
Universitetet i Bergen · Bergen
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinst...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Institutt for økonomi er det ledig ei stilling som postdoktor innan samfunnsøkonomi. Stillinga er for ein periode på fire år, der 25 prosent av stillinga er karrierefremmande arbeid ved instituttet. Stillinga er knytt til instituttet si ordinære forskings- og undervisningsverksemd.
Institutt for økonomi er eitt av sju institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Instituttet tilbyr bachelor-, master- og ph.d.-utdanning i samfunnsøkonomi. Forsking og undervisning ved instituttet dekkjer eit breitt spekter av samfunnsøkonomiske fagområde. Søkjarar bør gjere seg kjende med instituttet sin forskings- og undervisningsprofil.
Den som blir tilsett, er venta å styrkje instituttet sin eksisterande forskings- og utdanningsprofil.
Normal undervisningsbelastning er om lag eitt emne per år.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider (ekskludert litteraturliste) skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.
Vi tilbyr:
Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 21.08.2026.
Søknader sendt på e-post eller utan etterspurd dokumentasjon vil ikkje bli vurderte.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Julian Vedeler Johnsen, instituttleiar, julian.johnsen@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor innan temaet turbulent nedblanding og medriving i brytande bølger. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til WaveForce-prosjektet. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: WaveForce er finansiert av Noregs forskingsråd og fleire norske selskap. Prosjektet blir leia av SINTEF Ocean, med deltaking frå UiB og Meteorologisk institutt, samt dei internasjonale partnarane CNR-ISMAR (Italia) og IRD (Frankrike). Temaet er måling av bølger, og medriving av luftbobler og oljedråpar. Målet er å utbetre eksisterande modelleringsverktøy for oljesøl til havs. Postdoktoren vil vere sentral i prosjektet, og kjem til å arbeide tett med andre prosjektdeltakarar på feltmålingar, laboratoriearbeid og modellutvikling. Kandidaten er forventa å: • Bidra til utvikling og utplassering av biletprosesseringssystem til analyse av brytande bølger, både in situ (i felt) og i lab • Bidra til analyse av bilde og utvikling av den opne analyseprogramvaren PyOPIA (https://github.com/SINTEF/pyopia) • Bidra til installasjon av eit stereokamerasystem for bølgemålingar ved OceanLab i Trondheimsfjorden • Delta i laboratoriearbeid i bølgerenner (lab) på medriving av oljedråpar i brytande bølger • Arbeide med målingar på medrovne luftbobler, oljedråpar og muligens andre typer partiklar, som iskrystallar, samt formulere modellar for storleiksfordeling og vertikal transport av bobler og dråpar • Nytte nye parameteriseringar av oljedråpefordeling i spreiingsmodellen OpenDrift Kandidaten må rekne med å tilbringe ein betydeleg del av tida i Trondheim, og å arbeide med utvikling og utplassering av instrument ved OceanLab nær Munkholmen, i samarbeid med SINTEF Ocean. Eit utanlandsopphold hjå ein av dei internasjonale partnarane kan også bli mulig. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor fysikk, fysisk oseanografi, anvendt matematikk eller liknande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Erfaring med programmering i Python er eit krav • Erfaring med telesentriske partikkelavbildningskamera, biletanalyse og maskinlæring for partikkelgjenkjenning er ein fordel • Erfaring med arbeid med bølgerenner for å studere turbulent medriving av partiklar i væsker er en fordel • Erfaring med numeriske metodar generelt, og partikkelsporing særskilt, er ein fordel • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Om postdoktorstillinga: Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar. Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Vi tilbyr: • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. • medlemsskap i Statens pensjonskasse • gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. • CV • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. • relevante attestar • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor II, Geofysisk institutt, Øyvind Breivik (oyvindb@met.no / +47-91102707) ellerprofessor Lars Henrik Smedsrud, Geofysisk institutt (Lars.Smedsrud@uib.no). For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Asbjørn Rønningstad Sæther (asbjorn.sather@uib.no). Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for Sosialantropologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid som skal utførast ved instituttet. Institutt for Sosialantropologi er eit av dei største sosialantropologiske fagmiljøa i Europa, med ei brei orientering både etnografisk og tematisk. For tida har 17 fast vitskapeleg tilsette, 5 postdoktorar og 25 ph.d.-stipendiatar. Tilsette og stipendiatar driv etnografisk forsking i dei fleste delar av verda, og er heim for fleire større forskingsprosjekt. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Instituttet er aktiv i faglege diskusjonar og offentleg formidling, for eksempel gjennom månadlege fagseminar med internasjonale gjesteforskarar, og arrangerer Fredrik Barth-forelesninga annakvart år (sjå Fredrik Barth-forelesningen UiB). For vidare detaljar viser vi til instituttet sine nettsider: http://www.uib.no/antro. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Mastergrad i sosialantropologi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vere avlagt innan fristen for søknaden. • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap. • Søkjarar må kunne bidra i undervisnings- og formidlingsaktivitet på norsk eller eit anna skandinavisk språk. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. • Søkjarar må kunne vise fagleg sjølvstende, evne til å planlegge og strukturere forskings- og undervisningsarbeide, og evne til å jobbe godt saman med andre. • Motivasjon for å bidra til instituttet si undervisning og faglege utvikling, samt erfaring med undervisning, undervisningsassistanse på universitets- eller høgskulenivå og fagformidling, vil òg bli positivt vektlagd. • Stillingas arbeidsstad er Bergen og kandidaten forventast å vera til stade ved Institutt for Sosialantropologi dagleg (med unntak av periodar med feltarbeid eller godkjend forskingsverksemd). Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. For stillinga gjeld følgande: Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. . Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til. Vi tilbyr: • Stilling som stipendiat (kode 1017) med brutto årsløn kr. 593 700, -. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3% årleg stiging. • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Prosjektet: Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider pluss referanseliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Prosjekt som komplementerer den eksisterande tematiske og regionale kompetansen i fagmiljøet og styrker den faglege profilen som eit bredt generalistinstitutt vil prioriterast. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa. Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Prosjektskildring. • CV. • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. • Relevante attestar. • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). • Eventuelle publikasjonar. • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadsfrist: 15. September 2026. Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering. Generell informasjon: Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Geir Henning Presterudstuen, geir.presterudstuen@uib.no. Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no. Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar Elina Troscenko, elina.troscenko@uib.no. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor i kvantefysikk og -optimering Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i kvantefysikk og -optimering. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til NFR prosjektet "Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning" (prosjektnummer 358752). Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen har eit levande forskingsmiljø med aktive grupper som mellom anna arbeider innan teoretisk og eksperimentell partikkelfysikk, kvantefysikk, nanofysikk og kvanteteknologi. Instituttet startar eit nytt integrert masterprogram i kvanteteknologi med oppstart hausten 2026. Eit nyoppretta senter, «Quantum UiB», finansiert av Trond Mohn stifting og Universitetet i Bergen, vil fungere som eit knutepunkt for framifrå kvanteforsking og leggje til rette for nytt samarbeid. Prosjektet Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning (QONOMics) står sentralt i denne satsinga. Prosjektet fokuserer på fysikken i nettverk som består av kopla harmoniske og Kerr-ikkje-lineære oscillatorar. Ved å studere desse systema i både klassiske og kvantemekaniske regime, er målet å utvikle nye metodar for å løyse komplekse optimaliseringsproblem og vidareutvikle arkitekturar for maskinlæring. Forskinga inneber å undersøkje korleis den naturlege dynamikken til desse fysiske systema – som bifurkasjonar og faseovergangar – kan utnyttast til effektive utrekningar og informasjonsbehandling. Dei som blir tilsette vil bidra til teoretisk utvikling, numeriske simuleringar og mogleg implementering i maskinvare (hardware-mapping) for desse oscillatorbaserte systema. Dette inkluderer utforsking av konsept som kvanteherding (quantum annealing), symmetribrot og reservoarutrekning (reservoir computing). Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor teoretisk fysikk, kvantefysikk eller eit nært beslekta fagfelt. Kandidatar med bakgrunn i datavitskap (informatikk) kan også være kvalifiserte dersom dei har betydeleg, dokumenterbar erfaring med optimalisering ved bruk av fysikkinspirerte algoritmar eller rammeverk for kvantedatabehandling. Søkjaren må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Praktisk erfaring frå og kompetanse innan kvanteteknologiar og kvanteoptimering er eit krav. • Spesifikk erfaring eller kompetanse innan kvanteoptimering, særleg med simulert bifurkasjon, blir rekna som ein fordel. • Forskingsbakgrunn innan kvantefysikk, spesielt numerisk modellering av ikkje-lineære oscillatorar, og opne kvantesystem er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Om postdoktorstillinga: Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar. Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Vi tilbyr: • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. • Ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. • CV • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. • Relevante attestar • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer). Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Konrad Tywoniuk (konrad.tywoniuk@uib.no) eller professor Jan Petter Hansen (jan.hansen@uib.no). For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.