
Ullensvang kommune Rus og psykisk helse, Jondal · Ullensvang
Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for våre brukarar? Då er dette stillinga for deg! Ved rus...
Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for våre brukarar? Då er dette stillinga for deg!
Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar. Det er opna opp for at søkjar med annan sosial- helsefaglig utdanning også kan søkje på stillinga.
Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing.
Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar einskild brukar. Kvardagen i rus og psykisk helse er innhaldsrik og spanande, og oppgåvene me utfører er mange og varierte.
Stillingen inngår i todelt turnus med vakter på dag, kveld og helg.
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Avdelingsleiar Jondal, Synnøve Eiken
tlf: 903 68 901
e-post: synnove.eiken@ullensvang.kommune.no
Verksemdsleiar Rus og psykisk helse Ullensvang kommune, Nina Sandstå
tlf: 905 24 956
e-post: nina.sandsta@ullensvang.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som snart skal åpne? Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg. Vi har årsturnus. Hos oss skal det også jobbe helsefagarbeidarar og pleieassistentar. Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning. Om Såta bu- og servicesenter I september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik. Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Arbeidsoppgåver • Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar • Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane • Utføring og oppfølging av til dømes: • legemiddelhandsaming • ADL • sårstell • ernæring og væskebehandling • lindrande behandling • Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak • Veileding av kollegaer og studentar • Samarbeid med pårøyrande • Tverrfagleg samarbeid • Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar Kompetansekrav • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test Kven er du? Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig. Vi tilbyr • Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling • Årsturnus • Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen! Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten: Sjukepleiar 100% fast stilling i turnus, frå 17. august 2026. Det er turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då lengre helgeintervall. Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Me har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs. For sjukepleiarar som tek vakter ved legevaktsatellitten, blir det gitt eit årleg lønnstillegg på kr 30 000. Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen. Arbeidsoppgåver: • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon. • Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten • Heilskapleg pleie og omsorg • Rettleiar for studentar/lærlingar og andre • Delta i tverrfagleg samarbeid • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet • Medansvarlig for eit godt læringsmiljø • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet Sentrale ansvarsområde: • Pasientflyt • Pasientjournalsystem - LMP • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta • Medikamenthandtering • Legevisittar • Tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar: • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon • Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane. • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi • Førarkort Personlege eigenskapar: • Løysingsfokusert • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt • Ha evne og interesse for eldreomsorg • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde Me tilbyr: • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Godt fagleg miljø • Lønn etter tariff • Tilrettelagt årsturnus • Moglegheit for langvakter med lengre helgeintervall. Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning. Link til søknadsskjema: Søk her
Vi söker personal timanställning som övergår till halvtidstjänst om allt fungerar som det ska. Tjänsten är väldigt bred och inkluderar flera olika områden Vi söker dig som förstår känslan av god service. Fritt arbete under ansvar. Ni kommer att både arbete med privat och företagskunder. Vi söker personal som kan montera möbler utan problem. Ta hand om intag & uttag på lager, Erfarenhet av truckkörning förbereda för leveranser Arbetstiden kan variera från tidiga morgnar till sena kvällar, måndag till söndag Körkort är ett krav. Datorvana för att även kunna jobba med vår Biluthyrning. Hämta och Leverera bilar, Lämna ut nycklar & fordon till våra kunder Tvätt & städ av fordon. Telefonsupport , hjälpa kunder vid bokning. Fysiskt arbete därför krävs god fysik. Både kunna arbeta ensam och i grupp.