
Skyss · Bergen
Ønsker du å påverke framtidas mobilitetsløysingar i Vestland og fylle kvardagen med samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver? Då er dette jobben for de...
Ønsker du å påverke framtidas mobilitetsløysingar i Vestland og fylle kvardagen med samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver? Då er dette jobben for deg. Skyss jobbar aktivt med å tilby våre kundar eit godt og berekraftig reisetilbod med buss, bybane, båt og ferje i Vestland, og tenestene vert utført av operatørselskap som Skyss har avtale med.
Vi har no ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar/prosjektleiar. Stillinga inneber mellom anna å ha prosessansvar for transportanskaffingar i Skyss.
Vår nye seniorrådgjevar/prosjektleiar vil spele ei sentral rolle i å realisere Skyss sine strategiar. Hovudvekta av arbeidet vil vere prosjektleiing, ved anskaffingar av tenestekontraktar for buss, båt og ferje. Anskaffingsprosjekta i Skyss er ofte langvarige og komplekse og krev tydeleg prosessleiing og god samhandling med ulike kompetansemiljø. Ein vesentleg del av rolla er planlegging av aktivitetar og koordinering av dei ulike fagavdelingane som bidreg inn i prosjekta. Vidare vil du utarbeide konkurransegrunnlag, sikre nødvendige strategiske avklaringar og politisk forankring, samt gjennomføre marknadsdialog og delta aktivt i bransjesamarbeid.
Resultatet av arbeidet er kontraktar som sikrar innbyggjarane i Vestland berekraftige transporttenester av høg kvalitet.
Det er ein fordel om du kan vise til
Vi ser etter deg som har evne til å omsette strategiske mål til konkrete aktivitetar og resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må ha evne til å leie kunnskapsmedarbeidarar innanfor ulike fagfelt, og sjå samanhengane mellom fagfelta i ein større heilskap. Du handterer krevjande situasjonar med godt pågangsmot, og tek nødvendige avgjerder som fører prosjektet vidare, innanfor rammene av mandatet ditt og ofte innan korte tidsfristar. Du må stå stødig i hektiske periodar og pårekne noko arbeid utover normal arbeidstid i periodar. I denne rolla vil du få høve til å ta ansvar og bidra aktivt, i eit miljø prega av tillitt og samarbeid.
Du må i tillegg ha sterk formidlingsevne, skriftleg og munnleg, og aktivt bruke dine relasjonelle eigenskapar til å skape positive prosessar og samarbeid – både eksternt og internt. I tillegg må du vere strukturert, open, fleksibel og engasjert. Du bør også ha interesse for politiske prosessar. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i denne stillinga.
Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland!
KontaktinformasjonKarl Inge Nygård, leiar, 93088971
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5020 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5151579946
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorrådgivar - samfunnskontakt Universitetet i Bergen (UiB) lyser ut ei fast stilling som seniorrådgjevar i Kommunikasjonsavdelinga, med særleg ansvar for samfunnskontakt og strategisk rådgjeving overfor universitetsleiinga. UiB er eit nasjonalt og internasjonalt forskingsuniversitet med ei stor fagleg breidde og Vestlandets viktigaste kunnskapsinstitusjon. Vi er eit initiativrikt og utadretta universitet. UiB har solide ressursar og samarbeidsrelasjonar, kunnskapsklynger og eit godt rammeverk som legg grunnlag for dette arbeidet. Universitetsleiinga arbeider systematisk og i tett samspel med fagmiljøa for å løfte inn forskinga og kunnskapen si kraft inn i samfunnet, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Seniorrådgjevaren skal være ein viktig ressurs i arbeidet med å operasjonalisere og følgje opp desse ambisjonane overfor politikk, forvaltning, nærings-, kultur- og samfunnsliv i godt samspel med universitetsleiinga og kollegaer ved Kommunikasjonsavdelinga. Arbeidsoppgåver: • Ha eit særskilt ansvar for å utvikle universitetet si strategiske samfunnskontakt i tett samarbeid med rektor, universitetsdirektøren og Kommunikasjonsavdelinga • Vere pådrivar for å styrkje relasjonar mellom universitetet og sentrale samfunnsaktørar • Yte strategisk rådgjeving og støtte til rektor innan samfunnskontakt • Utføre andre relevante rådgjevingsoppgåver knytte til leiinga sitt arbeid med samfunnskontakt Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. • Eit breitt og relevant profesjonelt nettverk, samt god innsikt i politiske prosessar regionalt og nasjonalt • Evne til å arbeide både strategisk og operativt på tvers av organisasjonen • God kjennskap til, og interesse for, universitets- og høgskulesektoren • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert • Særs gode skriftlege og munnlege ferdigheiter • Særs gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for å lykkast i stillinga. Vi kan tilby: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø tett på universitetsleiinga • Stor fridom til å utvikle eiga stilling med utgangspunkt i universitetet sine ambisjonar og mål • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 780 000 - 820 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Rektor Margareth Hagen, e-post: margareth.hagen@uib.no, tlf. nr. 41 61 96 62 eller Kommunikasjonsdirektør Anne Line Grepne, e-post: anne.grepne@uib.no, tlf. nr. 46 86 50 73. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om stillinga Statsforvaltaren i Vestland lyser ut éi fast stilling for jurist på barnevernsområdet. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å bidra til forsvarlege og trygge tenester for barn og unge. Tilsyn med barnevernsinstitusjonar er ein sentral del av stillinga. Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ansvar for tilsyn, rettleiing, klagesaksbehandling og andre forvaltningsoppgåver innan barnevern, sosialtenester, helse og omsorg. Vi jobbar i skjeringspunktet mellom juss og barnevernsfag på velferdsområdet. Vi løyser oppgåvene med høg kvalitet, fagleg tyngde og er i kontinuerleg utvikling. Stillinga ligg til kontorstad Leikanger. Arbeidsoppgåver Ein vesentleg del av arbeidet er tilsyn med barnevernsinstitusjonar, der du vil • planleggje, gjennomføre og følgje opp tilsyn • vurdere praksis opp mot barnevernslova og forskrifter • utarbeide rapportar og eventuelle pålegg • samarbeide tett med kommunar, institusjonar og andre aktørar Andre sentrale oppgåver er • behandling av klager og andre forvaltningssaker • råd og rettleiing til tenester og brukarar • formidling av faglege vurderingar • deltaking i fagutvikling og kompetanseheving Andre relevante oppgåver kan bli tildelte etter avtale med seksjonsleiar. Kvalifikasjonar • Juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap • Gjerne erfaring frå barnevernsfeltet • God innsikt i offentleg forvaltning • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål • Evne til strukturert og sjølvstendig arbeid • Trygg i møte med komplekse faglege vurderingar • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege miljø • er analytisk, grundig og fagleg trygg • kommuniserer klart og forståeleg • bidreg positivt til arbeidsmiljøet • er fleksibel, løysingsorientert og utviklingsretta Personlege eigenskapar blir vektlagde. Som tilsett hos Statsforvaltaren får du • interessante arbeidsoppgåver • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø • ein arbeidsplass i utvikling • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning • trening i arbeidstida • delvis heimekontor • fleksibel arbeidstid • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Vi ønskjer mangfald Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Vilkår Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir. Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000–770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok. Tenestemålet til embetet er nynorsk. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om stillinga Avdeling for digitaliseringspolitikk har ei ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for personvern og digitale rettar. Seksjonen arbeider med implementering og forvaltning av EU-regelverk som har stor betydning for den digitale samfunnsutviklinga i Noreg, mellom anna KI-forordninga, forordning om digitale tenester og regulering av elektronisk identitet. Seksjonen har òg ansvar for digital tryggleik, digital inkludering, kommunikasjonsvern og personvern. Du vil bidra til utviklinga av politikk på eit område med høg politisk merksemd. Bruken av teknologi og digitalisering aukar, og påverkar kvardagen til kvar og ein av oss, og samfunnet som heilskap. Det gir store moglegheiter, men krev òg strategisk styring og regulering. Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane og behovet for omstilling. Digitalisering er eit nødvendig verkemiddel for å møte desse krava, samstundes som vi tek vare på rettstryggleik og tillit. Hos oss vil du bli del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø som består av juristar, samfunnsvitarar og teknologar. Vi verdset høg fagleg kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid, og har ein kultur prega av openheit, tillit og fagleg utvikling. Arbeidsmiljøet er hektisk, men òg svært givande, med moglegheiter for personleg og profesjonell vekst. Vi legg stor vekt på å byggje relasjonar og samarbeid både internt i departementsfellesskapet og med eksterne aktørar. Arbeidsoppgåver Du vil inngå i eit fagleg sterkt og engasjert miljø, og arbeide med sentrale problemstillingar knytte til digitale rettar og regulering. Arbeidet vil spenne frå langsiktig utgreiing og regelverksutvikling til løpande oppfølging av saker med korte fristar. Du vil få ei sentral rolle i å bidra til kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming. Du vil mellom anna: • utarbeide regelverk, herunder delta i innlemming og gjennomføring av EØS-relevant regelverk • arbeide med utgreiing og analyse • førebu saker for, og gi faglege råd til, politisk leiing • delta i fagdialog med underliggjande verksemder • behandle førespurnader frå publikum • bidra i seksjonen si øvrige oppgåveløysing innan digitaliseringsfeltet Vi søkjer deg som har Du må ha: • mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen eller innan samfunnsvitskaplege fag • minimum tre års relevant erfaring for stilling som rådgjevar og fem års relevant erfaring for stilling som seniorrådgjevar • erfaring med regelverksarbeid, utgreiing eller digitaliseringsrelaterte problemstillingar • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Det er ønskjeleg at du har: • kjennskap til EØS-prosessar • kjennskap til regelverk og forvaltning knytt til digitalisering og/eller ID-regulering Personlige eigenskapar Vi ser etter deg som: • tar initiativ og driv arbeidet framover • evnar å handtere fleire parallelle prosessar og korte fristar • arbeider strukturert og planmessig • er fleksibel og løysingsorientert • samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • har stor arbeidskapasitet Det vil bli lagde vekt stor vekt på personleg egnethet. Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. Vi tilbyr Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr: • kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø • fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommar-/vintertid • moglegheit for trening i arbeidstida • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, forsikrings- og pensjonsordningar • eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette og eige bedriftsidrettslag Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 650 000-750 000 kroner per år eller seniorrådgjevar i lønnsspennet 750 000-850 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse. Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her. Vi er opptekne av Mangfald er ein styrke og bidrar til endå betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Dersom det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin frå kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg dersom du har behov for det. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir ikkje brukt til andre føremål enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Informasjon til deg som søkjer • Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida. Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV). Dette er nødvendig for mellom anna å oppfylle kravet om fullstendige søkarlister. Vi ber også om at du lastar opp vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HK-dir. • DFD samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. • Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden. Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Åste Marie Skullerud på tlf 90967304 eller e-post aste-marie.skullerud@dfd.dep.no. For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller annabel.tveit@dss.dep.no.