
Tysnes kommune · Tysnes
Me treng ein dyktig pedagog til teamet vårt! Er du ein barnehagelærar som er engasjert og tilstedeverande? Ønskjer du å bli ein del av eit fagmiljø i utviklin...
Er du ein barnehagelærar som er engasjert og tilstedeverande? Ønskjer du å bli ein del av eit fagmiljø i utvikling og full av moglegheiter? Då er du kanskje akkurat den me ser etter!
Tysnes kommune har ledig frå 01.08.2026 behov for barnehagelærar i ein 100 % fast stilling og inntil 60 % vikariat frå 01.08.26–31.07.27. I tillegg har med ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar. Me ber deg spesifisere kva stilling som er aktuell for deg.
Barnehagane i Tysnes kommune er kommunale og ligg spreidt i ulike bygder i kommunen, Våge, Lunde, Uggdal og Onarheim. Barnehagane fokuserer på eit trygt og inkluderande miljø der leik, omsorg og læring står sentralt. Me legg vekt på å gje barna gode opplevingar i eit trygt fellesskap.
Barnehagane er organisert under oppvekstområde i kommunen, og kvar barnehage har sitt eige preg og nærmiljø. samstundes som dei samarbeider om kvalitet og utvikling av barnehagetilbodet.
Aktuelle kandidatar vil bli konktakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i KLP- kommunenes pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Søvik barnehage har ei ledig fast 100% stilling som barnehagelærar frå 01.10.26 Søvik barnehage har tre avdelingar. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell. Barnehagen har eige naust, båt og gapahuk ved strandkanten. Vi søker etter deg som er aktiv, leiken, og engasjert og som bidrar til å skape eit trygt og godt barnehage-/ arbeidsmiljø til det beste for barna og kollegaene dine. Du er engasjert og omsorgsfull, og ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette med lang erfaring. Høyrest dette interessant ut, ønsker vi kontakt med deg og håper du vil søke på stillinga. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv. Arbeidsoppgåver • Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage). • Rettleie og bidra til at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet. • Planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda du er sett til. • Skape eit trygt, inkluderande og stimulerande læringsmiljø for alle barn. • Samarbeide tett med føresette og kollegaer for å sikre heilskapleg oppfølging av barna. Kvalifikasjonar • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutanning i barnehagepedagogikk. • Gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §18b. Personlege eigenskapar • Løysingsorientert, fleksibel og open for endring. • Sjølvstendig og synleg i gruppa. • Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet. • Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og på det som elles skjer på eigen arbeidsplass. • Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping. • Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs. • Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus. • Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar, som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon. • Vere ein god rollemodell. • Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/psykososialt miljø for både barn og vaksne; utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf. Barnehageloven. • Sikre barn sin rett til medverknad og involvering. Personlege eigenskapar, god arbeidskapasitet og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Vi tilbyr • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader. • Ein barnehage fint plassert, nær sjø, skog og skule. • Løn etter gjeldande tariff. • God pensjonsordning. KontaktinformasjonSynnøve Standal, Styrar Søvik barnehage, 90018161, synnove.kathrin.farstad.standal@haram.kommune.no ArbeidsstadPlassen 19 6280 Søvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5152810295 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026
Det er ledig 100% stilling som styrar i Syvde barnehage frå 01.09.2026 Syvde barnehage er ein barnehage med to avdelingar, som ligg fint til i Syvde med nærleik både til nærmiljø og turområde. Barnehagen har fokus på tidleg innsats, og har inkluderande barnehagemiljø og språk (ASK) som satsingsområde. I barnehagane i Vanylven har pedagogane oppdekt plantida si i tillegg til at ein har ein ekstra plandag per år. Arbeidsoppgåver Til å leie og vidareutvikle Syvde barnehage søkjer vi ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt pedagogisk arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge. Vi ønskjer ein person med interesse og engasjement for barnehageutvikling, og med ambisjonar om å vere med å skape ein endå betre barnehage i Vanylven. Vi søkjer ein person med godkjend pedagogisk utdanning, erfaring frå barnehage og som leiar. I tillegg ser vi gjerne at du har tilleggsutdanning i barnehageleiing/administrasjon og leiing/personalleiing. Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter. Styrar rapporterer direkte til kommunedirektør, og sit i kommunedirektøren si leiargruppe. Stillinga er 90% administrativ, medan 10% vil vere på avdeling eller dekke opp vikartimar. Kvalifikasjonar • Godkjent utdanning som barnehagelærar, eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. • God barnehagefagleg kompetanse • Bør ha utdanning og/eller erfaring frå leiing i barnehagefeltet • Praksiserfaring frå barnehagesektoren • Gode digitale ferdigheiter • God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk • God kunnskap om budsjett- og økonomiarbeid • God munnleg og skriftleg framstillingsevne Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevner • God på utviklingsarbeid • Evne til å motivere og engasjere • Strukturert og planmessig • Sjølvstendig og initiativrik • Imøtekomande og omgjengeleg • Veremåte som medverkar til eit godt omdøme for Vanylven Kommune • Trivast godt med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver • God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyr • Faglege utfordringar • Gode pensjonsordningar • Lønn etter avtale • Aktivt og godt arbeidsmiljø • Spenannde og utfordrande arbeidsoppgåver • Flexitid • Erfaringsdeling og god oppfølging • Gode forsikringsvilkår • Andre tillegg jfr Lønspolitisk plan Opplysningar om stillinga får du med ass. kommunedirektør Eli Tefre Nordal tlf 41424805 eller kommunedirektør Andreas Nørve, tlf 92 84 78 03 Lønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Det er krav om politiattest. KontaktinformasjonEli Tefre Nordal, kommunalsjef helse og omsorg, +47 41424805 Andreas Chr Nørve, Kommunedirektør, +47 92847803 ArbeidsstadKvia 10 6140 SYVDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommune Referansenr.: 5151472283 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Ledige vikariater som barne- og undomsarbeider/ assistent i Skare barnehage - 100 %, for barnehageåret 26/27. Oppstart 17.08.26 Hovudarbeidsoppgåver • Ha ansvar for å observere barna og å skape gode leike og utviklingsmuligheter for dei. • Sørga for eit godt foreldresamarbeid • Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn • Vere ein god rollemodel for dei andre tilsette, og barna, i barnehagen • Ansvar for å medverka til eit godt arbeidsmiljø • Utføre arbeid delegert av pedagogisk leiar og styrar Kvalifikasjonar • Utdanning: Barne- og ungdomsfag. Andre kan og verta vurdert i stillinga. • Erfaring er ynskjeleg • Digitale kunnskaper • Personlege eigenskapar- og interesse for faget vektlegges sterkt • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon Personlege eigenskaper: • Evne til å skapa gode relasjon til alle barn • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setta inn tiltak til det beste for barna • Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk • God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding • Løysningsorientert • Fleksibel og kreativ • Godt humør og positiv innstilling Vi tilbyr: • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø • Løn etter hovudtariffavtalen • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår. Krav: • Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju fortløpande. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her