • Politiattest vert kravd. • Det er ønskeleg med sertifikat og bil. • Attester og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet. Personlege eigenskapar • Vi søker personar som er interessert i å jobbe med menneske og som er gode på å skape gode relasjonar • Du ønskjer å bidra til at personar som treng det, skal få ei aktiv og kjekk fritid • Du er kreativ, strukturert og god til å planlegge aktivitetar i samarbeid med tenestemottakar. • Det er ein fordel å ha kjennskap til fritidstilboda i Klepp og omliggjande kommunar. Vi tilbyr • Du vil få eigen rettleiar • Opplæring og rettleiing i oppdraget • Lønn og utgiftsdekning etter gjeldande satsar for Klepp kommune • Ta kontakt med fagansvarleg for tenesta på mobil 47254583 dersom du lurer på noko KontaktinformasjonElin Kristine Trosterud, Fagleder, +47 47254583, elin.kristine.trosterud@klepp.kommune.no ArbeidsstadOlav Hålands Veg 9 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5062479594 Stillingsprosent: 0% Engasjement Søknadsfrist: 31.12.2026