
Helse Førde · Sunnfjord
Vi søkjer etter 3. års sjukepleiestudentar for tilsetting i inntil 25% midlertidig stilling som pleieassistent med binding til sommaren 2027. Stillinga inneb...
Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag - søndag / lørdag - søndag), og i tillegg 5 veker sommaren 2027 som offentleg godkjent sjukepleiar i 100% stilling.
Helse Førde har bonusordningar for jobb 3. kvar helg frå haust 2026 til sommar 2027 og for 5 veker arbeid sommaren 2027. Bonusordningane blir fastsett januar/februar 2027. Dei siste åra har størrelsen vore kr 25.000,-.
Oppstart stilling: september 2026 eller etter avtale med leiar på aktuell post.
Stillingsprosent: 16 - 25
Ber om at søkjar spesifiserar kva post som er ønskjeleg. Nokre avdelingar kan tilrettelegge for langvakter - sjå merka med (*)
Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje, men vil ikkje kvalifisere for bonus og har ikkje bindingstid sommaren 2027.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSjå kontaktinformasjon ovanfor
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5133551166
Stillingsprosent: 25%
Vikariat
Søknadsfrist: 14.08.2026
Medisinsk sengepost 2 ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar, med oppstart snarast. Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har eit fagleg engasjement og ønskje om å bidra til god kvalitet i tenestene våre. Medisinsk sengepost 1 og 2 har flytta inn i nytt og moderne sjukehus, og sengepostane samarbeidar tett med kvarandre. Medisinsk sengepost 2 har mage/tarm, lunge, lungekreft- og utgreiing som spesialiserte fagfelt. Medisinsk sengepost 1 har nyre, diabetes og endokrinologi, hjartesjukdommar og geriatri som spesialiserte fagfelt. Hos oss vil du få ein kvardag prega av stor variasjon, eit mangfald av kollegaer som du kan spørje, lene og støtte deg på. Det er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar. Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Vi har 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det. Vi tilbyr også langvakter i turnus på helg. Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet. Kvalifikasjonar Søkjar må vere autorisert sjukepleiar. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid frå tidlegare, men ikkje påkrevd. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk både skriftleg og munnleg. Søkjar med relevant erfaring vil bli prioritert Personlege eigenskapar Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team. Ein av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss. Vi tilbyr Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt som julebord, sommarfest og blå-tur. Medisinsk sengepost ønskjer å komme i gang med langvakter og vil tilby dette til dei som ønskjer det. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnne Mari Indrebø, Seksjonsleiar, (+47) 909 20 435 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5092104462 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!! Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr Vi har ledig: • 1 x 100 % fast stilling • 1 x 83 % fast stilling Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Om ønskeleg kan det for tida vere moglegheit for rein nattevaktstilling. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Arbeidsoppgåver • Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane. • Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve. • Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar. • Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik. • Rettleiing av studentar og kollegaer. • Samhandling med kommunar. • Kontinuerlig forbetringsarbeid. Kvalifikasjonar • Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar. • 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert • Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2. • Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav. • Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet. Personlege eigenskapar • Du er ansvarsbevisst og strukturert • Du har eit fagleg engasjement • Du viser fleksibilitet og evne til omstilling • Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter • Du er positiv og har gode haldningar • Du er pasientorientert • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no Kjersti Ulset Lade, Konst. seksjonsleiar, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149368716 Stillingsprosent: 100, 83% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver? Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod ved Sulatunet til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering. Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar. Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen. Avdelinga skal endre fokus i retning av aktivitet og forebygging av inaktivitet. Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar Arbeidsoppgåver • Grunnleggande sjukepleiaroppgåver som praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar • Tverrfagleg behandling saman med andre relevante faggrupper • Samarbeid og involvering av bebuar og familie Kvalifikasjonar • Vi søkjer etter ein autorisert sjukepleiar • Krav om politiattest for stillinga. Personlege eigenskapar • Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for det • Gode faglege kunnskapar • Du må kunne arbeide systematisk etter daglege arbeidsplanar og rutiner • Du må være lojal mot arbeidsgivar og dine kollegaer og vise gode evner til samarbeid • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad. • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø • Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd. Vi tilbyr • Et positivt og engasjert fagmiljø • Interessante og varierte arbeidsoppgåver • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll • Langvakter på helg i nokre stillingar • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning. • Stipendordning for sjuke- og vernepleiarstudentar • Lokalt tillegg for helsepersonell: fagarbeidarar kr 5000,- pr år, høgskuleutdanna kr 6500,- pr.år (justerast etter stillingsprosent)Lokalt tillegg for arbeid på helg. • Sjukepleiar og vernepleiar kr 8000,- pr år. Andre kr. 4000,- pr år. (justerast ikkje etter stillingsprosent) • Lokalt tillegg for 20 års ansiennitet kr 5716,- pr år • Tillegg for vidareutdanning • Tillegg for praksisrettleiarar for sjukepleiarstudentar, med og utan formell vidareutdanning • Gratis parkering KontaktinformasjonBente Mariann Strømmen, Avdelingsleiar langtidsavdelinga, 90153607, Bente.Mariann.Strommen@sula.kommune.no Grethe Juul Molvær, Einingsleiar, 95710256, grethe.juul.molvaer@sula.kommune.no ArbeidsstadStadsnesvegen 23 6030 Langevåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5133000545 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026