
Universitetet i Bergen · Bergen
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinst...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Universitetet i Bergen (UiB) lyser ut ei fast stilling som seniorrådgjevar i Kommunikasjonsavdelinga, med særleg ansvar for samfunnskontakt og strategisk rådgjeving overfor universitetsleiinga.
UiB er eit nasjonalt og internasjonalt forskingsuniversitet med ei stor fagleg breidde og Vestlandets viktigaste kunnskapsinstitusjon. Vi er eit initiativrikt og utadretta universitet. UiB har solide ressursar og samarbeidsrelasjonar, kunnskapsklynger og eit godt rammeverk som legg grunnlag for dette arbeidet. Universitetsleiinga arbeider systematisk og i tett samspel med fagmiljøa for å løfte inn forskinga og kunnskapen si kraft inn i samfunnet, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Seniorrådgjevaren skal være ein viktig ressurs i arbeidet med å operasjonalisere og følgje opp desse ambisjonane overfor politikk, forvaltning, nærings-, kultur- og samfunnsliv i godt samspel med universitetsleiinga og kollegaer ved Kommunikasjonsavdelinga.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for å lykkast i stillinga.
Vi kan tilby:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Rektor Margareth Hagen, e-post: margareth.hagen@uib.no, tlf. nr. 41 61 96 62 eller Kommunikasjonsdirektør Anne Line Grepne, e-post: anne.grepne@uib.no, tlf. nr. 46 86 50 73.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om oss Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann og er organisert i to dommaravdelingar, utgreiareining og administrasjon med sekretariat og fellestenester. Domstolen held til i moderne lokale i Bergen sentrum. Utgreiareininga skal vere ei fagleg sterk, effektiv og dynamisk eining, med stor vekt på eit godt arbeidsmiljø. Eininga har åtte utgreiarar og blir leia av ein lagmann og ein nestleiar. Om stillinga Gulating lagmannsrett har ledig ei fast stilling som juridisk utgreiar med tiltreding 1. oktober 2026. Frå same dato kan det òg bli ledig eit vikariat fram til 1. september 2027. Opplys i søknaden dersom du ønskjer å bli vurdert for begge stillingane. Arbeids- og ansvarsområde Den viktigaste oppgåva for utgreiarane er å skrive utkast til rettslege avgjerder i sivile saker for dommarane i lagmannsretten sitt ankeutval. Utgreiarane førebur, og skriv fullstendige utkast til avgjerd i saker frå ulike sivile rettsområde, og arbeider både med prosessuelle og materielle spørsmål. Arbeidet er variert og spennande, og gir god innsikt i prosessretten og i ei rekkje andre juridiske fagfelt. Kvalifikasjonar Stillinga krev særs gode juridiske kvalifikasjonar. Søkjarar må ha embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat. Arbeidet er i stor grad sjølvstendig og stiller krav til ei strukturert arbeidsform. Du må vere effektiv, og samtidig levere utkast av høg kvalitet til lagdommarane. Du må like å skrive, ha god skriftleg framstillingsevne og meistre begge målformer. Vi legg vekt på eit godt arbeidsmiljø, og gode samarbeidsevner er viktig for oss. Vi tilbyr • God opplæring og systematisk oppfølging • Gode ordningar for kunnskapsdeling og kompetansebygging • Høve til fagleg fordjuping med stort fokus på kvalitet • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med dyktige kollegaer • God innsikt i arbeidet i lagmannsretten og i domstolssystemet elles • Fleksibel arbeidstid, høve til heimekontor og trening i arbeidstida • Eit godt arbeidsmiljø og moderne lokale Stillinga blir løna som rådgjevar (kode 1434) eller seniorrådgjevar (kode 1364) med årsløn frå kr 650 000,- til kr 800 000,-. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle folkesamansetnaden generelt, òg når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Praksis som utgreiar er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve. Opplysningar om søkjaren kan bli offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vil du være med å bygge opp og forme ein nyoppretta seksjon? Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er å sikre at lover og reglar for grensekryssande vareførsel blir etterlevde. Med brei og målretta verkemiddelbruk arbeider vi for auka etterleving før, under og etter grensepassering. No har du høve til å bli ein del av seksjon for saksbehandling i Tolletaten som sakshandsamar. Du får arbeide med eit breitt spekter av fagleg spennande oppgåver i ein seksjon med nasjonalt fagansvar og eit viktig samfunnsoppdrag. Seksjon for saksbehandling har eit nasjonalt ansvar for eit viktige saksfelt som omfattar løyve, autorisasjonar, godkjenningar, sanksjonar og innsynssaker. Seksjonen er under oppbygging og vil på sikt bestå av mellom 20 og 25 tilsette. Vi søkjer både rådgivarar og seniorrådgivarar med ulik fagleg bakgrunn. Sentrale arbeidsoppgåver: • sakshandsaming av søknader etter vareførselsregelverket (til dømes søknad om bistand til å beskytte immaterielle rettar, søknad om autorisasjonar som gir forenklingar for næringa, innsynskrav etter offentleglova mm.) • behandling av kontrollrapporter og ilegging av sanksjonar for brot på vareførselsregelverket • klagesakshandsaming innan eige fagområde • bidra i effektiviserings- og utviklingsarbeid, og delta i arbeidet med regelverksutvikling innan fagområdet • opplæring innan seksjonen sine fagområde for tilsette i Tolletatens og for næringslivet • samarbeid med andre einingar i etaten og med eksterne samarbeidsaktørar Du må rekne med variasjon i arbeidsoppgåver ut frå seksjonen sine prioriteringar og satsingar. Kvalifikasjonar: • Relevant bachelor for stilling som rådgivar. • Relevant mastergrad for stilling som seniorrådgivar (aktuelle fag for begge stillingar kan vere rettsvitskap, toll, logistikk og administrasjon mm.) I særlege tilfelle kan bestått bachelor erstatte krav om master. • Tollfaglig utdanning fra Tolletatens kompetansesenter og god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelor- eller mastergrad. • Relevant arbeidserfaring, for stilling som seniorrådgivar er det krav om særleg relevant arbeidserfaring. • Gode fagkunnskapar og godt fagleg skjønn. • God digital kompetanse. • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk. Det er ønskjeleg med erfaring frå: • digital sakshandsaming og bruk av relevante system og verktøy • planlegging og gjennomføring av kurs og presentasjonar, både digitalt og fysisk • utviklings-, forbetrings- og prosessarbeid Vi søkjer deg som: • trivst med ansvar for eigne saker og oppfølging av desse • er strukturert og leverer arbeid av høg kvalitet innanfor fastsette fristar • tek initiativ til forbetring og utvikling • har gode samarbeidsevner, lyttar til andre og bidreg til godt samarbeid • er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet Er du på jakt etter nye utfordringar og synest dette verkar som eit interessant arbeid, er du velkomen til å søkje på stillingane. Vi ønskjer søkjarar med både kortare og lengre relevant erfaring. Vi tilbyr: • eit tverrfagleg arbeidsmiljø, med eit viktig felles samfunnsoppdrag • moglegheit til å delta i arbeidsgrupper og prosjekt • løn ut frå kvalifikasjonar og erfaring, i stillingskode som rådgivar 500 000 – 650 000 og seniorrådgivar 650 – 800 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar til stilling som seniorrådgivar kan noko høgare lønn vurderast • eit moderne kontorlokale sentralt på Danmarksplass, med sykkelparkering, treningsrom og ein veldriven kantine • fleksibel arbeidstid, og moglegheit for BIA (rørsle i arbeidstida). I tillegg får du medlemskap i Statens pensjonskasse, som har gode forsikrings- og pensjonsordningar, og dessutan gode vilkår på bustadlån • moglegheit for noko lågare stillingsprosent for kandidatar som av helsemessige årsaker har behov for det Kandidatar som får tilbod om stilling, må rekne med å bli omfatta av SEMAC-bakgrunnssjekk. Du må kunne levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing. For meir informasjon om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør June Nesse på 477 97 831. Om du har spørsmål knytt til rekrutteringa kan HR kontaktast på PB_VD-HR@tollno Søknadsfrist 23. august 2026 Til deg som søkjer jobb i Tolletaten Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar. Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen. Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Ønsker du å påverke framtidas mobilitetsløysingar i Vestland og fylle kvardagen med samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver? Då er dette jobben for deg. Skyss jobbar aktivt med å tilby våre kundar eit godt og berekraftig reisetilbod med buss, bybane, båt og ferje i Vestland, og tenestene vert utført av operatørselskap som Skyss har avtale med. Vi har no ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar/prosjektleiar. Stillinga inneber mellom anna å ha prosessansvar for transportanskaffingar i Skyss. Arbeidsoppgåver Vår nye seniorrådgjevar/prosjektleiar vil spele ei sentral rolle i å realisere Skyss sine strategiar. Hovudvekta av arbeidet vil vere prosjektleiing, ved anskaffingar av tenestekontraktar for buss, båt og ferje. Anskaffingsprosjekta i Skyss er ofte langvarige og komplekse og krev tydeleg prosessleiing og god samhandling med ulike kompetansemiljø. Ein vesentleg del av rolla er planlegging av aktivitetar og koordinering av dei ulike fagavdelingane som bidreg inn i prosjekta. Vidare vil du utarbeide konkurransegrunnlag, sikre nødvendige strategiske avklaringar og politisk forankring, samt gjennomføre marknadsdialog og delta aktivt i bransjesamarbeid. Resultatet av arbeidet er kontraktar som sikrar innbyggjarane i Vestland berekraftige transporttenester av høg kvalitet. Kvalifikasjonar (overskrift) Vi søker deg • med høgare relevant utdanning på masternivå – som kan vise til gode resultat i utdanning og arbeid • med erfaring innan prosjekt- /prosessleiing av komplekse prosjekt • med kompetanse og erfaring innan offentlege anskaffingar Det er ein fordel om du kan vise til • sertifisering innan prosjektleiing • kontraktskompetanse • juridisk kompetanse Vi ser etter deg som har evne til å omsette strategiske mål til konkrete aktivitetar og resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må ha evne til å leie kunnskapsmedarbeidarar innanfor ulike fagfelt, og sjå samanhengane mellom fagfelta i ein større heilskap. Du handterer krevjande situasjonar med godt pågangsmot, og tek nødvendige avgjerder som fører prosjektet vidare, innanfor rammene av mandatet ditt og ofte innan korte tidsfristar. Du må stå stødig i hektiske periodar og pårekne noko arbeid utover normal arbeidstid i periodar. I denne rolla vil du få høve til å ta ansvar og bidra aktivt, i eit miljø prega av tillitt og samarbeid. Du må i tillegg ha sterk formidlingsevne, skriftleg og munnleg, og aktivt bruke dine relasjonelle eigenskapar til å skape positive prosessar og samarbeid – både eksternt og internt. I tillegg må du vere strukturert, open, fleksibel og engasjert. Du bør også ha interesse for politiske prosessar. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i denne stillinga. Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland! Vi tilbyr: • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad • Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer som har brei og variert fagbakgrunn • Ein sosial og inkluderande arbeidsplass • Moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg • Fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor • Løn etter avtale • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår KontaktinformasjonKarl Inge Nygård, leiar, 93088971 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5020 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5151579946 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026