Hitta ditt nästa jobb i Vinje kommun. Utforska 3 aktuella annonser, se vilka arbetsgivare som rekryterar mest och matcha ditt CV mot marknaden.
På Rauland har me ledige helgestillingar kvar tredje helg, både vikariat og faste frå dags dato. I heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar og byggjer relasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenteret, som har opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen. Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen. Stillinga inngår i årsturnus. Me har også behov for deg som kan ta vakter på anretnings-kjøkkenet vårt. Kanskje har du nyleg gått av med pensjon, og ynskjer å ta nokre vakter innimellom når me har behov? Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid. Arbeidsoppgåver • Fagleg oppfylging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta. • Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen. • Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem. • Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar. • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta. • Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet. • Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, lærlingar, elevar og studentar ved behov. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som Helsefagarbeidar • Sjukepleiestudentar, elevar på vidaregåande/studentar og andre med relevant erfaring kan og bli vurdert • Erfaring frå pleie- og omsorgtenesta er ein fordel • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer • Førarkort klasse B Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetjing. Personlege eigenskapar • Du ynskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre. • Du er faglig nysgjerrig og ynskjer å utvikle deg vidare. • Du er trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten. • Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. • Du arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert. • Du trivst med ansvar og tek initiativ. • Du møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet. • Du har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Vi tilbyr • God forsikrings- og pensjonsordning • Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde • God opplæring og tett fagleg oppfølging • Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø • Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass • Gode lønnsvilkår med lokal stige • God forsikrings- og pensjonsordning Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no. KontaktinformasjonBjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553 ArbeidsstadSetali 6 3864 Rauland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5176321069 Stillingsprosent: 13% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026
Just nu listas 3 aktiva annonser i Vinje kommun. Indexet uppdateras flera gånger per dygn från direktanslutna arbetsgivare och rekryteringssystem.
Bland de största arbetsgivarna i Vinje finns Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune, Kjøkendrift, Vinje kommune, Økonomi og samfunn, Vinje kommune.
Ynskjer du å utvikle deg fagleg innan lønsfaget, og vera ein viktig ressurs i ein organisasjon i stadig utvikling? Som lønsansvarleg i Vinje kommune får du ei sentral rolle i Vest-Telemarks største arbeidsplass. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø i økonomiavdelinga, der læring, samarbeid og kontinuerleg forbetring står i fokus. Me ynskjer å leggje til rette for at du kan utvikle både fagkunnskap og erfaring, samstundes som du bidreg til å vidareutvikle og effektivisere arbeidsprosessane innan lønsområdet og grensesnittet mot rekneskap og HR. Som lønsansvarleg får du arbeide med komplekse og varierte problemstillingar, halde deg oppdatert på regelverk, og bidra til utvikling av gode rutinar og digitale løysingar. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag, bygge spesialkompetanse og vere ein sentral fagperson for heile organisasjonen. Økonomiavdelinga består av sju medarbeidarar med brei kompetanse innan løn, rekneskap, fakturering og økonomisk rådgiving. Me samarbeider tett, deler kunnskap og legg til rette for fagleg utvikling på tvers av ansvarsområda og tenesteområda. Velkomen med på laget! Arbeidsoppgåver • Fagansvar knytt til kommunens lønsarbeid • Ansvar for lønsprosessar frå A til Å • Systemansvar for lønssystemet og kvalitetssikring av overføring frå fagsystem • Ansvarleg for opplæring internt på avdelinga og ute i verksemdene • Kontakt og oppfylging mot kommunerevisjonen • Bistå leiarar og tilsette i løns- og HR-relaterte spørsmål i samarbeid med kommunen si HR-avdeling • Rapportering til offentlege myndigheiter • Avstemming av lønsrelaterte kontoar og oppfylging mot rekneskap • Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid og digitalisering av prosessar • Oppfylging av reiser, utlegg, fråvær og refusjonar Kvalifikasjonar • Utdanning på minimum bachelornivå innan rekneskap, revisjon eller økonomi, fortrinnsvis med 3-5 års relevant praksis • Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt • Gode digitale ferdigheiter og interesse for effektive arbeidsprosessar • God kjennskap til aktuelt lov- og avtaleverk • Kjennskap og erfaring frå ERP system til Unit4 og GAT er ein fordel • God økonomiforståing og evne til å arbeide sjølvstendig • Evne til å ta ansvar og takle mange arbeidsoppgåver • God evne til samarbeid Personlege eigenskapar • Du har evne til å organisere og arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig med arbeidsoppgåver, slik at du held fristar • Du har gode kommunikasjons- og relasjonseigenskaper • Du er nøyaktig og opptatt av detaljar • Du er strukturert, analytisk og har stor arbeidskapasitet • Du er proaktiv og løysningsorientert • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne • Du har evne til å motivere andre og jobbe i team Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Vi tilbyr • Ei spanande og viktig rolle i ein framtidsretta organisasjon • Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende • Faglege utviklingsmoglegheiter • Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår • Full barnehagedekning og hjelp til å skaffe bustad • God forsikrings- og pensjonsordning • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no. KontaktinformasjonTore Åsland, Økonomisjef, +47 95723348 ArbeidsstadVinjevegen 192 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5178437863 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026
Vil du vere med på å skape gode måltidsopplevingar for innbyggjarane i Vinje? Vinje kjøkkendrift søkjer ein engasjert og fagleg sterk assisterande kjøkkensjef som vil vere med på å vidareutvikle eit moderne og allsidig storkjøkken. Kjøkkenet er lokalisert ved Vinje sjukeheim og er ein viktig del av tenestetilbodet til kommunen. Som assisterande kjøkkensjef vil du vere kjøkkensjefen sin viktigaste samarbeidspartnar, og bidra til den daglege drifta av kjøkkenet. Du får ein variert arbeidskvardag med både faglege, praktiske og koordinerande oppgåver. Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team på fem medarbeidarar, som kvar dag arbeider for å levere trygg, næringsrik og velsmakande mat til ei rekkje brukarar og arenaer. Me har varierte arbeidsoppgåver og høgt fokus på kvalitet, samarbeid og kontinuerleg utvikling. I Vinje kjøkkendrift får du meir enn ein jobb. Du blir del av eit kompetent og positivt fagmiljø der arbeidet du gjer kvar dag betyr mykje for andre menneske. Me tilbyr ein variert arbeidskvardag, moderne produksjonsmetodar og moglegheit til å vere med og påverke utviklinga av kjøkkentenestene i kommunen. Me er stolte av å levere måltid som skapar glede, trivsel og god ernæring for mange menneske kvar dag. No håpar me du vil bli med på laget Vil du vere med og gjere ein forskjell gjennom gode måltid? Då ynskjer me å høyre frå deg! Startdato: 01.02.2027 Arbeidsoppgåver Assisterande kjøkkensjef skal organisere og leie produksjonen på kjøkkenet, med ansvar for mellom anna: • Fordeling av arbeidet etter menyplan og bestilling • Diettar, spesialkost/ ynskjekost • Daglig meny for kantinedrifta • Vareuttak for neste dags produksjon • Aktivt delta for å til einkvar tid å holde kjøkkendata oppdatert • Oppgåver innen IK-Mat og HACCP • Daglig produksjon og bestillingar, Varm mat produseres etter metodene sous vide og kok/kjøl Kvalifikasjonar • Fagbrev som kokk. • God kunnskap om ernæring og kosthold. • Gode IKT- ferdigheiter og helst kjennskap til kjøkkenets dataverktøy MATILDA, tidlegare AIVO. • Førarkort klasse B. • Må beherske norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Du har gode evne til samarbeid og kommunikasjon. • Du kan takle mange oppgåver på ein gong. • Du har vilje og evne til å ta ansvar. • Du har hjarte for ernæringsmessig riktig og velsmakande mat • Du er strukturert og ryddig Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Me tilbyr • God forsikrings- og pensjonsordning • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar • Løn etter avtale • Full opplæring på arbeidsoppgåver knytt til stillinga. • Arbeid på dagtid, ikkje kveld og helg. 37,5 timar pr veke Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no. KontaktinformasjonArild Norvik, Kjøkensjef, 48125204, arild.norvik@vinje.kommune.no ArbeidsstadVinjevegen 192 3890 VINJE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5177399163 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 22.09.2026