
Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta · Sunnfjord
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som vil vere med på...
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som vil vere med på å gjere ein forskjell i barn og unge sine liv.
1 x 100 % fast stilling som autorisert sjukepleiar/vernepleiar
1 x 100 % vikariat som autorisert sjukepleiar/vernepleiar
1 x 100 % vikariat som autorisert sjukepleiar/vernepleiar frå 01.12.2026
Delar av den faste stillinga og vikariatet frå 01.12.26 er i heim på natt og dag.
Bu- og avlastingstenesta yter tenester til føresette med særskilt tyngande omsorgsoppgåver for barn 0-18 år. Vi som jobbar her er assistentar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, pedagogar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Vi held til i eit nytt tilrettelagt og praktisk bygg i sentrum av Førde og har meir enn 40 barn innom til ulike tider. Nokon bur fast i eigne leilegheiter, men dei fleste bur heime. Alle skal ha ein trygg og god oppfølging av oss når dei er her. Dei treng hjelp, rettleiing og trygge tolmodige tilsette som er støttande og ivaretakande. Vi følger barna til aktivitetar som bading, i trampolineparken, klatrehallen, Hafstadparken, skibakken og elles finn vi på rolege aktivitetar inne eller ute på avlastinga
Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Vi legg opp dagane i samråd med føresette, barn, unge og samarbeidspartar etter barna sine ynskjer, interesser og behov.
Her får du vere med på alt frå klatring, sykling, bading, ski, trampolinepark og fotball, til rolege aktivitetar som brettspel, teikning og kos inne - alltid med fokus på meistring, tryggleik og glede – ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg.
Krav til stillinga:
Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri. Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit. Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling. Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane. Vi har ledig ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar, anna stillingsprosent er og aktuelt. I tillegg har vi ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i perioden 07.09.26 til 23.08.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar. • hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål • legemiddelhandtering • sjukepleiar/vernepleiar faglege oppgåver • dokumentasjon • tverrfagleg samarbeid • rettleie studentar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som • held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte Vi tilbyr • Varierte og lærerike arbeidskvardagar • Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø • Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • Stilling organisert i årsturnus For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat. KontaktinformasjonEva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 949 89 709 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5152023787 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Bu- og omsorgstenesta har ledige fagstillingar som helgevikarar på Gotatoppen, Oreteigen og Skjerma avdeling. Er du den vi ser etter? Stillingsprosent 14 % - 20 %, med arbeid anna kvar eller tredje kvar helg. Oppstart etter avtale. Som tilsett hos oss vil du få meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn omsorgsarbeidet og i det miljøterapeutiske arbeidet. Vi arbeider etter følgjande verdiar: Kunnskap, omsorg, mot og tillit. Vi er opptekne av god kvalitet på tenestene og er stolte av arbeidsplassen vår. Innkomne søknader vil bli handsama fortløpande. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktiviteter i forhold til pasient/ pasientgruppa.Kvalifikasjonar • Det er krav til fagutdanning som anten helsefagarbeidar eller sjukepleiar i stillingane. • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg er viktig. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Personlege eigenskapar • Vi ønskjer oss medarbeidarar som er opptatt av at pasientane kjenner tryggleik, respekt, trivsel og ivaretaking av eigne behov. • Du må kunne vise omsorg, empati og respekt. • Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan medverke til eit godt arbeidsmiljø. • Interesse for å jobbe med mennesker • God samarbeidsevne Vi tilbyr • God opplæring i avdelinga sine oppgåver og rutiner utifrå kvalifikasjonar. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonEva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5147562735 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Vi har ledig to 100 % faste stillingar for sjukepleiar eller vernepleiar i turnus, på avd. Oreteigen😊 Vaktene er fordelt på dag, kveld og ca. 3. kvar helg. Oreteigen er ei bueining for eldre med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning, Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp og det set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt. Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg Arbeidsoppgåver • Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane. • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse. • Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / studentar • Samarbeid med pårørande Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Beherske norsk skriftleg og muntleg. Krav om språkferdigheiter på B2-nivå. • Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen Personlege eigenskapar • Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel • Ser sjukepleiar-/vernepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i avdelinga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane. • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysningorientert • Trives med endringar og nytenking • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag Vi tilbyr • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande. • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. For nytilsetting i kommunen er det innført eit rekrutteringsstillegg for turnusstillingar. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding Kontaktinformasjon Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 Eva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5152027142 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026