Det er ledig stilling som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti, med Stranda og Liabygda sokn som tenestestad.
Saman med Norddal, Stordal, Sunnylven og Geiranger sokn utgjer dette eit samarbeidsområde med tre sokneprestar. Prostiet er tenestedistrikt. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Der er tilsett to trusopplærar i tilsaman 150 % stilling. Dei deler arbeidet mellom alle sokna i samarbeidsområdet. Det er svært god oppslutning om konfirmasjon. Konfirmantane i Liabygda tek undervisninga i Valldal der dei går på ungdomsskule. Det er mellom 35 og 40 konfirmantar i Stranda. Det er også fleire felles arrangement for konfirmantane innan samarbeidsområdet. Soknepresten har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, men trusopplærar er også med ved fleire høve. Soknerådet er også aktivt, og til stor støtte for soknepresten og det kyrkjelydsbyggjande arbeidet. Etter gjeldande gudstenesteforordning får Stranda sokn 41 hovudgudstenester på søn- og helgedagar, og Liabygda 16 for året. Andre prestar tek også gudstenester her.
Stranda er ein jordbruks- og industrikommune. Her er godt utbygde servicenæringar, og mange bedrifter innan næringsmiddelindustri. Det er tilnærma full barnehagedekning. Kulturskulen har særs høg kvalitet og mange ulike retningar å velje mellom. Det er stor aktivitet innan fotball og handball. Stranda kommune ligg midt i hjartet av turismen på Vestlandet. Her er ein storslått natur prega av høge fjell og vakre, levande fjordbygder. Delar av Sunnmørsalpane ligg innanfor kommunegrensa og er eit eldorado for friluftsliv sommar som vinter. Stranda skisenter har 7 heiser og 18 nedfarter, og er rekna som eit av dei finaste skisentera i landet. I Stranda er det omsorgssenter, og i Liabygda omsorgsbustader. Soknepresten har regelmessig andakter på desse.
Stranda kyrkje ligg i sentrum like ved prestegarden, og vart bygd i 1838. Det er god fergeforbindelse til Liabygda sokn. Kyrkja i Liabygda er ei vakker trekyrkje frå 1917. Kyrkjegarden er velstelt og omkransar kyrkja.
I tettstaden Stranda finn du rådhus, bankar, butikkar, post, barnehagar, grunnskular, to vidaregåande skular, idrettshallar, regionalt kulturhus, kunstgrasbane, småbåthamn, helsesenter og eit bu- og aktivitetssenter for eldre. Stranda har organiserte fritidstilbod for alle aldersgrupper. Bussambanda til Ålesund, Oslo, Bergen og Trondheim er gode.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv den vidaregåande internatskulen ”Vestborg” med ca. 80 elevar på Stranda. Dei har også eit barne- og ungdomsarbeid. Her er misjonsforeiningar for ytre- og indremisjon. Folkekyrkja står sterkt i dette området og innbyggjarane er glade i kyrkjene sine. Sokna ynskjer seg ein prest med visjonar og lyst til å vere med å drive kyrkjelydsarbeid for alle aldersgrupper. Ny gudstenesteordning og trusopplæringsplanar gir mange spennande utfordringar i tida framover.
Velkomen til oss!
Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane
Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
Personlege eigenskapar-Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i KLP
Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta
Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar
Dnk eiendom eig en prestebustad like ved Stranda kyrkje, som kan bli stilt til disposisjon for prest.
Anna
For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
KontaktinformasjonKarl Johan Bjørge, Prost Nordre Sunnmøre prosti, 92423862, karl.johan.bjorge@kyrkja.alesund.no
ArbeidsstadAllmenningen 9
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Den norske kirke
Referansenr.: 5177129197
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Stranda