
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune · Sykkylven
Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, god struktur og eit arbeidsmiljø der vi løftar kvarandre? Vi styrkjer laget vårt og har no ledige faste stilling...
Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, god struktur og eit arbeidsmiljø der vi løftar kvarandre?
Stillingane er knytt til ulike delar av BUAS
2 x 100 % fast stilling som sjukepleiar (2 x 100 ved sone 2)
2 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar (1 x 100 ved sone 2 og 1 x 100 ved institusjon demens)
Stillingane er knytt til Sykkylven bu og aktivitetssenter, med arbeid i turnus og arbeid kvar tredje helg.
Vi ber om at du presiserer i søknaden kva avdeling du søkjer på.
Hos oss får du ein kvardag prega av meistring, fagleg utvikling og meiningsfulle oppgåver. Du får arbeide tett saman med dyktige kollegaer og vere ein viktig ressurs for pasientar og pårørande. Vi legg til rette for at du skal få bruke kompetansen din fullt ut – enten du er sjukepleiar eller helsefagarbeidar.
BUAS har eit sterkt fagmiljø med god tverrfagleg kompetanse. I tillegg har eininga ein eigen sjukepleiarstab med 8 sjukepleiarar som støttar avdelingane og bidreg på tvers i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd
KontaktinformasjonWenche Oldeide, Einingsleiar
ArbeidsstadHaugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5145094839
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
Om stillinga Avdeling for digitaliseringspolitikk har ei ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for personvern og digitale rettar. Seksjonen arbeider med implementering og forvaltning av EU-regelverk som har stor betydning for den digitale samfunnsutviklinga i Noreg, mellom anna KI-forordninga, forordning om digitale tenester og regulering av elektronisk identitet. Seksjonen har òg ansvar for digital tryggleik, digital inkludering, kommunikasjonsvern og personvern. Du vil bidra til utviklinga av politikk på eit område med høg politisk merksemd. Bruken av teknologi og digitalisering aukar, og påverkar kvardagen til kvar og ein av oss, og samfunnet som heilskap. Det gir store moglegheiter, men krev òg strategisk styring og regulering. Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane og behovet for omstilling. Digitalisering er eit nødvendig verkemiddel for å møte desse krava, samstundes som vi tek vare på rettstryggleik og tillit. Hos oss vil du bli del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø som består av juristar, samfunnsvitarar og teknologar. Vi verdset høg fagleg kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid, og har ein kultur prega av openheit, tillit og fagleg utvikling. Arbeidsmiljøet er hektisk, men òg svært givande, med moglegheiter for personleg og profesjonell vekst. Vi legg stor vekt på å byggje relasjonar og samarbeid både internt i departementsfellesskapet og med eksterne aktørar. Arbeidsoppgåver Du vil inngå i eit fagleg sterkt og engasjert miljø, og arbeide med sentrale problemstillingar knytte til digitale rettar og regulering. Arbeidet vil spenne frå langsiktig utgreiing og regelverksutvikling til løpande oppfølging av saker med korte fristar. Du vil få ei sentral rolle i å bidra til kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming. Du vil mellom anna: • utarbeide regelverk, herunder delta i innlemming og gjennomføring av EØS-relevant regelverk • arbeide med utgreiing og analyse • førebu saker for, og gi faglege råd til, politisk leiing • delta i fagdialog med underliggjande verksemder • behandle førespurnader frå publikum • bidra i seksjonen si øvrige oppgåveløysing innan digitaliseringsfeltet Vi søkjer deg som har Du må ha: • mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen eller innan samfunnsvitskaplege fag • minimum tre års relevant erfaring for stilling som rådgjevar og fem års relevant erfaring for stilling som seniorrådgjevar • erfaring med regelverksarbeid, utgreiing eller digitaliseringsrelaterte problemstillingar • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Det er ønskjeleg at du har: • kjennskap til EØS-prosessar • kjennskap til regelverk og forvaltning knytt til digitalisering og/eller ID-regulering Personlige eigenskapar Vi ser etter deg som: • tar initiativ og driv arbeidet framover • evnar å handtere fleire parallelle prosessar og korte fristar • arbeider strukturert og planmessig • er fleksibel og løysingsorientert • samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • har stor arbeidskapasitet Det vil bli lagde vekt stor vekt på personleg egnethet. Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. Vi tilbyr Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr: • kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø • fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommar-/vintertid • moglegheit for trening i arbeidstida • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, forsikrings- og pensjonsordningar • eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette og eige bedriftsidrettslag Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 650 000-750 000 kroner per år eller seniorrådgjevar i lønnsspennet 750 000-850 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse. Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her. Vi er opptekne av Mangfald er ein styrke og bidrar til endå betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Dersom det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin frå kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg dersom du har behov for det. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir ikkje brukt til andre føremål enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Informasjon til deg som søkjer • Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida. Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV). Dette er nødvendig for mellom anna å oppfylle kravet om fullstendige søkarlister. Vi ber også om at du lastar opp vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HK-dir. • DFD samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. • Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden. Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Åste Marie Skullerud på tlf 90967304 eller e-post aste-marie.skullerud@dfd.dep.no. For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller annabel.tveit@dss.dep.no.
Linja byggjer, vedlikeheld og driftar eit straumnett rusta for framtida. Våre dyktige fagfolk løyser utfordringar som gjer regionen meir berekraftig, og gir kraft til nyskaping og utvikling. Som eitt av dei største nettseselskapa i landet, forsyner vi over 100 000 kundar frå Askvoll i sør til Ålesund i nord med straum. Vi er nær 300 tilsette på fleire lokasjonar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Aktiviteten i nettet aukar, og vi har mange spennande prosjekt og eit omfattande investeringsprogram. Derfor ønskjer vi fleire dyktige prosjektleiarar med på laget. Hos oss får du ansvar for å drive prosjekt trygt og effektivt frå planlegging til gjennomføring, i tett samarbeid med fagmiljø og samarbeidspartar. Som prosjektleiar i Linja, vil du: • Leie større prosjekt på både distribusjonsnett og regionalnett • Planlegge prosjekt og sikre god gjennomføring frå start til slutt • Samarbeide tett med og leie dedikerte team • Bestilling og oppfølging av prosjektaktivitetar • Ansvar for helse, miljø og sikkerheit i prosjekta Dine kvalifikasjonar: • Bachelorgrad eller teknisk fagskule innan elkraft eller fornybar energi • Erfaring med bygging og drift av kraftnett er ein fordel, men ikkje eit krav • Kandidatar i sluttfasen av utdanning blir oppmoda til å søke • Fleksibilitet, initiativ og gode samarbeidsevner er viktige eigenskapar Vi tilbyr deg: • Sterkt fagleg fellesskap • Varierte og utviklande oppgåver • Konkurransedyktig løn og vilkår • Gode forsikringar og pensjonsvilkår • Fleksible ordningar for arbeidstid og høve til heimekontor Avdelinga sitt ingeniørmiljø er knytt til våre kontor i Dragsund, Florø, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Stranda, Stryn og Ålesund. Vi legg til rette for at du kan ha oppmøteplass på ein av desse lokasjonane. Samfunnet krev stadig meir av straumnettet. I denne stillinga får du vere med å utvikle og styrke denne kritiske infrastrukturen som er avgjerande for samfunnsutvikling og verdiskaping. Søknadsfrist: 23. august 2026. Vi vurderer søknader fortløpande, og oppmodar interesserte kandidatar til å søke snarast. Vil du bli med å utvikle straumnettet for framtida? Vi gler oss til å lese søknaden din! Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga. Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.
Vil du jobbe saman med denne flotte gjengen på Sikkerhetsposten? På Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus får du moglegheita til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der tryggleik, omsorg og behandling står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna fleksible arbeidsplaner, sikkerheitstillegg og tilgang til trimrom på sjukehuset. Vi søkjer ein vernepleiar/sjukepleiar som er motivert for å bidra til auka meistring og livskvalitet for pasientane våre, samtidig som du blir ein del av eit team som vil at du skal lykkast! Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Vi jobbar med ulike typar forbetringsarbeid, og har fokus på ernæring og aktivitet for pasienten. Vi styrker den faglege kompetansen med diskusjonar og internundervisningar. Vi øver kvar veke på MAP (møte med aggresjonsproblematikk) for å førebygge og handtere aggresjons- og valdsproblematikk. Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Deira ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med. På grunn av utfordrande og krevjande situasjonar som kan oppstå med pasientgruppa, legg vi vekt på evne til å handtere slike situasjonar. 👉 Søk no og bli med på laget vårt! Kva går jobben ut på? • Sjukepleie og behandling tilpassa pasientens individuelle behov. • Ansvarsvakt i eininga. • Legemiddelhandtering. • Observasjon og dokumentasjon av pasientforløp. • Overvåking og implementering av sikkerhetstiltak for pasient- og personaltryggleik. • Handtering av utfordrande åtferd. • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å fremje endring. • Utforming av kort- og langsiktige behandlingsplanar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri. • Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus. • Kunnskap om psykiske lidingar og relevant lovverk. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du: • er robust og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik • er initiativrik, engasjert og viser respekt for kvar enkelt pasient • arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver • trivst i eit aktivt og travelt miljø • samarbeider godt i team og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • etterspør rettleiing og er lojal til avgjerder For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje. Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? • Du får sikkerheitstillegg på kr 7 300 per år – som aukar til kr 10 700 etter to år. • Etter eitt år får du ei ekstra friveke. • Vi legg til rette for kompetanseheving og utvikling gjennom rettleiing og opplæring. • Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke. • Vi kan vere behjelpelege med midlertidig bustad. • Eit profesjonelt og støttande arbeidsmiljø. • Moglegheit for langvakter kvar 4. helg eller normalvakter kvar 3. helg. • Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset. • Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO. • Statens lånekasse slettar 25 000 kr av studielånet ditt etter at du har budd i Kvinnherad kommune i minimum 1 år. KontaktinformasjonLiv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466483, liv.rose.olderkjer.larsen@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 26 5451 VALEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5149980935 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026