
Osterøy kommune · Osterøy
Om stillinga Heimetenesta i Osterøy kommune styrkar laget! Som følgje av auka bemanning og omgjering av svangerskapsvikariat til faste stillingar, har vi no f...
Heimetenesta i Osterøy kommune styrkar laget!
Som følgje av auka bemanning og omgjering av svangerskapsvikariat til faste stillingar, har vi no fleire faste 100 % sjukepleiarstillingar ledige frå 1. september 2026, eller etter avtale.
Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldrar som har rett til helsehjelp. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande kvardag der du jobbar tett på brukarane.
Vi har god fagdekning, og du vil aldri vere aleine sjukepleiar på vakt. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, og jobbar saman med dyktige helsefagarbeidarar og assistentar på alle vakter.
Vi tilbyr langvakter med arbeid kvar 4. helg. På langvakter har du pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar.
Intervju blir gjennomført 19/8-26.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Vi tilbyr
Anna informasjon
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Ledig vikariat i 100% stilling som helsesjukepleiar/ sjukepleiar i Tokke kommune Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har Tokke kommune ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring kan også søkje. Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring, og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg! Vikariatet kan bli forlenga eller gjort om til fast stilling på sikt. Arbeidet er knytt primært til skulehelseteneste, flyktninghelseteneste og reise-/sesongvaksinering. Arbeidstida er dagtid i fleksitidsordning, men ein må også rekne med noko kveldsarbeid. Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, sekretær og jordmor (organisert via jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark). Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysio- og ergoteapiteneste og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta. Tokke kommune har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariff. Arbeidsoppgåver • Sikre gode tenester som tek i vare barn og unge sine fysiske, psykisk og sosiale behov • Bidra til å ha eit godt samarbeid i laget rundt barn/ungdom/familie • Utføre oppgåver innan dei nasjonalfaglege retningslinene innan helsestasjon- og skulehelseteneste • Flyktninghelseteneste • Reise-/ sesongvaksinering Kvalifikasjonar • Godkjent norsk autorisasjon som helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/arbeidserfaring • Erfaring innan førebyggjande og helsefremjande arbeid er ein fordel • Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein arbeidskvardag • Erfaring innan flyktninghelseteneste og med vaksinering er ein fordel • Kurs i COS-P (foreldrestøtte) er eit ynskje • Førarkort klasse B • God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig • Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil bli vektlagd Personlege eigenskapar • Er ein stabil og positiv kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Kan samarbeide og kommunisere på ein måte som skapar trygge og gode relasjonar • Er fleksibel, utvikling- og løysingsorientert • Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert Vi tilbyr • Helsestasjonen har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø • Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar • Fleksitidsordning • Kommunen hae eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale. Andre opplysningar: Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Referansar vil bli kontakta etter avtale. Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg. Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no. Velkomen som søkjar! KontaktinformasjonEvy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975 ArbeidsstadRevahaugvegen 4 3880 Dalen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune Referansenr.: 5154810946 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 09.08.2026
Fast stilling for sjukepleiar og/eller vernepleiar i inntil 60% stilling på natt, kan aukast til 100% med kombinasjon dag/kveld eller langvakter. Stillinga er ledig frå 20.april. Tilsetjing fortløpande. Om avdelinga Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum. Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning. Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka. Me tilbyr • fast rekrutteringstillegg for sjukepleiar og vernepleiar • årsturnus • gode forsikrings- og pensjonsordningar • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår • tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4. helg • tilrettelegging for vidareutdanning og anna kompetanseheving Kvalifikasjonar • norsk autorisasjon som sjukepleiar og/eller vernepleiar • gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar • gode datakunnskapar. Opplæring i fagsystem vil verta gitt • førarkort klasse B Sjukepleiar/vernepleiar studentar som er ferdig utdanna våren 2026 oppmodast til å søkje Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com) Me ynskjer deg som • er god på samarbeid • er fleksibel og ynskjer å ta ansvar • er ein positiv pådrivar i endringsarbeid og utvikling av tenestene Arbeidsoppgåver • utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare • dokumentera helsehjelp i journalsystem • bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid • bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt • vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak • bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande • tett samarbeid med kollegaer, fastlege, fysioterapeut, legevakt, og sjukehus. • oppfylgjing av studentar i praksis • ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen! Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten: Sjukepleiar 100% fast stilling i turnus, frå 17. august 2026. Det er turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då lengre helgeintervall. Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Me har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs. For sjukepleiarar som tek vakter ved legevaktsatellitten, blir det gitt eit årleg lønnstillegg på kr 30 000. Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen. Arbeidsoppgåver: • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon. • Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten • Heilskapleg pleie og omsorg • Rettleiar for studentar/lærlingar og andre • Delta i tverrfagleg samarbeid • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet • Medansvarlig for eit godt læringsmiljø • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet Sentrale ansvarsområde: • Pasientflyt • Pasientjournalsystem - LMP • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta • Medikamenthandtering • Legevisittar • Tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar: • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon • Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane. • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi • Førarkort Personlege eigenskapar: • Løysingsfokusert • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt • Ha evne og interesse for eldreomsorg • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde Me tilbyr: • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Godt fagleg miljø • Lønn etter tariff • Tilrettelagt årsturnus • Moglegheit for langvakter med lengre helgeintervall. Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning. Link til søknadsskjema: Søk her