
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift tekstilforsyning, Helse Bergen HF · Bergen
Er du interessert i menneske, logistikk og teknologi? Då kan du vere den rette til å leie produksjonseininga vår i Hospitaldrift Tekstilforsyning. Vaskeriet v...
Då kan du vere den rette til å leie produksjonseininga vår i Hospitaldrift Tekstilforsyning. Vaskeriet vårt søkjer ein ny seksjonsleiar. Her vil du møte engasjerte medarbeidarar og få ein aktiv og variert arbeidskvardag.
I tillegg til leiar- og driftsansvar for vaskeriet vil du arbeide med prosjekt innan tekstilforsyning til sjukehuset, prosjektstyring internt i vaskeriet og samarbeid med andre einingar i Hospitaldrift. Tekstilforsyning er éi av sju einingar i Hospitaldrift, som igjen er ei viktig avdeling i Drift/teknisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus. Divisjonen omfattar sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar.
Hospitaldrift Tekstilforsyning har som hovudoppgåve å levere ei berekraftig teneste og er hovudleverandør av tekstilar til sjukehusdrifta i Helse Bergen. Som seksjonsleiar får du gode moglegheiter til å utvikle seksjonen, medarbeidarane dine og deg sjølv. Ditt bidrag kan gjere kvardagen enklare for pasientar og tilsette ved sjukehuset.
Du vil ha ei sentral rolle i arbeidet med forbetringsprosessar og logistikk i eiga eining, i samarbeid med brukarane og kundane våre, samt med andre avdelingar ved sjukehuset.
Vi søkjer ein leiar som ser den enkelte medarbeidaren, bidrar til eit positivt og berekraftig arbeidsmiljø, og som kan vidareutvikle og forbetre prosessane og samarbeidsevna vår. Du vil få med deg dyktige medarbeidarar og nøkkelpersonar i drifta. Som seksjonsleiar inngår du i leiargruppa for eininga.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Hos oss får du leie ein viktig seksjon med eit samfunnskritisk oppdrag. Tekstilforsyning er ein sentral støttefunksjon som er avgjerande for smittevern, pasienttryggleik og effektiv sjukehusdrift.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKjersti Helen Røli Hope, Einingsleiar, 55974890
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5154936847
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.08.2026
Har du lyst til å bli seksjonsleiar i eit spennande og engasjert fagmiljø ved ei av Noregs største lungeavdelingar? Har du lyst til å bli seksjonsleiar i eit spennande og engasjert fagmiljø ved ei av Noregs største lungeavdelingar? Lungeavdelinga driv med spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med lungesjukdomar i Helse Vest. Vi har stor forskingsaktivitet i tett samarbeid med andre avdelingar og institusjonar, både regionalt og nasjonalt. Lungeavdelinga har omlag 180 årsverk og eit breitt pasientgrunnlag med rundt 2800 innleggingar (døgn- og dag) og 28000 poliklinske konsultasjonar årleg . Gjennom tett samarbeid med universitet og høgskular bidreg vi aktivt til forsking og fagutvikling. Vi jobbar kontinuerleg med kvalitetsforbetring gjennom 14 forbetringsteam. Som seksjonsleiar vil du spele ei viktig rolle i dette arbeidet, mellom anna gjennom rettleiing og oppfølging av faglege utviklingsprosjekt. Lungeavdelinga har to sengepostar med totalt 38 sengeplassar, samt ein stor og variert poliklinikk- og dagbehandlingseining. I tillegg er Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og Nasjonalt nettverk for langtids ventilasjonsbehandling (NNLTMV) knytt til avdelinga. Post 1 har 16 sengeplassar fordelt på to team; 8 sengeplassar til respiratorisk overvakingseining (ROE) som driv non-invasiv ventilasjonnstøtte og avvenning frå respirator, og 8 generelle lungemedisinske senger. ROE er leiande innan utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt og rapporterer data til Norsk intensivregister. Sengeposten har tett samarbeid med dei andre kirurgiske og medisinske intensiv- og overvakingseiningane ved sjukehuset. Post 3 har 20 lungemedisinske sengeplassar fordelt på to team. Eit team har hovudfokus på lungekreft og palliativ lungemedisin, og eit team arbeider med infeksjonssjukdommar, KOLS og tuberkulose. I tillegg behandlar vi mellom anna pasientar med pneumothorax, cystisk fibrose, lungefibrose, sarkoidose og lungeemboli. Posten har eit luftsmitteisolat med undertrykk og sluse for utreiing og behandling av pasientar med særleg smitteførande lungeinfeksjonar. Vi søkjer ein seksjonsleiar som er ein pådrivar for effektiv drift med høg kvalitet, og som er ein tydeleg og synleg leiar i arbeidsmiljøet. Du er oppteken av utvikling – både av fag, medarbeidarar og organisasjon, i tett samarbeid med leiarteam, tillitsvalde og verneombod. Samarbeid om drift og personell på tvers av lungesengepost 1 og 3 samt lungepoliklinikken er ein viktig del av leiaroppgåvene. Seksjonsleiaren bidreg aktivt til at avdelinga når sine mål, i tråd med helsepolitiske føringar og budsjett. Som seksjonsleiar vil du rapportere til direktøren, Sverre Lehmann, og du blir del av leiarteamet for heile Lungeavdelinga. Arbeidsoppgåver • Heilskaps- og resultatsansvar; økonomi, personal, fagleg utvikling • Kompetansebygging • Samarbeid med sideleiar og seksjonsoverlege • Seksjonsleiar er del av leiargruppa ved Lungeavdelinga og er med på å leie, og forme strategien for avdelinga • Driftsansvar for alle yrkesgrupper knytta til drift ved seksjonen • Samhandling eksternt og internt • Ansvar for arbeidstidsplanlegging • Dokumentasjon og evaluering av verksemda • Supervisjon av kvalitetsforbetringsteam Kvalifikasjonar • Leiarerfaring eller gode leiareigenskapar er ein fordel • Formell leiarutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav • Relevant sjukehuserfaring og erfaring frå arbeid med lungesjuke pasientar er ønskjeleg • Gode datakunnskapar • Sjukepleiar må ha norsk autorisasjon • God munnleg og skriftleg framstillingsevne Utdanningsretning • Sjukepleie • Organisasjon/administrasjon/leiing Personlege eigenskapar • Mål- og resultatorientert • Pasientorientert • God gjennomføringsevne og evne til å arbeide strukturert • Stor arbeidskapasitet • Pådrivar i utvikling av seksjonen og avdelinga • Toler å stå i krevjande situasjonar saman med medarbeidarar • Gode kommunikasjonferdigheiter og evne til å motivere og lytte • Tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar • Samarbeidsvillig og fleksibel • Medverke til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Leiarstilling med moglegheiter for fagleg- og leiarutvikling • Lønn etter avtale • Triveleg arbeidsmiljø • Høgt fagleg nivå • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring. • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) KontaktinformasjonSverre Lehmann, Direktør, 97197288 Solveig Margrethe Dale, Assisterende Direktør , 97505125 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5149870841 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.08.2026
Om stillinga Felles eining for påtale i Vest politidistrikt har ledig vikariat som politiinspektør SKO 0290 med funksjon som seksjonsleiar, med oppstart ca 1. oktober 2026. Stillinga er vikariat under foreldrepermisjon. Seksjonsleiar er ein del av leiargruppa til leiar for Felles eining for påtale, saman med seks andre seksjonsleiarar. Seksjon Hordaland har mellom 10 og 15 tilsette påtalejuristar og har mellom anna ansvaret for alle straffesakene i Geografisk driftseining Hordaland som ikkje blir handsama av spesialseksjonane. Seksjonen har dyktige og engasjerte juristar. Det er eit godt arbeidsmiljø blant juristane, med ein hektisk arbeidskvardag og med mange, til dels krevjande, saker. Stillinga er plassert i Bergen. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter personar som er interesserte i å drive utvikling og som vil vere med på å forma politiet i framtida. Vi stiller høge krav til sjølvstende, fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Arbeidsoppgåver • Dagleg drift av seksjonen med personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar • Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved seksjonen spesielt og i organisasjonen generelt • Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar • Drive utviklingsarbeid, endring og fornying av straffesakshandsaminga innan fagområda til seksjonen • Ansvar for systematisk kvalitetskontroll og oppfølging av den samla straffesaksporteføljen innan sitt ansvarsområde • Bidra til god samhandling med andre interne og eksterne aktørar • Systematisk oppfølging av kvar enkelt påtalejurist i porteføljehandteringa si • Leggja til rette for god påtalefagleg leiing av etterforskinga • Andre oppgåver pålagd av overordna • Jourtjeneste kan bli pålagd Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vera kvalifisert: • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitskap • Relevant fagleg kompetanse og arbeidserfaring innan påtalefeltet • Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis frå universitet eller høgskule • Leiarerfaring blir vektlagt og kan kompensere for manglande leiarutdanning (i vurderinga blir det lagd vekt på omfang, kompleksitet og tidsnærleik) • Kunnskap og erfaring med HMS • God skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk • God IT- og systemkompetanse • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju. Det er også ønskjelig med: • Kunnskap om personal- og økonomistyring • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg regelverk • Erfaring frå personalleiing • Lang og brei erfaring frå påtalemakta, herunder med etterforskingsleiing, fagleiing, påtalevedtak; og aktorering Personlege eigenskapar • Gode evner til å setje retning, drive endring og motivere sine medarbeidarar • Evne til handle i eit strategisk og heilskapleg perspektiv, og bidra til god verksemdsutvikling • Vere sjølvstendig og vedtaksfør med evne til å treffe avgjerder • Vere mål- og resultatorientert • Gode kommunikasjonsevner, vere løsningsorientert og ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Stillinga blir løna som politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar (stillingskode 0290) med årslønn: kr. 1.100.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninger. Les meir her. • Gode arbeidsbetingelser (godt arbeidsmiljø, dagtid, heimekontor, og trening i arbeidstida) Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Er du en trygg og ambisiøs leder og vil bidra i utviklingen av Bergen? Da har vi jobben for deg. Bergen skal være en attraktiv og levende by for alle. Som ansatt i Plan- og bygningsetaten er du en del av byens største fagmiljø innen byutvikling. Vi jobber med utvikling av den aktive, attraktive og bærekraftige byen gjennom behandling av plan- og byggesaker, vi fører tilsyn og utvikler innovative kartløsninger. Hos oss får du være med på spennende prosesser fra ideer og politiske beslutninger til realisering av fremtidens Bergen. Plan- og bygningsetaten er byens største fagmiljø innen byutvikling. Byplanavdelingen består av 70 kompetente byplanleggere som daglig jobber med å oppnå målene for hvordan Bergen skal utvikle seg. Avdelingen har ansvar for en rekke byutviklingsprosjekter som vil forme og utvikle byen i årene fremover. Vi har en ledig stilling som seksjonsleder på Private planer. God ledelse er et satsingsområde i etaten, og vi ser etter personer som har både gode lederegenskaper, og som har ambisjoner om å utvikle seg som leder. Som seksjonsleder vil du få en unik mulighet til å jobbe for å oppnå byutviklingsmålene til Bergen i nært samspill med forslagstillere, konsulenter, andre etater i Bergen kommune, samt regionale og statlige myndigheter. Vil du lede en seksjon med dyktige byplanleggere med komplekse arbeidsoppgaver innenfor et stort ansvarsområde? Da er dette utfordringen for deg. Arbeidsoppgaver • Personalansvar og lederoppfølging av seksjonens ansatte. • Organisere og prioritere arbeidsoppgaver og ansvarsområder som er tildelt seksjonen i samråd med seksjonens medarbeidere, seksjonsledere og avdelingssjef. • Sikre at seksjonen har tilstrekkelig kompetanse og kapasitet til å levere innenfor gjeldende rammer og prioriteringer. • Bidra til utvikling av seksjonene Private planer og Byplanavdelingen. • Delta og bidra i Byplanavdelingens ledergruppe. Kvalifikasjoner • Høyere utdanning innen relevante fagområder, fortrinnsvis på masternivå. • Relevant ledererfaring. • Erfaring med planlegging etter plan- og bygningsloven. • God norsk muntlig og skriftlig fremstillingsevne. Personlige egenskaper • Evne til å lede, motivere og utvikle selvstendige medarbeidere. • Systematisk tilnærming til organisering og planlegging av seksjonens oppgaver. • Faglig trygg med gode formidlingsevner. • Tillitsfull relasjonsbygger med gode samarbeidsevner. • Personlige egenskaper vektlegges. Vi tilbyr • Et hyggelig arbeidsmiljø preget av høyt tempo, høy kompetanse og stort engasjement. • Utfordrende og meningsfylte arbeidsoppgaver i Bergens største fagmiljø for byutvikling. • Fleksibel arbeidshverdag i flotte aktivitetsbaserte lokaler, med mulighet for arbeid hjemmefra. • Gode muligheter for faglig og personlig utvikling hos en solid og profesjonell organisasjon. • Systematisk lederutvikling og aktiv erfaringsutveksling mellom alle ledernivå i etaten. • Lønn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordninger. KontaktinformasjonVigdis Berge, Avdelingssjef, 926 41 624, vigdis.berge@bergen.kommune.no ArbeidsstedJohannes Bruns gate 12 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bergen kommune Referansenr.: 5126649410 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026