
Vågå Kommune Heimetenestene · Vågå
Ved Heimetenesta i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pa...
Ved Heimetenesta i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nært samarbeid med institusjon Vågåheimen, legetenesta, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget.
Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar og helsefagarbeidar, eller har byrja på desse utdanningane.
I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat, som etter avtale kan ligge mellom 50 og 100% stilling. Så her er det mogleg å finne ein stillingsstorleik som passar livet ditt!
Stillingane har arbeid i turnus på dag, kveld og helg.
Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus for fleire av stillingane, samt langvakt på vekedagar. Om du har andre ynskje for stillingsprosent enn det som er oppgjeve under, ynskjer vi likevel å høyre frå deg.
100% fast helsefagarbeidar
75% vikariat helsefagarbeidar - ledig ut 2027
100% vikariat sjukepleiar - ledig ut 2027
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar.
Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Fast stilling for sjukepleiar og/eller vernepleiar i inntil 60% stilling på natt, kan aukast til 100% med kombinasjon dag/kveld eller langvakter. Stillinga er ledig frå 20.april. Tilsetjing fortløpande. Om avdelinga Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum. Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning. Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka. Me tilbyr • fast rekrutteringstillegg for sjukepleiar og vernepleiar • årsturnus • gode forsikrings- og pensjonsordningar • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår • tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4. helg • tilrettelegging for vidareutdanning og anna kompetanseheving Kvalifikasjonar • norsk autorisasjon som sjukepleiar og/eller vernepleiar • gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar • gode datakunnskapar. Opplæring i fagsystem vil verta gitt • førarkort klasse B Sjukepleiar/vernepleiar studentar som er ferdig utdanna våren 2026 oppmodast til å søkje Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com) Me ynskjer deg som • er god på samarbeid • er fleksibel og ynskjer å ta ansvar • er ein positiv pådrivar i endringsarbeid og utvikling av tenestene Arbeidsoppgåver • utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare • dokumentera helsehjelp i journalsystem • bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid • bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt • vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak • bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande • tett samarbeid med kollegaer, fastlege, fysioterapeut, legevakt, og sjukehus. • oppfylgjing av studentar i praksis • ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Helgestillingar 30 % fast stilling – Mjøstølen avlastning Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer etter engasjerte og trygge medarbeidarar til faste helgestillingar i 30 % storleik ved Mjøstølen avlastning. Stillingane inngår i ei langvaktsordning med arbeid kvar tredje helg. Helgevakta består av ei kort vakt fredag ettermiddag/kveld, og 12,5-timarsvakter både laurdag og søndag. Stillingane passar ypparleg for deg som ønskjer ein meiningsfull deltidsjobb ved sida av studium eller anna arbeid. Vi ønskjer ein variert personalgruppe og oppmodar både helsefagarbeidarar, vernepleiestudentar og sjukepleiestudentar til å søkje! Studerer du sjukepleie eller vernepleie? > Ullensvang kommune har ein eigen, gunstig studentavtale for vernepleiar- og sjukepleiarstudentar i helgestillingar. Ta kontakt for meir informasjon om kva rekrutterings- og utdanningsfordelar dette kan gje deg gjennom studietida. Om Mjøstølen avlastning Mjøstølen tilbyr avlastningstilbod til barn og unge vaksne med ulike funksjonsvariasjonar. Vi har sterkt fokus på å skapa eit trygt, føreseieleg og utviklande miljø for brukarane våre, i tett samarbeid med deira pårørande. Lokala våre ligg sentralt i Odda, med kort veg til både vakker natur og offentlege tilbod. Arbeidsoppgåver Som helgestillingstilsett hos oss vil du ta del i kvardagen til brukarane våre og bidra til eit godt tilbod. Oppgåvene vil mellom anna vere: • Utøve målretta miljøarbeid og skape ein trygg, aktiv og føreseieleg kvardag ut frå brukarane sine individuelle behov. • Praktisk bistand, omsorg og rettleiing i dagleglivet sine gjeremål. • Handtere legemiddel og følgje opp helsefaglege rutinar (for dei med naudsynt kompetanse/kursing). • Bidra til eit godt, trygt og fagleg oppdatert arbeidsmiljø i samarbeid med resten av personalgruppa. Kvalifikasjonar • Du er utdanna helsefagarbeidar, eller student innan sjukepleie/vernepleie. • Andre med genuin interesse for fagfeltet og relevant erfaring vert også oppmoda til å søkje. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. • Erfaring med målretta miljøarbeid eller arbeid med menneske med funksjonsvariasjonar er eit føremon, men god opplæring vil bli gjeven. • Grunnleggjande digital kompetanse. Personlege eigenskapar Vi søkjer medarbeidarar som: • Er engasjerte, pålitelege og har gode evner til samarbeid. • Er fleksible og trivst i eit aktivt og variert arbeidsmiljø. • Møter brukarar, pårørande og kollegaer med varme, respekt og ein god porsjon humor. • Er trygge vaksenpersonar som bidrar positivt til fellesskapet. Vi tilbyr • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit sterkt fag- og fellesskapsmiljø. • Gunstig studentavtale for sjukepleie- og vernepleiestudentar. • Systematisk opplæring og rettleiing. • Løn etter hovudtariffavtalen. • Gode pensjons- og forsikringsordningar (IA-bedrift). Krav og vilkår • Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding. Oppstart • Etter avtale. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
*Heimetenesta ytre Sula har base ved Stadsnesvegen 9b i sentrum av Langevåg, 20 minutt å kjøre frå Moa. Avdelinga har omlag 22 årsverk, og dekker området vest for Veddefabrikken. *Avdelinga har ledig ei fast stilling for autorisert sjukepleiar frå -17.08.26.- Vi kan vere fleksibel på oppstart, og ekstravakter kan påreknas om ønskeleg. *2 delt turnus, valgfritt med langvakter kvar 4 helg eller tradisjonelle vakter kvar 3 helg. Arbeidstid mellom 08.00-22.00. Arbeidsoppgåver *Vi yt sjukepleie, praktisk og personleg bistand til heimebuande etter vedtak, og avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe. *I heimetenesta får du arbeide sjølvstendig, og arbeidet er både spanande og fagleg utfordrande. Arbeidet består i alt frå stell , sjukepleie prosedyre og medisinering til terminalpleie i tett og god dialog med fastlegane. *Avdelinga har godt omdøme og god fagkunnskap å lære vekk, så ikkje bli skremd frå å søke om du er ny. Ta gjerne ein telefon for meir informasjon, eller for å avtale ein tur innom om du lure på om dette kan vere stillinga for deg. Kvalifikasjonar*Autorisert sjukepleiar med datakunnskapar og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.Personlege eigenskapar *Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein stabil, fleksibel, tolmodig og pliktoppfyllande kollega med god framferd. *Du må like å arbeide med menneske med ulike utfordringar *Du må vere ressurs og løysingsorientert , ha evne til arbeide både sjølvstendig og i team. *Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar. Arbeidet kan vere fysisk belastande. *Personlege eigenskapar vert vektlagd. *Krav om førarkort *Oppgje referanse. Vi tilbyr * I tillegg til tariffløn har kommunen eit generelt tillegg på 6500,- for sjukepleiarar + 8000,- ekstra som kompensasjon for arbeid på helg. *Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning *Tilsetting på vanlege kommunale vilkår. *Eit stabilt og godt arbeidsmiljø med god fagkompetanse. Ein sosial gjeng både på jobb og i fritida. *Vi har fine arbeidslokale og gratis parkering *Abeidskle *Opplæring *Vi nyttar kommunale bilar i tenesta KontaktinformasjonSolgunn Eide , Avdelingsleiar, 95710263, Solgunn.Eide@sula.kommune.no Torunn Veddeng, Einingsleiar, +95710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no ArbeidsstadStadsnesvegen 9B 6030 Langevåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5148028540 Stillingsprosent: 85% Fast Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 02.08.2026