
Universitetet i Bergen · Bergen
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinst...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Det samfunnsvitskapelege fakultet, Institutt for politikk og forvaltning, er det ledig ei midlertidig fulltidsstilling som forskar for ein periode på 2 år. Stillinga er knytt til prosjektet RAISE: Monitoring Hub for Mapping and Surveying Responsible Artificial Intelligence and Societal Engagement in the Nordic Region, finansiert av Nordforsk-programmet Responsible Use of Artificial Intelligence.
RAISE undersøkjer korleis kunstig intelligens (KI) påverkar avgjerder, skjønsutøving og tilliten til offentlege institusjonar i Norden. Prosjektet tek utgangspunkt i eit samfunnsvitskapeleg rammeverk for ansvarleg bruk av KI, med vekt på «digital verdigheit», rettvis representasjon, anerkjenning og innbyggjarinvolvering. Gjennom kartlegging og komparative analysar av KI-bruk på tvers av sektorar og land utviklar prosjektet ny kunnskap om korleis KI inngår i og omformar offentleg forvaltning og styring. Prosjektet kombinerer empirisk kartlegging med teoretisk utvikling og legg særleg vekt på implikasjonar for demokrati, forvaltningspraksis og legitimitet. Som ein del av arbeidet blir det etablert ei felles nordisk plattform for å analysere, overvake og synleggjere korleis KI påverkar offentleg sektor.
Forskaren skal arbeide saman med prosjektleiaren om å ferdigstille forskingsoppgåver i RAISE-prosjektet og vil vere ein del av det nordiske prosjekt-teamet. Det er forventa at forskaren skal ha Bergen som arbeidsstad.
Bidra til formidling frå prosjektet og prosjektresultata til relevante målgrupper.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi kan tilby:
Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 1. september 2026.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Lise H. Rykkja, e-post: lise.rykkja@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar (redaksjonsmedarbeidar) i Norsk Ordbok Velkomen som søkjar til ei mellombels 50 % prosjektstilling som redaksjonsmedarbeidar (forskar 1108) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), Universitetet i Bergen. Stillinga har varigheit på to år. Stillinga er knytt til det store ordbokverket Norsk Ordbok, som dokumenterer nynorsk og norske dialekter. Norsk Ordbok blir saman med Bokmålsordboka og Nynorskordboka oppdaterte ved LLE, og ordbokarbeidet er finansiert av Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD). KUD stiller krav om at ordbøker som heilt eller delvis er bygde opp for offentlege midlar, skal gje opplysingar om kva som er offisiell rettskriving i dag. Arbeidet med Norsk Ordbok starta opp i 1929, og 1938-rettskrivinga for nynorsk er nytta i alle dei tolv trykte banda av verket. Det er såleis ei prioritert oppgåve for redaksjonen at nettordboka skal vise gjeldande nynorsknorm i oppslagsorda, og redaksjonsmedarbeidaren skal bidra til det ved å oppdatere og samordne rettskrivingsopplysningar i ulike ordbokdatabasar. Til saman utgjer ordbøkene, kjeldegrunnlaget og rettskrivingsressursane ein viktig infrastruktur for norsk språk. Det blir ei kjerneoppgåve for den tilsette å sikre kvalitet og konsistens i språkressursane knytt til ordbøkene og å bidra til at dei held seg fagleg og språkteknologisk relevante. Arbeidsoppgåver og ansvar: • oppdatering og samordning av databasar, arkiv og samlingar, med hovudvekt på innhaldet i dei leksikografiske grunnlagsressursane Norsk ordbank og Metaordboka. • oppdatering, feilretting og rydding i ordbokdatabasane. • tilrettelegging og kvalitetssikring av kjeldemateriale knytt til Norsk Ordbok. • kvalitetskontroll i redigeringa av Norsk Ordbok. • administrative oppgåver kan bli aktuelle. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må: • ha mastergrad i nordisk språkvitskap eller lingvistikk. • dokumentere at hen meistrar begge skriftspråka, nynorsk og bokmål, særleg godt. • ha inngåande kjennskap til norske dialektar og dei moderne norske skriftspråka, språkutvikling og skriftnorm i eit historisk perspektiv. • kjenne godt til grunnlagsressursane Norsk ordbank og Metaordboka. • ha erfaring med oppdatering av leksikografiske databasar og handsaming av ulike rettskrivingsnormalar. Relevant IT-kompetanse, særleg erfaring med redigeringsapplikasjonen i Korpuskel og korpussystemet Korpuskel-leks, er ein fordel. Personlege eigenskapar: Vi ser etter deg som har: • evne til å handtere store mengder informasjon og er ryddig og nøyaktig. • evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta. • evne til å halde orden på mange detaljar. • gode analytiske evner. • gode samarbeidsevner. Det blir lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren. Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer. Hos oss får du: • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. • spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB. • ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • lønn som forskar (kode 1108) som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 605 000 – 670 000 i full stilling. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. • medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om motivasjonen din for å søkje stillinga. • Under «CV», gje opp: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. • Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument: • Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skal lastast opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar. • Samandrag av masteroppgåva. • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar og inntil fem vitskaplege arbeid, gjerne på begge dei norske skriftspråka. Søknad og vedlegg må vere på norsk. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsetjingsprosessen her. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Anders Fagerjord, tlf. 55 58 36 53, e-post: anders.fagerjord@uib.no eller leiar for ordbokmiljøet Margunn Rauset, tlf. 55 58 24 63, e-post: margunn.rauset@uib.no. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
IKT-lærlingrettleiar – form framtidas IKT-fagfolk! Vestland fylkeskommune er ein av dei største aktørane innan IKT-opplæring i regionen, og vi søkjer no ein engasjert IKT-lærlingrettleiar som vil gjere ein reell skilnad for lærlingar i IT-driftsfag! Stillinga er nyoppretta på førebels toårig engasjement. Arbeidsoppgåver Som IKT-lærlingrettleiar vil du ha ei sentral rolle i å følgje opp og støtte IKT-lærlingane våre med behov for tilpassa opplæring. Du vil jobbe tett på lærlingane og sikre at dei får ei god opplæring i tråd med læreplanen for IT-driftsfag. Sentrale arbeidsoppgåver: • Personalansvar for IKT-lærlingar under meiropplæring • Fagleg leiar og instruktør for IKT-lærlingar med behov for tilpassa opplæring • Følgje opp læreplanen for IT-driftsfag • Gi tett, individuell rettleiing og støtte • Koordinere og planlegge opplæringsløp • Gjennomføre regelmessige samtalar og vurderingar av lærlingane sin progresjon • Vere bindeledd mellom lærling og arbeidsgjevar • Noko reising til ulike lokasjonar i Vestland må kunne påreknast • Fleire oppgåver tilknytt stillinga kan tilkomme Kvalifikasjonar • Utdanning innan IKT-fag – særleg relevant praksis/erfaring kan kompensere for utdanningskrava • Ønskeleg med rettleiarkompetanse eller pedagogisk kompetanse • Erfaring som fagleg leiar eller instruktør tel positivt • Erfaring med personalansvar tel positivt • Ønskeleg med kjennskap til regelverk knytt til lærekontrakt, fagopplæring og læreplan i IT-driftsfag Personlege eigenskapar Du er ein person med hjarte for opplæring og fagleg utvikling. Du trivst med å jobbe tett på folk, er god på rettleiing og har IKT-fagleg bakgrunn. Du forstår kva det vil seie å vere lærling og veit korleis ein skapar eit trygt og godt læringsmiljø. Vi ser etter deg som er: • Interessert og kommuniserer godt med lærlingar med særskilte behov og læringsutfordringa • Sjølvgåande • Engasjert og omsorgsfull rettleiar • God til å lære i frå deg • Strukturert og god på planlegging og oppfølging • Serviceinnstilt med fokus på lærlingen sitt behov • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne • Oppteken av fagleg utvikling og deling av kunnskap • God på samarbeid og relasjonsbygging Vi tilbyr • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Ein interessant og variert arbeidsdag • Gode forsikrings- og pensjonsordningar • Løn etter avtale • Fleksibel arbeidstid • Arbeidsstad: Sentraladministrasjon Bergen KontaktinformasjonStig Thomas Boge, leiar, 48356915 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5149556620 Stillingsprosent: 100% Anna Søknadsfrist: 16.08.2026
Hvordan ser hurtigbåten ut om ti år? Det kan du være med å bestemme. AtB står foran noen av de mest spennende årene i sjøtransporten i Trøndelag på lang tid. Store deler av hurtigbåttilbudet utredes og konkurranseutsettes, samtidig som vi utvikler mer bærekraftige og energieffektive fartøy gjennom prosjektet Fremtidens hurtigbåt. Nå ser vi etter deg som vil bidra til at folk langs kysten kommer seg dit de skal, også i framtiden. Stillingen er en toårig prosjektstilling, i en fase der det du er med å bygge, skal prege hurtigbåttilbudet i Trøndelag i mange år framover. Arbeidsoppgaver Hva du skal jobbe med Fremtidens hurtigbåt er et samarbeid mellom flere fylkeskommuner som siden 2017 har jobbet for å utvikle utslippsfrie og energieffektive hurtigbåter – og dermed gjøre en av de mest forurensende transportformene langs kysten grønnere. Du skal: • Være ett av to bindeledd mellom Trøndelag fylkeskommune og AtB i oppfølgingen av Fremtidens hurtigbåt • Følge opp prosjektet gjennom dagens kontrakter og kommende anbud – fra foil og delvis hybridisering på et eksisterende fartøy, til nytt skrogdesign og høy grad av hybridisering på nye kontrakter i Øyrekka og Trondheimsfjorden • Bidra som fagressurs i anbud og anskaffelser innen sjøtransport • Bidra i ruteplanlegging og oppfølging av operatører • Gjøre økonomiske vurderinger av aktuelle tiltak Prosjektet har en samlet ramme på nær 200 millioner kroner, der 175 millioner kommer fra Klimasats. Arbeidet er delt mellom prosjektet Fremtidens hurtigbåt og AtBs løpende oppgaver innen sjøtransport, så du får se hele bredden – fra teknisk utvikling til hvordan tilbudet faktisk treffer dem som reiser. Du blir en del av fagmiljøet for sjøtransport i AtB, og jobber tett med kolleger på tvers av fagområder – og direkte med Trøndelag fylkeskommune og operatørene. tillingen er en toårig prosjektstilling, i en fase der det du er med å bygge, skal prege hurtigbåttilbudet i Trøndelag i mange år framover. Kvalifikasjoner Hvem ser vi etter? Du må ha: • Relevant høyere utdanning, fortrinnsvis innen ingeniør- eller teknologifag. Lang og relevant erfaring kan kompensere for kravet om formell utdanning. Du har gjerne: • Kunnskap om elektrifisering eller marin teknikk • Kjennskap til politiske prosesser som legger føringer for offentlig finansierte mobilitetstilbud • Forståelse for sammenhengen mellom teknologi, økonomi og ruteplanlegging i kollektivtransport Vi ser like gjerne etter deg som er tidlig i karrieren som deg med lang fartstid. Det viktigste er ikke antall år på CV-en, men at du forstår ingeniørfaget og har tankesettet som skal til for å bygge framtidsrettede løsninger. Personlige egenskaper Vi tror du er Initiativrik og praktisk anlagt – du får ting til å fungere. Du trives med å samarbeide på tvers av fagmiljøer og offentlige instanser, er nysgjerrig på ny teknologi og lærer fort. Vi tilbyr Hos oss får du • En nøkkelrolle i å sikre hurtigbåtens framtid og levedyktighet • Reell mulighet til å påvirke et stort utviklingsprosjekt, fra tegnebrett til ferdig fartøy • Et tett og sterkt fagmiljø på sjøtransport • Kontor i Trondheim sentrum, med mulighet for hjemmekontor inntil 2 dager i uken • Gratis reiser på AtBs busslinjer for deg og andre i husstanden • Treningstilbud, god lunsjordning, jobbtelefon med abonnement • Gode pensjons- og forsikringsordninger (KLP) og sosiale tilbud via AtB Vel Slik søker du Send CV og en kort tekst om hvorfor du vil være rådgiver for Fremtidens hurtigbåt hos oss. Vi vurderer søknader fortløpende. Ønsker du unntak fra offentlig søkerliste? Begrunn det i søknaden. Vi oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke – uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller bakgrunn. KontaktinformasjonHåkon Hellum (uke 27), Fagansvarlig hurtigbåt og ferge, 924 88 535 Kjell Wilhelm Utvaag (uke 28-30), Mobilitetsplanlegger hurtigbåt og ferge, 918 30 852 Tom Nørbech (uke 31), Seksjonsleder forretningsutvikling, +47 90 89 68 51 ArbeidsstedPrinsens Gate 39 7011 TRONDHEIM Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: AtB AS Referansenr.: 5151471994 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 05.08.2026