
Vestnes kommune Tresfjord barnehage · Vestnes
Stillingstype Det er ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar ved Tresfjord barnehage. Arbeidsoppgåver - arbeid på avdelingane med delansvar for det ped...
Stillingstype
Det er ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar ved Tresfjord barnehage.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort
Link til søknadsskjema: Søk her
Søvik barnehage har ei ledig fast 100% stilling som barnehagelærar frå 01.10.26 Søvik barnehage har tre avdelingar. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell. Barnehagen har eige naust, båt og gapahuk ved strandkanten. Vi søker etter deg som er aktiv, leiken, og engasjert og som bidrar til å skape eit trygt og godt barnehage-/ arbeidsmiljø til det beste for barna og kollegaene dine. Du er engasjert og omsorgsfull, og ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette med lang erfaring. Høyrest dette interessant ut, ønsker vi kontakt med deg og håper du vil søke på stillinga. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv. Arbeidsoppgåver • Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage). • Rettleie og bidra til at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet. • Planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda du er sett til. • Skape eit trygt, inkluderande og stimulerande læringsmiljø for alle barn. • Samarbeide tett med føresette og kollegaer for å sikre heilskapleg oppfølging av barna. Kvalifikasjonar • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutanning i barnehagepedagogikk. • Gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §18b. Personlege eigenskapar • Løysingsorientert, fleksibel og open for endring. • Sjølvstendig og synleg i gruppa. • Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet. • Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og på det som elles skjer på eigen arbeidsplass. • Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping. • Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs. • Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus. • Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar, som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon. • Vere ein god rollemodell. • Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/psykososialt miljø for både barn og vaksne; utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf. Barnehageloven. • Sikre barn sin rett til medverknad og involvering. Personlege eigenskapar, god arbeidskapasitet og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Vi tilbyr • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader. • Ein barnehage fint plassert, nær sjø, skog og skule. • Løn etter gjeldande tariff. • God pensjonsordning. KontaktinformasjonSynnøve Standal, Styrar Søvik barnehage, 90018161, synnove.kathrin.farstad.standal@haram.kommune.no ArbeidsstadPlassen 19 6280 Søvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5152810295 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026
Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule, som ligg idyllisk til ved enden av Veitastrondsvatnet. Oppvekstsenteret har ei unik plassering midt i bygda, omkransa av variert natur på alle kantar. Bygda har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling og ber preg av eit ungt, framtidsretta miljø med godt samhald på tvers av ulike aldersgrupper. Barnehagen har éi avdeling med kapasitet på 24 plassar, og per dags dato er det fem tilsette, i tillegg til styrar. Frå barnehageåret 2026/27 reknar me med å ha 12 ungar mellom 1-5 år. Barnehagen deler bygg med skulen og SFO. Det er mykje samarbeid mellom barnehage og skule, blant anna lesing, tur, spesielle dagar som t.d. påske, karneval, skidag og liknande, og me sikrar slik ein flytande overgang frå barnehagebarn til skuleelev. Elles satsar barnehagen på å skapa ein aktiv kvardag for barna, der me er opptekne av vaksenrolla i leiken. Visjonen vår er leik, omsorg og læring i ein trygg og aktiv kvardag. I dette ligg det at me har stort fokus på trivsel, og korleis me kan gjera dagane best mogleg for kvart einskild barn. Me er opptekne av fysisk aktivitet og glede over naturen og nærmiljøet. Stillingsinformasjon: • Inntil 100% fast stilling som barnehagelærar Kvalifikasjonar: • Barnehagelærarutdanning • Me legg vekt på personlege eigenskapar Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på: • Gode samarbeidsevner • Relasjonskompetanse • Løysingsorientert • Tydeleg vaksenperson, som både er omsorgsfull og kan setja grenser • Engasjement for, og evne til, å samarbeida med barn, kollegaer og føresette for å skapa eit trygt og godt barnehagemiljø • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar • Likar leik og aktivitet Me kan tilby • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk Andre opplysningar • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit Link til søknadsskjema: Søk her
Svingen barnehage har ledig 80 % vikariat som barnehagelærar frå 10.08.26 til 24.12.26, med mogleheit for forlenging ut barnehageåret. Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og vil til hausten 2026 ha fire avdelingar. Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. I dei to neste åra skal barnehagen vera med i eit læringsmiljøprosjekt initiert av UDIR og statsforvaltaren i Vestland. Alle barnehagane og skulane i Fitjar kommune skal delta her. Hovudoverskrifter i prosjektet er psykososialt barnehage- og skulemiljø. Kvalifikasjonar: • Barnehagelærar • Eventuell anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk på 60 studiepoeng. • God IKT kompetanse Arbeidsoppgåver: • Gi omsorg og støtte til barn i alderen 0-6 år • Utvikle, støtte og rettleie barns leik • Bidra til å skape aktivitetar i kvardagen saman med barna • Bidra med det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna • Samarbeid med føresette Vi søkjer deg som: • Er påliteleg, stabil og ansvarsfull • Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig • Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse • Står trygt i deg sjølv og handlar ut frå barns beste • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere open, ærleg og reflektert • Evne til å bidra til at barn opplever meistring og glede • Trivst med å vere ute store delar av dagen, uavhengig av ver og årstid Vi tilbyr: • Godt, trygt arbeidsmiljø med imøtekomande tilsette som bryr seg om kvarandre og barna sitt beste • Lønns- og pensjonsavtale i tråd med hovudtariffavtalen I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Søknadsskjema skal fyllast ut med referansar og oppdatert CV.