
Serviceseksjon Nordfjord, Helse Førde · Stad
Vil du vere med og forme framtidas sekretærtenester i Helse Førde? Då kan stillinga som seksjonsleiar ved Serviceseksjon Nordfjord vere noko for deg. Serv...
Vil du vere med og forme framtidas sekretærtenester i Helse Førde?
Serviceseksjon Nordfjord leverer sekretærteneste til skadepoliklinikken, medisinsk avdeling og radiologisk avdeling. Seksjonen har ansvar for pasientadministrative oppgåver, mellom anna innkalling av pasientar, registreriing, telefoni, betaling og skriveteneste. I tillegg har seksjonen ansvar for sentralbord og ID-kort ved Nordfjord sjukehus.
Som seksjonsleiar blir du ein viktig del av den lokale leiargruppa ved Nordfjord sjukehus og medlem i sjukehuset si beredskapsleiing. Det er jamlege møtepunkt og tett samarbeid med dei andre leiarane ved sjukehuset. Du blir òg ein del av leiarteamet i Avdeling for medisinsk sekretærteneste.
Sekretærtenesta er eit fagområde i stadig utvikling. Nye arbeidsformer og innføring av teknologi skapar nye moglegheiter og endrar måten vi arbeider på. Vi søkjer deg som er framtidsretta og ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje sekretærtenestene i Helse Førde.
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod, eit rikt fritids- og kulturtilbod og flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt. Det er òg kort veg til flyplass.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Arbeidsoppgåver
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonHanne Irene Emberland Bildøy, Avdelingssjef, (+47) 578 31 325
ArbeidsstedSjukehusvegen 13
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5151590025
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 14.09.2026
Søknadsfrist: 09.08.2026
Om stillinga Vi har no ledig ei spennande stilling som seksjonsleiar for det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt. I denne stillinga vil du ha fag- og koordineringsansvar for det førebyggande arbeidet i heile politidistriktet, i tett samarbeid med dyktige kollegaer. Du vil samhandle med sentrale samfunnsaktørar på politidistriktsnivå og delta i nasjonale fora for å vidareutvikle og setje retning for det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. Du vil også delta i FEFE si leiargruppe og drive fagutvikling på tvers. Seksjonen er organisert under Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) og består av om lag 10 spesialiserte medarbeidarar innan ulike førebyggjande fagområde som du vil vere nærmaste leiar for. Desse arbeider mellom anna med trusselutsette personar, koordinering av vald i nære relasjonar og æresrelatert vald, næringslivskontakt, nettpatrulje, radikalisering og oppfølging av kriminalitetsutsette. Vi oppmodar særskilt kvinner om å søkje på politileiarstillingar. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg med relevant erfaring, og som ønskjer å setje retning og utvikle det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt. Du må trivast med å arbeide tverrfagleg, langsiktig og med eit bredt oppgavesett. Vidare søkjer vi deg som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadørar for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å sørgje for eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • fag- og koordineringsansvar for politidistriktet sitt førebyggjande arbeid • ansvar for å følgje opp og leggje til rette for utvikling av førebyggjande arbeid innan radikalisering og valdeleg ekstremisme, familievald og partnar/ære-problematikk, næringslivsdialog, ungdomskriminalitet og politiet sitt nærvær på nett • personal- og resultatansvar • utvikle eit godt medarbeiderskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit i eininga • leggje til rette for utvikling av kunnskapsbasert politiarbeid i samarbeid med andre, både internt og eksternt • sikre eit helsefremjande arbeidsmiljø gjennom dialog og samarbeid (HMS og internkontroll) • deltakar i leiargruppa til felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) • kan påleggast andre oppgåver Kvalifikasjonskrav Dette må du ha for å vere kvalifisert: • bestått eksamen frå Politi(høg)skolen eller juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitenskap • brei erfaring frå politiet • relevant leiarerfaring • god forståiing for førebygging som fagområde • god resultatoppnåing i tidlegare stillingar • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Det er også ønskjeleg med • leiarutdanning • vidareutdanning innan førebyggjande arbeid og/eller andre relevante fagområde i politiet • kunnskap om HMS, eller at slik kompetanse kan opparbeidast innan avtalt tid etter tilsetjing • erfaring frå tverretatleg og tverrfagleg samarbeid Personlege eigenskapar • du har god evne til kommunikasjon, teambygging og relasjonsbygging internt og eksternt • mål og resultatorientert med god gjennomføringskraft • du har evne til å setje retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre • du er medarbeidarorientert med god evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeider • du er samfunnsorientert og har forståing for eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag • du er ein god rollemodell som leiar og for politiet sin medarbeiderplattform gjennom eigen åtferd Personlege eigenskapar vert vektlagt ved leiarstilling. Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • ei utfordrande og utviklande leiarstilling for deg som vil vera med og forme politiet for framtida • fast stilling som seksjonsleiar (SKO 0326) med funksjonstittel politiavdelingsleiar, med brutto årslønn på 840 000 kr. - 890 000 kr • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast • godtgjersle etter gjeldande ATB, som for tida er kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse • mogelegheit for trening i arbeidstida • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Medisinsk sengepost Volda har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 16.11.2026 Sengeposten har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse. Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeidar tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna. Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV. Arbeidsoppgåver • Ansvar for dagleg drift i seksjonen • Samarbeide med andre seksjonar • Fag-, personal- og resultatansvar • Ansvar for ressursstyring • Sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen • Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar • Delta aktivt i leiargruppa i klinikken • Leie omstilling og utviklingsarbeid i eigen seksjon Kvalifikasjonar • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon • Relevant vidareutdanning i leiing og/eller relevant leiarerfaring kan vere ein fordel • Relevant klinisk erfaring frå fagområdet er ønskjeleg • God datakompetanse og erfaring i bruk av IKT verktøy • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Personleg eigning vert særleg vektlagt Personlege eigenskapar • Du er ein synleg og tydeleg leiar for dine tilsette • Du kan motivere og inspirere andre • Du kan arbeide i team med ulike profesjonar • Du er endringsvillig og handlekraftig • Du er nytenkjande og løysingsorientert • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjordar og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. KontaktinformasjonSiv Jensen, Konst. ass. klinikksjef, siv.jensen@helse-mr.no ArbeidsstedKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149461484 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 16.11.2026 Søknadsfrist: 10.08.2026
Vi har ledig stilling som seksjonsleiar ved Dialyse Ålesund. Dialysen i Ålesund behandlar pasientar med kronisk og akutt nyresjukdom. Vi har eit sterkt fagleg miljø med pasienten i fokus. I tilknytning til vår avdeling har vi peritonealdialyseeining, satelittdialysestasjon ved Volda sjukehus, nyrepoliklinikk, nyreskule og oppfølging av transplanterte pasientar. Vi er ei dagavdeling som for tida er i drift 6 dagar i veka, frå mandag til og med lørdag. Vi søker etter deg som ønsker å utvikle denne veldrevne seksjonen vidare framover. Med på laget får du dyktige og fagleg engasjerte sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, og samarbeidar tett med nyrelegane. Det er høgt fokus på fagleg utvikling og samarbeid i seksjonen, noko som bidreg til eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Seksjonsleiar er ein del av avdelinga si leiargruppe, og er direkte underlagt avdelingssjef. Det vil vere tett samarbeid med dei øvrige 6 seksjonsleiarane ved Medisinsk avdeling og avdelingssjefen. Oppdraget til medisinsk avdeling er å levere spesialisthelsetenester av høg kvalitet til innbyggarane i Møre og Romsdal. Våre verdiar bygger på tryggleik, respekt og kvalitet. God opplæring og leiarstøtte vil bli gitt! Vi har eit høgt faglig nivå med fokus på utvikling av pasientens helseteneste innanfor dei akutelle fagområda. Vi håper du vil vere den som driv dette arbeidet videre! Arbeidsoppgåver • Seksjonsleiar vil inngå i avdelinga si leiargruppe, og ha avdelingssjef som sin nærmaste overordna • Utvikle tenestetilbodet - vere pådrivar for nytenkning • Ansvar for personalleiing, oppfølging av tilsette, ressurs- og økonomistyring • Resultatansvar i henhold til leiaravtale for: kvalitet, fag, personalleiing, budsjett og HMS • Bidra til at fagutvikling og kompetansesamansetning er i tråd med framtidige behov og målsetting • Jobbe for eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom seksjonar og andre samarbeidspartnarar internt og eksternt • Bidra til at ein gjennom tverrfaglig leiing og samarbeid oppnår klinikken, avdelinga og seksjonen sine definerte mål • Ivareta administrative oppgåver innanfor ansvarsområdet • Gjennom planlegging, organisering, leiing og utvikling skal seksjonsleiar sørge for drift av eigen seksjon iht. ambisiøse mål Kvalifikasjonar • Minimum 3-årig høgskuleutdanning på bachelornivå innan helse- og sosial • Leiarutdanning og/eller -erfaring er ein fordel • Det er ønskeleg med erfaring med personal, fag og økonomi oppfølging, herunder budsjett og regnskap • Det er ønskeleg med erfaring frå endrings- og omstillingsprosessar, samt erfaring frå arbeid med generell arbeidsmiljøutvikling • Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse frå turnusplanlegging • God digital kompetanse og behersking av IKT verktøy • Personlig eignaheit vektleggast Personlege eigenskapar • Du er fagleg sterk, og er god til å involvere, motivere, delegere og skape arbeidsglede • Du skapar engasjement, og evner å oppnå resultat gjennom medarbeidarar • Du ser nødvendigheita av endringsprosessar og står trygt i dei • Du evner å arbeide både operasjonelt og strategisk mot krevande mål • Du er ein trygg og glad person, som har gode samarbeidsevner og kan inspirere dine medarbeidarar • Du er beslutningsdyktig, fleksibel og viser handlekraft • Du ser nødvendigheita i å ha eit godt samarbeid på tvers av avdelingar og seksjonar, og på tvers av tenestenivå • Du er strukturert og sjølvstendig • Evner å vidareutvikle kultur for samarbeid, refleksjon, kunnskapsdeling og forbedring • God skriftleg og muntleg framstillingsevne Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår • Eit solid og godt fagmiljø • Ein arbeidsplass med fokus på nærvær og trivsel Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonJørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 93423140, Jorn-Age.Longva@helse-mr.no ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149868960 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026