Ynskjer du å bli ein del av Ullensvang kommune sin mest spennande og utfordrande arbeidsplass? Avdeling for vann og avløp (VA) har ledig en stilling som ingeniør, der vi har ei mengde varierte og interessanta arbeidsoppgåver til den som blir ansatt. Avdelinga har i dag ca 18 engasjerte og hyggelige kollegaer med høg fagkompetanse, som kvar dag sørger for sikker vassforsyning av god kvalitet til kommunen sine innbyggjarar. Avdelinga ligg under kommunal sektor for Teknikk og miljø, og arbeidsstad vil væra driftsstasjonen på Hjøllo i Odda.
Avdelinga sitt hovudansvarsområde er drift- og vedlikehald av dei rundt 120 VA-anlegga med tilhøyrande leidningsnett, som er spredt rundt i kommunen. Sentralt i dette arbeidet står eit stort antall mindre vass- og avløpsprosjekter som årleg vert gjennomført ved avdelinga. Vi er og involvert i både planprosess og utføringa av større investeringsprosjekter; bygging av vassverk, renseanlegg, pumpestasjoner, høgdebasseng og leidningstraséer. Vi utfører kontinerleg lekkasjesøk. Tilpasningar til nye og strengare krav vil og verta ei viktig oppgåve dei neste åra.
Andre oppgåver som ligger til avdelingen er vedlikehald og administrasjon av dataprogram, som VA-database, driftskontrollsystem, HMS-system, system for drift, vedlikehold og arkivering. Vi har også sakshandsaming for utsleppsløyve, sanitærabonnement, graveløyve, forurensningssaker, fakturering og budsjettarbeid. Vi gir teknisk bistand i utbyggjingsprosjekter, og uttale til tekniske planer, reguleringsplaner og i byggesaker.
Vi er på jakt etter ein initiativrik person som kan arbeide sjølvstendig, med interesse for fagområdet VA, og gjerne med prosjekterfaring. Du må lika å arbeida med dataverktøy, vera systematisk, og sjå nødvendigheita av god planlegging og utvikling av gode rutiner. Du bør vera serviceinnstilt og ein positiv bidragsyter til det gode arbeidsmiljøet vi har ved avdelinga.
Ynskjer ikkje kontakt med telefonselgarar!
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Ullensvang