
Røyrvika omsorgsbustadar, Time kommune · Time
På jakt etter ein jobb med varierte arbeidsoppgåver og meiningsfulle dagar? Røyrvika omsorgsbustadar ligg sentralt på Bryne, med kort veg til både sentrum og...
Røyrvika omsorgsbustadar ligg sentralt på Bryne, med kort veg til både sentrum og buss- og togstasjon. Me tilbyr bustad og oppfølging til 22 bebuarar med ulike ressursar, behov og livssituasjonar. Fleire har samansette helsebehov og mange fagområde bidreg for å sikra gode helse- og omsorgstenester.
Røyrvika er ein del av eininga Psykisk helse og rusarbeid, og me arbeider for å skapa trygge og gode rammer der den enkelte bebuar kan oppleva meistring, utvikling og livskvalitet. Her møter du menneske med samansette behov, noko som gir både faglege utfordringar og moglegheiter for læring og utvikling.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får moglegheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du blir ein del av eit tverrfagleg og engasjert fagmiljø med om lag 60 tilsette fordelt på 30 årsverk. Me legg stor vekt på samarbeid, fagutvikling og brukarmedverknad, og me arbeider kontinuerleg for å utvikla tenestene våre. Samstundes er me opptekne av å ta vare på kvarandre og skapa eit arbeidsmiljø, prega av openheit, støtte og godt humør.
Avdelinga har årsturnus, og frå januar 2027 vil du få moglegheit til å påverka eigen turnus gjennom turnusplanlegginga.
Me har ledig fleire stillingar :
100% fast, 1 stilling som helsefagarbeidar.
100 % vikariat, 2 stillingar som helsefagarbeidar. Vikariat i eitt år, med moglegheit for forlenging.
Helgestillingar (ca. 13-20%), 3 faste stillingar, herav ei 1 nattstilling og 2 dag/kveld stillingar. Nokre av helgene er kvar 3. helg og andre kvar 4. med langvakter
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og /eller karakterutskrift kan du henta på Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja generell og/eller yrkesgodkjenning fra Direktoratet for høgarer utdanning og kompetanse (HKdir)
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt. Me legg særleg vekt på evna til å samarbeida godt med ulike faggrupper til beste for bebuarane.
Vi tilbyr
Politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
KontaktinformasjonBjørg Bø McDowell, Avdelingsleiar, +47 95818646
ArbeidsstadRøyrvika 3a
4340 Bryne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5157066780
Stillingsprosent: 100, 20%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 17.08.2026
Kjære alle dyktige helsefagarbeidarar! Me har ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar i eitt år ved demensavdelinga på Sivdamheimen 1. etasje. Stillinga er ei rein nattevaktstilling med arbeid anna kvar/kvar tredje helg. Me ser etter deg som ønskjer å vere med i medarbeidargruppa vår og bidra til tryggleik, glede og omsorg for personar med demens. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der pasientane våre står i sentrum, og der me arbeider saman for å skape gode dagar og netter. Avdelinga har årsturnus, og frå januar 2027 vil du ha moglegheit til å vere med og påverke din eigen turnus. Sivdamheimen ligg sentralt til, med kort avstand til både Bryne sentrum og buss- og togstasjon. Avdelinga er organisert i tre fløyar med sju pasientar på kvar fløy. Me har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar. Saman arbeider me målretta for å gje pasientane ein trygg og tilrettelagd kvardag, med fokus på meistring, trivsel og best mogleg livskvalitet. Hos oss får du arbeide i eit tverrfagleg miljø der fagutvikling, kvalitet, brukarmedverknad og nytenking står sentralt. Samstundes legg me vekt på eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, engasjement og godt humør er ein naturleg del av kvardagen. Institusjonstenestene i Time kommune har eigen fagutviklar med særleg fokus på kompetanse-utvikling, pasientsikkerheit og kvalitet. Me har òg eit tett og godt samarbeid med kommunen sin demenskoordinator. Ønskelig med oppstart 1.september Arbeidsoppgåver • pleie- og omsorgsoppgåver • tverrfagleg samarbeid og rettleiing • miljøarbeid med fokus på å skapa gode dagar for pasientane • prioritera og delegera oppgåver etter behov • bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid • dokumentasjon i Profil i tråd med gjeldande rutinar Kvalifikasjonar • autorisasjon som helsefagarbeidar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B2) • erfaring frå arbeid med personar med demens er ein fordel • gode datakunnskapar. Dokumentasjon er ein viktig del av arbeidet, og me nyttar Profil som journalsystem • det krevst gode norskkunnskapar og både skriftleg og munnleg framstillingsevne bil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • har gode kommunikasjonsferdigheiter • tar initiativ og kan jobbe i team • er engasjert i faget og interessert i ny lærdom • er ansvarsbevisst og fleksibel • har evne til godt samarbeid på tvers av faggrupper • du må like å arbeida både sjølvstendig og i team • gode samarbeidsevner, både internt og eksernt og bidra positivt i arbeidsmiljøet • evne til å arbeida sjølvstendig og ta inititativ til oppåver som må gjennomførast. • villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen utviklar seg • du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert • evne til å ta ansvar for eiga utvikling og tileigna seg ny kunnskap • du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg • me legg vekt på personlege eigenskapar og korleis du passar til arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet. Vi tilbyr • Gode pensjonsordningar (KLP) • Løn etter tariff • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. KontaktinformasjonMari Elise Almås, Avdelingsleiar, 93268156, mari.elise.almas@time.kommune.no ArbeidsstadRøyrvika 12 4344 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5156523625 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 16.08.2026
Miljøtenesta i Time kommune består av 6 avdelingar fordelt på Bryne og Kvernaland Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og omfattar: Heildøgns omsorgsbustadar og burettslag Barne- og avlastningsbustad Aktivitetssenter Tilrettelagte aktivitetstilbod Timebaserte tenester til heimebuande Positiv atferdsstøtte (PAS) er godt forankra i tenestene våre og ligg til grunn som verdi- og rammeverk for arbeidet i alle avdelingar. Verksemda arbeider aktivt for at brukarane skal oppleva god livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag, med fokus på sjølvbestemming, meistring og fellesskap. Du vert ein del av eit tverrfagleg miljø og eit leiarteam med fem avdelingsleiarar, og du rapporterer til verksemdsleiar. Om stillinga Du får ansvar for Holmebakken bufelleskap og eit nytt bufelleskap som opnar på Kvernaland i desember 2027. Det nye bufelleskapet er eit kombinert foreldreinitiativ og kommunalt bufellesskap. Du vil få ei sentral rolle i planlegging og etablering av dette tilbodet. Dette gir deg ei unik moglegheit til å: Vera med å etablere eit nytt bufellesskap frå start Legge gode rammer for fag, struktur og kultur Arbeidsoppgåver Dagleg leiing av avdelinga med fag-, personal- og økonomiansvar Sikra ei god og effektiv tenesteproduksjon Arbeide med kvalitet og fagleg utvikling i tråd med lovverk og interne krav Vere tett på i HMS-arbeid og oppfølging av sjukefråvær Sikre oppfølging av mål, krav og politiske vedtak Bidra til god samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar Leie utviklingsarbeid og endringsprosessar Planlegga og etablera nytt bufelleskap på Kverneland I 2026 vil arbeidsoppgåvene i stor grad vere knytte til organisatorisk arbeid, førebuing og tilrettelegging, i lys av at Holmebakken frå 2027 skal slås saman med nytt foreldreinitiativ på Kverneland. Kvalifikasjonar Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar Brei erfaring med målgruppa Leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing er ønskjeleg God økonomisk forståing Erfaring frå turnusarbeid er ein fordel God IKT-kompetanse Krav om norskferdigheter, minimum B2 Du må ha førarkort klasse B (manuell gir) Det er krav om politiattest ved tilsetting. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar • Har ein trygg, tydeleg og inkluderande leiarstil • Er strukturert og målretta, med god gjennomføringsevne i ein travel kvardag • Skaper tillit, gode relasjonar og godt samarbeid med medarbeidarar, brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar • Er utviklingsorientert og trivst med å byggja struktur, kultur og fagleg retning i nye tenester • Er løysingsorientert, handlekraftig og trygg i komplekse situasjonar og endringsprosessar • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø prega av openheit, respekt og fagleg engasjement Vi tilbyr • Ei spennande og utviklande leiarstilling • Moglegheit til å vera med å etablera eit nytt bufelleskap • Eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling • Deltaking i eit godt leiarteam med fadderordning i oppstarten • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar • Bedriftskunstforening • Løn etter avtale KontaktinformasjonStig Soland Kristofferse, Verksemdleiar, +47 93633153, stig.soland.kristoffersen@time.kommune.no ArbeidsstadHolmebakken 4355 Kvernaland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5149768408 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Helsefagarbeidar - fast 100% stilling i Heimetenesta Me søkjer helsefagarbeidar i 100 % fast stilling i turnus. Stillinga har for tida langvakter kvar 4. helg, inkl nokre langvakter i vekedagar. Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og består av to avdelingar- Heimesjukepleien og Psykisk helse m/ tildelingskontoret. Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 53 årsverk. Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år + , heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på «Gode pasientforløp». Som tilsett hos oss vert du del av ei viktig gruppe som skal trygge pasientar og pårørande i sårbare situasjonar, i godt samarbeid med dine kollegaer, inkl våre øvrige tenester i kommunen. Om stillinga • Stillingsstorleik: 100 % • Stillingstype: Fast stilling • Stillinga er i turnus med langvakter kvar 4. helg, inkl noko langvakter i vekedagar Arbeidsoppgåver: • Yte omsorg, pleie og tilsyn jf vedtak knytt til tenestemottakarane sine behov. • Dokumentere i EPJ. • Halde deg oppdatert med gjeldande rutinar (jf Compilo) Ta initiativ til/ være del av forbetringsarbeidet på arbeidsplassen (jf kommunen si satsing innan LEAN) Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. • Du må beherska norsk skriftleg og munnleg (B2- nivå). • Førarkort kl. B. Det er ein fordel om du kjenner til CosDoc, og kjenner til hovedtankane og arbeidsmetodane knytt til «Gode pasient forløp». Personlege eigenskapar Me søkjer deg som har: • Evne til å sjå andre sine behov • Klarer å jobbe i team • Er fagleg engasjert • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Er sjølvstendig • Ynskjer å bidra til nødvendig tilpassing av våre tenester i møte med notid og framtid • Du må like å ta ansvar og ha evne til å bidra til godt arbeidsmiljø. Hos oss i Suldal kommune får du: Faglege og personlege utfordringar i eit arbeidsmiljø vi alltid arbeider for skal vært godt og inspirerande. • Du får engasjerte og dyktige kollegaer og gode moglegheiter til fagleg utvikling. • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Bedriftshelseteneste • Løn- og tilsetjingsvilkår i samvar med tariff Spørsmål om stillinga kan rettast til: Einingsleiar Svanhild Løge Skålheim ( mob 99 36 25 23) (før 10.07.26 , og etter 03.08.26) Avd leiar Anne Marie Torsteinbø (mob 91539 924) Frå 13.07.26 Andre opplysingar: • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju veke 33 • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her