
Voss herad Område nord · Voss
Fast stilling for sjukepleiar og/eller vernepleiar i inntil 60% stilling på natt, kan aukast til 100% med kombinasjon dag/kveld eller langvakter. Stillinga er ...
Fast stilling for sjukepleiar og/eller vernepleiar i inntil 60% stilling på natt, kan aukast til 100% med kombinasjon dag/kveld eller langvakter.
Stillinga er ledig frå 20.april. Tilsetjing fortløpande.
Om avdelinga
Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum. Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning. Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka.
Me tilbyr
Kvalifikasjonar
Sjukepleiar/vernepleiar studentar som er ferdig utdanna våren 2026 oppmodast til å søkje
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer deg som
Arbeidsoppgåver
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vere med på laget vårt? Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig ei 70 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar, med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar. Vi har også ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar på dag/kveld, med arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar. Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktivitetar. I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar bli ledig. Skriv i søknaden kva stilling du søkjer. Arbeidsoppgåver • Ulike faglege prosedyrar • Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar • Arbeide etter behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar • Dokumentasjon i Helseplattformen • Praktiske oppgåver i seksjonen • Bruke "Kompetanseportalen" aktivt for å vedlikehalde kompetanse Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg • Må ha gode datakunnskapar • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Du arbeider sjølvstendig • Du er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre • Du bidreg til godt arbeidsmiljø • Du kommuniserar godt både internt og eksternt og kan takle raske omstillingar • Du evner å sette deg inn i nye, digitale løysingar • Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din. Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. KontaktinformasjonEline Gammelsæter, Seksjonsleiar, eline.gammelseter@helse-mr.no ArbeidsstadNøisomhedvegen 12 6416 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5140394326 Stillingsprosent: 70, 100% Fast, Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 16.08.2026
Om stillinga Modalen kommune har ledig ein fast stilling på inntil 100 % i pleie- og omsorgstenesta! Er du autorisert sjukepleiar eller vernepleiar? Vi søkjer deg som er interessert i å jobbe i eit tverrfagleg og oversikteleg miljø, med stort bredde i oppgåver og få brukarar. Her får du tid til å bli godt kjent med kvar enkelt og følgje desse tett opp i samarbeid med dyktige kollegaer. Vi søkjer deg som kan bidra til eit godt miljø for både bebuarar, pårørande og kollegaer. Modalstunet er kommunen sin einaste sjukeheim og er både institusjon og base for heimebaserte tenester. Der er i snitt mellom 6 - 10 bebuarar, samt eit aukande tal brukarar som får tenester levert i heimen sin. Hos oss vil ein raskt få god oversikt over- og kontakt med tenestemottakarar både i insitusjonen og heimebuande. Arbeidsteamet rundt pleie- og omsorgstenestene består av dyktige kollegaer som vil ønskje deg velkommen som ein viktig del av arbeidsfellesskapet. Det er ellers korte linjer i organisasjonen vår, då pleie- og omsorgsleiar sit i utvida strategisk leiargruppe saman med rådmann. Arbeidsoppgåver og ansvar • Dagleg heilheitleg oppfølging av både heimebuande og bebuarar på Modalstunet som mottek pleie- og omsorgstenester • Planlegging og evaluering av tenesta • Medansvar for utarbeiding og utvikling av system for å sikre brukarane sine rettar og moglegheiter • Bidra til å styrkje pasientsikringa • Bidra til at tenesta tek i bruk aktuelle digitale verktøy i drifa • Ansvarsoppgåver knytt til fagutvikling i personalgruppa • Delta i årsturnus; todelt turnus med langvaktar, men kan pårekne seg evt. noko natt. Tilpassing av langvaktar og evt. nattevaktar skjer i nærare dialog med deg og hovudtillitsvalde, og det vert jobba for å legge til rette for friperiodar i turnus. Kvalifikasjonskrav • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Sertifikat klasse B, for å kunne levere tenester til heimebuande • Norskkunnskaper min. nivå B1 • Grunnleggjande kompetanse på å ta i bruk digitale verktøy for å kunne planlegge for- og sikre at tenesta bruker desse på rett måte • Gyldig politiattest må leggjast fram før ein tek til i stillinga. • Det er eit føremon at du utviser god tolmod, samarbeidsevner og å kunne vere reflektert over rolla i samhandling og oppfølging av brukarar, pårørande og kollegaer. Personlege eigenskaper vert vektlagt. Våre ynskje om deg Vi ser etter deg som: • er fagleg nyfiken, glad i å drøfte faget ditt og oppteken av å bidra til kvalitetsforbetring i tenesta • er raus, utviser tolmod og er omgjengeleg • er oppeteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø • har høg gjennomføringsevne og ansvarskjensle i ord og handling • er reflektert og opptatt av god samhandling på tvers og bidrar til å få fram det beste i dei møter; både brukarar, pårørande og kollegaer • har eit særleg engasjement for å møte brukarar der dei er, viser omsorg og toleranse, og bidrar til eit positivt engasjement i miljøet. Me tilbyr • Tilsetjings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale • Eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitetsutvikling • Pensjonsavtale i KLP • Ekstraordinære goder i Modalen kommune for sjukepleiarar i turnus, jf. gjeldande retningsliner (med forbehald om endringar ved revisjon): • 30 000 kr i lønstilskot per år (full stilling) og direkte plassert i min. lønsansiennitet 10 år. Ved relevant helsefagleg utdanning på min. 60 stp., skal ein få endra sin stillingstittel og løn som spesialsjukepleiar • Butilskot (6000 kr/mnd) eller pendlartilskot (3000 kr/mnd) • 5 ekstra fridagar i året • Tilrettelegging for langvaktar i årsturnus • Nedbetaling av studielån på inntil kr 20 000,- (fell bort dersom ein mottek tilsvarande nasjonal ordning) • Moglegheit for å søkje lokale opplæringsmidlar ved relevant vidareutdanning • Moglegheit for gratis overnatting frå kvelds- til dagvakt på eige rom • Moglegheit for å leige bustad i Modalen dersom du ynskjer å prøvebu her.
Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver? Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til brukarar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Fokus for arbeidet i avdelinga vil være å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar. Vi har nært samarbeid med legekontor og rehabiliteringstenesta. Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar. Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen. Vi har besøkshund tilknytta avdelinga. Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar. Oppgi i søknaden om du ønsker anna stillingsbrøk. Arbeidsoppgåver • Grunnleggande sjukepleiaroppgåver som praktisk hjelp, medisinering, palliasjon • Tverrfagleg behandling saman med andre relevante faggrupper • Samarbeid og involvering av bebuar og familie Kvalifikasjonar • Vi søkjer etter ein autorisert sjukepleiar/vernepleiar • Krav om politiattest for stillinga. Personlege eigenskapar • Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for det • Gode faglege kunnskapar • Du må kunne arbeide systematisk etter daglege arbeidsplanar og rutiner • Du må være lojal mot arbeidsgivar og dine kollegaer og vise gode evner til samarbeid • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad. • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø • Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd. Vi tilbyr • Et positivt og engasjert fagmiljø • Interessante og varierte arbeidsoppgåver • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning. • Stipendordning for sjuke- og vernepleiarstudentar • Lokalt tillegg for helsepersonell: fagarbeidarar kr 5000,- pr år, høgskuleutdanna kr 6500,- pr.år (justerast etter stillingsprosent) • Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar og vernepleiar kr 8000,- pr år. Andre kr. 4000,- pr år. (justerast ikkje etter stillingsprosent) • Lokalt tillegg for 20 års ansiennitet kr 5716,- pr år • Tillegg for vidareutdanning • Tillegg for praksisrettleiarar for sjukepleiarstudentar, med og utan formell vidareutdanning • Gratis parkering KontaktinformasjonLine Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar korttids/rehabiliteringsavdelinga, 47518270, Line.Ostrem.Bjornevik@sula.kommune.no Grethe Juul Molvær, Einingsleiar, 95710256, grethe.juul.molvaer@sula.kommune.no ArbeidsstadStadsnesvegen 23 6030 Langevåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5128007258 Stillingsprosent: 61% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026