
Vindafjord kommune Rus og psykiatri · Vindafjord
Vil du vere med å vidareutvikle helsetilbodet i Sandeid fengsel? Helseavdelinga i Sandeid fengsel søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar/vernepeiar. ...
Vil du vere med å vidareutvikle helsetilbodet i Sandeid fengsel?
Helseavdelinga i Sandeid fengsel søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar/vernepeiar. Me ser etter deg som vil vere med å vidareutvikle eit viktig helsetilbod.
Fast 80 % stilling på dagtid.
Sandeid fengsel er kategorisert som eit opent fengsel med lav sikkerheit, og har ein kapasitet på 88 innsette. Sandeid fengsel har eit variert tilbod kva gjeld aktivitetar/arbeid på dagtid, enten dette dreier seg om opplæring/skule eller praktisk arbeid.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Me har nå ein ledig fast sjukepleiarstilling ved Etne og Vindafjord interkommunale legevakt. Stillinga er 20%, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg. Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggarane våre - akkurat når dei treng det mest? Me søker deg som ønsker å kombinera faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter. Kvifor arbeidet betyr noko: Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg – kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet – og kvar vakt utgjer ein skilnad. Kva får du med å jobbe hos oss? Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor. Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst. Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus. Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid. Hovudarbeidsoppgåver • Jobbe i team med lege på vakt. • Prioritere rett pasient til rett tid. • Ta anamnese og vurdera tiltak. • Ivareta pasient og pårørande ved behov. • God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen. • Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller. • Laberatoriearbeid. Kvalifikasjonar • Du har autorisasjon som sjukepleiar. • Sjukepleiarar med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller legevakt er ønskeleg, men ikkje eit krav. • Du må kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg, og ha gode engelskkunnskapar. Skriftspråket hjå oss er nynorsk. Personlege eigenskapar: • Du har eit godt klinisk blikk, er trygg i vurderingar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. • Du handterer stress, kommuniserer godt og møter folk med respekt – også når det hastar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me kan tilby: • Ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt sjukepleiarfaget. • Eit fagmiljø som støttar deg – både i startfasen og vidare. • Moglegheit for etter- og vidareutdanning i tråd med kompetanseplan. • Gode kollegaer som bryr seg, og eit godt sosialt miljø. • Gratis parkering. • Frisk treningssenter tilbyr bedriftsrabatt. • Tilbod om bedriftskunstlag og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord). • Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar. • Lønn etter tariff. Andre opplysningar: • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Vindafjordtunet søker 2-3 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar og vernepleiarar. Me har ledige stillingar blant anna innan demensomsorg, somatisk langtid og natt. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg miljø der bebuarane står i sentrum. Du «bur» i di avdeling, men samarbeider tett med kollegaer på tvers – her deler me kompetanse, støttar kvarandre og jobbar saman for best mogleg kvalitet. No ønskjer me fleire med på laget som vil vere med å utvikle tenestene våre vidare – og bidra til gode dagar for både bebuarar og tilsette. Kven er me? Vindafjordtunet gir tenester innan somatisk langtid, demensomsorga og natt. Nattpatruljen dekker bygdane Skjold, Vats og Vikebygd. Me har eige produksjonskjøkken som lagar nydeleg mat til bebuarane våre og eigen tilsynslege som gjerne spelar på saxofonen 2 dagar i veka. Me har gode rammer for å lukkast: moderne hjelpemiddel som takheis og digitale pasientvarslingssystem og IKOS-tavler for god oversikt i kvardagen. I tillegg har me servicemedarbeidarar og helgeassistentar som tek praktiske oppgåver – slik at du får bruke tida di på det som betyr mest: fag og pasient. Kva får du jobba med hos oss? • Bidra aktivt til å skape eit trygt og godt bumiljø for bebuarane. • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver som kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak og medikamenthandtering. • Ha kontakt med pårørande og samarbeid med lege. • Delta i og bidra til palliasjonsomsorg. • Rettleie kollegaer og studentar, og delta i tverrfagleg samarbeid. • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling og kvalitetsforbetring av tenestene. • Arbeid i eit miljø tilrettelagt med gode hjelpemidlar og takheisar. • Arbeide i eit framtidsretta miljø med pasientvarsslingssystem og IKOS tavler. • Sjukepleieteam under utforming. • Fagdag kvar 6 veke. Me kan tilby: • Moglegheit for arbeid kvar fjerde helg (langvakter) • 25 000,- over KS garantilønn for arbeid på dag/kveld. • 40 000,- over KS garantilønn for arbeid på natt. • Sjukepleiarar får også lønn tilsvarande minimum 8 års ansiennitet frå start. • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per vakt når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma! • Stimuleringsordning for langvakter på helg, med kr. 500,- per langvakt laurdag og søndag. • Arbeidstidsordningar slik du ønsker: dag/kveld, reine langvakter eller ein kombinasjon langvakter/dag/kveld. Natt kan og kombinerast med dag/kveld. • Årsturnus • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan og med støtte frå arbeidsgivar. • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt. • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord) • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Personlege eigenskapar: • Du ønskjer å gjere ein forskjell – kvar dag – for menneska du møter. • Du er fagleg nysgjerrig og likar å finne nye og betre måtar å løyse oppgåver på. • Du står støtt i ein travel kvardag, tek ansvar og får ting gjort. • Du møter bebuarar med varme, respekt og fagleg tryggleik – også når behova er komplekse. • Du løftar blikket, ser kollegaene dine og bidreg til eit arbeidsmiljø der ein heiar kvarandre fram. • Du trivst best når du får samarbeide, dele og spele andre gode – fordi du veit at dei beste løysingane skapar vi saman. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Ønskjer du ein meningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Hustadvika politistasjon? Vi har no ledig fast stilling som etterforskar. Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Hustadvika er ein kommune der ein kan få sletta delar av studielån. Meir informasjon her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-ordning-for-sletting-av-studielan-no-startar-oppteninga/id3080225/ Hustadvika og Romsdalen byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Hustadvika? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • etterforskingsoppgåver • sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet • kriminalitetsførebyggande arbeid • publikumsmottak • samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode • andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga • bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga • moglegheit for støtteliste ved vakt og beredskap i Molde kvar fjerde helg (krev minimum IP4-godkjenning) • kan påleggast andre arbeidsoppgåver Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema • god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Det er også ønskjeleg med: • erfaring frå politistilling • gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen • erfaring frå etterforsking utover PHS • etter/-vidareutdanning innan etterforsking • anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring Personlege eigenskapar • motivasjon og interesse for etterforskingsfaget • gode samarbeidsevner • strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt • evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheter • ønskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • ei utfordrande og meiningsfull fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt • for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter. • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000 • Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000 • Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr 610 000 • ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse • mogelegheit for trening i arbeidstida • møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.