
Sunnfjord kommune Førde heimeteneste, eining 2 · Sunnfjord
Førde heimeteneste eining 2, har base på Prestebøen 8 i Førde, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heimesjukepleie...
Førde heimeteneste eining 2, har base på Prestebøen 8 i Førde, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande. Eininga har om lag 40 årsverk. Heimetenesta har fokus på implementering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette. Er det deg?
Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag i todelt turnus med arbeid på laurdag og søndag.
Krav til søkar:
Vi ynskjer at du:
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kva kan vi tilby?
Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar.
Politiattest må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Interkommunal døgnavdeling er lokalisert i 2. høgda i Legevaktbygget i nær relasjon til Stord sjukehus. Avdelinga vart opna 20. mars 2017. Avdelinga har 9 senger. 4 senger er kommunale akutte døgnplassar (etter § 3-5 i helse- og omsorgstenestelova) og 5 senger er disponert av tildelingskontora i den einskilde av samarbeidskommunen for pasientar som treng opphald i påvente av tilbod i heimkommune. **Det er ledig fast 100 % lege stilling ved interkommunal døgnavdeling (IDA) for kommunane Bømlo, Fitjar og Stord.**Oppstart etter avtale med leder. Avdelingsoverlege har arbeidstida si frå 08 00 til 15 30 frå måndag til fredag Dei faste legane er med i ein 6-delt bakvaktsturnus kvardagar kl 15.30 -- 22 og laurdagar/sundagar/heilagdagar kl 08-22. Det er 3 timars aktiv vakt på helgedagar. Bakvakt på netter er dekka av legevaktslege. Arbeidet består i: • Vera delaktig i kvalitet- og utviklingsarbeid i avdelinga og bidra til fagutvikling. • Ha medisinsk ansvar for avdeling ( Medisinsk fagleg rådgjevar skal saman med dagleg leiar og styret, sikre eit godt fagleg og etisk nivå og vidareutvikle tenesta. • Samarbeid med fastlegar, heimetenesta og tildelingskontora i kommunane. • Ein vil ha pasientretta arbeid, med bl.a. visitt, inn- og utskriving av pasientar, føre epikrise etc. Kvalifikasjonar: • Spesialist i allmennmedisin eller ALIS med interesse for geriatri og sykehjemsmedisin • Erfaring frå primærhelsetenesta, indremedisin eller geriatri • Fagleg engasjement og interesser for utvikling av avdelinga og godt arbeidsmiljø • Evne til sjølvstendig arbeid, funksjon i team og støttande delegasjon av oppgåver • God skriftlig og muntlig fremstillingsevne på norsk. • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato. Vi tilbyr • Et faglig sterkt og inkluderende arbeidsmiljø • Fleksibel arbeidstid og god balanse mellom arbeid og fritid • Mulighet for å påvirke utviklingen av tjenestene • Mulighet å kombinere jobb med legevaktsarbeid hvis ønskelig • Lønn etter avtale • Offentleg tenestepensjon i KLP Me legg vekt på personlege eigenskapar og vurderingar i intervju med tanke på evne og interesse for utvikling av faglege prosedyrar og rutinar for samarbeid internt i avdelinga og mot samarbeidspartar. Lønn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP. For nærare opplysingar om stillinga kontakt dagleg leiar Agata Barbara Kapuscinska tlf. 40 72 92 63, eller mail: agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Førde bu- og miljøteneste, eining 2, yter døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Arbeidsoppgåvene er knytte til praktisk bistand og opplæring i daglege gjeremål. Vi støttar den enkelte i å meistre eigen kvardag, ivareta psykisk og fysisk helse og delta aktivt i sosiale og fysiske aktivitetar. Personalbasen er knytt til omsorgsbustader, men vi yter òg tenester til personar som bur andre stader i Førde. Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, faglege utfordringar og høve til utvikling. Vi har ledig: • 100 % mellombels stilling som miljøarbeidar i perioden 07.09.2026 - 25.04.2027 Vi søkjer primært etter deg som er helsefagarbeidar. Andre med relevant erfaring eller interesse for arbeid med menneske med samansette hjelpebehov kan òg bli vurderte for vikariatet. Vi ser etter ein medarbeidar som bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet og som har engasjement for målretta miljøarbeid. Arbeidstida er organisert i tredelt turnus med dag-, kveld- og nattevakter, inkludert langvakter. Det er arbeid kvar fjerde helg. Arbeidsoppgåver: • praktisk bistand og oppfølging av den enkelte brukar • bidra til aktivitet, god ernæring og livskvalitet i kvardagen • førefallande arbeidsoppgåver i bustadane • legemiddelhandtering • journalføring og dokumentasjon Kvalifikasjonar: • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk • gode IKT-kunnskapar Vi søker deg som: • er fleksibel og har evne til å skape gode relasjonar • har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø • er engasjert, løysingsorientert og tar initiativ • kan arbeide sjølvstendig og strukturert • erfaring med målretta miljøarbeid for personar med psykisk utviklingshemming er ein fordel Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr: • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver • spennande faglege utfordringar • opplæring, rettleiing og fagleg utvikling Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding i stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Har du det som skal til for å leie og utvikle ettermarknaden hos Bilhuset Førde? Bilhuset Førde er ein av dei leiande bilforhandlarane i regionen og representerer Mercedes-Benz, Peugeot og Kia. I 2024 omsette vi for 231 millionar kroner og leverte 433 bilar til kundar i marknadsområdet vårt. Gjennom fleire år har vi hatt sterk vekst og utvikling, og no søkjer vi ein ettermarknadsleiar som vil vere med å vidareutvikle eit viktig forretningsområde i selskapet. Vi er på jakt etter ein leiar som ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Du motiverast av å skape struktur, sikre gode rutinar og utvikle både medarbeidarar og arbeidsprosessar slik at avdelinga leverer stadig betre resultat. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å skape resultat gjennom menneske, struktur og målretta leiing. Du tek eigarskap til ansvaret ditt, set retning for teamet og sørgjer for at planar vert omsette til handling. Hos oss får du høve til å påverke vidare utvikling av verkstad- og ettermarknadsområdet, samtidig som du byggjer eit sterkt lag og bidreg til auka kvalitet, kundetilfredsheit og lønsemd. Kva blir ditt ansvar? Som ettermarknadsleiar får du ei sentral rolle i verksemda og blir ein del av leiargruppa. Du vil vere ein viktig sparringspartnar for dagleg leiar og få stor påverknad på vidare utvikling av ettermarknadsområdet. Du skal sikre god flyt, høg kvalitet, fornøgde kundar og lønnsam drift gjennom gode rutinar, tett oppfølging og kontinuerleg utvikling. Du vil samarbeide tett med driftsansvarleg for delar, logistikk og kundemottak, verkstadleiar og garantiansvarleg, og rapportere direkte til dagleg leiar. Nokre av dine viktigaste oppgåver vil vere: • Sikre gode kundeopplevingar gjennom høg kvalitet, god kommunikasjon og effektiv oppfølging. • Leie og vidareutvikle ettermarknadsavdelinga • Sikre effektiv drift og god ressursutnytting • Følgje opp mål, resultat og nøkkeltal • Bidra til auka lønsemd og betre kundetilfredsheit • Vidareutvikle rutinar, arbeidsprosessar og kvalitet i alle ledd • Sikre godt samarbeid mellom verkstad, kundemottak, delelager og øvrige avdelingar. • Bygge eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, ansvar, utvikling og stoltheit. Kven ser vi etter? Vi ser etter ein leiar med gjennomføringsevne, som evnar å skape resultat gjennom struktur, oppfølging og gode relasjonar. Du trivst med ansvar, tek tak i utfordringar og motiverast av å utvikle både medarbeidarar og resultat. For å lukkast i rolla trur vi at du: • Utøver tydeleg og trygg leiing, og tør å stille krav når det er nødvendig. • Skapar motivasjon, samhald og eigarskap gjennom klare forventningar og god oppfølging. • Er resultatorientert og har fokus på effektiv drift, kvalitet og lønsemd. • Har god økonomisk forståing og bruker tal og nøkkeltal aktivt for å identifisere forbetringsområde og setje i verk tiltak. • Er handlekraftig og tek tak i utfordringar raskt og konstruktivt. • Arbeider strukturert og systematisk, og sikrar at rutinar og arbeidsprosessar vert følgde. • Bidreg til å byggje ein kultur prega av samarbeid, utvikling og stoltheit. • Har erfaring frå leiing, gjerne innan bilbransjen eller andre verksemdsområde med fokus på drift, kundeservice og resultatoppfølging. Vi tilbyr • Ei sentral leiarrolle i ei solid og framtidsretta verksemd • Moglegheita til å påverke utviklinga av eit viktig forretningsområde • Eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer • Konkurransedyktige vilkår • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Klar for utfordringa? Då ønskjer vi å høyre frå deg! Om Bilhuset Førde Bilhuset Førde er ein autorisert forhandlar av Mercedes-Benz, Kia og Peugeot, og held til i moderne lokale på Øyrane 6 i Førde. Vi tilbyr eit breitt utval av både nye og brukte bilar, og har også eit solid tilbod innan varebil frå våre merke. I 2025 selde vi totalt 441 nye og brukte bilar, inkludert 57 varebilar, med ein samla omsetnad på 228 millionar kroner. Vi har over tid dokumentert eit godt vekstpotensial i regionen og arbeider målretta etter prinsippet om kontinuerleg forbetring – litt betre kvar dag. Vi er i dag 20 tilsette som kvar dag jobbar for å levere gode kundeopplevingar – med «Kvalitet i alle ledd» som rettesnor i alt vi gjer. Verkstaden vår er ein viktig del av totaltilbodet, og vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan service, vedlikehald og reparasjon av personbilar og varebilar. Vi har nyleg også rigga for å ta imot bubilar og minibussar opp til 7 500 kg, noko som gjer oss til ein framtidsretta aktør i regionen med kapasitet til å handtere fleire typar køyretøy. Vi tilbyr i tillegg dekkhotell til våre kundar som ein del av tenestene våre, samt gode fasilitetar for kundar som ønskjer å arbeide medan bilen er på verkstad. Bilhuset Førde er ein del av Bilholding & Ani Gruppen og nyttar system og kompetanse frå Bertel O. Steen. Dette gir oss eit sterkt fundament for vidare utvikling. Vi er også medlem av Norges Bilbransjeforbund, og våre tilsette gjennomfører jamleg opplæring og sertifisering for å sikre høg kvalitet i arbeidet vårt.