
Universitetet i Bergen · Bergen
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinst...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor innan temaet turbulent nedblanding og medriving i brytande bølger. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til WaveForce-prosjektet.
WaveForce er finansiert av Noregs forskingsråd og fleire norske selskap. Prosjektet blir leia av SINTEF Ocean, med deltaking frå UiB og Meteorologisk institutt, samt dei internasjonale partnarane CNR-ISMAR (Italia) og IRD (Frankrike). Temaet er måling av bølger, og medriving av luftbobler og oljedråpar. Målet er å utbetre eksisterande modelleringsverktøy for oljesøl til havs. Postdoktoren vil vere sentral i prosjektet, og kjem til å arbeide tett med andre prosjektdeltakarar på feltmålingar, laboratoriearbeid og modellutvikling.
Kandidaten må rekne med å tilbringe ein betydeleg del av tida i Trondheim, og å arbeide med utvikling og utplassering av instrument ved OceanLab nær Munkholmen, i samarbeid med SINTEF Ocean. Eit utanlandsopphold hjå ein av dei internasjonale partnarane kan også bli mulig.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi tilbyr:
Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor II, Geofysisk institutt, Øyvind Breivik (oyvindb@met.no / +47-91102707) ellerprofessor Lars Henrik Smedsrud, Geofysisk institutt (Lars.Smedsrud@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Asbjørn Rønningstad Sæther (asbjorn.sather@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling Ved Institutt for økonomi er det ledig ei stilling som postdoktor innan samfunnsøkonomi. Stillinga er for ein periode på fire år, der 25 prosent av stillinga er karrierefremmande arbeid ved instituttet. Stillinga er knytt til instituttet si ordinære forskings- og undervisningsverksemd. Institutt for økonomi er eitt av sju institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Instituttet tilbyr bachelor-, master- og ph.d.-utdanning i samfunnsøkonomi. Forsking og undervisning ved instituttet dekkjer eit breitt spekter av samfunnsøkonomiske fagområde. Søkjarar bør gjere seg kjende med instituttet sin forskings- og undervisningsprofil. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Den som blir tilsett, er venta å styrkje instituttet sin eksisterande forskings- og utdanningsprofil. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte: • å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt innan samfunnsøkonomi • å publisere forsking i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift • å bidra til instituttet sitt fagmiljø og delta aktivt i forskingsaktivitetar ved instituttet • undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå • andre faglege og administrative oppgåver ved instituttet Normal undervisningsbelastning er om lag eitt emne per år. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Søkjarar må ha ein sterk fagleg bakgrunn innan samfunnsøkonomi. • Det vil bli lagt særleg vekt på dokumentert forskingskvalitet og publiseringspotensial, til dømes gjennom publikasjonar i gode internasjonale fagfellevurderte tidsskrift, arbeid med revise-and-resubmit-status, eller ferdige artikkelutkast som blir vurderte til å ha høgt potensial for publisering i slike tidsskrift. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må kunne nytte norsk og/eller engelsk skriftleg og munnleg. Det vil vere ein føremon med kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk. • Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen, og arbeidet krev at du er fysisk til stades ved instituttet dagleg. Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Om postdoktorstillinga: Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider (ekskludert litteraturliste) skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp. Vi tilbyr: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø • Årsløn som postdoktor, stillingskode 1352, NOK 685 900, - ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga • CV • Prosjektskildring (4-5 sider ekskludert litteraturliste) • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert • Relevante attestar • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) • Vitskaplege publikasjonar (inntil 5) (publikasjonsliste) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadsfrist: 21.08.2026. Søknader sendt på e-post eller utan etterspurd dokumentasjon vil ikkje bli vurderte. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Julian Vedeler Johnsen, instituttleiar, julian.johnsen@uib.no Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor i kvantefysikk og -optimering Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i kvantefysikk og -optimering. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til NFR prosjektet "Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning" (prosjektnummer 358752). Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen har eit levande forskingsmiljø med aktive grupper som mellom anna arbeider innan teoretisk og eksperimentell partikkelfysikk, kvantefysikk, nanofysikk og kvanteteknologi. Instituttet startar eit nytt integrert masterprogram i kvanteteknologi med oppstart hausten 2026. Eit nyoppretta senter, «Quantum UiB», finansiert av Trond Mohn stifting og Universitetet i Bergen, vil fungere som eit knutepunkt for framifrå kvanteforsking og leggje til rette for nytt samarbeid. Prosjektet Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning (QONOMics) står sentralt i denne satsinga. Prosjektet fokuserer på fysikken i nettverk som består av kopla harmoniske og Kerr-ikkje-lineære oscillatorar. Ved å studere desse systema i både klassiske og kvantemekaniske regime, er målet å utvikle nye metodar for å løyse komplekse optimaliseringsproblem og vidareutvikle arkitekturar for maskinlæring. Forskinga inneber å undersøkje korleis den naturlege dynamikken til desse fysiske systema – som bifurkasjonar og faseovergangar – kan utnyttast til effektive utrekningar og informasjonsbehandling. Dei som blir tilsette vil bidra til teoretisk utvikling, numeriske simuleringar og mogleg implementering i maskinvare (hardware-mapping) for desse oscillatorbaserte systema. Dette inkluderer utforsking av konsept som kvanteherding (quantum annealing), symmetribrot og reservoarutrekning (reservoir computing). Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor teoretisk fysikk, kvantefysikk eller eit nært beslekta fagfelt. Kandidatar med bakgrunn i datavitskap (informatikk) kan også være kvalifiserte dersom dei har betydeleg, dokumenterbar erfaring med optimalisering ved bruk av fysikkinspirerte algoritmar eller rammeverk for kvantedatabehandling. Søkjaren må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Praktisk erfaring frå og kompetanse innan kvanteteknologiar og kvanteoptimering er eit krav. • Spesifikk erfaring eller kompetanse innan kvanteoptimering, særleg med simulert bifurkasjon, blir rekna som ein fordel. • Forskingsbakgrunn innan kvantefysikk, spesielt numerisk modellering av ikkje-lineære oscillatorar, og opne kvantesystem er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Om postdoktorstillinga: Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar. Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Vi tilbyr: • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. • Ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. • CV • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. • Relevante attestar • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer). Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Konrad Tywoniuk (konrad.tywoniuk@uib.no) eller professor Jan Petter Hansen (jan.hansen@uib.no). For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for helse- og sosialvitenskap, Senter for omsorgsforskning, vest (SOFV), er det ledig en treårig åremålsstilling i 100 % som postdoktor Fakultet for helse- og sosialvitenskap, Senter for omsorgsforskning, vest (SOFV) har ledig en treårig åremålsstilling som postdoktor knyttet til temaområdet e-helse/tjenester. Postdoktorstillingen vil være nært knyttet til et bredt tverrfaglig samarbeid om e-helse og tjenesteutvikling på tvers av forskningsmiljø ved alle de tre fakultetene ved HVL og forskningsgruppen Teknologi, helse og samfunn. Postdoktorarbeidet skal ha fokus på utforsking og utvikling av løsninger for digital hjemmeoppfølging for skrøpelige eldre med omfattende hjelpebehov i kommunale helse- og omsorgstjenester. Eksempler på sentrale forskningstema er digital infrastruktur (eventuelt utvikling av denne), organisatorisk kontekst, materialitet, estetikk og omgivelser. Samarbeid med en eller flere kommuner og private leverandører vil bli inngått. Et forskerteam av erfarne forskere er etablert på bakgrunn av HVLs tverrfaglige satsing på digital helse og samskaping av fremtidens e-helseløsninger, med bredt samarbeid med internasjonale forskere fra bl.a. Canada, Nederland og USA. Forskerteamet vil fungere som en støtte og ressurs for postdoktorprosjektet. Postdoktorprosjektet har utgangpunkt i en samskapingstanke i tråd med HVLs strategiske mål om tett samarbeid med samfunns- og arbeidsliv. Prosjektet vil kunne samarbeide med brukere, profesjonsutøvere, beslutningstakere og industrien for å utvikle løsninger for bedre helsetjenester til hjemmeboende eldre, der teknologiske løsninger kan inngå som en integrert del av tjenestene. Postdoktorprosjektet vil samarbeide med forskere fra helse-, ingeniør- og samfunnsfag og humaniora. Det forventes at postdoktoren deltar aktivt i den tverrfaglige forskningsgruppen Teknologi, helse og samfunn. Det er ønskelig med tiltredelse senest 1. desember 2026. Arbeidssted er ved Campus Haugesund, Campus Førde eller Campus Bergen ved SOFV i Alrek Helseklynge. Noe tilstedeværelse Campus Bergen ved Alrek Helseklynge, må påregnes. Ansvars- og arbeidsområde • Planlegging og gjennomføring av forskningsarbeid knyttet til utforsking og utvikling av nye løsninger for digital hjemmeoppfølging for skrøpelige eldre med omfattende hjelpebehov i kommunale helse- og omsorgstjenester • Utvikle egne forskingsspørsmål og teoretisk og analytisk rammeverk for forskningsarbeidet • Koordinere og gjennomføre dataetablering og analyser • Fremstille og presentere forskning i form av artikler, konferansebidrag og seminarvirksomhet • Bidra i forskningsgruppens aktiviteter Det forventes at postdoktoren er forfatter eller medforfatter av minst tre poenggivende publikasjoner i løpet av postdoktorperioden. Kvalifikasjoner Kriterier for ansettelse i stilling som postdoktor fremgår av Forskrift til universitets- og høgskoleloven (Universitets- og høyskoleforskriften). Søkere må ha oppnådd norsk doktorgrad, eller tilsvarende utdanning i utlandet, og kan ha en bakgrunn innen samfunnsvitenskapelige, ingeniørfaglige, humanistiske eller sosial/helsevitenskapelige fag. Avhandlingen må være levert til vurdering innen søknadsfristens utløp, og den må være godkjent før tilsetting kan skje. Den som tilsettes må arbeide i henhold til framdriftsplan og organisering skissert i prosjektbeskrivelsen. Det kan ikke ha gått mer enn 8 år siden disputas. Faglige kvalifikasjoner: • Faglige kvalifikasjoner innen det utlyste området, med hovedvekt i kvalitet på doktoravhandlingen og andre vitenskapelige arbeid • Kunnskap om helse- og omsorgstjenestene i Norge og om e-helsefeltet • Må ha gode språkkunnskaper i engelsk muntlig og skriftlig Ønskede kvalifikasjoner • Erfaring fra tverrfaglig forskningssamarbeid og søknadsskriving • Bred metodekompetanse og erfaring • Beherske norsk eller et annet skandinavisk språk Personlige egenskaper: • God evne til selvstendig og systematisk arbeid og tenkning, kritisk refleksjon • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Evne til å ta initiativ og ansvar Språkkrav Dersom den ansatte ikke har ferdigheter i norsk, svensk eller dansk på nivå A2 ved ansettelse, skal institusjonen tilby gratis norskopplæring med mål om å oppnå norskferdigheter på minimum dette nivået. Utdanningsfaglig kompetanse Utdanningsfaglig kompetanse er krav i alle undervisnings- og forskerstillinger. Dersom søker ikke allerede har utdanningsfaglig kompetanse som innfrir kravene til en stilling som førsteamanuensis, skal HVL tilrettelegge for at kompetanse oppnås i løpet av ansettelsesperioden. Pedagogisk kompetanse dokumenteres ved en pedagogisk mappe og en pedagogisk cv. Karriereplan Den som blir tilsatt skal i fellesskap med Senter for omsorgsforskning, vest utarbeide en karriereplan som spesifiserer den kompetansen postdoktoren skal opparbeide seg. Det skal settes kompetansemål både for postdoktorprosjektet og eventuelt annet karrierefremmende arbeid som legges til stillingen. Postdoktoren vil ha tilgang til karriereveiledning. Annet karrierefremmende arbeid kan for eksempel omfatte undervisning og undervisningsrelatert arbeid, opparbeidelse av norskkunnskaper og utdanningsfaglig kompetanse, bidrag i forskningsfellesskap, samarbeid med offentlige eller private aktører, med mer. En postdoktorstilling har som formål at den ansatte skal opparbeide seg en forskerprofil og kompetanse som gjør vedkommende kvalifisert for å søke stilling som førsteamanuensis. Stillingen kan i tillegg gi annen kompetanse med relevans for postdoktorens videre karriere. Hvordan søke på stillingen? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merket ”Søk stillingen” på denne siden. Søker skal skrive prosjektskisse på maks 5 sider der plan for forskningsarbeid knyttet til utforsking og utvikling av nye løsninger for digital hjemmeoppfølging for skrøpelige eldre med omfattende hjelpebehov i kommunale helse- og omsorgstjenester redegjøres for. Søknaden kan leveres på norske eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at søknader blir vurdert ut fra den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkers ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innen fristen, herunder masteroppgaven/hovedfagsoppgaven og inntil fem vitenskapelige arbeider de ønsker å ha med i vurderingen, fullstendig publikasjonsliste, eventuell prosjektbeskrivelse, attester og vitnemål. Dersom vitnemålene, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikke er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søker selv laste opp attesterte omsettinger. Hvis vedleggene overskrider 50 MB må de komprimeres før opplasting eller legges ved som lenke. Søkere med utenlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanningen samsvarer med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Se www.hkdir.no for mer informasjon om vurdering av høyere utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte grader fra utvalgte land. Dersom utdanningen til søkeren er dekket av ordningen med automatisk godkjenning, vil det være tilstrekkelig å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese mer om ordningen med automatisk godkjenning her. Vi gjør oppmerksom på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordningen til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så raskt som mulig når du vet at du vil søke på stillingen. Dersom du ikke har fått svar fra HK-dir innen søknadsfristen, legger du ved dokumentasjon fra HK-dir om at de har mottatt søknaden din. Søkere til vitenskapelige stillinger blir vurdert av en bedømmelseskomité. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitenskapelige arbeider. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkere bli innkalt til intervju. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget ved Høgskulen på Vestlandet. Søknadene blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalget. Søknader kan ikke sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskolen. Vi tilbyr: • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordninger i Statens pensjonskasse • Spennende fagmiljø med mulighet for kompetanseheving - og utvikling • Muligheter for trening i arbeidstiden Stillingen som postdoktor lønnes i stillingskode 1352 - postdoktor. Generell informasjon: Vi gjør oppmerksom på at unntak fra den offentlige søkerlisten blir behandlet etter reglene i Offentlighetsloven. Søkere som har anmodet om å ikke bli ført opp på den offentlige søkerlisten, vil bli varslet dersom slik anmodning ikke tas til følge. Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Det er derfor et personalpolitisk mål å oppnå en balansert alders- og kjønnssammensetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn, personer med nedsatt funksjonsevne og hull i CV. Tilsatt under forutsetning av at du får innvilget arbeids- og oppholdstillatelse. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskriften kan komme til anvendelse i behandlingen av søknadene. Kontaktpersoner ved Høgskulen på Vestlandet er: 1) Professor Frode Fadnes Jacobsen, prosjektleder +47 55 58 72 12 frode.fadnes.jacobsen@hvl.no 2) Daglig leder Janne Bjorheim Bøe +47 55 58 56 90 janne.boe@hvl.noProfessor