
Vindafjord kommune Vindafjordtunet · Vindafjord
Vindafjordtunet søker 2-3 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar og vernepleiarar. Me har ledige stillingar blant anna innan demensomsorg, somatisk langtid o...
Vindafjordtunet søker 2-3 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar og vernepleiarar. Me har ledige stillingar blant anna innan demensomsorg, somatisk langtid og natt.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg miljø der bebuarane står i sentrum. Du «bur» i di avdeling, men samarbeider tett med kollegaer på tvers – her deler me kompetanse, støttar kvarandre og jobbar saman for best mogleg kvalitet.
No ønskjer me fleire med på laget som vil vere med å utvikle tenestene våre vidare – og bidra til gode dagar for både bebuarar og tilsette.
Vindafjordtunet gir tenester innan somatisk langtid, demensomsorga og natt. Nattpatruljen dekker bygdane Skjold, Vats og Vikebygd.
Me har eige produksjonskjøkken som lagar nydeleg mat til bebuarane våre og eigen tilsynslege som gjerne spelar på saxofonen 2 dagar i veka.
Me har gode rammer for å lukkast: moderne hjelpemiddel som takheis og digitale pasientvarslingssystem og IKOS-tavler for god oversikt i kvardagen. I tillegg har me servicemedarbeidarar og helgeassistentar som tek praktiske oppgåver – slik at du får bruke tida di på det som betyr mest: fag og pasient.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vere med å vidareutvikle helsetilbodet i Sandeid fengsel? Helseavdelinga i Sandeid fengsel søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar/vernepeiar. Me ser etter deg som vil vere med å vidareutvikle eit viktig helsetilbod. Fast 80 % stilling på dagtid. Sandeid fengsel er kategorisert som eit opent fengsel med lav sikkerheit, og har ein kapasitet på 88 innsette. Sandeid fengsel har eit variert tilbod kva gjeld aktivitetar/arbeid på dagtid, enten dette dreier seg om opplæring/skule eller praktisk arbeid. Kva får du jobba med hos oss? • Individuelle samtalar og medisinoppfølging. • Oppfølging, koordinering, rettleiing,- og undervisning. • Samarbeid med tilsynslege, spesialisthelsetenesta, skule og kriminalomsorga. • Labratoriearbeid. Me kan tilby: • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord) • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk • Rekrutteringstillegg: Kr. 10.000 i rekrutteringstillegg for sjukepleiarar, vernepleiarar innafor helse og omsorg. Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar. • Kandidatar med vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid oppfordrast til å søka. • Erfaring frå psykisk helse -/rusfeltet er ein fordel. • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Personlege eigenskapar: • Engasjert, løysingsorientert og relasjonsbyggjande. • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team. • Strukturert og god på å prioritere i ein hektisk kvardag. • Robust, trygg og open, med høg arbeidskapasitet. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Me har nå ein ledig fast sjukepleiarstilling ved Etne og Vindafjord interkommunale legevakt. Stillinga er 20%, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg. Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggarane våre - akkurat når dei treng det mest? Me søker deg som ønsker å kombinera faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter. Kvifor arbeidet betyr noko: Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg – kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet – og kvar vakt utgjer ein skilnad. Kva får du med å jobbe hos oss? Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor. Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst. Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus. Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid. Hovudarbeidsoppgåver • Jobbe i team med lege på vakt. • Prioritere rett pasient til rett tid. • Ta anamnese og vurdera tiltak. • Ivareta pasient og pårørande ved behov. • God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen. • Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller. • Laberatoriearbeid. Kvalifikasjonar • Du har autorisasjon som sjukepleiar. • Sjukepleiarar med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller legevakt er ønskeleg, men ikkje eit krav. • Du må kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg, og ha gode engelskkunnskapar. Skriftspråket hjå oss er nynorsk. Personlege eigenskapar: • Du har eit godt klinisk blikk, er trygg i vurderingar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. • Du handterer stress, kommuniserer godt og møter folk med respekt – også når det hastar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me kan tilby: • Ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt sjukepleiarfaget. • Eit fagmiljø som støttar deg – både i startfasen og vidare. • Moglegheit for etter- og vidareutdanning i tråd med kompetanseplan. • Gode kollegaer som bryr seg, og eit godt sosialt miljø. • Gratis parkering. • Frisk treningssenter tilbyr bedriftsrabatt. • Tilbod om bedriftskunstlag og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord). • Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar. • Lønn etter tariff. Andre opplysningar: • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Har du litt tid til overs og ynskjer å gjere ein forskjell i kvardagen for nokon andre? Vågå kommune søkjer engasjerte personar til oppdrag som støttekontakt/fritidskontakt. Som støttekontakt er du med på å støtte barn, ungdom, vaksne eller eldre som har behov for hjelp til å delta på fritidsaktivitetar. Støttekontaktordninga er ei teneste som skal medverke til å auke brukaren si oppleving av livskvalitet gjennom samvær med andre, skape ein meir aktiv kvardag og bidra til å få ei meiningsfull fritid. Tenestemottakarane våre har ulike interesser og behov, og vi treng difor støttekontaktar i ulik alder og av begge kjønn. Du treng inga formell utdanning -- det viktigaste er at du er påliteleg, har gode haldningar og eit ynskje om å vere der for andre. Vi legg vekt på å matche støttekontakt og tenestemottakar ut frå felles interesser, slik at begge partar får eit positivt utbytte av samværet og ein god relasjon til kvarandre. I søknaden er det difor viktig at du fortel litt om deg sjølv og kva du likar å gjere på fritida. Om oppdraget: Eit vanleg oppdrag er på om lag 2 timar i veka, men omfanget kan variere frå person til person -- enkelte har vedtak på opp til 6 timar i veka. Typiske arbeidsoppgåver vil vere: • Å skape glede gjennom samhandling • Å auke fysisk og psykisk livskvalitet • Å vere følgje eller hjelp til praktiske gjeremål som til dømes handling • Å stimulere til sosial aktivitet • Å medverke til nettverksbygging • Å følgje tenestemottakar til aktivitetar som til dømes kafè, trening, kulturtilbod eller gåturar • Skape tryggleik og motivasjon for å delta Støttekontaktar inngår oppdragsavtale med Vågå Kommune på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regler og avtaler. Timesats for 2026 ihht Gebyrregulativet er kr 206 pr time. Det vil bli utbetalt inntil kr 541 i utgiftsgodtgjersle pr månad etter framlagte rekningar, samt reisegodtgjersle etter statens satsar. Kvalifikasjonar • Du må vere 18 år eller eldre • Du er aktiv, engasjert og god til å byggje relasjonar • Det er viktig at du er påliteleg og held avtalar • Det er inga krav til formell utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt • Det er ikkje eit krav at du har førarkort og disponerer bil, men det er viktig at dette kjem fram i søknaden. • Politiattest må leggjast fram ved eventuelt tilbod om oppdrag Korleis søkje? Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no Søknadsfrist 30.09.2026 Søknadar blir vurdert fortløpande. Kontaktperson: Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer informasjon om tenesta. Det er høve til å få meir informasjon om ein eventuell tenestemottakar før du takkar ja til oppdraget. Tildelingskontoret v/ Mai Britt Myrum, tlf. 45343573 (ferie veke 29, 30 og 31) Vi ser fram til å høyre frå deg! Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.