
Helsetjenester, Tokke kommune · Tokke
Ledig vikariat i 100% stilling som helsesjukepleiar/ sjukepleiar i Tokke kommune Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har Tokke kommune ledig vikariat i 10...
Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har Tokke kommune ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring kan også søkje.
Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring, og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg!
Vikariatet kan bli forlenga eller gjort om til fast stilling på sikt. Arbeidet er knytt primært til skulehelseteneste, flyktninghelseteneste og reise-/sesongvaksinering. Arbeidstida er dagtid i fleksitidsordning, men ein må også rekne med noko kveldsarbeid.
Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, sekretær og jordmor (organisert via jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark).
Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysio- og ergoteapiteneste og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariff.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no.
Velkomen som søkjar!
KontaktinformasjonEvy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975
ArbeidsstadRevahaugvegen 4
3880 Dalen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5154810946
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du jobbe med ungdom - og gjøre en forskjell hver dag? Klepp helsestasjon har ledig eit vikariat i 100 % stilling frå 01.08.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Vi ser etter ein engasjert helsesjukepleiar til skulehelsetenesta ved ungdomsskule. Her får du arbeide tett med ungdom, med fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid i ei viktig livsfase. Om arbeidsstaden Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. I tillegg til helsestasjonstenesta omfattar Oppvekst barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team og tenester innan fritid. Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom samarbeid med elevar, føresette, skular og andre fagtenester arbeider vi for tidleg innsats og heilskapleg oppfølging av ungdom. Om stillinga Stillinga omfattar arbeid i skulehelsetenesta ved ungdomsskule, der hovudmålgruppa er elevar i alderen 13–16 år. Arbeidsoppgåver • Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot ungdom • Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar • Undervisning i klasse og grupper • Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering • Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsesjukepleiar • Sjukepleiarar med relevant vidareutdanning/erfaring kan òg søkje • Erfaring frå arbeid med ungdom er ønskelig • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Gyldig politiattest Personlege eigenskapar • Vi søkjer deg som: • har eit sterkt engasjement for ungdom si helse og utvikling • er trygg i møte med ungdom og flink til å byggje relasjonar • arbeider sjølvstendig og strukturert • har gode samarbeidsevner • er fleksibel og løysingsorientert Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Meiningsfullt arbeid med ungdom i ein viktig livsfase • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø • Faste møter i faggrupper og fellesmøter for personalet i tjenesten • Vi har fadderordning som sikrer trygg oppstart og oppfølging • Moglegheit for fagleg utvikling • Løn etter gjeldande avtalar KontaktinformasjonInger Olsson, Leder, +47 90804283 ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5147713492 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 03.08.2026
Øystre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar med tiltreding frå september. Helsestasjonen følgjer opp om lag 30 fødslar årleg, medan skulehelsetenesta omfattar to barneskular og ein ungdomsskule. Tenesta består av tre årsverk helsesjukepleiarar. Jordmortenesta og helsestasjon for ungdom er organisert som interkommunale tenester. Øystre Slidre kommune er oppteken av tidleg innsats og godt samarbeid på tvers av tenester og fagmiljø rundt barn, unge og familiane deira. Som helsesjukepleiar får du ei sentral rolle i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, der du kombinerer sjølvstendig arbeid med tett samarbeid på tvers av fagområde og tenester. Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert under helseavdelingen i kommunen og er i prosess med å flytte inn i nye lokaler. Arbeidsoppgåver • Helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste i tråd med nasjonale faglege retningslinjer. • Foreldrerettleiing, undervisning og kursverksemd individuelt og i grupper. • Tverrfagleg samarbeid og koordinering rundt barn og unge. • Bidra til utvikling av tenesta og andre oppgåver etter behov. • Det må reknast med noko ettermiddags- og kveldsarbeid i samband med kurs og møte. Kvalifikasjonar • Krav til utdanning: Autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar. Ønskjelege kvalifikasjonar: - Oppdatert fagkunnskap og erfaring frå praksisfeltet. - Erfaring med foreldrerettleiing, og gjerne kjennskap til rettleiingsprogram som PMTO/TIBIR, COS-P, NBO og ICDP. - Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, og evne til å kommunisere på engelsk og gjennom tolk. - Gode digitale ferdigheiter. - Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil, då stillinga inneber reiseverksemd i kommunen og samarbeid med andre tenester. Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjing. Personlege eigenskapar • Engasjement for barn og unge si helse, utvikling og oppvekst. • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta, samtidig som du samarbeider godt med andre. • Fleksibel, løysingsorientert og open for endringar i arbeidskvardagen. • Gode samarbeidsevner og eit positivt bidrag til eit godt arbeidsmiljø. • Evne til å sjå heilskap og samanheng i arbeidsoppgåver og tenester. • Bidreg til å finne gode løysingar i samarbeid med brukarar, føresette og kollegaer. Vi tilbyr • Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø • Ei utfordrande og spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver. • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle helsestasjons-, skulehelse- og førebyggjande tenester. • Høg grad av tverrfagleg samarbeid og korte avstandar mellom tenestene. • Gode moglegheiter for fagleg utvikling, rettleiing og kollegastøtte. • Tilrettelegging for kompetanseheving og vidareutvikling. • Medlem i gode pensjonsordningar (KLP) KontaktinformasjonMimmi Rudi, Leiande helsesjukepleiar, +47 91324079 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5150884784 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.08.2026
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og består av seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning- og butiltak for barn og unge og tverrsektorielt psykologteam. Eininga held til i Husnes tenestesenter. Omtale av stillinga: Er du vår nye kollega? Ved helsestasjonstenesta i Kvinnherad er det ledig 2 x 100% vikariat som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta for snarleg tilsetting. Det eine vikariatet gjeld tom 31.01.27 med mogleg forlenging, og det andre gjeld tom 31.06.27 med mogleg forlenging. Skulehelsetenesta arbeidar målretta for å styrke barn og unge si helse, trivsel og meistring, gjennom å støtte deira utvikling og oppvekstmiljø. Skule- og helsestasjonstenesta i Kvinnherad har for tida 9.5 helsesjukepleiarstillingar, i tillegg 2,2 jordmorstillingar knytt til helsestasjonen. Arbeidsoppgåver: Hovudarbeidsoppgåver for stillinga: Dette inneber mellom anna. • Arbeidsoppgåver i tråd med Nasjonal fagleg retningsliner for helsefremmande og førebyggande arbeid i skulehelsetenesta • Arbeidsstad primært ute på aktuelle skular • Barnevaksinasjonsprogrammet • Samtalar med barn, unge og føresette • Råd og rettleiing til føresette • Tverrfagleg samarbeid med skular og andre hjelpeinstansar • Dokumentasjon i fagsystemet Infodoc Kvalifikasjonar: Utdanningskrav: Offentleg godkjent helsesjukepleiar. Dersom vi ikkje får kvalifiserte helsesjukepleiarar kan helsesjukepleiarstudentar og sjukepleiarar med relevant arbeidserfaring bli vurdert. • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar • God digital kompetanse • Krev gode norskkunnskapar • God skriftleg og munnleg framstillingsevne • Førarkort Klasse B. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing; • God samarbeidsevne og god kommunikasjon • At ein kan arbeide sjølvstendig og at ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom • Løysingsorientert, målretta og strukturert • Evne til fleksibilitet og endringsvilje og kunne takle uforutsette situasjonar • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Faglege utfordringar i eit hyggeleg arbeidsmiljø • Ei utfordrande og sjølvstendig stilling • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. • Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring. • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her