
Gulen kommune · Gulen
Gulen kommune søker helsefagarbeidarar til faste helgestillingar i Sone BBD med fokus på tett tverrfagleg samarbeid og god oppfølging av brukarane.
Gulen kommune søker helsefagarbeidarar til faste helgestillingar i Sone BBD med fokus på tett tverrfagleg samarbeid og god oppfølging av brukarane.
Gulen kommune har ledig fylgjande helgestillingar i Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale:
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Fleire av studentane våre har fullført studier og skal over i nye stillingar. Me søker deg som ønsker å ha fast helgestilling i heimetenesta aust og på korttids- og rehabiliteringsavdelinga i Time kommune. Avdelingane held til sentralt på Bryne og ligg i gangavstand til togstasjonen. Ønsker du eit godt arbeidsmiljø med mange læremoglegheiter er dette plassen for deg. Me tilbyr gode studentordningar for sjuke- og vernepleiarstudentar. Avdeling aust: Avdelinga held til på Sivdamsenteret på Bryne og gjev heimetenester i brukaren sin heim. Nattpatrulja dekker heile kommunen. Kortids- og rehabiliteringsavdelingen: Avdelinga ligger i 2. etasje på Sivdameheimen og har 24 plasser. Me har lindrande senger ved avdelinga og dyktige dedikerte medarbeidarar. Det er stor variasjon i pasientgruppa. Me har ledig fast helg med arbeid dag og kveld kvar 3. helg. Arbeidsoppgåver - Pleie og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim og på avdeling. - Oppfølgning av ernæring - Legemiddelhåndtering - Dokumentasjon etter lov og forskrift - Samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer - Turnus med arbeid kvar 3. helg. Kvalifikasjonar - Offentleg godkjenning som sjukepleiar eller helsefagarbeidar - Sjuke-/vernepleiestudentar vert oppmoda til å søka. - Studentar og elevar med anna relevant bakgrunn vil verta vurderte - Erfaring frå heimeteneste og rehabilitering vert lagt vekt på Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg. Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2. Du må vera over 18 år. Du må ha sertifikat for personbil for å arbeida i heimetenesta. Det er krav om politiattest. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring. Du må ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera ansvarsbevisst. Du har evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet. Du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vert vektlagd. Vi tilbyr - Gode pensjonsordningar - Løn etter tariff/avtale - Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø - Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling - Gode stipendordningar for sjuke- og vernepleiestudentar. Fast stilling 14-21 % dag og kveld 3. kvar helg. Ønsker du å få eit innblikk i vår kvardag sjå filmen vår under her: https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02 Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonJeanette Øyen, Avdelingsleiar heimetenesta aust, 45204744, jeanette.oyen@time.kommune.no Anlaug Øie, Avdelingsleiar kortids- og rehabiliteringsavdelinga, 47628866, anlaug.oie@time.kommune.no ArbeidsstadRøyrvika 12 4340 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5151980713 Stillingsprosent: 14% Fast Søknadsfrist: 12.08.2026
Skei bu- og miljøteneste yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming. Tenestene inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivets funksjonar som ernæring/ hygiene, sosiale ferdigheiter og aktivitetar. Personalbasen er nær knytt opp til bufellesskapet med 7 leilegheiter. Vi vil at våre tenester skal gje dei som bur her gode opplevingar, meiningsfulle aktivitetar og trygge dagar og netter. Vi ser etter deg som vil vere med på dette. Vi har ledig faste stillingar: • 1x 80% nattevakt frå 01.10.26 • 1x 20% helgestilling kvar 3.helg frå snarast • 1x 25% helgestilling kvar 4.helg i langvaktturnus frå snarast Utdanningskrav: • til nattevaktsstillinga: helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning • til helgestillingar: fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar • studentar som tar relevant helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning • vi oppmodar og andre med erfaring eller interesse for denne type arbeid om å søkje, om du ikkje har relevant utdanning til stillingane, tilset vi i mellombelse stillingar Studentar som tek vernepleie- eller sjukepleiarutdanning har eiga lønnsramme med stigande løn under studiet. Vi søker deg som: • har ynskje om og glede av å arbeide med menneske med samansette behov • er ein pådrivar til å motivere og aktivisere brukarane, og som trivst å vere ute og vere fysisk aktiv • er roleg og kan handtere krevjande situasjonar • har evne til å arbeide både i team og sjølvstendig • har gode samarbeidsevner, bidra til eit godt arbeidsmiljø der ein har fokus på å spele kvarandre gode Krav til søkar: • godkjent politiattest av ny dato • fordel med førarkort for bil • er god i norsk, munnleg og skriftleg • personlege eigenskapar vektast høgt Velkomen som søkar! Du må søke elektronisk! Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blirgjortunntaksvisog du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden Link til søknadsskjema: Søk her
Helgestillingar 30 % fast stilling – Mjøstølen avlastning Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer etter engasjerte og trygge medarbeidarar til faste helgestillingar i 30 % storleik ved Mjøstølen avlastning. Stillingane inngår i ei langvaktsordning med arbeid kvar tredje helg. Helgevakta består av ei kort vakt fredag ettermiddag/kveld, og 12,5-timarsvakter både laurdag og søndag. Stillingane passar ypparleg for deg som ønskjer ein meiningsfull deltidsjobb ved sida av studium eller anna arbeid. Vi ønskjer ein variert personalgruppe og oppmodar både helsefagarbeidarar, vernepleiestudentar og sjukepleiestudentar til å søkje! Studerer du sjukepleie eller vernepleie? > Ullensvang kommune har ein eigen, gunstig studentavtale for vernepleiar- og sjukepleiarstudentar i helgestillingar. Ta kontakt for meir informasjon om kva rekrutterings- og utdanningsfordelar dette kan gje deg gjennom studietida. Om Mjøstølen avlastning Mjøstølen tilbyr avlastningstilbod til barn og unge vaksne med ulike funksjonsvariasjonar. Vi har sterkt fokus på å skapa eit trygt, føreseieleg og utviklande miljø for brukarane våre, i tett samarbeid med deira pårørande. Lokala våre ligg sentralt i Odda, med kort veg til både vakker natur og offentlege tilbod. Arbeidsoppgåver Som helgestillingstilsett hos oss vil du ta del i kvardagen til brukarane våre og bidra til eit godt tilbod. Oppgåvene vil mellom anna vere: • Utøve målretta miljøarbeid og skape ein trygg, aktiv og føreseieleg kvardag ut frå brukarane sine individuelle behov. • Praktisk bistand, omsorg og rettleiing i dagleglivet sine gjeremål. • Handtere legemiddel og følgje opp helsefaglege rutinar (for dei med naudsynt kompetanse/kursing). • Bidra til eit godt, trygt og fagleg oppdatert arbeidsmiljø i samarbeid med resten av personalgruppa. Kvalifikasjonar • Du er utdanna helsefagarbeidar, eller student innan sjukepleie/vernepleie. • Andre med genuin interesse for fagfeltet og relevant erfaring vert også oppmoda til å søkje. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. • Erfaring med målretta miljøarbeid eller arbeid med menneske med funksjonsvariasjonar er eit føremon, men god opplæring vil bli gjeven. • Grunnleggjande digital kompetanse. Personlege eigenskapar Vi søkjer medarbeidarar som: • Er engasjerte, pålitelege og har gode evner til samarbeid. • Er fleksible og trivst i eit aktivt og variert arbeidsmiljø. • Møter brukarar, pårørande og kollegaer med varme, respekt og ein god porsjon humor. • Er trygge vaksenpersonar som bidrar positivt til fellesskapet. Vi tilbyr • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit sterkt fag- og fellesskapsmiljø. • Gunstig studentavtale for sjukepleie- og vernepleiestudentar. • Systematisk opplæring og rettleiing. • Løn etter hovudtariffavtalen. • Gode pensjons- og forsikringsordningar (IA-bedrift). Krav og vilkår • Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding. Oppstart • Etter avtale. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her