
Universitetet i Bergen · Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfun...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Institutt for informatikk ønskjer å rekruttere ein førsteamanuensis i kvanteteknologi og kvanteberekning i innstegsstilling. Dette er ei åremålsstilling med varigheit i seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som professor ved slutten av tilsetjingsperioden.
Digitalisering av bedrifter, industri, offentleg administrasjon og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet vårt skal lukkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning på eit høgt internasjonalt nivå i algoritmar, bioinformatikk, informasjonstryggleik, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, visualisering og didaktikk. Tilknytte senter og laboratorium inkluderer Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab, som er ei viktig forlenging av instituttet sine aktivitetar innan utdanning og forsking.
Instituttet tilbyr utdanning for framtida på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Instituttet er i rask vekst med omsyn til talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå over 35 land, der 37 er vitskapelege tilsette og 50 er doktorgradskandidatar.
Kvanteteknologi er eit nytt satsingsområde ved Universitetet i Bergen. Fakultet for naturvitskap og teknologi etablerer no UiB Kvante – Senter for kvanteteknologi i Bergen, som vil vere forankra ved Institutt for informatikk og ha tett samarbeid med Institutt for fysikk og teknologi. Senteret, som blir operativt i august 2026, er finansiert av Trond Mohn Forskingsstiftelse og involverer både akademiske og industrielle partnarar. Institutt for informatikk deltek òg i det nye integrerte 5-årige masterprogrammet (sivilingeniør) i kvanteteknologi, som no tek opp dei første studentane. For å styrkje forskingskompetansen vår innan kvanteteknologi, samt undervisnings- og rettleiingskapasiteten i det nye studieprogrammet, lyser instituttet ut ei innstegsstilling.
Ved instituttet er fleire forskingsgrupper involverte i kvanteberekning og UiB Kvante; særleg forskingsgruppene innan sikker kommunikasjon, bioinformatikk, optimering og maskinlæring. Med denne utlysinga søkjer vi kandidatar som kan styrkje ei av hovudretningane i UiB Kvante: kvanteoptimalisering og simuleringar, med tydeleg vekt på maskinlæring. Vi søkjer spesielt kandidatar med ekspertise innan kvanteteknologi og kvanteberekning, og med kompetanse og sterk interesse for optimering eller maskinlæring (helst begge delar). Den som blir tilsett, vil bli medlem av forskingsgruppa innan anten optimering eller maskinlæring, og vil òg bidra til forsking, undervisning og rettleiing i gruppa.
Det er forventa at kandidaten søkjer ekstern forskingsfinansiering.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Personlege og relasjonelle kvalitetar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje når søkjarane blir evaluerte.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.
Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding. Universitetet i Bergen tilbyr pedagogisk opplæring og høve til å opparbeide utdanningsfagleg kompetanse for å kunne oppfylle krava innan den fastsette tidsramma.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan 3 år etter tiltreding.
Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Ordninga med tilsetjing i innstegsstilling skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til ein full fast stilling som professor. Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon. Alle tilsette ved Institutt for [institutt] vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet.
Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå, og dessutan rettleiing av minst ein ph.d.-student gjennom til fullført grad for å oppnå dei påkravde kvalifikasjonane til professor ved utløpet av 6-årsperioden.
Vi tilbyr
Søknaden skal innehalde
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ahmad Hemmati, Institutt for informatikk, telefon +47 55584163/e-post: Ahmad.Hemmati@uib.no eller instituttleiar Inge Jonassen telefon +47 55584713/e-post: Inge.Jonassen@uib.no.
For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Maria Svåsand, på telefon +47 55 58 86 62/e-post: maria.svasand@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Arbeidsavtalen, saman med utlysingstekst og stillingsomtale, fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som professor.
I tillegg til krava som følgjer av Reglement for ansettelse i undervisnings-og forskningsstillinger, rekrutteringsstillinger og lederstillinger på åremål, skal følgjande krav vere oppfylte for å få fast tilsetjing:
I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast professorstilling. Innan fire år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om professorkompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som professor.
Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.
Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgangen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa.
Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som professor.
For å få fast tilsetjing som professor ved Institutt for [institutt] (jamfør Kapittel 3. Undervisnings- og forskningsstillinger, rekrutteringsstillinger og innstegsstillinger i forskrift til universitets- og høyskoleloven) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande krav til professorkompetanse som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi.
Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.
Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis i italiensk ved Institutt for framandspråk Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei fast stilling som førsteamanuensis i italiensk ved Institutt for framandspråk. Planlagd oppstart er 1. august 2027 eller etter avtale. I stillinga får du ein unik sjanse til bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Innanfor desse faga blir det forska på språk, litteratur, historie/samfunn og fagdidaktikk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, kring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette. Faget har tilbod på alle nivå frå bachelorgrad til ph.d. Studietilbodet inkluderer og nettbasert vidareutdanning. Dei tilsette på faget er aktive forskarar med nettverk langt utover UiB og Noreg. Arbeidsoppgåver • Forsking innan fagområda italiensk språk, kultur og/eller litteratur, med om lag 46 prosent forskingstid. • Undervising på eit breitt spekter av kurs på bachelor- og masternivå, inkludert meir spesialiserte og avanserte kurs, samt rettleiing på alle nivå, medrekna ph.d. • Fysisk undervisning, nettbasert undervisning og hybrid undervisning (som kombinerer nett- og campusundervisning). • Deltaking i vurdering av skriftlege og munnlege eksamenar. • Undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan eige kompetanseområde ved andre fag eller institutt ved Det humanistiske fakultet etter behov. • Delta i utviklinga av faget og kurstilbodet. • Ta del i formidling og utvikling av forskingsmiljøet. • Deltaking i nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid. • Prosjektutvikling og søking av eksterne midlar. • Andre fagleg-administrative oppgåver. Kvalifikasjonar Søkjaren må ha: • Forskingskompetanse i italiensk språk, kultur eller litteratur som svarar til norsk doktorgrad. • Erfaring frå undervising og rettleiing i italiensk på minimum bachelornivå, og kompetanse til å undervise på alle nivå. • Dokumentert relevant utdanningsfagleg kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing, sjå Reglar for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB. Det er ein stor føremon med: • Dokumentert forskingsaktivitet og publiserte forskingsresultat utover doktorgrad innan italiensk språk, kultur og/eller litteratur med særleg vekt på 1900-talet og samtidskultur, eller italienske kulturuttrykk i ein internasjonal kontekst. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet blir det lagt særleg vekt på forsking frå dei siste fem åra. Det er ein føremon med: • Erfaring frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. • Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar. • Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging. • Kompetanse innan omsetjingsdidaktikk, inkludert erfaring frå omsetjing mellom eit skandinavisk språk og italiensk. • Kompetanse innan digital didaktikk, inkludert erfaring frå nettbasert undervisning og hybrid-undervisning (dvs. kombinasjon av campus- og nettundervisning) Instituttet ser etter ein kandidat som passar inn i forskings- og undervisningsprofilen på faget. Det blir lagt vekt på pågåande forsking og potensiale til å styrkje den faglege tyngda ved instituttet i åra framover. Administrasjonsspråket er norsk, og det er eit krav at den tilsette kan norsk på B2-nivå innan tre år frå tilsetjinga. UiB tilbyr norskkurs for tilsette frå utlandet. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som har: • Gode samarbeidsevner. • Gode evner til å kommunisere og samhandle med både studentar og kollegaer. • God formidlingsevne og entusiasme for arbeidet. • Ønske om og evne til å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. • Sjølvstende og fleksibilitet. • Vilje til å ta initiativ og ansvar. Vurdering av søkjarane Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité. I rangeringa av kvalifiserte søkjarar blir heile breidda av kvalifikasjonar trekt inn og vurdert eksplisitt etter følgjande prioritert rekkjefølgje: 1. Vitskaplege kvalifikasjonar. 2. Utdanningsfaglege kvalifikasjonar. 3. Kvalifikasjonar innan områda formidling, administrasjon og leiing. 4. Andre kvalifikasjonar som er relevant for stillinga slik ho er skissert i denne utlysinga. Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju og til å gje ei prøveforelesing. Det skal gjerast ei avsluttande vurdering av dei samla kvalifikasjonane. Vurderinga skal sjåast i lys av det karrierestadiet søkjaren er på. Det blir lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren og på at vedkomande er eigna for stillinga. Hos oss får du • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Attraktive vilkår for forsking, inkludert 46 prosent forskingstid i stillinga, og høve til å søkje forskingstermin. • Gode karrierevegar, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor etter ei akademisk kompetansevurdering basert på retningslinene frå Universitets- og høgskulerådet. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som førsteamanuensis (stillingskode 1011), som for tida svarar til ei brutto årsløn på 790 900,- til 830 900,- i full stilling. Vidare lønsopprykk etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, tilgang til uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Det er forventa at den tilsette hovudsakleg har arbeidsstaden sin på campus ved Universitetet i Bergen, deltek i den daglege drifta av instituttet og rettar seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga. Slik søkjer du stillinga Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst» ønskjer vi at du skriv om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga. • Under «CV» vil vi ha opplysingar om: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar, inkludert administrativ røynsle og andre relevante kvalifikasjonar. Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna. • Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument: • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skal lastast opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar. • Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat. Følg denne lenka for informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar. • Fullstendig liste over vitskaplege publikasjonar med lenker til fulltekst. • Inntil fem vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga. Arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar/kapittel. Dersom upubliserte arbeid blir lagde ved, må dette grunngjevast særskilt. Ved samforfattarskap må søkjaren gjere greie for kva bidraget hans/hennar er til publikasjonen. Trykk her for rettleiing til utforming av søknad. Søknadstekst, CV, vitnemål, karakterutskrifter og utdanningsfagleg mappe må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vitskapelege arbeid som skal takast omsyn til i vurderinga kan leggjast ved på originalspråket. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Nærare om tilsettingsprosessen her. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Martin Paulsen på m.paulsen@uib.no eller tlf. 55 58 23 86 eller fagkoordinator Marco Gargiulo på marco.gargiulo@uib.no eller tlf. 55 58 23 47. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no. Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er ein del av ERC Advanced-prosjektet «New Horizons of Parameterized Complexity» (NewPC). Om prosjektet/arbeidsoppgåver Prosjektet skal utvikle nye verktøy for å løyse optimaliseringsproblem som handlar om geometriske og algebraiske storleikar, som punkt, vektorar, lineære rom og matriser. Kvalifikasjonar og eigenskapar • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk (datavitskap), eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Erfaring og kompetanse innan algoritmar og teoretisk informatikk er eit krav. • Forskingserfaring dokumentert gjennom publikasjonar i leiande arenaer innan teoretisk informatikk (som FOCS/STOC/SODA/ICALP) eller AI-konferansar (som AAAI/IJCAI) er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Teoretisk datavitskap er ikkje klassifisert som eit sensitivt fagområde eller ei sensitiv teknologi etter gjeldande eksportkontrollregelverk. For stillinga gjeldt følgande Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. • medlemskap i Statens pensjonskasse • gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. • relevante attestar • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor ved Institutt for informatikk: Fedor Fomin, på e-post: Fedor.Fomin@uib.no ellar førsteamanuensis ved Institutt for informatikk: Kirill Simonov på epost: Kirill.Simonov@uib.no For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand, på e-post maria.svasand@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for helse- og sosialvitenskap, Senter for omsorgsforskning, vest (SOFV), er det ledig en treårig åremålsstilling i 100 % som postdoktor Fakultet for helse- og sosialvitenskap, Senter for omsorgsforskning, vest (SOFV) har ledig en treårig åremålsstilling som postdoktor knyttet til temaområdet e-helse/tjenester. Postdoktorstillingen vil være nært knyttet til et bredt tverrfaglig samarbeid om e-helse og tjenesteutvikling på tvers av forskningsmiljø ved alle de tre fakultetene ved HVL og forskningsgruppen Teknologi, helse og samfunn. Postdoktorarbeidet skal ha fokus på utforsking og utvikling av løsninger for digital hjemmeoppfølging for skrøpelige eldre med omfattende hjelpebehov i kommunale helse- og omsorgstjenester. Eksempler på sentrale forskningstema er digital infrastruktur (eventuelt utvikling av denne), organisatorisk kontekst, materialitet, estetikk og omgivelser. Samarbeid med en eller flere kommuner og private leverandører vil bli inngått. Et forskerteam av erfarne forskere er etablert på bakgrunn av HVLs tverrfaglige satsing på digital helse og samskaping av fremtidens e-helseløsninger, med bredt samarbeid med internasjonale forskere fra bl.a. Canada, Nederland og USA. Forskerteamet vil fungere som en støtte og ressurs for postdoktorprosjektet. Postdoktorprosjektet har utgangpunkt i en samskapingstanke i tråd med HVLs strategiske mål om tett samarbeid med samfunns- og arbeidsliv. Prosjektet vil kunne samarbeide med brukere, profesjonsutøvere, beslutningstakere og industrien for å utvikle løsninger for bedre helsetjenester til hjemmeboende eldre, der teknologiske løsninger kan inngå som en integrert del av tjenestene. Postdoktorprosjektet vil samarbeide med forskere fra helse-, ingeniør- og samfunnsfag og humaniora. Det forventes at postdoktoren deltar aktivt i den tverrfaglige forskningsgruppen Teknologi, helse og samfunn. Det er ønskelig med tiltredelse senest 1. desember 2026. Arbeidssted er ved Campus Haugesund, Campus Førde eller Campus Bergen ved SOFV i Alrek Helseklynge. Noe tilstedeværelse Campus Bergen ved Alrek Helseklynge, må påregnes. Ansvars- og arbeidsområde • Planlegging og gjennomføring av forskningsarbeid knyttet til utforsking og utvikling av nye løsninger for digital hjemmeoppfølging for skrøpelige eldre med omfattende hjelpebehov i kommunale helse- og omsorgstjenester • Utvikle egne forskingsspørsmål og teoretisk og analytisk rammeverk for forskningsarbeidet • Koordinere og gjennomføre dataetablering og analyser • Fremstille og presentere forskning i form av artikler, konferansebidrag og seminarvirksomhet • Bidra i forskningsgruppens aktiviteter Det forventes at postdoktoren er forfatter eller medforfatter av minst tre poenggivende publikasjoner i løpet av postdoktorperioden. Kvalifikasjoner Kriterier for ansettelse i stilling som postdoktor fremgår av Forskrift til universitets- og høgskoleloven (Universitets- og høyskoleforskriften). Søkere må ha oppnådd norsk doktorgrad, eller tilsvarende utdanning i utlandet, og kan ha en bakgrunn innen samfunnsvitenskapelige, ingeniørfaglige, humanistiske eller sosial/helsevitenskapelige fag. Avhandlingen må være levert til vurdering innen søknadsfristens utløp, og den må være godkjent før tilsetting kan skje. Den som tilsettes må arbeide i henhold til framdriftsplan og organisering skissert i prosjektbeskrivelsen. Det kan ikke ha gått mer enn 8 år siden disputas. Faglige kvalifikasjoner: • Faglige kvalifikasjoner innen det utlyste området, med hovedvekt i kvalitet på doktoravhandlingen og andre vitenskapelige arbeid • Kunnskap om helse- og omsorgstjenestene i Norge og om e-helsefeltet • Må ha gode språkkunnskaper i engelsk muntlig og skriftlig Ønskede kvalifikasjoner • Erfaring fra tverrfaglig forskningssamarbeid og søknadsskriving • Bred metodekompetanse og erfaring • Beherske norsk eller et annet skandinavisk språk Personlige egenskaper: • God evne til selvstendig og systematisk arbeid og tenkning, kritisk refleksjon • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Evne til å ta initiativ og ansvar Språkkrav Dersom den ansatte ikke har ferdigheter i norsk, svensk eller dansk på nivå A2 ved ansettelse, skal institusjonen tilby gratis norskopplæring med mål om å oppnå norskferdigheter på minimum dette nivået. Utdanningsfaglig kompetanse Utdanningsfaglig kompetanse er krav i alle undervisnings- og forskerstillinger. Dersom søker ikke allerede har utdanningsfaglig kompetanse som innfrir kravene til en stilling som førsteamanuensis, skal HVL tilrettelegge for at kompetanse oppnås i løpet av ansettelsesperioden. Pedagogisk kompetanse dokumenteres ved en pedagogisk mappe og en pedagogisk cv. Karriereplan Den som blir tilsatt skal i fellesskap med Senter for omsorgsforskning, vest utarbeide en karriereplan som spesifiserer den kompetansen postdoktoren skal opparbeide seg. Det skal settes kompetansemål både for postdoktorprosjektet og eventuelt annet karrierefremmende arbeid som legges til stillingen. Postdoktoren vil ha tilgang til karriereveiledning. Annet karrierefremmende arbeid kan for eksempel omfatte undervisning og undervisningsrelatert arbeid, opparbeidelse av norskkunnskaper og utdanningsfaglig kompetanse, bidrag i forskningsfellesskap, samarbeid med offentlige eller private aktører, med mer. En postdoktorstilling har som formål at den ansatte skal opparbeide seg en forskerprofil og kompetanse som gjør vedkommende kvalifisert for å søke stilling som førsteamanuensis. Stillingen kan i tillegg gi annen kompetanse med relevans for postdoktorens videre karriere. Hvordan søke på stillingen? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merket ”Søk stillingen” på denne siden. Søker skal skrive prosjektskisse på maks 5 sider der plan for forskningsarbeid knyttet til utforsking og utvikling av nye løsninger for digital hjemmeoppfølging for skrøpelige eldre med omfattende hjelpebehov i kommunale helse- og omsorgstjenester redegjøres for. Søknaden kan leveres på norske eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at søknader blir vurdert ut fra den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkers ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innen fristen, herunder masteroppgaven/hovedfagsoppgaven og inntil fem vitenskapelige arbeider de ønsker å ha med i vurderingen, fullstendig publikasjonsliste, eventuell prosjektbeskrivelse, attester og vitnemål. Dersom vitnemålene, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikke er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søker selv laste opp attesterte omsettinger. Hvis vedleggene overskrider 50 MB må de komprimeres før opplasting eller legges ved som lenke. Søkere med utenlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanningen samsvarer med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Se www.hkdir.no for mer informasjon om vurdering av høyere utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte grader fra utvalgte land. Dersom utdanningen til søkeren er dekket av ordningen med automatisk godkjenning, vil det være tilstrekkelig å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese mer om ordningen med automatisk godkjenning her. Vi gjør oppmerksom på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordningen til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så raskt som mulig når du vet at du vil søke på stillingen. Dersom du ikke har fått svar fra HK-dir innen søknadsfristen, legger du ved dokumentasjon fra HK-dir om at de har mottatt søknaden din. Søkere til vitenskapelige stillinger blir vurdert av en bedømmelseskomité. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitenskapelige arbeider. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkere bli innkalt til intervju. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget ved Høgskulen på Vestlandet. Søknadene blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalget. Søknader kan ikke sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskolen. Vi tilbyr: • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordninger i Statens pensjonskasse • Spennende fagmiljø med mulighet for kompetanseheving - og utvikling • Muligheter for trening i arbeidstiden Stillingen som postdoktor lønnes i stillingskode 1352 - postdoktor. Generell informasjon: Vi gjør oppmerksom på at unntak fra den offentlige søkerlisten blir behandlet etter reglene i Offentlighetsloven. Søkere som har anmodet om å ikke bli ført opp på den offentlige søkerlisten, vil bli varslet dersom slik anmodning ikke tas til følge. Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Det er derfor et personalpolitisk mål å oppnå en balansert alders- og kjønnssammensetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn, personer med nedsatt funksjonsevne og hull i CV. Tilsatt under forutsetning av at du får innvilget arbeids- og oppholdstillatelse. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskriften kan komme til anvendelse i behandlingen av søknadene. Kontaktpersoner ved Høgskulen på Vestlandet er: 1) Professor Frode Fadnes Jacobsen, prosjektleder +47 55 58 72 12 frode.fadnes.jacobsen@hvl.no 2) Daglig leder Janne Bjorheim Bøe +47 55 58 56 90 janne.boe@hvl.noProfessor