
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon · Skjåk
Skjåk kommune har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Vil du ha ein sjukepleiarjobb der turnusen kan tilpassast kvardagen din? Ved Skjåkheimen sjukeheim tilby...
Skjåk kommune har ledig 100% stilling som sjukepleiar.
Vil du ha ein sjukepleiarjobb der turnusen kan tilpassast kvardagen din? Ved Skjåkheimen sjukeheim tilbyr vi fleksible løysingar med moglegheit for langvakter og lengre friperiodar. Sjukepleiestudentar er velkomne til å søkje.
Stillinga er for tida på tenesteområde Skjåkheimen sjukeheim i 3-delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Det vil vere moglegheit til å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til langvakt på vekedagar. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar- ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid.
Sjukepleiestudentar kan og søkje på stillinga.
Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Vi vektlegg gode pasientforløp med eit fagleg fokus for å sikre kvalitet og tryggleik i tenestene. Sjukeheimen har høg fagleg kompetanse og arbeider målretta for å gjennomføre ulike prosedyrar og oppgåver lokalt. Dette er særleg viktig sidan vi ligg langt frå sjukehus.
Det er nær samhandling mellom heimetenesta, sjukeheimen og legetenesta. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen.
Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har gjennom fleire år satsa målretta på å utvikle omsorgsbustader med sentral beliggenheit. Heile 14 av desse bustadane er integrerte i same bygg som sjukeheimen, noko som legg til rette for tett samarbeid og god kontinuitet i tenestene. Skjåkheimen og heimesjukepleia har felles nattevaktsteam, der 2 er stasjonert på Skjåkheimen og 1 i heimesjukepleia.
Andel tilsette med fagutdanning er høg. Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid.
Anna relevant kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje skulle kome søkjarar med autorisasjon som sjukepleiar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobiltelefon 489 97 924.
Kommunedirektøren
Skjåk kommune har ledig 80-100% vikarstilling som sjukepleiar. Vikariatet er ledig frå dags dato til 31.12.27. Arbeidsplass for tida er heimesjukepleia. Stillinga kan bli forlenga. Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar - ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid. Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Kvalifikasjonar • Godkjent sjukepleiar • Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert • Førarkort klasse B • Godkjent politiattest Vi vektlegg at du • viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag • har erfaring frå liknande arbeid • viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert • har evne til å arbeide sjølvstendig • har gode samarbeidsevner • har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk • har generell forståing for bruk av meistringsteknologi Vi tilbyr • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924. Søknadsfrist 16.08.2026 Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen. Hva vi ser etter Kvalifikasjonar • Autorisert sjukepleiar • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid • Gode norskkunnskapar • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Engasjert i fag og utvikling • Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert • Gode samarbeidsevner og ein positiv rollemodell for kollegaer • Har evne til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag • Ønskjer å bidra til utvikling av arbeids- og fagmiljøet Arbeidsoppgaver Stilling er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene. Arbeidstid er dagtid i vekedagane, samt arbeid kvar 5. eller 6. helg. Arbeidsoppgåver • Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving • Rettleie og støtte kollegaer og studentar • Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning • Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging • Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon Vi tilbyr • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. • Pensjonsordning i KLP.
Ved Hå sjukeheim 3C er det ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar. Stillinga er turnus med arbeid dag/kveld og kvar tredje helg. 3C er ei langtidsavdeling for eldre bebuarar med forskjellige hjelpebehov. Hå sjukeheim er sertifisert som livsgledesjukeheim, og vi har fokus på å skape gode augeblinkar for dei som bur her. Vi satsar på kompetanse og søkjer ein sjukepleiar som er positiv, ansvarsmedviten og påliteleg. Du må trivast med å arbeide med eldre menneske og ha fokus på individuell pleie og omsorg. Du må òg bidra til eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit godt fagmiljø der vi legg vekt på trivsel, kvalitet og samarbeid. Synest du dette verkar interessant, og trur du at du er den vi leitar etter? Då håpar vi at du sender oss ein søknad. Det er sett av tid til intervju 27. august. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid innan eldreomsorg. Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner. • Fleksibel og i stand til å handtere ein variert og uforutsigbar arbeidskvardag. • Positiv, engasjert og glad i utfordringar. • Løysingsorientert og med evne til å ta avgjerder. • Kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer. Personleg eignatheit vil bli lagd vekt på. Arbeidsoppgåver • Fagleg ansvar i avdelinga. • Gje pleie til bebuarar med ulike helsemessige behov. • Ansvar for dokumentasjon og oppfølging i CosDoc. • Utføre prosedyrar. • Handtering av legemiddel. • Samarbeide med anna helsepersonell, pårørande og leiing. • Utføre eventuelle oppgåver delegert av leiar Vi kan tilby • Gode ordningar for vidareutdanning og kompetansehevande tiltak. • Moglegheit for fagleg utvikling. • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. • kr. 10.000 pr år på toppen av årslønn for 100 % stilling i turnus. Attestar og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Politiattest Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling. Tilsetjingsvilkår Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle. Link til søknadsskjema: Søk her