
Kirurgisk serviceklinikk/ hovud-hals, Helse Bergen HF · Bergen
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar, så kan dette vere stillinga for deg. Vi har ledig fast stilling som fagsjukepleiar innanfor fagfelt...
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar, så kan dette vere stillinga for deg.
Vi har ledig fast stilling som fagsjukepleiar innanfor fagfeltet nevrokirurgi. Dette er eit spennande fagfelt som utviklar seg raskt i.f.t. behandlingsmetodar, medisinteknisk utstyr og prosedyrar. Dette vil gi deg moglegheit for kontinuerleg fagleg utvikling. Vi har til saman 4,5 fagsjukepleiarar i vår seksjon, 2 på anestesi og 2,5 på operasjon som er fordelt innanfor nevrokirurgi og ØNH/KJeve-kirurgi.
Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med dei andre fagsjukepleiarane i seksjonen. Du vil også samarbeide opp mot nevrokirurgar, ulike avdelingar og leverandørar.
Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon.
Dagtidsstilling med evt. moglegheit for noko vaktarbeid.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonLisbeth Viken Aasarmoen, Seksjonsleiar, 55 97 06 51
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5119071933
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Vi søkjer ein engasjert og strukturert kollega som vil vere med på å løfte det faglege nivået på avdelinga vår. Ønsker du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar? Vil du ha ein arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid med fagleg utvikling, rettleiing og organisering? Hos oss får du ein unik moglegheit til å forme din eigen kvardag, samstundes som du sikrar at pasientane våre får det aller beste tilbodet. Som fagsjukepleiar vil du ha tett samarbeid med andre fagsjukepleiarane i operasjonsavdelinga. Du vil også samarbeide opp mot ortopeder, ulike avdelingar og leverandørar. Som fagsjukepleiar vil du også bli ein del av leiarteamet i vår seksjon. Arbeidsoppgåver • Systematisere, utføre og dokumentere klinisk fagutviklingsarbeid • Planlegge og organisere fagdagar og internundervisning • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette • Delta i den daglege drifta • Kontaktperson opp mot leverandørar • Bestilling/handtering av utstyr • Vere med på å utvikle og forbetre logistikken i seksjon • Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga • Gi faglig oppfølging • Stillingen vil være delt: 50/50 fag og klinisk arbeid. Kvalifikasjonar • Ha gode kunnskaper innen fagfeltet ortopedi • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Videreutdanning innan operasjon • Interesse for fag og fagutvikling • God IKT kompetanse • Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Du kommuniserer og samarbeider godt med andre • Du arbeider strukturert og målretta • Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team • Du trivast med å rettleie andre å få andre til å bli god • Du er serviceinnstilt og løysingsorientert • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Vi tilbyr • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø • Gode pensjons- og forsikringsvilkår • Eige program for nytilsette • Store faglege utfordringar • Dyktige medarbeidarar • Lønn etter tariff Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLinda Kristine Jansson, Seksjonsleiar, +47 99524423 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5151974807 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026
Fagutviklingssjukepleiar – operasjonsavdelinga (OPA) i kirurgisk serviceklinikk (KSK) Vil du vere med og utvikle operasjonssjukepleiefaget i ei av landets største operasjonsavdelingar? Vi har no ei sjeldan moglegheit: ei stilling som fagutviklingssjukepleiar hos oss blir ledig etter mange år med same medarbeidar. Dette er ei sentral rolle for deg som ønskjer å påverke utviklinga av faget og bidra til høg kvalitet i pasientbehandlinga. I Kirurgisk serviceklinikk (KSK), operasjonsavdelinga, har vi seks seksjonar som driftar operasjonsstover innan ulike fagfelt. Til saman arbeider om lag 185 operasjonssjukepleiarar hos oss. Som fagutviklingssjukepleiar vil du ha ei sentral rolle i å utvikle fag, kompetanse og kvalitet på tvers av desse fagmiljøa. Stillinga er organisert i operasjonsavdelinga (OPA) og rapporterer til avdelingssjef. Du vil samarbeide tett med fagsjukepleiarar og seksjonsleiarar, og med fagutviklingssjukepleiarar innan anestesi, intensiv og sterilforsyning. Rolla er sentral i arbeidet med fagutvikling, kompetansebygging og kvalitet i operasjonssjukepleiefaget. Du vil arbeide både strategisk og praktisk, i tett samarbeid med fagmiljøa i klinikken. Arbeidsoppgåver • Ha ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av undervisning innan operasjonssjukepleie • Medverke til systematisk kompetanseutvikling i tråd med klinikken sine planar • Planleggje og koordinere fagdager og opplæringstiltak • Ha ansvar for opplæringsprogram for nytilsette • Organisere kurs ved innføring av nytt utstyr og nye prosedyrar • Bidra i utvikling og oppfølging av strategiske kompetanseplanar • Leggje til rette for fagleg samarbeid på tvers av seksjonane • Delta i lokalt og regionalt fagutviklingsarbeid • Initiere og følgje opp fagutviklingsprosjekt • Delta i anbod og bidra i klinikken sitt anbodsutval Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i operasjonssjukepleie • Minimum to års relevant klinisk erfaring • Master i operasjonssjukepleie er ønskjeleg. Erfaring frå fagfeltet kan kompensere for manglande master • Svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Gode IKT-kunnskapar Personlege eigenskapar • Du har interesse for fagutvikling og ønskjer å påverke utviklinga av operasjonssjukepleiefaget • Du arbeider strukturert og evnar å følgje opp fleire prosessar samtidig • Du trivst med å undervise og formidle kunnskap • Du har gode samarbeidsevner og byggjer relasjonar på tvers av fagmiljø • Du tek initiativ og driv arbeid framover Vi tilbyr • Ei sentral fagutviklingsrolle i ei stor og spesialisert operasjonsavdeling • Moglegheit til å påverke kompetanse og praksis på tvers av seksjonar • Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement • Godt tverrfagleg samarbeid i klinikken • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSolveig Tveit Songstad, Avdelingssjef, +47 99609824 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5151860043 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen. Hva vi ser etter Kvalifikasjonar • Autorisert sjukepleiar • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid • Gode norskkunnskapar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Engasjert i fag og utvikling • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert • Gode samarbeidsevner og ein positiv rollemodell for kollegaer • Har evne til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag • Ønskjer å bidra til utvikling av arbeids- og fagmiljøet Arbeidsoppgaver Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene. Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg. Arbeidsoppgåver • Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving • Rettleie og støtte kollegaer og studentar • Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning • Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging • Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon Vi tilbyr • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. • Pensjonsordning i KLP.