
Avdeling for teknologi og dataflyt, Klinikk for medisinske tenester og beredskap · Haugesund
Bli med og utvikle morgondagens helsetenester gjennom smartere bruk av data. Vi søker no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman. Helse Fo...
Bli med og utvikle morgondagens helsetenester gjennom smartere bruk av data. Vi søker no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman.
Helse Fonna byggjer no eit sterkt fagmiljø for teknologi og dataflyt, og vi søker ein funksjonsleiar for helsedata og dataflyt som vil spele ei nøkkelrolle i korleis vi samlar, forvaltar og brukar helsedata.
Hos oss får du kombinere leiing med operativt arbeid, påverke korleis system blir integrerte, og sikre at data flyt der det trengst – frå kliniske system og medisinteknisk utstyr, og etter kvart også frå pasientane sine heimar.
Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for teknologi og medisinsk utstyr (annonse ute). Du får personalansvar for ein seksjon med 21 medarbeidarar som jobbar med systemforvaltning, integrasjonar og helsedata/pasientdata. Rolla kombinerer operativt ansvar, fagleg leiing og prosjektarbeid – du vil vere tett på både folk, teknologi og leveransar, samstundes som du bidreg til å utvikle retning og beste praksis for dataflyt i Helse Fonna.
Dette er ein jobb med meining – der arbeidet ditt direkte bidreg til betre pasientbehandling, meir effektive arbeidsprosessar og auka kvalitet i helsetenesta.
Kva går jobben ut på?
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
KontaktinformasjonSimen Kjellberg, Avdelingsleiar, 90628019, simen.kjellberg@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5126114633
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2026
Ver med og sikre trygg og moderne teknologi for pasientbehandling. Vi søkjer no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman. Helse Fonna søkjer ein funksjonsleiar for teknologi og medisinsk teknikk som vil ha ansvar for ein kritisk del av helsetenesta – teknologien som blir brukt direkte i pasientbehandling. Dette er ein jobb med meining – der du bidreg til at livsviktig utstyr fungerer, er trygt å bruke og blir utvikla i takt med behova i helsetenesta. Du vil leie arbeidet med forvaltning, drift og utvikling av medisinteknisk utstyr, og vere eit viktig bindeledd mellom kliniske miljø, teknologi og leverandørar. Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for helsedata og dataflyt (annonse ute). Du får personalansvar for ein seksjon med 18 medarbeidarar innan medisinteknisk utstyr. Rolla kombinerer leiing, operativ oppfølging og fagleg utvikling – med ansvar for både dagleg drift og langsiktig utvikling av området. Dette er ei sentral rolle for pasienttryggleik og kvalitet i helsetenesta, der du samarbeider tett med kliniske miljø og brukarar. Du får ansvar for avansert og samfunnskritisk teknologi, og vil vere ein viktig bidragsytar i modernisering og digitalisering av medisinteknisk utstyr. Samstundes får du høve til å påverke korleis teknologi blir brukt i framtidas helsetenester, med stor påverknadskraft på prioriteringar og vidare utvikling. Kva går jobben ut på? • Leie og følgje opp det daglege arbeidet i seksjonen, med ansvar for drift og framdrift • Ha personalansvar og bidra til utvikling av medarbeidarar og fagmiljø • Sikre forsvarleg drift, vedlikehald og forvaltning av medisinteknisk utstyr • Planleggje og følgje opp anskaffingar, utskifting og livssyklus, samt bidra i investeringar og prioriteringar • Samarbeide tett med kliniske miljø, leverandørar og IT for å finne gode løysingar, sikre integrasjon og etterleving av lover og standardar Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, medisinteknikk, teknologi eller liknande • Erfaring med drift, forvaltning eller teknisk leiing. • Ønskeleg erfaring med medisinteknisk utstyr eller tilsvarande teknologiske miljø • Ønskeleg med erfaring med anskaffingar og leverandøroppfølging • Tilfredstille krava til DSB samtykke og reparasjon av elektromedisinsk utstyr er ein fordel • Kjennskap til regelverk for medisinsk utstyr er ein fordel • Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • er ein tydeleg og trygg leiar • har god teknisk forståing og interesse for medisinteknologi • er strukturert og evnar å prioritere i ein kompleks kvardag • har høg gjennomføringsevne • byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med tekniske og kliniske miljø • er oppteken av kvalitet, tryggleik og forbetring Personlege eigenskapar vert vektlagt Kvifor skal du velje oss? • Ei viktig leiarrolle i ei samfunnskritisk verksemd • Ein jobb med meining – du bidreg direkte til pasienttryggleik • Eit sterkt fagmiljø innan teknologi og helse • Gode utviklingsmoglegheiter • Trygge rammer og gode pensjonsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSimen Kjellberg, Avdelingsleiar, 90628019, simen.kjellberg@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5126115980 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.08.2026
Er du ein leiar som trivst med å vere tett på drifta – og som meistrar balansen mellom det strategiske og det operative? Då kan dette vere jobben for deg! I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å digitalisere verksemda og utnytte systema våre fullt ut. Vi nyttar Visma Enterprise Plus som ERP-system og Framsikt til budsjett- og rapportering. Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi søkjer no ein operativ og handlekraftig leiar som vil vere til stades i den daglege drifta og sikre framdrift og kvalitet i teamet. Arbeidsoppgåver Kjerneoppgåver i eininga • Remittering • Fakturering og purring • Fakturamottak • Avstemming av bankkonti og balanse • Anleggsmodul • Rapportering til myndigheitene (mva, KOSTRA mm) • Brukaradministrasjon i ERP-system, administrator betalingsløysingar • Brukarstøtte og saksbehandling i supportsystem • Periode- og årsoppgjer Arbeidsoppgåver Du vil ha personalansvar for eit fagleg sterkt team på 7 medarbeidarar på Leikanger. Som operativ leiar er du ein aktiv deltakar i den daglege drifta. Du er tett på oppgåvene, set retning og sikrar at teamet leverer til rett tid og med rett kvalitet. • Dagleg drift og leiing av eininga, inkludert medarbeidaroppfølging og kompetanseutvikling • Ansvar for å utarbeide og kvalitetssikre rekneskapen, inkludert utvikling og dokumentasjon av rekneskapsrutinar • Tilby interne kurs og generell opplæring innan rekneskapsområdet • Svare på rekneskapsspørsmål frå organisasjonen • Kontaktperson mot fylkeskommunen sin revisor • Kontaktperson for bankavtale og inkassoleverandør Kvalifikasjonar • Høgare økonomisk utdanning, minimum på bachelor-nivå • Erfaring frå rekneskapsarbeid i ei stor og kompleks verksemd • Relevant leiarerfaring – gjerne frå ei operativ leiarrolle • God forståing for rekneskapssystem og integrasjon av ulike system • Erfaring med prosjekt- og prosessrelatert arbeid er ein klar fordel • Erfaring frå offentleg sektor er ønskjeleg Personlege eigenskapar Du er en leiar som • Er operativ og til stades – du er ikkje redd for å ta tak i oppgåvene der det trengst • Har gode samarbeidsevner og skapar eit godt arbeidsklima • Har gjennomføringsevne og evnar å prioritere riktig • Er analytisk og strukturert i arbeidsforma • Evnar å skape tillit og aksept i organisasjonen • Har personleg integritet • Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg • Identifiserer deg med verdiane våre: kompetent, open og modig Vi tilbyr Hos oss får du: • gode moglegheiter for fagleg utvikling • løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor ( ta vekk det som ikkje passar) • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Kvifor velje oss? • Fagleg sterkt miljø – bli ein del av eit kompetent rekneskapsteam med høg fagleg integritet • Digital kvardag – vi har implementert moderne system og jobbar kontinuerleg med å utnytte dei fullt ut og forbetre prosessane • Tett samarbeid – du samarbeider med nøkkelressursar innan løn, innkjøp og IKT • Påverknadskraft – du får reell innverknad på korleis rekneskapsfunksjonen utviklar seg • Leikanger ved Sognefjorden – ein flott kontorstad med gode pendlarmoglegheiter KontaktinformasjonLinda Mæland Nipen, Seksjonsleiar, +47 41530118 ArbeidsstadAskedalen 2 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5149968771 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Det kan på sikt bli aktuelt med fleire kommunar i samarbeidet. Tilsynskontoret blir organisert som eit vertskommunesamarbeid etter kommunelova kapittel 20, med Bygland kommune som vertskommune. Kontoret vil vere lokalisert i Bygland kommune. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk leiar som skal byggje opp og leie det nye tilsynskontoret i ein viktig etableringsfase, og vidare sikre profesjonelt og heilskapleg tilsyn og saksbehandling innan avløp og forureining. Tilsynskontoret skal ha inntil tre 100 % stillingar, inkludert leiar. Talet på stillingar kan bli justert dersom fleire kommunar kjem med i samarbeidet. Arbeidsstad er Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen. Noko reiseverksemd må påreknast. Leiar for tilsynskontoret har overordna ansvar for: • Fagleg og administrativ leiing av kontoret. • Oppbygging og vidareutvikling av rutinar, system og fagmiljø. • Planlegging og prioritering av tilsynsaktivitet i tråd med nasjonale føringar. • Samarbeid med deltakarkommunane, Statsforvaltaren og andre relevante aktørar. Arbeidsoppgaver • Leiing og personalansvar for medarbeidarane ved kontoret. • Fagleg ansvar for tilsyn etter forureiningsforskrifta. • Saksbehandling etter forureiningslova og forureiningsforskrifta, inkludert pålegg, vedtak og oppfølging. • Utarbeiding og oppfølging av tilsynsplanar, årlege prioriteringar og rapportering. • Bidrag til at kommunane når målet om full regelverksetterleving innan 2033 i tråd med krav i vassforskrifta/EUs vassdirektiv. • Dialog og rettleiing overfor anleggseigarar, konsulentar og entreprenørar. • Samhandling med vassområdekoordinator og bidrag til heilskapleg vassforvaltning i regionen. • Budsjettoppfølging og forvaltning av sjølvkostfinansiert gebyrordning. Kvalifikasjoner • Relevant høgare utdanning (minimum bachelor), til dømes innan miljøteknikk, VA, naturforvaltning, bygg/tekniske fag eller tilsvarande. • God kjennskap til eller erfaring med forureiningslova og forureiningsforskrifta. • Erfaring frå offentleg forvaltning, tilsyn, saksbehandling eller myndigheitsutøving. • Leiarerfaring eller dokumentert evne til å leie faglege prosessar og team. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (nynorsk) Relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for formell utdanning. Personlige egenskaper • Er sjølvstendig, strukturert og trygg i rolla som myndigheitsutøvar. • Har god rolleforståing og høg grad av integritet. • Evnar å kombinere fagleg tyngd med god dialog og rettleiing. • Er samarbeidsorientert og trivst i eit interkommunalt fagmiljø. • Har gjennomføringsevne og trivst med å byggje opp nye strukturar. Vi tilbyr • Ei fagleg spennande og samfunnsviktig leiarstilling. • Moglegheit til å byggje opp og forme eit nytt interkommunalt fagmiljø. • Stabil arbeidsgjevar og ryddige offentlege rammevilkår. • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk. • Fleksibel arbeidstid. • Tenestebil til bruk i feltarbeid. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. KontaktinformasjonAslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675 ArbeidsstedSentrum 18 4745 Bygland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bygland Kommune Referansenr.: 5154796951 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026