
Alver kommune · Alver
Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som snart skal åpne? Vi har ledi...
Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som snart skal åpne? Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg. Vi har årsturnus.
Hos oss skal det også jobbe helsefagarbeidarar og pleieassistentar.
Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.
I september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.
Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Arbeidsoppgåver
Kompetansekrav
Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig.
Vi tilbyr
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om stillinga Heimetenesta i Osterøy kommune styrkar laget! Som følgje av auka bemanning og omgjering av svangerskapsvikariat til faste stillingar, har vi no fleire faste 100 % sjukepleiarstillingar ledige frå 1. september 2026, eller etter avtale. Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldrar som har rett til helsehjelp. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande kvardag der du jobbar tett på brukarane. Vi har god fagdekning, og du vil aldri vere aleine sjukepleiar på vakt. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, og jobbar saman med dyktige helsefagarbeidarar og assistentar på alle vakter. Vi tilbyr langvakter med arbeid kvar 4. helg. På langvakter har du pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar. Intervju blir gjennomført 19/8-26. Arbeidsoppgåver • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning • Sjukepleiefaglege prosedyrer • Primærkontaktansvar • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar • Veiledning av studentar i avdelinga • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø Kvalifikasjonskrav • Krav om bachelorgrad i sjukepleie, HPR-nummer oppgis i søknaden • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (Me nyttar Profil som dokumentasjonsprogram) • Førarkort klasse B • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Vi tilbyr • Tariffløn • God opplæring • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for utvikling • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver • Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad Anna informasjon • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. • Kommunen har 6 mnd. prøvetid ved tilsetjing Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for våre brukarar? Då er dette stillinga for deg! Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar. Det er opna opp for at søkjar med annan sosial- helsefaglig utdanning også kan søkje på stillinga. Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing. Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar einskild brukar. Kvardagen i rus og psykisk helse er innhaldsrik og spanande, og oppgåvene me utfører er mange og varierte. Stillingen inngår i todelt turnus med vakter på dag, kveld og helg. Arbeidsoppgåver: • Ansvarlig for sjukpleiefaglege tiltak og oppfølging • Tverrfagleg samarbeid • Sikre dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal i Aidn • Administrasjon av legemiddel og ansvar for ajourhald av legemiddelliste • Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane • Koordinering av hjelpetiltak, ansvar for innkalling til ansvarsgrupper mm. • Primærkontaktfunksjon • Samarbeid med aktuelle samarbeidspartnere i 1. og 2. line tenesta • Henvisning til spesialist helsetenesta • Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale • Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik • Medverke til godt arbeidsmiljø • Kjenskap til og aktivt bruka eininga sine prosedyrar og rutinar • Halde seg fagleg oppdatert • Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak Kvalifikasjonskrav: • 3 årig sjukepleiar / vernepleiar utdanning / anna helse- og sosialfagleg utdanning på høgskulenivå • Vidareutdanning i psykisk helse er ynskjeleg • Erfaring frå arbeid med menneske med psykiske lidingar og/eller rus • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar: • Gode samarbeids - og kommunikative evner • Gode digitale ferdigheter • Personleg tryggheit og stabilitet, ha evne til å behalda roen i stressa og uoversiktlige situasjonar • Evne til nytenking • Evne til inspirere, rettleie og motivere andre • Fleksibel og løysningsorientert. • Ansvarsbevisst og påliteleg • Positiv, fleksibel og serviceinnstilt • Positiv, engasjert, punktlig og strukturert • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og ansvar • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Me tilbyr: • Ein arbeidsplass med varierte og spanande dagar, meiningsfulle oppgåver og faglege utfordringar • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling med støtte frå kommunen • Samarbeid med dyktige og erfarne kollegaer • Lønn etter gjeldende tariff • Stillinga omfattast av rekrutteringstilskot til nytilsette i kommunen på 50 000kr + 50 000kr med 2 års bindingstid. • Eit stabilt, godt og inkluderande arbeidsmiljø • Moglegheit for tilrettelagt arbeidstid og gode forsikrings-, permisjons- og pensjonsvilkår Krav: • Politiattest jfr gjeldande lov • Krav til førarkort:klasse B Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Jondal, Synnøve Eiken tlf: 903 68 901 e-post: synnove.eiken@ullensvang.kommune.no Verksemdsleiar Rus og psykisk helse Ullensvang kommune, Nina Sandstå tlf: 905 24 956 e-post: nina.sandsta@ullensvang.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her
Skodje omsorgssenter har ledige sjukepleiestillingar: • 1 x 100 % - Arbeid i todelt turnus dag /kveld og med arbeid kvar 3.helg. • 1 x 85 % - Arbeid i todelt turnus dag /kveld og med arbeid kvar 3.helg. • 1 x 80 % - Arbeid i todelt turnus dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Verksemda har økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar. Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på tre avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, to somatiske avdelingar med langtidsplassar, kortidsplassar og avlastning. Skodje omsorgssenter har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss. Skodje omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Skodje Omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har flere sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen. Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum. Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv. Arbeidsoppgåver • Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer. • Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen). • Legemiddelhandtering. • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar. • Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar. • Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell. • Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar. • Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar • 3.års sjukepleiestudentar kan søke, men med forbehold om godkjent autorisasjon • Relevant erfaring er ein fordel • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR) • Beherske IKT-verktøy • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm) Personlege eigenskapar • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar • Sjølvstendig og samarbeidsorientert • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Nytenkande og endringsvillig • Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyr • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø • Et støttende og engasjert kollegialt miljø • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff • Pensjonsordning i henhold til tariff. • Bedriftshelsetjeneste • IA bedrift KontaktinformasjonMarianne Brandal, Avdelingsleiar, 917 86 893, Marianne.Brandal@alesund.kommune.no Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no ArbeidsstadÅdalsbakken 6260 Skodje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5117799551 Stillingsprosent: 100, 85, 80% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026