
Stabseining samfunnsutvikling, Bygland Kommune · Bygland
Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Det kan på sikt bli aktuelt m...
Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Det kan på sikt bli aktuelt med fleire kommunar i samarbeidet. Tilsynskontoret blir organisert som eit vertskommunesamarbeid etter kommunelova kapittel 20, med Bygland kommune som vertskommune. Kontoret vil vere lokalisert i Bygland kommune.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk leiar som skal byggje opp og leie det nye tilsynskontoret i ein viktig etableringsfase, og vidare sikre profesjonelt og heilskapleg tilsyn og saksbehandling innan avløp og forureining.
Tilsynskontoret skal ha inntil tre 100 % stillingar, inkludert leiar. Talet på stillingar kan bli justert dersom fleire kommunar kjem med i samarbeidet.
Arbeidsstad er Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen. Noko reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsoppgaver
Kvalifikasjoner
Personlige egenskaper
Vi tilbyr
KontaktinformasjonAslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675
ArbeidsstedSentrum 18
4745 Bygland
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bygland Kommune
Referansenr.: 5154796951
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Om stillinga Voss herad har ein ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut, knytt til fysioterapiavdelinga og Friskliv og meistring. Stillinga er organisert under ergo- og fysioterapiavdelinga, i avdeling for førebygging og rehabilitering. Arbeidet vil i hovudsak vera knytt til drift av eit interkommunalt Frisklivs- og meistringstilbod (FoM) for kommunane Voss, Eidfjord, Ulvik og Vaksdal og som fysioterapeut i Voss herad. FoM er eit lågterskel, helsefremmande og førebyggande tilbod i helse- og omsorgstenesta. Tenesta gir støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar gjennom individuell veiledning og gruppebaserte tilbod. Me ynskjer å styrke deltakaranes helsekompetanse med vekt på levevanar og meistring. Tilbodet fylgjer Helsedirektoratet sine anbefalingar for kommunale Frislivssentralar. Du vil også jobbe som fysioterapeut med ulike arbeidsoppgåve og etter behov i avdelinga. Du vil jobbe inne på avdeling og heime hjå brukar. Arbeidsoppgåve Som fysioterapeut i Voss herad arbeider du i samråd med det tenestetilbodet avdelinga tilbyr og ut frå gjeldande prioriteringar og prioriteringsnøkkel. Merk at oppgåvene kan endra seg etter behov frå tenesta/heradet. • Utføre arbeid i eit aktivt og velfungerande interkommunalt frisklivs- og meistringstilbod etter dei føringar det interkommunale frisklivsteamet, frisklivskoordinator og leiar legg. • Undervise og halde kurs ved frisklivstenesta, i hovudsak standardiserte kurs utvikla av Helsedirektoratet og Rådet for psykisk helse • Motivera deltakar til å endre levevanar, og meistre å leve med helseutfordingar. • Undervisning av helsepersonell til dømes på fagdagar og internundervisning. • Bidra aktivt i endringsprosessar og medverka til utvikling av tenesta. • Tilrettelegging og motivering for fysisk aktivitet individuelt og i gruppe • Fylgje opp pasientar i brukars eigen heim • Vera fysioterapeut for inneliggjande pasientar på korttidsavdelinga og jobbe tverrfagleg og tett med andre fagpersonar for å gje pasient eit best mogleg rehabiliteringsopphald • Arbeide kunnskapsbasert. • Halde deg oppdatert på dei endringar og føringar som vert lagt nasjonalt for drift av eit kommunalt frisklivs- og meistringstilbod. • Bidra til opplæringa av turnuskandidat/studentar i ergo og fysioterapiavdelinga og andre studentar som hospiterer ved tilbodet • Jobb med prosjekt og vere prosjektleiar ved behov • Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre terapeutane, og anna helsepersonell i heradet, ut frå gjeldande målgruppe. Me ynskjer Kvalifikasjonar: • Krav om godkjent fysioterapeut med autorisasjon jfr. helsepersonellova • Det er ynskjeleg med brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi • Det er ynskjeleg med erfaring som fysioterapeut frå kommunehelsetenesta, også kunnskap og erfaring kring effektive metodar for endring av levevaner, som til dømes motiverande intervju. • Ynskje om kunnskap om og kursleiarkompetanse på dei standardiserte kursa KiB, KiD, «Hverdagslede», Bra mat for betre helse, Sov godt og Tobakksfri • Det er eit ynskje om kunnskap og erfaring kring ernæring, psykisk helse, fysisk aktivitet, helsefremjande og førebyggjande arbeid. • Ynskje om instruktørkompetanse i MediYoga • Du må kunne halde foredrag og undervising kring relevante tema knytt til friskliv- og meistring for deltakar, men også opplæring av anna helsepersonell i heradet. • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg • Krav om førarkort klasse B Personlege eigenskapar: • Ein fleksibel og lojal terapeut ovanfor kollega, pasient og arbeidsgjevar • Evner å arbeide sjølvstendig og i team • God evne til samarbeid og kommunikasjon • Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil • Er ansvarsbevisst og strukturert • At du har god endringsvilje og kunnskap om kommunens struktur og framtidsvisjon • Har interesse for å utvikle ein kunnskapsbasert fysioterapiteneste i tråd med gjeldande lovverk, reformar, planar og utfordringar i heradets helseteneste • Personleg eigenskapar vil tilleggas avgjerande vekt • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga Me tilbyr: • Gode vilkår for fagleg utvikling • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Gode pensjonsordningar • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden og presiser kva stilling du søker på. Link til søknadsskjema: Søk her
Legar i rotasjonsordning Er du spesialist i allmennmedsin eller lege under spesialisering (ALIS) og på utkikk etter nye moglegheiter? Me søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig lege som ynskjer å bli ein del av eit moderne og framtidsretta legekontor. Me er inne i ein spennande fase med reorganisering og vidareutvikling av kontoret. Der me har stort fokus på kvalitet, effektiv drift og eit godt tilbod til våre pasienter. Du vil få moglegheit til å væra med og påverka utviklinga av arbeidsplassen. Om arbeidsstaden: Ved Voss legekontor er det 9 fastlegeheimlar, 1 LIS1 lege, 6 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. I løpet av 2026-2027 skal ein tilbakeføre 2-4 legeheimlar til næringsdrivande fastlegar. Fastlegane deltek i rotasjon på daglegevakt, som for tida er stasjonert i akuttmottak ved Voss sjukehus. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og held for tida til i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gjev eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per i dag ca. 2-4 vakter i månaden. Me kan tilby alternativ arbeidsordning. Der du vil ha vekselvis arbeidsbolkar på fire veker kurativt arbeid ved Voss legekontor/ bunden tid og fira veker arbeidsfri/ ubunden tid. Inntill 20% av stillinga kan disponerast til kommunale oppgåver. Du får ei eige fastlegeliste og ein vil væra fråværsassistent for kvarandre i rotasjonsordninga. Fire av vekene er bunden kurativt arbeid ved Voss legekontor og fire veker ubunden tid som vil innehalde ubunden administrasjonstid. Ferie avviklast i samarbeid med friperioden. Me tilbyr: • Lyse, moderne og trivelege lokale • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • Skybasert journalsystem (Webmed) • Moglegheita til å bidra aktivt i utviklinga av eit legekontor i positiv retning • Listetak vert fastsett etter om ein har kommunale oppgåver eller ikkje • Voss herad er godkjent som utdanningsverksemd , me tilbyr ALIS- avtale med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta. • Konkuransedyktige betingelsar med insentiv, med atterhald om politisk godkjenning • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som lege • Spesialist i allmennmedisin eller lege som har ynskje og interesse for å bli spesialist i allmennmedisin • Godkjent LIS1 tjeneste i Norge • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg • Førarkort klasse B • Den som vert tilsett må ha rett til å motta trygderefusjon Me ynskjer deg som: • Er spesialist i allmennmedsin eller under spesialisering (ALIS) • Er interessert i allmennmedisin og fagutvikling • Både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team • Har gode evner til samhandling og ynskjer å bidra til eit positivt arbeidsmiljø • Er fagleg engasjert og opptatt av pasientbehandling av høg kvalitet • Er ansvarleg og løysingsorientert • Er fleksibel og utviklingsorientert Arbeidsoppgåver: • Kurativ legeteneste ved Voss legekontor • Dokumentering i Webmed journalsystem • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid • Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid • Deltaking i daglegevaktsordning lokalt for Voss herad i tillegg til vakter ved Voss interkommunale legevakt Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden Link til søknadsskjema: Søk her
Voss legekontor søkjer etter Spesialist i allmennmedisin Er du spesialist i allmennmedsin og på utkikk etter nye moglegheiter? Me søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig lege som ynskjer å bli ein del av eit moderne og framtidsretta legekontor. Me er inne i ein spennande fase med reorganisering og vidareutvikling av kontoret. Der me har stort fokus på kvalitet, effektiv drift og eit godt tilbod til våre pasienter. Du vil få moglegheit til å væra med og påverka utviklinga av arbeidsplassen. Om arbeidsstaden: Ved Voss legekontor er det 9 fastlegeheimlar, 1 LIS1 lege, 6 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. I løpet av 2026-2027 skal ein tilbakeføre 2-4 legeheimlar til næringsdrivande fastlegar. Fastlegane deltek i rotasjon på daglegevakt, som for tida er stasjonert i akuttmottak ved Voss sjukehus. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og held for tida til i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gjev eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per i dag ca. 2-4 vakter i månaden. Me tilbyr: • Lyse, moderne og trivelege lokale • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • Skybasert journalsystem (Webmed) • Moglegheita til å bidra aktivt i utviklinga av eit legekontor i positiv retning • Listetak vert fastsett etter om ein har kommunale oppgåver eller ikkje • Voss herad er godkjent som utdanningsverksemd , me tilbyr ALIS- avtale med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta. • Konkuransedyktige betingelsar med insentiv, med atterhald om politisk godkjenning • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som lege • Spesialist i allmennmedisin eller lege som har ynskje og interesse for å bli spesialist i allmennmedisin • Godkjent LIS1 tjeneste i Norge • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg • Førarkort klasse B • Den som vert tilsett må ha rett til å motta trygderefusjon Me ynskjer deg som: • Er spesialist i allmennmedsin • Både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team • Har gode evner til samhandling og ynskjer å bidra til eit positivt arbeidsmiljø • Er fagleg engasjert og opptatt av pasientbehandling av høg kvalitet • Er ansvarleg og løysingsorientert • Er fleksibel og utviklingsorientert Arbeidsoppgåver: • Kurativ legeteneste ved Voss legekontor • Dokumentering i Webmed journalsystem • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid • Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid • Deltaking i daglegevaktsordning lokalt for Voss herad i tillegg til vakter ved Voss interkommunale legevakt Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden Link til søknadsskjema: Søk her